Husbrann på Longva
    <description>Eit bustadhus på Longva i Harm blir truleg totalskadd i ein brann som starta i 04-tida.
Det var ingen i huset og det er ikkje spreiingsfare.
Det er eit gammalt tømmerhus som brenn godt, men det er vått i terrenget og langt til andre hus og bygningar..</description>
Har identifisert fleire i valdsvideo
    <description>Politiet i Bergen seier dei har identifisert to av dei som gjekk til åtak på ein russ i Bergen 17. mai.
Fleire personar slo og sparka russen, og ein video av hendinga blei lagt ut på nettet.</description>
Berlin-terror: Fann video på telefonen til gjerningsmann
    <description>Politiet i Tyskland har funne ein video på telefonen til Abdul Ballout, som var mistenkt for å ha køyrd ein varebil inn i ei folkemengde under pridefeiringa i Berlin fredag, melder Der Spiegel.
I videoen tek ein mann på seg ansvaret for angrepet, og sver truskap til IS.
Mannen er tildekt, men politiet meiner det truleg er Ballout som snakkar, skriv nyheitsmagasinet.</description>
Golv i sauefjøs kollapsa – truleg 50 døde sauer
    <description>Brannvesenet har rykka ut etter melding om at golvet i eit sauefjøs i Stryn har kollapsa ned i møkkakjellaren.
Det skal ha vore opp mot 120 sauer og lam i fjøset.
Omkring 70 av dei er redda ut, mens omkring 50 truleg har omkomme, skriv Vest 110 i ei melding til pressa.</description>
Søkjer med drone og hund
    <description>Politiet søkjer i natt med drone og hund etter ein mogleg gjerningsperson etter at det begynte å brenne igjen i Sula torsdag kveld.
Dei ber samtidig publikum om tips og observasjonar.
Det har dei siste åra vore fem uoppklarte hyttebrannar i det samme området, og folk er redde for at ein pyroman går laus.</description>
Melding om endå ein brann i Sula - politiet ser dette i samanheng med uoppklarte brannar
    <description>Brannvesenet har rykt ut til meldingar om brann i Sula.
Politiet seier til NRk klokka 22.50 at dei ser brannen i samanheng med dei andre, uoppklarte brannane på Sula dei siste åra.</description>
TV 2: Spionsikta kinesar sett fri frå varetekt
    <description>Den kinesiske statsborgaren som blei gripen og sikta for ulovleg etterretningsverksemd i Noreg 15. mai, er sett fri frå varetekt.
Det stadfestar advokaten hans, Tor Haug, til TV 2.</description>
IAEA krev at Iran gjer oversikt over uranlager
    <description>Styret i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) vedtok onsdag å krevje at Iran oppgjer sine attverande lager med opprikt uran og gjer inspektørar tilgang til dei.
Resolusjonen vart støtta av USA og vedteke med 21 stemmer for, tre imot og ti fråverande, ifølgje NTB.
Israelske og amerikanske angrep mot Iran i juni 2025 gjekk hardt utover Iran sitt atomprogram og anlegga for oppriking.</description>
Sett i gang redningsaksjon etter at turistar meldte om problem i fjellet i Aurland
    <description>Politiet har kalla ut frivillige mannskap for å hjelpa eit turfølge ned frå Vardafjellet i Aurland, opplyser Vest politidistrikt.
– Me har fått beskjed frå eit turfølge, truleg på to utanlandske turistar, at dei trengde hjelp. No er me i gang med å kalla ut mannskap, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.</description>
Fryktar havvind-brems etter Stortingets vedtak
    <description>Konsernsjef i Fjord Base, Ole Schanke Eikum gjer det klart at slike store infrastrukturinvesteringar krev føreseielege rammevilkår og langsiktige utsikter. Signalet frå Stortinget om full gjennomgang og kvalitetssikring av milliardsatsinga skapar det motsette.
– Uvisse for norske havvindprosjekt som følgje av Stortinget sitt vedtak om kvalitetssikring, gjer at våre investeringsvedtak truleg vert skyvd vidare ut i tid, seier Eikum.</description>