Statsforvaltaren
Nyheter om Statsforvaltaren
Har fått obduksjonsrapport etter dødsfall på barnevernsinstitusjon
Politiet har fått ein mellombels obduksjonsrapport etter dødsfallet på ein barnevernsinstitusjon i Bergen. Den viser at det ikkje har skjedd noko kriminelt, men at jenta truleg har tatt sitt eige liv. Det fortel politiadvokat Farzad Izadi i Vest politidistrikt.
Tenåringsjente døydde på barnevernsinstitusjon i Bergen
Ei tenåringsjente døydde på Haukeland universitetssjukehus etter ei hending ved ein barnevernsinstitusjon i Bergen onsdag, melder BA. Politiet har oppretta ei undersøkingssak, og Statsforvaltaren i Vestland er blitt orientert og følger opp saka..
Startar tilsyn etter beltelegging
Statsforvaltaren startar tilsyn med Sandviken sjukehus og Helse Bergen etter ein rapport frå Sivilombodet som avdekte ulovleg beltebruk. Det skriv Bergens Tidende. Rapporten viser at pasientar ved psykiatrisk avdeling låg ulovleg i belte i lang tid, utan naudsynt stell.
Kongefamilien får utvida «påskehytta»
Nord-Fron kommune har godkjent søknaden frå Det Kongelige Hoff om å oppføra eit lite tilbygg til eksisterande anneks på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Det kjem fram i eit vedtak frå utval for miljø, landbruk og areal i kommunen, som behandla søknaden torsdag. Hytta, som kongefamilien tradisjonelt har brukt i påska og i jaktsesongen om hausten, ligg i eit LNFR-område.
Statsforvaltaren har ikkje vurdert sykkelparkering for Ikea
Forus har fastsett ei parkeringsnorm for bilar..
Bergen legevakt blir granska etter at 14-åring døydde
Statsforvaltaren i Vestland opnar tilsynssak, etter at ei 14 år gamal jente døydde på sjukehus. – Vi reknar med at vi vil få eit brev frå Statsforvalteren, og at vi mest truleg må uttale oss der, seier legevaktsjef Anne Karoline Tyssøy Pedersen til NRK. Ho seier vidare at ho ikkje kjem til å uttale seg i saka før ho får ei formell hendvendig frå Statsforvaltaren.
Kronprinsen kjem til Nord-Jæren neste veke
Kronprins Haakon skal til Stavanger og Sandnes onsdag 14. januar. Han skal mellom anna vere med på opninga av det nye sjukehuset på Ullandhaug, skriv Statsforvaltaren i Rogaland.
Vurderte at det ikkje var behov for tryggleikstiltak før dødsfall i fengsel
Fengselslegen vurderte at det ikkje var behov for tryggleikstiltak, i forkant at det siste dødsfallet i Hustad fengsel. Det kjem fram at sakspapira frå Statens helsetilsyn. Her går det fram at pasienten hadde fleire samtalar med lege og sjukepleiar kort tid før dødsfallet.
Fleire nettstadar er nede
Fredag i 10-tida er fleire nettstadar nede. Det gjeld blant anna BaneNor, Skatteetaten, Statsforvaltaren, NHO og regjeringa sine nettstadar. Fleire sjukehus sine nettstadar skal også vere råka.
Fleire nettstadar var nede
Fredag i 10-tida var fleire nettstadar nede. Det ettersom IT-giganten Cloudflare hadde problem. Cloudflare opplyser på sine nettsider at dei er klar over problema og undersøkjer saka.
Undersøker barnedødsfall i Trøndelag
Statsforvaltaren skal vurdere om det er gitt riktig helsehjelp då eit spedbarn døydde på sjukehus. Barnet var i svært dårleg form etter fødsel ved keisarsnitt, og døydde kort tid etter..
Opphevar overnattingsforbod i Bergen
Statsforvaltaren i Vestland slår fast at byrådet sitt forslag om overnattingsforbod i Bergen var for dårleg greia ut og dermed ulovleg. Det skriv Bergens Tidende. Forslaget gjekk ut på at det skulle bli forbode med overnatting i offentlege parkar, friområde, vegar og plassar.
Avvikla drift av institusjon etter drap
Det private omsorgsfirmaet Stendi har avvikla drifta av institusjonen i Tingvoll, i etterkant av at at ein som budde der drap mor si på permisjon. Det har ikkje vore verken brukarar eller tilsette sidan 1. januar.
Tilskot til Brunstad Christian Church blir sett på vent
Statsforvaltaren i Oslo, Akershus, Buskerud og Østfold har sett statstilskotet til Brunstad Christian Church (BCC) på vent inntil vidare, skriv Vårt Land. Statsforvaltaren har sett i gang ei undersøking av tre varslingssaker i BCC, tidlegare kjent som Smiths venner. Varsla dreier seg om negativ sosial kontroll, diskriminering av homofile og økonomiske avvik.
Dømd til fengsel for miljøkriminalitet
Den tidlegare daglege leiaren for Miljøservice Eide og Miljøservice Averøy er dømd til fengsel i 11 månader. Mannen i 60-åra må også betale rundt 19 millionar kroner i erstatning for miljøkriminalitet og økonomisk kriminalitet. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har tidlegare omtalt søppelanlegget på Eide på Nordmøre som landets verste av sitt slag, og anslått at ei full opprydning kan koste rundt 130 millionar..
Stavanger Aftenblad: Spesialist meiner Ivan (3) fekk for mykje narkose før han døydde på SUS
Ein spesialist i anestesi meiner det skjedde fleire avvik før Ivan Riad Hasan Belal (3) døydde på Stavanger universitetssjukehus (SUS) i april, skriv Stavanger Aftenblad. Guten døydde i samband med at han fekk narkose under ei tannbehandling. Kort etter opna Statsforvaltaren i Rogaland tilsyn.
SV sikrar tiltak for asylungdom i statsbudsjettet
I budsjettsemja for 2025 har SV fått gjennomslag for fleire tiltak for å følge opp einslege mindreårige asylsøkarar. Totalt 13 millionar kroner går til å følge opp asylbarn som kjem med og blir busett med såkalla følgeperson. Utlendingsdirektoratet skal få fire årsverk for å kartlegge omsorgssituasjonen til desse asylbarna.
Fengselstraff for truslar og sjikane – særleg mot Nav-tilsett
Ei kvinne i 40-åra er i Hordaland tingrett dømd til åtte månadar fengsel for fleire titals tilfelle av truslar og sjikane mot ulike offentlege tenestepersonar. I ein toårsperiode 2019-2021 kontakta ho verbalt og skriftleg særleg mange gonger ein Nav-tilsett i Bergen, men også tilsette i Mattilsynet, Byombodet, Statsforvaltaren i Vestland, Helse Bergen og Nav i Oslo og Trøndelag. Meldingane ho kom med varierte frå skjellsord til truslar som å «knuse trynet» eller «sprenge kontoret».
Tilsynssak mot legevakt
Statsforvaltaren har opna tilsynsak av legevakta i Molde etter at ein pasient døydde. I klagen skriv pårørande at dei gjentatte gonger varsla legevakta om ein alvorleg sjuk mann, utan å bli høyrt. Då ambulansen til slutt rykte ut, var pasienten så dårleg at han måtte rett til sjukehus, der han døydde etter kort tid..
Buskerud, Østfold og Akershus held fram med berre éin statsforvaltar
Viken fylke er oppløyst, men dei tre fylka skal ha same statsforvaltar. – Vi ønsker at Statsforvaltaren skal bruke meir av tida si ute i kommunane, seier Karianne Oldernes Tung, digitalisering- og forvaltningsminister (Ap). No er det klart at Statsforvaltaren, som er Stortinget si utsending til distrikta, skal ha ansvaret for alle fylka.
Tre med status som mistenkte etter at eit barn døydde
Tre personar har status som mistenkte i samband med at eit barn døydde i ein ambulanse på veg til sjukehus i slutten av januar. Tidlegare har det vore kjent at ein lege har status som mistenkt, men også to ambulansearbeidarar har same status, ifølgje politiadvokat Øyvind Bore. Han presiserer at ingen personar er sikta i samband med dødsfallet.
Statsforvaltaren politimelder Statkraft etter slamutslepp
I 2022 slapp Statkraft ut store mengder slam i den nasjonale lakseelva Surna. Det førte også til at store mengder slam frå fjellet gjekk ut i elva Surna, og farga elva brun. No har Statsforvaltaren sendt inn politimelding etter hendinga..
TV 2: Far ankar dommen etter mishandlingssaka i Bergen
Ein sju år gamal gut vart sommaren 2022 funne alvorleg skadd i ei seng i ein leilegheit i Bergen. Saka førte til at barnevernet i Bergen fekk omfattande kritikk frå Statsforvaltaren. Byrådet gjekk av etter saka.
Far ankar dommen etter mishandlingssaka i Bergen
Ein sju år gamal gut vart sommaren 2022 funne alvorleg skadd i ei seng i ein leilegheit i Bergen. Saka førte til at barnevernet i Bergen fekk omfattande kritikk frå Statsforvaltaren. Byrådet gjekk av etter saka.
Undersøker barnevernet i drapssak
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal bekreftar at dei undersøkjer arbeidet barnevernet har gjort i ein sak der ein baby døde sommaren 2022. Eit foreldrepar er sikta for å ha drepe babyen, og VG har tidlegare omtalt at dei fekk hjelp frå barnevernet i tida før ungen døydde. – Vi er i gang med arbeidet, og har ikkje meir informasjon å kome med før rapporten ligg føre i løpet av 2.
Sier nei til gondol på Sula
Statsforvalteren sier klart nei til en gondol på Sulafjellet. Det skriver Sunnmørsposten. – Ut fra hensynet til folkehelse, gode bomiljø og god bokvalitet, fraråder vi at det blir regulert trasé for gondol over eksisterende boligområde, omsorgsboliger og offentlig friområde.
Ny direktør i Statens helsetilsyn
Sjur Lehmann blir ny direktør for Helsetilsynet, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding. Lehmann kjem frå stillinga som fylkeslege og avdelingsdirektør hos Statsforvaltaren i Vestland. Han er utnemnd som direktør for ein åremålsperiode på seks år..
Seks lovbrot i barnevernstenesta
Statsforvaltaren i Vestland slår fast at barnevernstenesta i Kinn bryt lova på seks ulike punkt for korleis dei handterer born under omsorg. Dette melder Firdaposten. Eit av lovbrota handlar om at tenestene, saksbehandlinga og tiltaka skal vere «forsvarlege».
Slår alarm om kor mykje Hardangerfjorden si smertegrense
Nye utrekningar gjort av Statsforvaltaren i Vestland tyder på at smertegrensa for kor mykje nitrogenutslepp Hardangerfjorden kan tåla snart er nådd, skriv DN. Per i dag er det fiskeoppdrett som er den klart største kjelda til utslepp av næringssalter, skriv avisa. Held oppdrettsnæringa fram med å sleppa ut like mykje næringssalter som i dag, risikerer ein at oksygenet vil forsvinna frå dei djupaste delane av fjorden, ifølge utrekninga.
Ny tilsynssak mot psykiater
Statsforvaltaren i Oslo og Viken har sendt ei ny tilsynssak mot ein norsk psykiater til vurdering hjå Statens helsetilsyn. – Så langt har vi motteke seks saker. Desse går inn i det større sakskomplekset og vil bli handsama på vanleg måte, seier avdelingsdirektør Anne Myhr i tilsynet til NRK.
Tre foreldrepar saksøker Helse Bergen etter at barn døydde
Det melder VG. Haralds Zviedris døydde i mors liv 12. juli 2020, Ella Vange døydde tre dagar etter fødselen 5.
Foreslår at turgåarane må vike for å redde den raudlista villreinen
Stenging av turisthytter, forbod mot kiting og omlegging av stier. Det er blant forslaga for å redde den trua villreinen på Hardangervidda. – Vi treng desse kraftfulle tiltaka som vil råke mange som brukar vidda.
Åtte tilsynssaker mot psykiater
Det er opna endå ei tilsynssak mot psykiateren som forfattar Hilde Rød-Larsen fyrst varsla om. Det stadfestar Statsforvaltaren i Oslo og Viken til NRK. Rød-Larsen melde frå om det ho meina var dårleg rolleforståing.
Helsetilsynet vurderer å kalle tilbake autorisasjonen til Oslo-psykiater
Helsetilsynet har sendt førehandsvarsel til Oslo-psykiateren om at dei vurderer å ta frå, eller avgrense, psykiaterens autorisasjon som lege. Det skriv Aftenposten. Det var forfattar Hilde Rød-Larsen som først varsla mot psykiateren i desember i fjor.
Mehl vil opna for å påleggja kommunar å oppretta mellombelse asylmottak
Tysdag møter justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- og likestillingsminister Tonje Brenna (Ap) pressa for å snakka om situasjonen for fordrivne ukrainarar som kjem til Noreg. Den siste tida har talet flyktningar frå Ukraina skote i vêret. Seks veker på rad har det no kome meir enn 1000 ukrainarar til Noreg.
Mehl: Kommunar kan bli tvinga til å opne asylmottak
Tysdag møter justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- og likestillingsminister Tonje Brenna (Ap) pressa for å snakka om situasjonen for fordrivne ukrainarar som kjem til Noreg. Den siste tida har talet flyktningar frå Ukraina skote i vêret. Seks veker på rad har det no kome meir enn 1000 ukrainarar til Noreg.
Klagar til Helsetilsynet
Saka om ein eldre mann i Ørsta som berre var 36 kilo då han døydde, hamnar hos Helsetilsynet. Både kommunen og sjukeheimslegen fekk kritikk etter dødsfallet og Statsforvaltaren konkluderte med at mannen ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. No klagar legen til Helsetilsynet og hevdar Statsforvaltaren har ignorert dokumenterte opplysningar og basert kritikken på oppspinn.
Slår alarm om kor mykje Hardangerfjorden tåler av utslepp
Nye utrekningar gjort av Statsforvaltaren i Vestland tyder på at smertegrensa for kor mykje nitrogenutslepp Hardangerfjorden kan tåla snart er nådd, skriv DN. Per i dag er det fiskeoppdrett som er den klart største kjelda til utslepp av næringssalter, skriv avisa..
Avgrenser organisert ferdsel på Hardangervidda
Av omsyn til villreinen er det trong til å avgrensa og styra ferdsla i enkelte deler av Hardangervidda, opplyser Statsforvaltaren i Vestland på sine nettsider. Fram til nå har berre organisert ferdsel av større omfang vore søknadspliktig, men Statsforvaltaren ser seg nå nøydd til å skjerpa praksisen til å gjelda all organisert ferdsle til fots, på ski og med hundespann. – Mange små og store tiltak må til for å hjelpa villreinen, og me opplever at dei som organiserer turar har forståing for at me no strammar inn praksisen, seier Kjell Kvingedal, avdelingsdirektør for miljøavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland..
Politiet startar ikkje etterforsking i babysak
Politiet meiner det ikkje er grunn til å setje i gang etterforsking etter at ei gravid kvinne blei sendt til sjukehuset i Kristiansund, der fødeavdelinga er permanent stengt. Ifølgje Tidens Krav var kvinna tidleg i svangerskapet, og barnet døydde etter at ho kom til sjukehuset. Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen seier til NRK at dei fekk melding om saka same dag, men at innleiande undersøkingar ikkje gav grunn til å sette i gang etterforsking.
Fekk nei til å felle bjørn
Statsforvaltaren i Innlandet sa denne veka nei til å gje fellingsløyve for ein bjørn som var sett ved Tynset torsdag kveld. Det skriv Arbeidets Rett. Rannveig Helgesen hos Statsforvalteren stadfestar at det var sett bjørn, og at nokre søkte om fellingsløyve.
Kritiserer Nav etter at sjuåring vart funnen fastbunden
Statsforvaltaren slår fast manglar ved Nav si oppfølgjing av ein familie i Bergen, etter at ein sju år gamal gut i august i år vart funnen fastbunden i ei seng, hardt skadd. – Vår vurdering er at sosialtenesta i kontakten med familien har fått informasjon som dei ikkje har følgt opp med nødvendige avklaringar og eventuelt tilbod om hjelp. Dette har skjedd fleire gonger, i ulike samanhengar, skriv Statsforvaltaren på sine nettsider.
Fylkeslegen meiner Bergen kommune svikta underernært gut
Statsforvaltaren i Vestland meiner Bergen kommune svikta ein tenåringsgut og søskenet hans, fordi dei ikkje fekk den oppfølginga dei hadde rett på. Statsforvaltaren starta ein tilsynssak etter at ein tenåringsguten i januar blei innlagt med alvorleg underernæring på Haukeland universitetssjukehus. No har Statsforvaltaren kome fram til at barna ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå helsestasjons- og skulehelsetenesta, og at tenesta ikkje oppfylte den lovpålagde meldeplikta til barnevernet.
Opnar tilsynssak mot lege
Statsforvaltaren har opna tilsynssak mot ein lege i samband med at ein mann i Ørsta blei funnen avmagra og død. Det skriv Sunnmørsposten. NRK har tidlegare skrive om familien til den avdøde mannen som har vore kritisk til hjelpa han fekk.
Statsforvaltaren ber Ørsta om avklaring
Ørsta kommune må svare konkret på om dei har vurdert og tilbydd mat til mannen som døydde avmagra i jula i fjor. NRK fortalte nyleg om den psykisk sjuke mannen som blei funnen død med ei vekt på 37 kilo. Statsforvaltaren ber om å få vite om kommunen har forsøkt å handle matvarer eller tilby han middag, og om dei har fanga opp kor underernært han var.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
