Tala frå fjerde kvartal viser at SAS tapte 2, 1 milliardar. Det kjem fram av pressemeldinga til flyselskapet. Til NRK seier konserndirektør Kjetil Høybråten at resultatet ber preg av at SAS framleis er i ei omstillingsfase etter pandemien. Han peiker dessutan på dyr valuta og høge drivstoffprisar, i tillegg til at SAS er under konkursbeskyttelse i USA, ein såkalla Chapter 11-prosess. – Me har ein prosess pågåande i USA, og me kan ikkje kostnadsføra dei forbetringane me får i Chapter 11 før me er ute av prosessen. – Det viktigaste kriteriet for å koma ut av ein slik prosess er nye eigarar og ny kapital som kan sikra selskapet for framtida, seier han. I starten av oktober kunngjorde selskapet at det skulle takast av børsen, og at Air France-KLM, Castlelake, Lind Invest og den danske staten går inn på eigarsida.
Tala frå fjerde kvartal viser at SAS tapte 2, 1 milliardar. Det kjem fram av pressemeldinga til flyselskapet.
Til NRK seier konserndirektør Kjetil Høybråten at resultatet ber preg av at SAS framleis er i ei omstillingsfa…