Aust-Ukraina
Nyheter om Aust-Ukraina
25 omkomne i skipsbrann i Kina
25 personar er omkomne og fem er skadde etter ein skipsbrann om bord på eit lasteskip i hamnebyen Qingdao aust i Kina. Det skriv det statlege kinesiske nyhendebyrået Xinhua. Det var 42 personar om bord i båten då brannen starta klokka 11.
To til sjukehus etter ulukke på Osterøy
Ein førar av ein lett motorsykkel og ein syklist er sende til sjukehus etter ei trafikkulukke på Osterøy, opplyser politiet. Ulukka har skjedd på Bruvikvegen, aust for Osterøybrua. Vegen er stengd på staden.
Etterforskar brannstifting mot tidlegare synagoge i London
Britisk politi etterforskar ein brann i ei tidlegare synagoge i Aust-London tysdag, melder Reuters. Dei siste vekene har det vore brannstiftingar mot fleire jødiske mål i Storbritannia. Politiet seier at den tidlegare synagoga hadde fått mindre skadar i brannen, og at ingen kom til skade..
Aust Agder Blad: Ransakar Jaglands bustad i Risør
Torsdag føremiddag blei det kjent at Thorbjørn Jagland sin leilegheit i Oslo blir ransaka. No blir også bustaden hans i Risør ransaka. Aust Agder Blad omtalte saka først.
E16 stengd aust for Voss
E16 aust for Voss er stengt etter eit steinsprang. Dette er hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Raset har gått i Stalheim, og både Stalheimtunnelen og Sivletunnelen er stengd.
Ransakar Jaglands bustad i Risør
Torsdag føremiddag blei det kjent at Thorbjørn Jagland sin leilegheit i Oslo blir ransaka. No blir også bustaden hans i Risør ransaka. Aust Agder Blad omtalte saka først.
Første brøytebil i København på 15 år
Store delar av Danmark er prega av kraftig snøvêr fredag. I København har det kome 17 centimeter med snø, og brøytebilane køyrer for første gong på 15 år i den danske hovudstaden, skriv Danmarks Radio. Også andre delar av Danmark merkar godt snøvêret.
Stengt på fleire fjellovergangar
Fredag morgon er fleire fjellovergangar mellom aust og vest anten stengt eller kolonnekøyrt. Rv. 7 over Hardangervidda er stengt for køyretøy under 7,5 tonn.
Stengd på fleire fjellovergangar
Fredag morgon er fleire fjellovergangar mellom aust og vest anten stengde eller kolonnekøyrt. Rv. 7 over Hardangervidda er stengt for køyretøy under 7,5 tonn.
Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar
Fredag morgon er fleire fjellovergangar mellom aust og vest kolonnekøyrde. Rv. 7 over Hardangervidda er stengt for køyretøy under 7,5 tonn.
Tak har blåst av hotell i Sverige
Taket til hotell Södra Berget i Sundsvall aust i Sverige har blåst av, melder Aftonbladet. Naudetatar er på staden og skal byrje arbeidet med taket. Store delar av Sverige er råka av uvêret Johannes.
Tillater lisensfelling av ulv
Klima- og miljødepartementet opprettholder rovviltnemndene sin totalkvote på 27 ulver for lisensfelling utenfor ulvesonen. Det skriver departementet i en pressemelding. Vedtaket kommer etter klage på rovviltnemndenes vedtak.
To kritisk skadd i togulykke i Slovakia
To personar skal vere kritisk skadd etter at to tog kolliderte aust i Slovakia, seier innanriksminister Matus Sutaj Estok melder NTB. Minst 20 personar skal vere skadde. Det er ikkje meldt om omkomne.
Minst 20 skadde i togulykke i Slovakia
Minst 20 personar er skadde etter at to tog kolliderte aust i Slovakia, ifølgje den slovakiske kringkastaren TA3 melder Reuters. Det er til no ikkje meldt om omkomne..
Talet på døde etter skulekollaps i Indonesia stig
Talet på døde etter at ein skule raste saman i Indonesia tysdag, har kome opp i 37, melder styresmaktene søndag. Til saman 104 menneske er redda ut i god behald denne veka, men det er framleis 26 personar som er sakna. Årsaka til kollapsen, som skjedde i byen Sidoarjo aust på øya Java, er ikkje ferdig etterforska, Men ifølge ekspertar tyder foreløpig informasjon på dårleg kvalitet i konstruksjonen..
Rundt 100.000 husstandar utan straum
Kraftig vind og store nedbørsmengder i forbindelse med uveret «Amy» har ført til store problem i store delar av Sør- og Aust-Noreg. Rundt 100.000 er straumlause laurdag morgon, og på Vestlandet er over 100 vegar stengde.
Byrådet vil kjøpe aksjar i Hordfast-selskap
Byrådet i Bergen vil ha bystyret til å snu - og gå inn for ja til ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanger. Tidlegare har bystyret prioritert ned Hordfastprosjektet og heller peika på bybane til Åsane, betre veg til Voss og ringveg aust. Men no vil byrådet at kommunen skal løfte fram Hordfast og kjøpe aksjar i pådrivarselskapet Stavanger2Bergen for 200.
Mange framleis sakna i Indonesia
59 menneske er framleis sakna etter at ein skule raste saman i byen Sidoarjo aust på øya Java i Indonesia tysdag, melder AFP. Redningsmannskapa har blant anna brukt varmesøkjande dronar for å leite etter overlevande, men har ikkje sett teikn til liv i ruinane. Dei fryktar difor at dei som ikkje er funne no er omkomne..
EU og Noreg sine utariksministrar fordømmer Israel sine planar om ny busetning
Israel har planar om å etablere ein ny busetning aust for Jerusalem, melder nyheitsbyrået Reuters. Dette vil dele den okkuperte Vestbredden i to, og isolere Aust-Jerusalem. Dette fordømmer EU, Noreg, Storbritannia og Australia sine utanriksministrar, melder Reuters.
Støre: – Luftromskrenkingar er alvorlege provokasjonar
– Det tar vi på største alvorr. Så må vi skilje mellom om det kjem av feilnavigering, det kan ein finne ut raskt. Det svarte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK på spørsmål om kva Noreg ville gjere dersom Russland krenka norsk luftrom slik landet har krenka polsk og estisk luftrom den siste tida.
1400 omkomne i Afghanistan etter jordskjelv
Dødstalet etter jordskjelvet i Afghanistan stig til over 1400, melder nyheitsbyrået AFP. Over 3100 personar er skadde. Taliban-regimet har bede om hjelp i det krevjande redningsarbeidet.
Øydelagde vegar gjer redningsarbeidet i Afghanistan utfordrande
Ein tenesteperson frå FN opplyser om at øydelagde vegar er den største utfordringa i redningsarbeidet etter jordskjelvet i Afghanistan, melder Reuters. – Det har vore fleire jordras og steinskred, og tilgangen har vore svært avgrensa for alle i dei første 24 timane, seier FN sin tenesteperson Indrika Ratwatte under eit pressemøte i Kabul melder Reuters. – Den største utfordringa er å kome fram til desse avsidesliggande områda, ettersom vegane er ekstremt øydelagde.
Dødstala stig etter jordskjelvet i Afghanistan
Jordskjelvet som ramma det nordaustlege Afghanistan har stige. Over 1100 menneske er omkomne og minst 3000 personar er skadde, ifølge afghanske Raude Halvmåne melder Reuters og NTB. Eit jordskjelv med styrke seks ramma fjellområde aust i landet.
21 land fordømmer Israels busettarpolitikk på Vestbreidda
Noreg er eitt av 21 land som har skrive under på ei utsegn der Israels busettarprosjekt på Vestbreidda blir omtalt som uakseptabelt og eit brot mot folkeretten. Dei oppfordrar israelske styresmakter om å snu. Onsdag blei det kjent at Israel har godkjent planane for eit 12 kvadratkilometer stort område like aust for Jerusalem.
FN: Minst 52 drepne av IS-tilknytt opprørarar i Kongo
Opprørarar med tilknyting til IS har drepe minst 52 sivile aust i Kongo, ifølge FN, melder Reuters. Drapa har skjedd i områda Beni og Lubero, opplyser FNs stabiliseringsstyrke for Kongo måndag..
Leiteaksjon etter turist i Bergen
Det blir leita etter ein turist i fjella aust for Bergen. Eit hotell meldte om ein gjest som ikkje kom tilbake til hotellet, ifølge Vest politidistrikt. Frivillige mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder bidrar saman politi og Hovedredningssentralen.
Fleire såra i russisk angrep mot ukrainsk by
Natt til laurdag er fleire personar såra i nye russiske drone- og rakettangrep mot Kharkiv. Det opplyser dei lokale styresmaktene i byen som ligg aust i landet. Ordførar Ihor Terekhov melder om skadane via Telegram.
Bergensbanen stengt på grunn av avsporing
Bergensbanen er stengt etter at eit tog har spora av ved Myrdal. Vy melder på nettsidene sine at Myrdal-Mjølfjell er stengt for togtrafikk, og at det blir forseinkingar. Pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor seier ingen personar er skadde i hendinga.
Rundt 45 personar er skadd i eksplosjon i Roma
Lokalt politi melder at kring 45 personar blei skadd i ein stor eksplosjon på ein bensinstasjon aust i Roma. 21 av dei skadde er frå naudetatane. Det melder NTB.
Prinsesse Kate opnar opp om kreften
Britiske prinsesse Kate snakka onsdag for fyrste gong om kor vanskeleg tida etter kreftbehandling kan vere. – Det er som ein berg-og-dal-bane. Det er ikkje ei jamn og roleg reise, slik ein kanskje trur.
E39 ved Lavik i Vestland er stengd: Ny vurdering kl. 20
E39 ved Avebukta aust for Lavik er stengd på grunn av steinsprang og fare for ras. I første omgang er vegen stengd til klokka 17, melder Vegtrafikksentralen. – Tidlegare på morgonen i dag gjekk eit steinsprang som vart rydda manuelt.
VG: Regjeringa endrar forsvarsreglar i nord
Regjeringa opnar for meir alliert militær aktivitet i Finnmark, melder VG. Statsminister Jonas Gahr Støre seier til avisa at tilpasningane opnar for meir effektiv samarbeid med dei nye Nato-medlemmene Sverige og Finland. Sidan 1950-talet har Noreg hatt sjølvpåførte reglar om å ikkje ha utanlandsk militær aktivitet aust i Finnmark.
Ny mai-rekord i emirata
Det er igjen sett ny varmerekord for mai i Dei sameinte arabiske emirata. Laurdag nådde gradestokken 51,6 grader i emiratet Abu Dhabi aust i landet. Det er den høgaste temperaturen sidan det meteorologiske instituttet i landet byrja registreringa i 2003, melder AFP.
Aksjon mot tyske høgreekstremistar
Tysk politi har gått til aksjon mot ei høgreekstrem gruppe, som er mistenkt for å ha planlagd åtak mot innvandrarar og asylsøkarar, opplyser påtalemakta til nyheitsbyrået AFP. Hovudmålet til gruppa var å skapa ein kollaps av demokratiet i Tyskland, ifølgje siktingane. Fem personar er til no arresterte i aksjonen, som skjedde aust i landet..
Tiltalt for overgrep
En mann i 30-årene fra Innlandet er tiltalt for seksuelle overgrep mot en mindreårig jente på Søndeled i Risør i januar, skriver Aust-Agder Blad. Overgrepet skal ha skjedd i en bil. Mannen er også tiltalt for et lignede overgrep i Kristiansand tidligere samme kveld..
Bilbrann på Rommen
Politi og brannvesen har rykka ut til melding om bilbrann på Rommen aust i Oslo. Det skal vere snakk om tre køyretøy, melder politiet klokka 01.33.
Varmaste mars i Europa nokosinne
Snittemperaturen i Europa førre månad var den høgaste som nokon gong er registrert, ifylgje EU-forskarar. Særleg i Aust-Europa og Russland var det ekstremt høge temperaturar. Ifylgje EU si klimaovervakingsteneste C3S var snittemperaturen 6,03 grader.
To timar ventetid på kolonne
Det er fortsatt vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg. Slik ser det ut på fjellovergangen mellom Hol og Aurland klokka 16.40.
Dotter varsla om dobbeltdrapet
Det var dottera og systera til dei tok kvinnene som vart drepne i Lindesnes, som varsla politiet om det som hadde skjedd. Det seier politiadvokat Tove Haugland i Agder politidistrikt. – Første melding kom frå ein person som hadde vore på åstaden på Vigeland, men som kom seg unna.
Politiet åtvarar mot pågåande prostituerte i Bergen sentrum
Bergen sentrum opplever ein auke i prostituerte frå Aust-Europa, hovudsakleg frå Romania, i nærleiken av barar og nattklubbar i helgene. Dei blir skildra som svært pågåande ovanfor menn, spesielt over 40 år. Politiet åtvarar om situasjonen for å unngå tjuveri, ran og kjøp av ulovlege tenester.
Fann sakna person etter biljakt
Politiet har følgt etter ein bil på E6 frå Aust politidistrikt inn til Oslo. Bilen tok av på Tveita og køyrde av vegen. Dei har kontroll på ein uskadd person.
Barth Eide utelukkar ikkje Rwanda-sanksjonar
Noreg vurderer å innføre sanksjonar mot Rwanda, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK. Bakgrunnen er det den norske utanriksministeren meiner er omfattande støtte frå Rwanda til M23. Også FN-rapportar og fleire observatørar meiner dette.
FN ber om Kongo-milliardar
Behovet for humanitær bistand til Kongo er enormt. Regjeringa i landet og FN ber no om dryge 28 milliardar kroner til dei som er råka av konflikt og epidemiar. Det skriv NTB.
18 omkom i busskrasj i Thailand
Ein buss som frakta tilsette i lokale styresmakter aust for Bangkok krasja onsdag. Det var 49 personar om bord i dobbeldekkar-bussen, og 18 av dei omkom. Ifølgje nyheitsbyrået AFP skjedde krasjen etter at bremsene slutta å fungere i ein nedoverbakke.
Nær 50 gauper felt i årets gaupejakt hittil
Årets gaupejakt begynte 1. februar med en kvote på til sammen 83 dyr. Hittil er 48 gauper felt, ifølge tall fra Rovdata.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
