Truleg
Nyheter om Truleg
Husbrann på Longva
Eit bustadhus på Longva i Harm blir Truleg totalskadd i ein brann som starta i 04-tida. Det var ingen i huset og det er ikkje spreiingsfare. Det er eit gammalt tømmerhus som brenn godt, men det er vått i terrenget og langt til andre hus og bygningar..
Berlin-terror: Fann video på telefonen til gjerningsmann
Politiet i Tyskland har funne ein video på telefonen til Abdul Ballout, som var mistenkt for å ha køyrd ein varebil inn i ei folkemengde under pridefeiringa i Berlin fredag, melder Der Spiegel. I videoen tek ein mann på seg ansvaret for angrepet, og sver truskap til IS. Mannen er tildekt, men politiet meiner det Truleg er Ballout som snakkar, skriv nyheitsmagasinet.
Søkjer med drone og hund
Politiet søkjer i natt med drone og hund etter ein mogleg gjerningsperson etter at det begynte å brenne igjen i Sula torsdag kveld. Dei ber samtidig publikum om tips og observasjonar. Det har dei siste åra vore fem uoppklarte hyttebrannar i det samme området, og folk er redde for at ein pyroman går laus.
Melding om endå ein brann i Sula - politiet ser dette i samanheng med uoppklarte brannar
Brannvesenet har rykt ut til meldingar om brann i Sula. Politiet seier til NRk klokka 22.50 at dei ser brannen i samanheng med dei andre, uoppklarte brannane på Sula dei siste åra.
Har identifisert fleire i valdsvideo
Politiet i Bergen seier dei har identifisert to av dei som gjekk til åtak på ein russ i Bergen 17. mai. Fleire personar slo og sparka russen, og ein video av hendinga blei lagt ut på nettet.
TV 2: Spionsikta kinesar sett fri frå varetekt
Den kinesiske statsborgaren som blei gripen og sikta for ulovleg etterretningsverksemd i Noreg 15. mai, er sett fri frå varetekt. Det stadfestar advokaten hans, Tor Haug, til TV 2.
IAEA krev at Iran gjer oversikt over uranlager
Styret i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) vedtok onsdag å krevje at Iran oppgjer sine attverande lager med opprikt uran og gjer inspektørar tilgang til dei. Resolusjonen vart støtta av USA og vedteke med 21 stemmer for, tre imot og ti fråverande, ifølgje NTB. Israelske og amerikanske angrep mot Iran i juni 2025 gjekk hardt utover Iran sitt atomprogram og anlegga for oppriking.
Sett i gang redningsaksjon etter at turistar meldte om problem i fjellet i Aurland
Politiet har kalla ut frivillige mannskap for å hjelpa eit turfølge ned frå Vardafjellet i Aurland, opplyser Vest politidistrikt. – Me har fått beskjed frå eit turfølge, Truleg på to utanlandske turistar, at dei trengde hjelp. No er me i gang med å kalla ut mannskap, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.
Fryktar havvind-brems etter Stortingets vedtak
Konsernsjef i Fjord Base, Ole Schanke Eikum gjer det klart at slike store infrastrukturinvesteringar krev føreseielege rammevilkår og langsiktige utsikter. Signalet frå Stortinget om full gjennomgang og kvalitetssikring av milliardsatsinga skapar det motsette. – Uvisse for norske havvindprosjekt som følgje av Stortinget sitt vedtak om kvalitetssikring, gjer at våre investeringsvedtak Truleg vert skyvd vidare ut i tid, seier Eikum.
Truleg inga løysing i revidert-forhandlingane
Dei raudgrøne partia har brote fristen, men forhandlar framleis om revidert nasjonalbudsjett på Stortinget. Det ligg ikkje an til einigheit laurdag, erfarer NTB. Ifølgje NTB sine opplysingar er det framleis stor avstand, men forhandlingane ser ut til å halde fram ut i nattetimane søndag, før dei blir tatt opp igjen på dagtid..
Fallulukke på Bislett
Naudetatane er på ei adresse på Bislett i Oslo, der ein person skal ha falle ut av eit vindauge i 4. etasje. Politiet skriv at det Truleg er ei ulukke..
Suel Kassembo er lauslaten frå Trandum
Suel Kassembo er no lauslaten frå Trandum interneringsleir. Det stadfestar støttespelar Kaja Runde. – Det var herleg å sleppe ut, sa han, seier Runde.
Golv i sauefjøs kollapsa – Truleg 50 døde sauer
Brannvesenet har rykka ut etter melding om at golvet i eit sauefjøs i Stryn har kollapsa ned i møkkakjellaren. Det skal ha vore opp mot 120 sauer og lam i fjøset. Omkring 70 av dei er redda ut, mens omkring 50 Truleg har omkomme, skriv Vest 110 i ei melding til pressa.
Suel Kassembo blir lauslaten
Suel Kassembo blir sett fri og kan Truleg reise heim til Sunnmøre midlertidig. Det har Oslo tingrett avgjort i dag. Kassembo har vore ulovleg i landet i over 20 år, og blei henta av politi tidlegare i veka.
Båten i Smøla kantra som følge av høg sjø
Båtulukka utanfor Smøla natt til 11.mai framstår som ei ulukke der båten har kantra som følge av høg sjø, skriv politiet som har etterforska saka. Det er ikkje funne teikn til grunnstøyting eller kontakt med skjer.
Stormkjøkken starta skogbrann i Fitjar – helikopter er på veg
Klokka 19.40 melder Sørvest politidistrikt at skogbrannen ved Furevatnet i Fitjar ser ut til å spreia seg sørover i retning Korsvik. Der er det ein god del busetnad, men førebels er det ikkje spreiingsfare til bygg.
Eitt hus er evakuert, skogbrann i Fitjar nærmar seg bustadfelt
Brannen ved Furevatn i Fitjar har no byrja å spreia seg slik at eitt bustadhus i øvre del av Korsvik er evakuert, melder Sørvest politidistrikt klokka 20.20. Røyk byrjar å trekkja ned til eit byggefelt med fleire hus lenger ned i Korsvikvegen/Koløyvegen.
Steinras i Stad - må berge ut bilar
Stigedalsvegen fv. 651 er stengt ved Velle i Stad kommune etter eit steinras. – Vi er på staden og fjernar bilar som står fast på begge sider, skriv politiet.
Steinras i Stad – må berge ut bilar
Stigedalsvegen fv. 651 er stengt ved Velle i Stad kommune etter eit steinras. – Vi er på staden og fjernar bilar som står fast på begge sider, skriv politiet klokka 14.
Steinras i Stad – vegen er stengt
Stigedalsvegen riksveg 651 er stengt ved Velle i Stad kommune etter eit steinras. – Vi er på staden og fjernar bilar som står fast på begge sider, skriv politiet klokka 14.41.
Rekordhøg kraftproduksjon og nest høgaste forbruk nokon gong
Noreg produserte rekordmye kraft i 2025 med totalt 161,9 TWh, noko som gav eit historisk stort kraftoverskot trass i svært høg etterspurnad. Rapporten «Kraftmarkedsåret 2025» frå Statnett viser at fjoråret vart eit ekstremår for det norske kraftsystemet. Mykje nedbør i Nord- og Midt-Noreg sende produksjonen opp med 4,7 TWh frå året før.
E134 i Fjæra opnar ikkje før neste veke
E134 ved Fjæra i Etne skulle etter planen opna igjen onsdag denne veka, men arbeidet er forseinka. Vegen som blei stengd etter eit steinskred 1. mars, opnar ikkje før i neste veke.
FHI: Færre får hjerneslag
Talet på nye tilfelle av hjerneslag i Noreg har gått ned dei siste 20 åra, viser ei ny studie frå Folkehelseinstituttet (FHI). Nedgangen skuldast ein stor nedgang i hjerneslag hos eldre aldersgrupper over 55 år, skriv FHI. – Denne nedgangen heng Truleg saman med at færre røyker og at vi har betre førebyggande behandling av risikofaktorar som høgt blodtrykk og høgt kolesterol, seier postdoktor Elisabeth Kvalvaag i FHI.
USA ikkje klare til å eskortere skip gjennom Hormuzsundet
USA er førebels ikkje klare til å eskortere oljetankarar gjennom Hormuzsundet, seier landets energiminister Chris Wright i eit intervju med CNBC. Wright seier at det Truleg vil skje etter kvart, men at militæret no er opptatte med å svekke Irans offensive kapasitet. – Det vil skje relativt snart, men det kan ikkje skje no.
Kolonne og stengt på fjellovergangar
Om du skal over riksveg 7 Hardangervidda i morgontimane, kan det vere greitt å ha med seg litt ekstra tolmod i bagasjen. Her er det nemleg kolonne for alle køyretøy. Men over fv.
Hello Kitty-designar gir seg etter 40 år
Designar Yuko Yamaguci (70) har vore Hello Kitty-designar sidan 1980-talet. Ho er den tredje designaren i rekka som har illustrert den kjende figuren, skriv Vogue Hongkong. På 1980-talet var Hello Kitty ein av dei mest populære karakterane i verda.
Ung kvinne funnen nedkjølt i Trøndelag – frakta til sjukehus
Ei ung kvinne blei funnen kraftig nedkjølt utandørs i Verdal i Trøndelag. Ho har Truleg lege ute ei stund, opplyser operasjonsleiar Bjørnar Gaasvik. Kvinna er frakta til St.
Har kontroll på brannen i Ørland
Brannvesenet har kontroll på hovudbrannen i Ørlandet, men det er framleis nokre mindre brannar, skriv politiet i politiloggen. Det er lite Truleg at det kjem til å blusse opp igjen, men naudetatane vil passe på utover ettermiddagen og natta. Dei som er evakuerte skal kunne kom heim igjen i løpet av ettermiddagen..
Flyhamn i Litauen stenger etter mistanke om krenking av luftrommet frå Belarus
Styresmaktene i Litauen seier at Vilnius lufthamn i hovudstaden har stansa drifta igjen etter mistanke av krenking av luftrommet, melder nyheitsbyrået Reuters. Landet seier at det Truleg knytt til ballongar som skal ha kome inn frå Belarus. Det opplyser litauisk kriseleiing.
Litauen stenger lufthamn etter mistanke om krenking av luftrom
Styresmaktene i Litauen seier at Vilnius lufthamn i hovudstaden har stansa drifta igjen etter mistanke av krenking av luftrommet, melder nyheitsbyrået Reuters. Landet seier at det Truleg knytt til ballongar som skal ha kome inn frå Belarus. Flytrafikken blir mellombels stoppa av tryggleiksomsyn medan situasjonen blir undersøkt, melder styresmaktene.
Kolonnekøyring over Haukelifjell
Det er no kolonnekøyring over E134 Haukelifjell. Også i går var det kolonnekøyring over fjellovergangen. Det er stor risiko for at det vil vere kolonnekøyring fram tidleg onsdag morgon.
Airbus nedjuster fysiske flyreparasjonar
Flyprodusenten Airbus seier at talet på fly som treng fysiske naudreparasjonar kan bli noko lågare enn meldt i går. Då blei det kjend at kring 6000 fly av typen A320 må få fiksa ein feil. I dag seier selskapet at ein god del fly Truleg slepp unna med ei oppdatering av datasystema, i staden for tidkrevjande fysiske reparasjonar.
Stor vasslekkasje i Oslo
Ein større vasslekkasje i Maridalsveien fører til mykje vatn i vegbanen. 04.21 melde Oslo-politiet at vegen er stengd frå rundkøyringa i Maridalsveien/Møllerveien og ned til krysset mellom Rosteds gate og Møllergata.
Stor vasslekkasje i Oslo stansa
Ein større vasslekkasje i Maridalsveien fører til mykje vatn i vegbanen. 04.21 melde Oslo-politiet at vegen er stengd frå rundkøyringa i Maridalsveien/Møllerveien og ned til krysset mellom Rosteds gate og Møllergata.
TV 2: Mann døde av to skot i hovudet – politiet trur det var sjølvdrap
Ein mann som blei funnen død i ein bustadbrann i Bergen i januar 2025, døde av to skot i hovudet, skriv TV 2. Sjølv om han døde av to skot, trur politiet at det var sjølvdrap. Natt til 15.
Alvorleg bilulukke i Østerdalen
Eitt køyretøy er involvert i ei trafikkulukke i Åmot i Innlandet, opplyser operasjonsleiar Bård Einar Hoft i politiloggen. Det skal ha byrja å brenne i køyretøyet. Naudetatane får hjelp av bombegruppa i arbeidet på staden, opplyser Hoft.
Fjellovergangen Valdresflye er vinterstengt
Fylkesveg 51 over Valdresflye i Innlandet vart vinterstengt laurdag formiddag. Først kom meldinga om at fjellovergangen ville halde stengt grunna uvêret som har treft store delar av Innlandet. Så meldte Vegtrafikksentralen om at det er bestemt å vinterstenge.
Forbruksgjelda aukar i desember
Den samla forbruksgjelda ha auka med 2,3 milliardar kroner til no i desember, viser tal frå Gjeldsregisteret. Desember blir Truleg den fjerde månaden med rekordhøg måling sidan registeret blei lansert i 2019. Veksten i forbruksgjelda kjem hovudsakeleg frå forbruksgjeld som ikkje har fått rente enno.
Bustadprisane ned 0,2 prosent i november
Bustadprisane i Noreg gjekk ned med 0,2 prosent i november, viser tal frå Eiendom Norge. Dette er likevel ein mindre nedgang enn vanleg på denne tida. Rentekuttet i september er Truleg årsaka til at nedgangen blei mindre enn vanleg, ifølgje Eiendom Norge.
Macron vitjar Kina
Frankrikes president Emmanuel Macron vitjar Kina i dag. Her vil han Truleg be Kinas leiar Xi Jinping om hjelp til å sikra ei våpenkvile i Ukraina, melder nyheitsbyrået AFP. Dette er fjerde gongen Macron vitjar Kina som president.
Hardangervidda stengt etter trafikkulykke
Politiet har fått melding om ei trafikkulykke på riksveg 7 Hardangervidda ved Dyranut. Hardangervidda er stengt i begge retningar som følge av ulykka. Fem bilar står fast etter ein påkøyrsel, men det er uvisst om alle bilane var involvert i kollisjonen, skriv operasjonsleiar i Vest politi Tore-Andre Brakstad.
Paven vitja kjend moske
Pave Leo vitja i dag Sultan Ahmed-moskeen i Istanbul, også kjend som Den blå moskeen. Paven tok av seg skotøyet då han gjekk inn, og gjekk rundt på kvite sokkar. Dette er ikkje ein offisiell del av pave-drakta, men Truleg ein referanse til baseball-laget Chicago White Sox, som paven er tilhengar av.
Avtroppande statsminister trur Frankrike unngår nyval
Det er no mindre Truleg at det blir lyst ut nyval til parlamentet i Frankrike. Det seier avtroppande statsminister Sebastien Lecornu. Han har i dag hatt samtalar med ulike parti, og seier det er vilje til å få gjennom eit budsjett før nyttår.
Minst 98 palestinarar har døydd i israelske fengsel
Sidan Gaza-krigen braut ut har minst 98 palestinarar døydd i israelske fengsel, opplyser Legar for menneskerettar i Israel (PHRI) melder NTB og AP. PHRI hevdar at dei innsette blir utsett for vald og blir nekta helsehjelp. Organisasjonen meiner at dødstala Truleg er høgare, og seier at Israel har halde tilbake informasjon om pågripne palestinarar..
Mann sikta etter å ha storma mot Ariana Grande
Under premieren av «Wicked: For Good» i Singapore, hoppa ein mann over sperringane og greip tak i artist og skodespelar Ariana Grande, melder BBC. Ein video av hendinga har gått verda rundt på sosiale medium. I videoen kan ein sjå korleis kollega Cynthia Erivo dra mannen bort frå Grande.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
