Ulovleg
Nyheter om Ulovleg
Økokrim: Selskap tiltalt for Ulovleg fiskesal
Eit selskap som driv med slakt og sal av oppdrettsfisk har fått eit inndragingsførelegg på 28 millionar kroner etter ulovlig sal av sjølvdaud fisk. Det skriv Økokrim i ei pressmelding. To av dei tilsette er i tillegg tiltalte for grovt brot på matlova og grov økonomisk utroskap.
Vedtek millionbot for Ulovleg sal av oppdrettslaks
Eit selskap på Nordmøre, som driv med slakt og sal av oppdrettsfisk. har vedteke eit inndragingsførelegg på 28 millionar kroner frå Økokrim. Det skriv dei sjølve i ei pressemelding.
Verneombod mista jobben etter varsling – no er Bergen kommune dømd for Ulovleg gjengjelding
Bergen kommune må betale 25.000 kroner i oppreising til eit verneombod etter Ulovleg gjengjelding for varsling til Arbeidstilsynet. Det melder Bergens Tidende.
Startar tilsyn etter beltelegging
Statsforvaltaren startar tilsyn med Sandviken sjukehus og Helse Bergen etter ein rapport frå Sivilombodet som avdekte Ulovleg beltebruk. Det skriv Bergens Tidende. Rapporten viser at pasientar ved psykiatrisk avdeling låg Ulovleg i belte i lang tid, utan naudsynt stell.
Iran har angripe tre skip i Hormuzsundet
Den iranske revolusjonsgarden har angripe og stansa tre oljetankarar i Hormuzsundet i natt. Det melder det iranske nyheitsbyrået Tasnim. Marinedivisjonen til garden meiner skipa segla ei Ulovleg rute.
Fire trafikkskular i Kristiansund kan få milliongebyr
Fire trafikkskular i Kristiansund kan få gebyr på over to millionar kroner for Ulovleg prissamarbeid. Konkurransetilsynet mistenkjer at fire skular har samarbeidd for å ha lik, avtalte prisar på trafikkopplæring. Ifølgje Konkurransetilsynet inneber eit slikt samarbeid grovt brot på konkurranselova.
– Klart undervurdert risiko
Utvalet som den siste tida har vurdert utanlandsadopsjonar meiner at norske styresmakter og adopsjonsformidlarar klart har undervurdert risikofaktorane ved utanlandsadopsjonar og har hatt for liten kontroll. Det kjem fram i rapporten som barne- og familieministeren Lene Vågslid (Ap) no klokka ti får overlevert. Eit granskingsutval har undersøkt om norske styresmakter har hatt god nok kontroll, og om adopsjonane har skjedd på ein Ulovleg eller uetisk måte.
TV 2: Spionsikta kinesar sett fri frå varetekt
Den kinesiske statsborgaren som blei gripen og sikta for Ulovleg etterretningsverksemd i Noreg 15. mai, er sett fri frå varetekt. Det stadfestar advokaten hans, Tor Haug, til TV 2.
Risikerer opptil 45 års fengsel i Storbritannia
I dag startar rettssaka i London mot ein 19 år gammal mann frå Stavanger som er sikta for drapsplanlegging og Ulovleg våpenoppbevaring. Han meiner seg uskuldig i å ha planlagt drap, men vedgår å ha hatt to skytevåpen på eit hotell. 19-åringen risikerer opptil 45 års fengsel i Storbritannia, om han blir dømt.
Suel Kassembo blir lauslaten
Suel Kassembo blir sett fri og kan truleg reise heim til Sunnmøre midlertidig. Det har Oslo tingrett avgjort i dag. Kassembo har vore Ulovleg i landet i over 20 år, og blei henta av politi tidlegare i veka.
Politiet: – Ulovleg å køyra på islagde vatn
Vest politidistrikt har den siste tida fått fleire meldingar om at folk køyrer på islagde vatn med motorsyklar, bilar, ATV-ar, snøskuter og andre motoriserte køyretøy. I ei pressemelding slår politiet fast at dette er Ulovleg, og viser til lova om motorisert ferdsel i utmark. – Vår erfaring er at mange ikkje kjenner til dette forbodet.
Konkurransetilsynet med razzia mot byggevarebransjen
Konkurransetilsynet har gjennomført ein razzia mot selskap som er knytt til byggevarebransjen. I ei pressemelding skriv tilsynet at dei undersøker brot på konkurranselova og har mistanke om Ulovleg samarbeid. Dei har teke beslag i dokument og anna materiale som tilsynet no skal gå gjennom.
Fekk melding om pistol – var leikepistol
Politiet fekk melding om ein person med pistol ved Åsane senter laurdag føremiddag. Politiet fann to personar som passa til skildringane. Den eine personen hadde ein leikepistol på seg.
Dommar krev at Voice of America blir gjenopna
Den føderale dommaren Royce C. Lamberth krev at Trump-administrasjonen gjenopnar radiostasjonen Voice of America, melder New York Times. Han seier nedstenginga for eitt år sidan var Ulovleg, og at dei over 1000 tilsette som har vore permitterte, skal kunne møte på jobb igjen i løpet av ei veke.
Ankar etter rettssak om kjøp og sal av fugleegg
Ein mann i 80-åra ankar saka etter at han nyleg blei dømd til fengsel i fem månader etter å ha oppbevart, kjøpt og selt egg frå ville og utryddingstrua artar. Det stadfestar advokaten hans, Steinar Wiik Sørvik. Mannen blei i tingretten dømd også til å betale over 300.
Osloarkivsaka: Ber utanriksministeren vurdere politimelding
Kontrollkomiteen ber utanriksministeren vurdere å melde til politiet det som kan vere Ulovleg lagring av dei hemmelegstempla dokumenta som Økokrim fann i kjellarboda til diplomatekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul. – Teoretisk sett kan dette vere dokument som er særs viktige for nasjonen si sikkerheit, og då er det ganske alvorleg lovbrot vi snakkar om. Det er ikkje unaturleg dersom Utanriksdepartementet går for å melde dette til politiet, seier komitéleiar Per-Willy Amundsen (Frp) til NRK.
Fleire land fordømmer Israels nye tiltak på Vestbreidda
Saudi-Arabia, Jordan, Emiratane, Qatar, Indonesia, Pakistan, Egypt og Tyrkia fordømmer nye tiltak Israel har innført på Vestbreidda. – Vi fordømmer dei Ulovlege israelske tiltaka med sikte på å innføre Ulovleg israelsk suverenitet på Vestbreidda, skriv utanriksdepartementet i Saudi-Arabia i ei melding. Tryggingskabinettet i Israel godkjente søndag grep som skal styrke kontrollen over den okkuperte Vestbreidda.
USA: Massachusetts vil hindre bruk av nasjonalgarde frå andre delstatar
Guvernør Maura Healey i Massachusetts la torsdag fram eit lovforslag som skal gjere det Ulovleg for andre delstatar å sende sin nasjonalgarde til Massachusetts utan samtykke frå guvernøren, melder Reuters. Forslaget kjem etter at USAs president Donald Trump i fjor sette inn nasjonalgarden i fleire storbyar, mellom anna Chicago og Los Angeles, ifølge Reuters..
Sikkerheitsdepartementet i USA: Den drepne hindra agentar
Alex Pretti, som blei skoten og drepen av føderale agentar i Minneapolis laurdag, var på staden i fleire minutt før skytinga, ifølge Det amerikanske sikkerheitsdepartementet (DHS). Immigrasjonspolitiet (ICE) og grensepolitiet (US Border Patrol) er begge er føderale etatar som ligg under DHS departement. – Han hindra føderale agentar i å pågripe ein Ulovleg innvandrar, seier Gregory Bovino, sjefspatruljeagent i grensepolitiet på ein pressekonferanse.
Sjømatbedriftene krev strakstiltak mot Ulovleg eksport
Sjømatbedriftene krev strakstiltak og møte med statsråden etter avsløringane i Brennpunkt-serien «Lakselandet». Der kom det fram at norske oppdrettsbedrifter Ulovleg sel produksjonsfisk med sår og skader til utlandet. I tillegg avdekte dei mistanke om organisert kriminalitet og mogleg dokumentforfalsking i oppdrettsnæringa.
Samferdselsministeren ser «svært alvorleg» på juks med førarkort
Avisa Klar Tale har den siste tida skrive om korleis personar utan bakgrunnskunnskapar og som ikkje kan norsk, har funne ein Ulovleg snarveg til å tileigne seg førarkort som yrkessjåfør på norske vegar. – Det vi har dokumentert er at det er fasitar på avvege, seier redaktør for Klar Tale Berit B. Njarga.
Nettverk skal ha omsett trua fugleegg – to tiltalte
To menn frå Møre og Romsdal er tiltalte for grove brot på viltlova for Ulovleg handel med fugleegg frå utryddingstrua artar. Det melder TV 2. Totalt er 16 menn i alderen 32 til 82 år sikta i saka.
Fiskeriministeren ber om møte etter NRK-avsløring
Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) kallar inn oppdrettsbransjen til møte etter NRKs avsløringar om Ulovleg eksport av laks med sår og skadar. – Næringsaktørane er, eine og aleine, ansvarlege for å følge gjeldande regelverk. At enkeltaktørar vel å bryte regelverket går utover heile næringa.
Trugslar mot Sarkozy i fransk fengsel
Tre innsette i fengselet La Santé i Paris er sett i varetekt etter å ha kome med trugslar mot Frankrike sin tidlegare president Nicolas Sarkozy, melder NTB. Politiet etterforskar hendinga som gjeld drapstrugslar mot Sarkozy. I september blei han dømt for å ha forsøkt å skaffe Ulovleg valkampfinansiering frå den tidlegare libyske diktatoren Muammar Gaddafi.
Sarkozy med livvakter i fransk fengsel
Den tidlegare franske presidenten Nicolas Sarkozy har to livvakter med seg medan han soner fem år i fengselet La Santé i Paris, melder NTB. Sarkozy var president i Frankrike frå 2007 til 2012. I september blei han dømt for å ha forsøkt å skaffe Ulovleg valkampfinansiering frå den tidlegare libyske diktatoren Muammar Gaddafi..
37 personar er arrestert i Hellas i ein EU-skandale
37 personar er arrestert i Thessaloniki i Hellas i ein skandale knytt til EU-støtte til landbruket. Personane er mistenkt for å ha Ulovleg kravd inn millionar av euro, ifølgje lokalt politi melder AFP..
Skoten mann blir ikkje varetektsfengsla
Mannen som blei skoten i beinet av poltiet natt til tysdag deltok på fengslingsmøtet via videolink frå Haukeland universitetssjukehus. Mannen i 40-åra er sikta for hensynlaus åtferd og Ulovleg bevæpning på offentleg stad etter at politiet rykka ut på meldingar om at mannen var rusa og aggresiv medan han bar på ei øks på ein gravplass. Politiet ba om å varetektsfengsle mannen i fire veker, men mannen blei lauslaten med meldeplikt, opplyser forsvarar Ole-Petter Grythe Hoff.
Skoten mann framstilt for fengsling i morgon
Mannen som vart skoten i beinet av politiet i Øygarden i går skal framstillast for varetektsfengsling i morgon. Politiet rykte ut etter meldingar om at mannen bar øks og oppførte seg trugande, og skaut mannen i beinet. Mannen var vaken og tilsnakkandes etter hendinga.
Eksplosjonen i Pilestredet: To nye unge gutar pågripne
Onsdag kveld har politiet pågripe to nye unge gutar i samband med eksplosjonen på Bislett, tysdag. – Begge skal vere over den kriminelle lavalderen, skriv politiet i ei pressemelding. Dei skal vere sikta for medverknad til grov Ulovleg befatning med eksplosiv, ifølge politiet.
475 gripne i razzia mot Hyundai-fabrikk i USA
Det amerikanske immigrasjonspolitiet ICE aksjonerte fredag mot ein Hyundai-fabrikk som er under bygging i delstaten Georgia. 475 arbeidarar blei pågripne og varetektsfengsla. Ifylgje Trump-administrasjonen skal alle ha arbeida Ulovleg i USA, og nesten 300 av dei var frå Sør-Korea.
160 norske hotell i stort søksmål mot Booking.com
Meir enn 15.000 europeiske hotell har gått saman i eit felles søksmål mot tenesta Booking.com.
Ber tingretten om å forby Nordic Mining dumping i Førdefjorden
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ber tingretten om å forby gruveselskapet Nordic Mining å dumpe avfall i Førdefjorden mens rettsprosessane held på. Kravet kjem to veker etter at Borgarting lagmannsrett slo fast at dumping av gruveavfall i Førdefjorden er Ulovleg. – No som vi har vunne i lagmannsretten, må vi for ein kvar pris unngå ny Fosen-sak, både av omsyn til livet i fjorden og tillit til rettsstaten.
To menn i Indonesia straffa med piskeslag etter seksuell omgang
I Indonesia er to menn straffa med 76 piskeslag kvar for å ha hatt sex med kvarandre, melder NTB. Å ha sex med likekjønna er Ulovleg i Indonesia. Det er ein shariadomstol i den konservative provinsen Aceh som dømte mennene til piskeslaga.
TV-kjendis Isak Dreyer er tiltalt for Ulovleg jakt i Sverige
TV-kjendis Isak Dreyer og fem andre menn skal ha skote ei binne og ein av ungane. Begge skal ha blitt utsett for unødvendige lidingar. Dreyer tar avstand frå påstandane.
Ballinciaga får bot for brot på alkohollova
Musikkgruppa Ballinciaga får gebyr på 1,5 millionar kroner for brot på reklameforbodet i alkohollova, melder Helsedirektoratet. Bandet fekk eit førehandsvarsel på gebyr på inntil 2,4 millionar kroner i februar. Etter dette varselet sletta gruppa alt Ulovleg innhald i sosiale medium, og det er grunnen til at dei ikkje får maksgebyret.
Elon Musk-selskap saksøker Apple og OpenAI
Elon Musk sine selskap X og AIx saksøker Apple og OpenAI for påståtte brot i å hindre konkurranse om kunstig intelligens, melder nyheitsbyråa AFP og Reuters. Musk-selskapa påstår at Apple og OpenAI har inngått eit Ulovleg samarbeid som gjer ChatGPT til den einaste KI-chatboten integrert i Apple sine operativsystem for iPhone. Søksmålet er levert til ein domstol i Texas.
Putin vil ikkje reise til Brics-møtet i Brasil
Russlands president Vladimir Putin skal berre vere digitalt med på Brics-toppmøtet i Brasil neste veke. Grunnen er arrestordren mot han frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC), opplyser Kreml til Reuters onsdag. ICC utsende arrestordre på Putin våren 2023.
Washington saksøker Trump
Justisminister i Washington D.C. Brian Schwalb har gått til sak mot USAs president Donald Trump, melder Reuters.
Amerikanske grensevakter får ikkje følge Trump-ordre
Grensevaktene i USA blir no bedne om å stoppe arbeidet med å sende ut migrantar, slik dei har gjort etter ein presidentordre frå Donald Trump. Det skriv CBS, som siterer to statleg tilsette. Tiltaket opphevar ein omfattande politikk som har stengt det amerikanske asylsystemet for dei som kjem inn USA Ulovleg, eller utan gyldige dokument.
USA: Skal krevja enormt depositum for enkelte visum
Visumsøkarar frå enkelte land kan måtte betale 15.000 dollar for å få turistvisum i USA. Det annonserer det amerikanske utanriksdepartementet.
USA: Skal krevje enormt depositum for enkelte visum
Visumsøkarar frå enkelte land kan måtte betale 15.000 dollar, eller rundt 150.000 kroner, for å få turistvisum for innreise til USA.
Israel høgsterett: Ulovleg å sparke etterretningssjef
Israels høgsterett har slått fast at regjeringa si avgjerd om å sparke leiaren for den nasjonale etterretningstenesta Shin Bet, Ronen Bar var Ulovleg, ifølgje Reuters. Det var statsminister Benjamin Netanyahu som fatta avgjerda i mars. Det utløyste store protestar over heile landet.
Fyrste fly med innvandrarar som frivillig forlèt USA har landa
USA er no i gang med å sende heim innvandrarar som frivillig vil forlate landet. Som takk for at dei melder seg får dei dekka heimreise og tusen dollar. I går gjekk det fyrste flyet frå Houston i Texas, med totalt 64 personar som blei sende til Honduras og Colombia.
Ulovleg droneflyging ved Flesland
Ein mann flaug drone innanfor forbodssona ved Bergen lufthavn tysdag kveld. – Det var tett på flyplassen. Vi kom i kontakt med droneføraren ved Flesland kai, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen til NRK.
No kan du bade i Seinen i Paris for første gang på 102 år
Frå laurdag blir det lovleg å bade i elva Seinen i Paris. Det har vore Ulovleg i 102 år. Det melder NTB.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
