Austlandet

Wednesday, 16 September, 01:48

Nyheter om Austlandet

NRK - 03 sep 26 kl. 10:59

Tre personar mistenkt for mobil vinningskriminalitet

Tre rumenske personar blir i dag framstilt for varetektsfengsling, etter fleire tjuveri. Ein mann i 50-åra, ein mann i 30-åra og ei kvinne i 30-åra blei arrestert i Førde på tysdag etter eit tjuveri der. Politiet meiner dei også kan knytast til fleire tjuveri i Bergen dagen før, og to saker frå Austlandet frå før helga.

NRK - 07 jul 26 kl. 10:54

Dømd til forvaring i fem år etter drap

Ei kvinne i 50-åra er dømd til vidare forvaring i fem år, etter drapet på ein seks år gamal gut på Smøla i 2001. Kvinna blei dømd i høgsterett til forvaring i 13 år, men dette er seinare forlenga. Kvinna bur no på ein døgnbemanna institusjon på Austlandet, og retten er komen til at det framleis er stor fare for nye, alvorlege brotsverk om ho blir sett fri.

NRK - 16 feb 26 kl. 09:31

Garanterer betre togtilbod på Austlandet

Mot slutten av neste år vil togpendlarar på Austlandet få fleire avgangar å velje mellom. Flytoget vil bli lagt ned, og Vy skal ta over. – Dette er den største omlegginga på tolv år, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

NRK - 27 apr 26 kl. 06:24

Registrerte jordskjelv utanfor Herøy

Søndag kveld blei det registrert eit jordskjelv målt til 4,0 nokre mil vest for Herøy i Møre og Romsdal. Det opplyser tidlegare seismolog og jordskjelvekspert Conrad D. Lindholm til NTB.

NRK - 05 feb 26 kl. 10:11

Åtvarar mot snø på Austlandet

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for mykje snø og vanskelege køyreforhold på delar av Austlandet fredag. Varselet gjeld hovudsakeleg frå Drammen til Arendal, og omfattar deler av Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder. Det er venta mellom 10 og 25 centimeter.

NRK - 12 apr 26 kl. 16:55

Fjellovergangane er opne att

Alle fjellovergangane frå Vestlandet til Austlandet er no opne for vanleg trafikk, bortsett frå riksveg 55 Sognefjellet, opplyser Statens Vegvesen. Tidlegare søndag var det kolonnekøyring fleire stader. Vegvesenet seier det er høg risiko for at det blir innført kolonnekøyring over riksveg 7 Hardangervidda i løpet av kvelden att..

NRK - 10 mar 26 kl. 17:13

No byrjar pollensesongen

Pollensesongen er i gang i Noreg, opplyser Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) i ei pressemelding. – Målingane viser at pollensesongen har starta. Som vanleg byrjar spreiinga langs kysten i vest før ho gradvis breier seg vidare til Sør- og Austlandet, seier Hallvard Ramfjord i NAAF.

NRK - 01 jan 26 kl. 16:57

Color Line-avgangar kansellert

Color Line har kansellert fire avgangar frå Larvik og Kristiansand til Hirtshals 2. januar, opplyser selskapet på sine nettsider. Avgangane er kansellert som følge av vêrforholda.

NRK - 24 okt 25 kl. 08:38

Oransje farevarsel i påvente av store nedbørsmengder

Det er venta store nedbørsmengder i store delar av Austlandet. Det er sendt ut gult farevarsel for regn, flaum, jord og skredfare i Oslo, Vestfold og Telemark, Buskerud, og Innlandet. Det er venta at sørlege delar av Oppland kan bli hardt råka.

NRK - 01 jul 25 kl. 11:29

Færre elgkalvar i Noreg

Veterinærinstituttet vil finne årsaka til at det er færre elvkalvar i landet. Dei ber folk melde frå om sjuke eller døydde dyr. – Dei siste åra har vi sett at det blir færre elgkalvar i store delar av Noreg, og dei elgkalvane som finst, er ofte små.

NRK - 17 apr 25 kl. 21:05

Stans i togtrafikken på delar av Austlandet

Det er stans i togtrafikken på delar av Austlandet på grunn av signalfeil, melder Bane Nor. Alle dei større togselskapa er omfatta av feilen som blei meldt klokka 21 torsdag kveld. Det er uvisst når trafikken kan komme i gang igjen..

NRK - 22 jun 25 kl. 11:35

Gult farevarsel for lyn

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for lyn for deler av Austlandet. Varselet gjeld i perioden måndag 23. juni klokka 14 – 23.

NRK - 17 apr 25 kl. 21:05

Ingen tog kan passere Oslo Sentralstasjon

Det er stans i togtrafikken på delar av Austlandet på grunn av signalfeil, melder Bane Nor. – Vi har mist kontrollen over fjernstyringa av toga frå togleiarsentralen på enkelte strekningar. Dette gjeld først og fremst Oslo S.

NRK - 05 jan 25 kl. 12:02

Oransje farevarsel utvidet nordover

Farevarselet om mye snø er nå utvidet til å gjelde opp mot sørenden av Mjøsa, skriver Meteorologisk institutt. Nå gjelder det også oransje farevarselet for Oslo. Fra før gjelder farevarselet deler av Sørlandet og Østlandet.

NRK - 11 okt 24 kl. 15:06

Dobbelt så vått på Vestlandet

Det blir ein våt laurdag på Austlandet og Vestlandet. Våtast blir det på Vestlandet, der det kan kome opp mot 40 millimeter nedbør. Det er det dobbelte av mengda som kan kome på Austlandet.

NRK - 27 jul 24 kl. 10:19

Gult farevarsel for styrtregn på Austlandet

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for styrtregn i delar av Austlandet. Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokal overfløyming og jord og flaum-skred i områda kor styrtregnet treffer. Det er også fare for stengde vegar og lokalt vanskelege køyreforhold.

NRK - 09 sep 24 kl. 11:35

NVE: Kan føre til like store skadar som etter «Hans»

Det er oransje farenivå for flaum og jordskred for delar av Austlandet og Trøndelag. NVE reknar med at utsette området vil kunne få store skadar av dei store vassmassane. – Slik det ser ut no er det ikkje venta like mykje regn som under ekstremvêret «Hans», men dei områda som blir treft av regnet, vil kunne få like store skadar, seier flaumvakt Thomas Væringstad i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NTB.

NRK - 03 sep 24 kl. 11:11

Tysdag skal det bøtte ned på Austlandet

Metrologane har oppjustert til oransje farevarsel tysdag kveld. Frå tysdag kveld til onsdag føremiddag kan det komme 50-50 mm regn i løpet av eit halvt døgn. Metrologane melder også om lyn og torden..

NRK - 08 aug 24 kl. 08:36

Fem tiltalt for fridomsrøving i vår

Fire litauarar og ein nordmann frå Austlandet er tiltalt for kidnapping og ran på Melkeplassen i Bergen i vår. Alle fem nektar straffskuld, men ein av dei knyt seg delvis til fridomsrøvinga, opplyser politiet og forsvarar til BT. Den fornærma mannen skal ha blitt dratt inn i ein varebil på ein parkeringsplass og utsett for slag eller spark mot ansikt og hovud.

NRK - 28 jul 24 kl. 10:32

I dag får du betalt for å bruke straum

Det er historisk låge straumprisar i både Rogaland, Sørlandet og på Austlandet i dag. Frå klokka 10 er straumen gratis, mens frå klokka 14–15 får du betalt for å bruke straum. Då er prisen minus 72,76 øre.

NRK - 19 jul 24 kl. 18:25

Gravid kvinne varetektsfengsla i fire veker

Tre rumenske personar er varetektsfengsla, sikta for grovt tjuveri, etter fengslingsmøte i Haugaland og Sunnhordland tingrett i dag. Dei varetektsfengsla er ei gravid kvinne i 30-åra, ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra. Ifølgje politiet er dei omreisande vinningskriminelle, som blei tatt med «et ikkje ubetydelig pengebeløp» i Haugesund-området på onsdag.

NRK - 05 jun 24 kl. 06:20

Trøbbel på E16

E16 som er hovedfartsåra mellom Vestlandet og Austlandet er stengd ved Sollihøgdai Bærum. Ein lastebil fullasta med kalkunar har velta og vegen kan bli stengd på kort varsel..

NRK - 26 maj 24 kl. 15:41

Åtvarar mot å vere i båt

Det er stor fare for torden og lyn på Austlandet. Statsmeteorolog Pernille Borander seier til NRK at folk som er ute i båt bør kome seg til lands. Ho ber folk vere varsame med tanke på vêret som er på veg frå Bohuslän i Sverige og nordvestover..

NRK - 18 maj 24 kl. 11:35

Lågt sal av økologiske grønsaker

Det er for tida låg omsetning av økologiske grønsaker i Noreg. Unnataket er poteter, der det er nesten ikkje er mogeleg å få tak i konvensjonelle poteter dyrka i Noreg, skriv Landbruksdirektoratet i marknadsrapporten, melder NTB. Grunnen til potetmangelen er dårlege avlingar i fjor.

NRK - 06 maj 24 kl. 11:28

Forlengar varsel om brannfare

Meteorologane forlengar varsla om lokal gras- og lyngbrannfare i snøfrie område. Faregraden er no gul på Austlandet og Vestland, samt langs kysten til og med Sør-Troms. Varsla gjeld til det kjem tilstrekkeleg med nedbør eller ny vegetasjon..

NRK - 16 apr 24 kl. 10:18

Bjørkepollensesongen er rett rundt hjørnet

No er årets bjørkepollensesong like rundt hjørnet, skriv Noregs Astma- og Allergiforbund (NAAF) i ei pressemelding. Over 1 million nordmenn har pollenallergi. No som temperaturane stig, startar sesongen for bjørkepollen.

NRK - 31 jan 24 kl. 18:01

14 kommunar råka straumbrot på Austlandet

14 kommunar er råka av straumbrot, viser Elvias straumbrotskart. I Aremark er over 1000 kundar råka av straumbrot. Også i Lillestrøm er over 1000 husstandar utan straum.

NRK - 11 apr 24 kl. 10:37

Tiltalte hamna på same avdeling i fengselet under rettssak

19-åringen som er ein av dei tiltalte for grovt ran av artist blei sett i varetekt under rettssaka i Trøndelag tingrett for å sikre at han møtte i retten onsdag. I fengselet hamna han på same avdeling som to av dei andre tiltalte, ein svenske og ein 25-åring frå Austlandet. – Dette synest eg er prinsipielt uheldig.

NRK - 24 jan 24 kl. 21:27

Vegvesenet åtvarar om glatte vegar på Austlandet

Regn og snø på Austlandet skaper glatte vegar, åtvarar Vegtrafikksentralen Øst på X. – Alle entreprenørar er ute, skriv sentralen. Det framleis stor snøskredfare i deler av Vestlandet, sørlege deler av Midt-Noreg, nordvest i Agder, nord i Telemark, i Nordland, Troms og i Vest-Finnmark, opplyser Statens vegvesen på sine nettsider.

NRK - 16 jan 24 kl. 18:16

Vy ber togkundar på Austlandet vurdere om det er naudsynt å reise

Vy ber kundar på Austlandet om å vurdere om det er naudsynt å reise på onsdag. Det er varsla kulde, store mengder snø og vind. Selskapet opplyser at dei har innstilt ein del rushtidsavgangar for å gjere det meir føreseieleg for kundane resten av veka..

NRK - 16 jan 24 kl. 16:56

Bane Nor varslar innstillingar på grunn av snø

Fordi det er venta mykje snø på Sør- og Austlandet det neste døgnet, varslar Bane Nor at tog vil bli forsinka og innstilte. – Vi ventar at dette blir ei stor utfordring for jernbanen i Vestfold og på delar av Austlandet, seier områdedirektør Lars Berge i ei pressemelding. Han seier at det vil ta tid å få rydda snømengdene vekk frå skinnegangen.

NRK - 17 feb 24 kl. 08:26

Glatte vegar på Austlandet

Det har vore trafikkuhell både i Bærum og i Tønsberg laurdag morgon. Begge ulukkene har samanheng med svært glatte vegar. – Sjølv om asfalten ser svart og fin ut kan det vera veldig glatt, seier trafikkoperatør Hans Gustav Møvik-Olsen i Vegtrafikksentralen aust til VG.

NRK - 31 jan 24 kl. 21:03

Alle fjellovergangane mellom aust og vest er stengde

Alle fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet er no stengde grunna ekstremvêret «Ingunn». Rv7 Hardangervidda: Stengt. Fv53 Årdal-Tyin: Stengt.

NRK - 26 jan 24 kl. 12:15

Regjeringa føreslår utbygging og finansiering av E134 Røldal-Seljestad

– Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Røldal-Seljestad. No får vi ein vintersikker veg som vil betre både trafikktryggleik og framkome på vegen som knytt landet frå aust til vest, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding. Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om utbygging og finansiering av prosjektet E134 Røldal-Seljestad.

NRK - 22 jan 24 kl. 15:05

Fleire hundre skadar etter vêret sundag og måndag

Fleire av dei største forsikringsselskapa i landet får inn mange skademeldingar på grunn av store vassmengder. Sidan sundag og fram til måndag føremiddag har både Gjensidige og If fått rundt 200 meldingar kvar om vasskadar. Storebrand, på si side, seier at dei har fått inn nærmare 400 skademeldingar sundag og måndag.

NRK - 17 jan 24 kl. 21:18

Vann 285 millionar i Vikinglotto

Ein nordmann vann onsdag kveld 285 millionar kroner i Vikinglotto. Mannen var den einaste som hadde 6+1 rette i Vikinglotto-trekninga. Det gjer til at vedkommande snart får den nette sum av 285 837 500 kroner inn på konto.

NRK - 05 jan 24 kl. 10:34

Høg luftforureining i fleire norske byar

Det skriv meteorologane på X. Høgtrykk og rolege vindhald gjer at det blir dårleg luftsirkulasjon i tettbygde strøk på Austlandet, Bergen, Stavanger, Trondheim dei neste dagane, skriv dei vidare. Det bidrar til høg luftforureining.

NRK - 05 jan 24 kl. 10:24

Straumbrot på Austlandet

I følgje straumselskapet Elvia er over 1700 kundar råka av straumbrot på Romerike, skriv VG. Det skal gjelde Gjerdrum, Nannestad og Nes..

NRK - 22 nov 23 kl. 08:28

Flytoget meiner staten kan tape milliardar

Flytoget meiner staten vil tape 1,4 milliardar kroner på å slå saman Vy og Flytoget, melder Teknisk ukeblad. Togselskapet ber om eit hastemøte med samferdselsministeren. Flytoget har bestilt ein rapport som viser at ei samanslåing kan gi eit tap på 460 millionar i året fram til 2028.

NRK - 19 jun 23 kl. 16:03

Kontrollkomiteen stoppar vidare undersøkingar av togtildeling på Austlandet

Prosessen for tildelinga av persontogtrafikken på Austlandet blir ikkje vidare undersøkt av kontrollkomiteen på Stortinget, opplyser Høgre. Kontrollkomiteen stilte 21. mars i år ei rekke spørsmål til samferdselsministeren om Vy-tildelinga.

NRK - 06 nov 23 kl. 11:42

Prøvde å valdta kvinne i 90-åra

Ein mann i 30-åra frå Austlandet er tiltalt for valdtektsforsøk av ei kvinne i 90-åra i Sogn og Fjordane. Det var i juni at mannen skal ha teke seg inn i bustaden til kvinna om natta. Ifølgje tiltalen gjekk han fysisk til angrep på den sovande kvinna og trua med å drepe henne.

NRK - 30 sep 23 kl. 16:25

Straumprisen var 323 gonger dyrare

Nøyaktig eitt år etter at straumen kosta over 3,5 kroner kilowattimen i heile Sør-Noreg, set kraftregionane NO1 og NO5 nye botnrekordar for månadspris. Månadsprisen i NO1 (Austlandet) og NO5 (Vestlandet) enda på høvesvis 1,121 og 1,111 øre/kWh. Det betyr at septemberprisen i fjor var 323 gonger høgare enn årets i dei to kraftregionane, skriv Europower.

NRK - 12 sep 23 kl. 10:15

Ny vurdering om E16 onsdag klokken 16

E16 ved Hylland i Nærøydalen holder stengt etter at det gikk et ras i går kveld. Entreprenør har startet opprydningsarbeid. – Det er mye å rydde, samt at vegbane og autovern kan være skadet.

NRK - 11 sep 23 kl. 19:41

Ekstraferje på grunn av ras

Norled set opp ekstraferjer mellom Vangsnes og Hella på riksveg 13 i natt. Riksveg 13 er ein av omkøyringsmoglegheitene etter dei mange rasa over E16 i Aurland i dag. Andre omkøyringsmoglegheiter mellom Austlandet og Vestlandet er via riksveg 7 Hardangervidda eller E134 Haukelifjell..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com