Hendelse

Fredag, 13 november, 3:07

VG: Ektemannen kjøpte aksjer kort tid etter Huitfeldt møtte selskap

Samme hendelse hos 3 kilder · 30 aug 21:13 – 30 aug 21:23

VG
VG · Foto: Wikimedia Commons
VG
VG · Foto: Wikimedia Commons
Fra NRK

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sin ektemann Ola Flem, kjøpte aksjar i 40 selskap medan ho var statsråd, der to av kjøpa skjedde kort tid etter at Huitfeldt møtte selskapa, melder VG. Ei kartlegging avisa har gjort viser at Flem kjøpte aksjar i Kongsberg Gruppen to dagar etter at Huitfeldt møtte leiinga i selskapet i mai i år. Møtet var ikkje oppført i Huitfeldt sin offisielle kalender og pressa var ikkje til stader, skriv VG. To veker seinare, fortalde Kongsberg Gruppens administrerande direktør Eirik Lie at selskapet skulle produsera fleire våpensystem som Noreg deretter skulle donera til Ukraina. Flem selde aksjane med eit tap på 3000 kroner litt over ein månad seinare. Det andre kjøpet skjedde i februar i år, etter at Huitfeldt hadde vore på same arrangement i London som Aker Solutions, Kongsberg Gruppen og Aker ASA. …

Slik melder kildene

Hvem som melder
  • Allmennkringkasting 1
  • Riksdekkende 2
Eiere: Schibsted 2 · Frittstående og andre 1

Alle kilder om hendelsen