Natt til onsdag brann ei hytte ned på Byrknesøy i Gulen. Kort tid seinare vart ei kvinne i 40-åra pågripen av politiet. Ho er sikta for grovt skadeverk og grov kroppskrenking mot ei anna kvinne i 40-åra, som var i hytta. Ho kom seg ut og vart frakta til legevakt. Til NRK fortel politiadvokat Karoline Sandved at dei vil be om fire veker varetektsfengsel for den sikta kvinna. Dei meiner det er fare for at ho øydelegg bevis eller gjer nye lovbrot. Bakgrunnen for hendinga er ei konflikt mellom dei to kvinnene. Kva konflikten gjekk ut på ville ikkje Sandvend kommentere til statskanalen. Dei har avhøyrd kvinna. – Ho vedgår ikkje straffskuld, seier Sandvend til NRK.
Natt til onsdag brann ei hytte ned på Byrknesøy i Gulen.
Kort tid seinare vart ei kvinne i 40-åra pågripen av politiet. Ho er sikta for grovt skadeverk og grov kroppskrenking mot ei anna kvinne i 40-åra, som var i hy…