Utslepp
Nyheter om Utslepp
Melkøya: Regjeringa meiner at Frp set arbeidsplassar i fare
Energiminister Terje Aasland (Ap) meiner Framstegspartiet framstår som «uansvarlege og utan truverd» etter at partiet har valt å støtte eit forslag som kan stoppe elektrifiseringa av Melkøya i Finnmark. – Frp har gjort endå ei snuoperasjon og framstår uansvarlege og utan truverd. Dei meiner éin ting den eine dagen og det motsette den neste.
Kina og Island vil styrke samarbeidet om grøn energi
Kina og Island vil styrke samarbeidet mellom myndigheiter og industri innan grøn energi, melder Reuters. Begge partar vil jobbe for å redusere Utslepp av klimagassar, skape grøne jobbar og forretningsmoglegheiter. Det kjem fram i eit offentleggjort dokument etter eit møte i Beijing mellom Kina sin president Xi Jinping og Island sin president Halla Tómasdóttir..
Sju milliardar til norske industribedrifter
I dag får norske bedrifter utbetalt sju milliardar kroner gjennom støtteordninga for industrien. 40 prosent av desse pengane skal bidra til å utløyse klima- og energisparingstiltak rundt om i landet. – For første gong stiller vi krav om at 40 prosent av pengane bedriftene får må gå til å kutte Utslepp eller å spare straum.
Nytt klimasamarbeid mellom staten og byggenæringa
Staten og byggenæringa har signert ein avtale for å samarbeide tettare om å kutte Utslepp og sikre grøn omstilling. – Byggenæringa er ei næring med eit betydeleg klimafotavtrykk, men med ein vilje til å ta i bruk ny teknologi for å kutte sine Utslepp og skape nye moglegheiter. Med denne avtalen skal vi saman få opp tempo i Utsleppskutt og omstilling av næringa, seier klima- og miljøminister Tore O.
Storbritannia vil kutte klimagassar med 81 prosent
Storbritannias statsminister Keir Starmer seier landet vil skjerpe klimamåla sine, og at dei vil kutte klimagassUtsleppa med 81 prosent innan 2035, melder Reuters, Starmer kom med meldinga under klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan. Britane har i dag eit mål om å kutte 78 prosent av klimagassane, målt mot 1990-nivåa, og utelèt Utslepp frå internasjonal luftfart og skipsfart..
Sverige styrer mot å bryte klimamål
Sverige styrer mot å bryte klimamåla dei har forplikta seg til gjennom EU si klimalov. Det viser den svenske regjeringa sin eigen plan for energi og klima. Planen viser at regjeringa i nabolandet vårt planlegg mot for store Utslepp og for lite utbygging av forbybar kraft.
Mindre Utslepp i mange kommunar
68 prosent av kommunane hadde lågare Utslepp av klimagassar i 2022 enn i 2009. I halvparten av kommunane er Utsleppet redusert frå 2021 til 2022. – Kommunane har ei viktig rolle for å kutta Utslepp av klimagassar.
Rekordhøg nedgang i EU sine Utslepp
EU sine klimagassUtslepp gjekk ned 15,5 prosent i 2023 samanlikna med året før. Dette er den største nedgangen sidan kvotesystemet ETS vart innført i 2005, ifølge rapporten. Systemet stiller krav til Utsleppsnivået til industri, kraftproduksjon, luftfart og maritim transport i EU- og EØS-landa.
Brasil, Aserbajdsjan og Emirata med klimasamarbeid
Leiarane for klimatoppmøtet i Dubai (COP28) og dei kommande klimatoppmøta i Baku (COP29) og brasilianske Belém (COP30) går saman i ein «troika» som skal arbeide for større framdrift og meir ambisiøse klimamål. Dei tre landa la fram planane sine på konferansen Copenhagen Climate Ministerial, som blei arrangert i Helsingør i går og i dag. Dei var representerte med presidenten for COP28, Sultan al-Jaber, sjefen for COP29, Mukhtar Babayev og André Corrêa do Lago, som er viseminister for klima, energi og miljø i Brasil.
Polen vil setje sluttdato for kol
Den nye regjeringa i Polen vil sette ein sluttdato for kolindustrien av omsyn til miljøet. – Berre med ein sluttdato kan vi planlegge, og berre med ein sluttdato kan industri og folk planlegge, sa Urszula Zielienska i Brussel måndag. Kol står for om lag 70 prosent av straumproduksjonen i Polen.
Testar plasmateknologi
Hydro Aluminium Sunndal skal teste ut plasmateknologi ved støypinga av aluminium. Dette kan gje vesentleg lågare Utslepp. Teknologien kan erstatte fossile ernergibærarar og er basert på at ein elektrisk driven plasmabrennar skal skape ein lysboge som pressar varme inn i støypeomnane.
Slår alarm om kor mykje Hardangerfjorden tåler av Utslepp
Nye utrekningar gjort av Statsforvaltaren i Vestland tyder på at smertegrensa for kor mykje nitrogenUtslepp Hardangerfjorden kan tåla snart er nådd, skriv DN. Per i dag er det fiskeoppdrett som er den klart største kjelda til Utslepp av næringssalter, skriv avisa..
KlimagassUtslepp i Noreg i 2022: Nedgang på 0,8 prosent
Det viser ferske tal frå SSB. Endelege tal viser at Utslepp av klimagassar i Noreg var lågare i 2022 enn i 2021..
EU-landa skal kutte Utslepp frå tungtransport kraftig innan 2040
Måndag kveld blei EUs klimaministrar samde om å kutte Utsleppa innan tungtransporten med 90 prosent innan 2040. Vedtaket inneber ein gradvis reduksjon av Utsleppa frå nye køyretøy. Det vil seie at lastebilar, semitrailerar og bussar må over frå bensin og diesel til elmotor og hydrogen.
Eide skal framleis leie forhandlingane før klimatoppmøtet
Som klima- og miljøminister fekk Espen Barth Eide (Ap) oppgåva med å leie forhandlingane om Utsleppskutt fram mot klimamøtet i Dubai i desember. Dette er oppgåver han framleis skal ha som utanriksminister, sa statsminister Jonas Gahr Støre då han presenterte dei nye statsrådane måndag. Eide skal leie forhandlingane saman med klima- og miljøminister Grace Fu frå Singapore.
148 millionar kroner til havvind
Regjeringa foreslår 148 millionar kroner til feltundersøkingar og havvind-utlysingar. – Satsinga skal gi auka tilgang på fornybar kraft i Noreg, bidra til at vi reduserer Utslepp og leggje til rette for at industrien får eit nytt bein å stå på, seier olje- og energiminister Terje Aasland i ei pressemelding. I tillegg blir det foreslått 10 millionar kroner for å styrkje kompetansemiljøet for havvind.
Slår alarm om kor mykje Hardangerfjorden si smertegrense
Nye utrekningar gjort av Statsforvaltaren i Vestland tyder på at smertegrensa for kor mykje nitrogenUtslepp Hardangerfjorden kan tåla snart er nådd, skriv DN. Per i dag er det fiskeoppdrett som er den klart største kjelda til Utslepp av næringssalter, skriv avisa. Held oppdrettsnæringa fram med å sleppa ut like mykje næringssalter som i dag, risikerer ein at oksygenet vil forsvinna frå dei djupaste delane av fjorden, ifølge utrekninga.
Storbritannia gir milliardar til klimafond
Storbritannias statsminister Rishi Sunak lovar at landet skal bidra med 2 milliardar dollar, over 20 milliardar norske kroner, til FNs grøne klimafond. Lovnaden kom under G20-toppmøtet i India. Formålet med fondet er å hjelpe fattige land med å kutte Utslepp, bygge ut fornybar energi og tilpasse seg endringar i klimaet.
Noreg og Tyskland forsterkar hydrogensamarbeid
Den norske og tyske regjeringa er samde om å etablere ei arbeidsgruppe for å følgje opp resultata av den pågåande studien som undersøkjer moglegheitene for transport av hydrogen og CO2 mellom Tyskland og Noreg. – Eg er veldig fornøgd med at vi kjem vidare med dette viktige prosjektet. Samarbeid er den mest effektive måten å nå dei felles måla våre om grøn industrivekst og lågare Utslepp, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Fall i klimagassUtsleppa i Storbritannia
Storbritannia sitt Utslepp av klimagassar fall i 2022, viser statistikk frå styresmaktene. Samanlikna med 2021 fall Utsleppa med 2,2 prosent til 2022. Det svarar til Utslepp av 417,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
EU sine klimagassUtslepp fell
KlimagassUtsleppa i Den europeiske union (EU) fall med 4 prosent i fjerde kvartal i fjor, samanlikna med same kvartal året før. Reduksjonen i dei samla klimagassUtsleppa skjedde samstundes som at medlemslanda i EU i same kvartal hadde ein økonomisk vekst på 1,5 prosent. Det viser tal frå EU sitt statistikkbyrå Eurostat.
Transportsektoren langt unna Paris-måla
Transportsektoren vil halvere behovet for olje innan 2050. Likevel vil sektorens del av Utsleppa auke, ifølgje ein ny rapport frå DNV. I dag står transport av passasjerar og gods for omtrent ein firedel av globale energirelaterte CO2-Utslepp, ein del som vil auke til 30 prosent innan 2050.
Klimafinansiering: – 100 mrd.-mål nådd i år
Målet om 100 milliardar dollar i året til klimafinansiering i fattige land vil bli nådd i løpet av året. Det sa utanriksministeren i Tyskland, Annalena Baerbock på eit klimamøte i Berlin i dag. Industrilanda sitt mål skulle vore nådd for fleire år sidan, men no viser berekningar frå OECD, som er utarbeidde før klimamøtet, at finansieringa vi lkomme på plass i år.
Historisk klimarettsak i Menneskerettsdomstolen
Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg held onsdag høyring i klimasaka KlimaSeniorinnen mot Sveits og Carême mot Frankrike. Dette blir første klimasak domstolen behandlar, ifølge Norges insitusjon for menneskerettigheter (NIM). Institusjonen vil holda innlegg i saka på vegne av 46 menneskerettsinsitusjonar i Europa som ein tredjepart, opplyser NIM i ei pressemelding.
Aker BP skal investera 200 milliardar på norsk sokkel
Aker BP og partnarar leverer i dag totalt ti planar for utbygging og drift og ein plan for anlegg og drift til Olje- og energidepartementet. Med totale investeringar på i overkant av 200 milliardar utgjer desse ein av Europas største private industrisatsingar, skriv dei i ei børsmelding. – Omfanget av utbyggingsplanane som vi overleverer til Olje- og energiministeren er ein manifestasjon av vår ambisjon om å skapa framtidas olje- og gasselskap med låge kostnadar, låge Utslepp, lønnsam vekst og attraktiv avkasting, seier administrerande direktør i Aker BP, Karl Johnny Hersvik..
WWF: Betre budsjett for klima og natur
WWF Verdens naturfond er godt nøgde med at SV blei samde med regjeringa om statsbudsjettet for neste år. Dei meiner forhandlingane har gjeve eit betre resultat for klima og natur: – Dette budsjettet kuttar meir Utslepp enn regjeringa opphaveleg foreslo, og det reverserer nesten heile kuttet til skogvern, skriv generalsekretær Karoline Andaur i ein e-post til NRK..
Espen Barth Eide om forhandlingane: – Veldig krevjande
– Akkurat no, opplever eg det som veldig krevjande, svarar klima- og miljøminister Espen Barth Eide om status på forhandlingane på klimatoppmøtet i Egypt laurdag føremiddag. Han seier han er veldig uroa for kva som skjer på 1,5 graders-målet og at dei formuleringane presidentskapen no legg fram er alt for svake – særleg på arbeidsprogrammet for Utsleppsreduksjonar. – Om det blir som det no ligg an til, så kunne dette vore ei svekking i forhold til Glasgow – i eit år der vi treng å gå vidare, så det uroar meg sterkt, seier han.
Fraktefartøy har gått på grunn
Ein lastebåt fylt med asfalt har gått på grunn utanfor Aukra i Møre og Romsdal, melder Hovedredningssentralen. Det skal ikkje vere fare for mannskapet på fem om bord. Det er ikkje meldt om Utslepp frå båten.
Stenger skular i India på grunn av forureina luft
Barneskular i den indiske hovudstaden New Delhi stenger fredag på grunn av den giftige smogen i byen. Førsteminister i Delhi, Arvind Kejriwal, seier skulande blir halde stengde til situasjonen har betra seg, melder AFP. Det er kaldare luft, røyk frå jordbruksbrannar, Utslepp frå køyretøy og andre forureiningskjelder som gjer at det blir danna giftig smog i byen, der det bur millionar menneske..
Frp, Høgre og SV sakner konkrete tiltak for å nå det nye klimamålet
Regjeringa auka i dag Noregs klimamål til 55 prosent Utsleppskutt innan 2030, frå tidlegare 50 til 55 prosent. Frp meiner regjeringa si oppjustering av dei norske klimamåla vitner om manglande verkelegheitsforståing, seier klimapolitisk talsperson Marius Arion Nilsen. Han meiner Noreg ikkje einsidig kan skjerpa sine Utsleppforpliktingar, utan å stilla strengare krav til dei mest folkerike landa i verda.
Frp, Høgre, MDG og SV sakner konkrete tiltak for å nå det nye klimamålet
Regjeringa auka i dag Noregs klimamål til 55 prosent Utsleppskutt innan 2030, frå tidlegare 50 til 55 prosent. Frp meiner regjeringa si oppjustering av dei norske klimamåla vitner om manglande verkelegheitsforståing, seier klimapolitisk talsperson Marius Arion Nilsen. Han meiner Noreg må stilla strengare krav til dei mest folkerike landa i verda.
Regjeringa aukar klimamålet til 55 prosent
Neste veke reiser regjeringa til klimatoppmøtet COP27 i Egypt. Nå aukar regjeringa Noregs klimamål til å kutta 55 prosent innan 2030. I fjor reduserte Noreg klimagassUtsleppa sine med 0,7 prosent frå 2020, som er 4,7 prosent lågare enn i 1990.
Beste luftkvalitet i Aust-Finnmark på 48 år
Målinga av luftkvaliteten i Aust-Finnmark er den lågaste på 48 år, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding. Etter at smelteverket i Nikel i Russland blei lagt ned i 2020, har nivåa av svoveldioksid og tungmetaller i lufta vore betydeleg lågare i 2021 samanlikna med tidlegare år, skriv direktoratet. Norsk institutt for luftforsking (Nilu) har gjort målingar i Aust-Finnmark sidan 1974.
Endringar i havbruksregelverket
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsett einskilde endringar i havbruksregelverket som skal bidra til auka berekraft. – Det gjeld blant anna nye krav for å hindra, oppdaga og avgrensa rømming av fisk, i tillegg til bruk og Utslepp av legemiddel, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding. Endringa inneber også ei utviding av det personelle virkeområdet i akvakulturdriftsforskrifta..
Oppdaga stort Utslepp av ukjent stoff i Bottenhavet
Den svenske kystvakta har oppdaga eit stort Utslepp av eit ukjent stoff i Bottenhavet, som ligg mellom Sverige og Finland, melder svenske Aftonbladet. Utsleppet ligg rundt ti landsmil frå kysten og det er framleis uklart kva type stoff som har sloppe ut, skriv avisa. Utsleppet strekker seg over eit område på 77 kvadratkilometer, omtrent på same størrelse som byen Malmö.
Isbreane i Alpene krymper i rekordfart som følge av hetebølgja
Alpenes isbrear er på veg til sine høgaste massetap på minst 60 år, viser data som er nyheitsbyrået Reuters har fått. Ved å sjå på foskjellen i kor mykje snø som har falt om vintaren, og kor mykje is som smelter om sommaren, kan forskarane måla kor mykje ein isbre har krympa eit gitt år. Sidan sist vinter, med relativt lite snøfall, har Aplene gått gjennom to store hetebølgjer på forsommaren, inkludert ein i juli prega av temperaturer nær 30 grader i den sveitsiske landsbyen Zermatt.
Isbreane i Alpene krympar i rekordfart som følge av hetebølgja
Alpenes isbrear er på veg til sine høgaste massetap på minst 60 år, viser data som er nyheitsbyrået Reuters har fått. Ved å sjå på forskjellen i kor mykje snø som har falt om vinteren, og kor mykje is som smelter om sommaren, kan forskarane måla kor mykje ein isbre har krympa eit gitt år. Sidan sist vinter, med relativt lite snøfall, har Alpene gått gjennom to store hetebølgjer på forsommaren, inkludert ein i juli prega av temperaturar nær 30 grader i den sveitsiske landsbyen Zermatt.
Oljebasane skal kutta Utslepp: – Eitt skip svarer til fem-seks ferjer
Prislappen er på fleire hundre millionar kroner. Men Norsea er ikkje i tvil om at dei må bidra til å kutta Utslepp i….
Oljebasane skal kutta Utslepp: – Eitt skip svarer til fem-seks ferjer
Prislappen er på fleire hundre millionar kroner. Men Norsea er ikkje i tvil om at dei må bidra til å kutta Utslepp i skipsfarten..
Får endelig driftsløyve
Næringsdepartementet har vedteke å oppretthalde Nordic Mining sitt driftsløyve for gruvedrift i Engebø-fjellet i Sunnfjord. Dei siste dagane har demonstrantar lenka seg fast til maskiner ved anleggsområdet i protest mot gruvedrift og Utslepp til Førdefjorden. Selskapet sjølv stadfesta dette med ei børsmelding fredag morgon.
29 sendt til sjukehus etter Utslepp av store mengder klorgass
29 menneske vart sendt til sjukehus med pusteproblem etter at store mengder klorgass lak ut i ein symjehall i London onsdag. På same tid fekk 48 behandling av helsepersonell på staden. Det var i morgontimane at gassen lak ut i OL-symjeanlegget London Aquatics Centre i Olympiaparken aust i London.
IAEA: Ingen radioaktiv stråling
Sikkerheitssystema på atomkraftverket som i natt blei angripen av russiske styrkar, har ikkje blitt påverka av kampane. Det seier Rafael Grossi, generaldirektør i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), på ein pressekonferanse. Det begynte i natt å brenne i ein bygning som ikkje er ein del av ein reaktor.
Tine skal kutta Utslepp med to daglege lastebillass med treflis
Selskapet som varmar opp Sola flyplass på flis, skal no også levera energi til Norges største meieri..
Tine skal kutta Utslepp med to daglege lastebillass med treflis
Selskapet som varmar opp Sola flyplass på flis, skal no også levera energi til Norges største meieri..
Norwegian får klimakvote-gebyr
Norwegian Air Shuttle ASA får eit gebyr på 400 millionar kroner for å ikkje ha levert inn klimakvotar, skriv miljødirektoratet i ei pressemelding. Flyselskapet rapporterte inn eit kvotepliktig Utslepp på 387.857 tonn for 2020, men då fristen gjekk ut for å levere inn desse i april, leverte dei berre 15.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
