Bergensbanen er stengt for togtrafikk etter at det har gått eit ras over det eine sporet på Trengereid stasjon, melder BaneNor. – Dette tar tid, skriv dei i ei trafikkmelding. Per no er det eitt tog på strekninga mellom Oslo og Bergen som blir råka av stenginga, opplyser Siv Egger Vestin, kommunikasjonssjef i Vy. Desse kundane vil bli frakta med buss frå Voss til Bergen. På lokaltoga mellom Voss og Bergen er det buss for tog mellom Arna og Dale. – Me veit ikkje kor lang tid dei treng for å få trafikken i gang igjen der, så eg oppmodar reisande til å følge med og rekne ekstra tid, seier Vestin. Det kjem ny oppdatering klokka 22.30, melder BaneNor.
Bergensbanen er stengt for togtrafikk etter at det har gått eit ras over det eine sporet på Trengereid stasjon, melder BaneNor.
– Dette tar tid, skriv dei i ei trafikkmelding.
Per no er det eitt tog på strekninga mellom…