Tilrekneleg

Saturday, 19 September, 07:54

Nyheter om Tilrekneleg

NRK - 28 mar 25 kl. 15:43

Dømt til åtte år i fengsel for drapsforsøk på framand kvinne i 70-åra

I august i fjor sat ei kvinne i ein stol og sov da ho vakna av at ei framand kvinne gjekk til angrep med kniv og sa «eg skal drepe deg». No er kvinna som gjekk til angrep dømt til åtte år i fengsel og til å betale 350.000 kronar i oppreisningserstatning.

NRK - 13 sep 24 kl. 10:59

Ber om ni års forvaring for sverddrap

Aktor ber om ni års forvaring for den 27 år gamle mannen som drap ei kvinne med sverd i Trondheim. – Retten skal ikkje vurdere kva som er best for tiltalte, men om han er Tilrekneleg. Det seier aktor som meiner drapstiltalte er Tilrekneleg og derfor må dømast til fengsel i form av forvaring.

NRK - 20 apr 24 kl. 13:06

Drapsmann i Grue var ikkje Tilrekneleg

Rettspsykiatrane meiner at 31-åringen som er sikta for å ha drepe Aina Hynne i Grue i januar, er strafferettsleg uTilrekneleg. Og at han lid av paranoid schizofreni. Det kjem fram etter fengslingsmøte i Romerike og Glåmdal tingrett fredag.

NRK - 25 mar 24 kl. 14:21

Mann i 20-åra må i fengsel for overgrep mot born på Snapchat

Ein mann i 20-åra i bergensområdet er dømd i Hordaland tingrett for å ha fått barn mellom 14 og 16 år til å utføra handlingar som tilsvarar seksuell omgang med seg sjølve. Han skal også ha fått dei til å filma handlingane på Snapchat og betalt dei for dette. I tillegg er han dømd for å ha sendt bilete og video av seksuell karakter av seg sjølv til barn under 16 år.

NRK - 05 mar 24 kl. 13:21

Fana-drapet: Politiet meiner drapssikta er Tilrekneleg

Politiet har ikkje funne noko motiv og meiner den drapssikta mannen er uTilrekneleg. Mannen er sikta for å ha drepe kona si i Fana i februar. Det melder NTB.

NRK - 24 aug 23 kl. 15:45

Meiner Nav-drapsmann må behandlast på mildast mogleg måte

Forsvarar Morten Grimstad ber om mildast mogleg behandling av den 41 år gamle tiltalte i Nav-drapsaka. Grimstad la ned sin påstand under rettens siste dag i Gulating lagmannsrett i dag. Den tiltalte mannen er tidlegare dømd til 21 års forvaring i Hordaland tingrett for drapet på Nav-tilsette Mariann Amundsen.

NRK - 24 aug 23 kl. 11:38

Ber om 21 års forvaring for Nav-drapet

Statsadvokat May Britt Erstad ber om 21 års forvaring for tiltalte i Nav-drapet. Det kjem fram i siste dag av ankesaka i Gulating lagmannsrett torsdag. Abdella Ahmed Haji (41) er i Hordaland tingrett tidlegare dømd til 21 års forvaring for knivangrepet på Nav Årstad i Bergen september 2021.

NRK - 05 jul 23 kl. 14:51

Både sikta og avdøde kom til Noreg tidleg i 2023

Den avdøde kvinna og den drapssikta mannen i Bergen kom til Noreg tidleg i 2023, opplyser politiet til NRK. Mannen blei avhøyrd i går kveld, og avhøyra held også fram i dag. Han erkjenner ikkje straffskuld, og står fram som roleg og samarbeidsvillig, ifølgje påtaleansvarleg Are Nygård Berg.

NRK - 12 maj 23 kl. 11:37

Mann dømd for hatefulle ytringar etter å ha hylla pride-skytinga

Ein mann i 20-åra er dømd til 75 dagar fengsel på vilkår etter å ha skrive ei hatefull ytring i kommentarfeltet til Avisa Oslo på Facebook. Vedkomande skreiv fylgjande i kommentarfeltet 25. juni 2022: – «Fantastiske nyheter!

NRK - 21 nov 22 kl. 14:43

Mishandlingssikta far blir innlagd

Mannen i 30-åra som er sikta for grov mishandling av sin sju år gamle son i Bergen, blir tvangsinnlagd. Det er tingretten som har bestemt at mannen kan leggast inn til observasjon på psykiatrisk sjukehus i inntil åtte veker. – Rettsavgjerda er forkynt for den sikta og han har to veker ankefrist, skriv politiadvokat Svein Arne Dahl-Michelsen (bilete) i ein tekstmelding til NRK.

NRK - 18 feb 22 kl. 15:00

Meiner drapssikta ikkje var Tilrekneleg

Mannen som er sikta for å ha skote etter folk med pil og boge og drap fem personar med stikkvåpen på Kongsberg i oktober 2021, var ikkje Tilrekneleg. Det kjem fram i rapporten frå dei psykiatrisk sakkunnige. Det er difor uvisst om mannen kan straffast med fengselsstraff for ugjerningane.

NRK - 18 feb 22 kl. 15:00

Meiner drapssikta truleg ikkje var Tilrekneleg

Mannen som er sikta for å ha skote etter folk med pil og boge og drap fem personar med stikkvåpen på Kongsberg i oktober 2021, var truleg ikkje Tilrekneleg. Det kjem fram i rapporten frå dei psykiatrisk sakkunnige. Det er difor uvisst om mannen kan straffast med fengselsstraff for ugjerningane.

NRK - 19 okt 21 kl. 10:03

Forlenga varetekt etter Nav-drapet

Mannen som er sikta for å ha drepe ein tilsett på eit Nav-kontor i Bergen i september, går med på å sitte åtte veker til i varetekt. Det blir med utan brev- og besøksforbod, skriv NTB. Politiet ventar på ein undersøking om han er Tilrekneleg og kan straffast..

NRK - 15 apr 21 kl. 12:56

Skal undersøke den sikta sonen

Politiet har starta ei primærpsykisk undersøking av den drapssikta sonen til advokat Tor Kjærvik. Ei slik undersøking vert brukt til å avgjere om den sikta er strafferettsleg Tilrekneleg. Sonen er sikta for drapet på faren, som skjedde måndag kveld..

NRK - 19 okt 20 kl. 09:56

– Lindén er ikkje Tilrekneleg

– Drapstiltalte Makaveli Lindén bør dømmast til tvungent psykisk helsevern, det seier aktor i saka mot han. Lindén har vedgått at han drap Heikki Paltto på Majorstua i 2018. Aktor meiner han ikkje var Tilrekneleg då drapet skjedde..

NRK - 01 jun 20 kl. 20:49

Vil vurdera om sikta er Tilrekneleg

Forsvararen til mannen i 20-åra som er sikta for å ha drepe mora på Sotra, seier at politiet vil be om å få vurdert om klienten hans er Tilrekneleg. Mannen nektar for å ha drepe mora. Han er varetektsfengsla i fire veker..

NRK - 30 mar 20 kl. 16:06

Vinstrasaka: 17-åring Tilrekneleg

Forsvararen til den drapsdømte 17-åringen frå Vinstra krevde ny rettspsykiatrisk vurdering før den komande ankesaka. Den nye rapporten er no klar, skriv GD. I den konkluderast det med at guten er strafferettsleg Tilrekneleg..

NRK - 03 dec 19 kl. 09:37

Meiner Manshaus var Tilrekneleg

Dei psykiatrisk sakkyndige som har vurdert draps- og terrorsikta Philip Manshaus meiner han var Tilrekneleg. Det betyr at han kan bli dømt til fengsel eller forvaring. Konklusjonen var einstemming..

NRK - 03 dec 19 kl. 09:37

Meiner Manshaus er Tilrekneleg

Dei psykiatrisk sakkunnige som har vurdert draps- og terrorsikta Philip Manshaus meiner han er Tilrekneleg. Det betyr at han kan bli dømt til fengsel eller forvaring. Konklusjonen var einstemming.

NRK - 08 feb 19 kl. 21:19

Undersøker om sikta er Tilrekneleg

Mannen som er sikta for drapet på ei kvinne (42) på Bjørndal i Oslo er blitt undersøkt for å sjekke om han er strafferettsleg Tilrekneleg. Rettspsykiateren vil no lage ei kortfatta erklæring, på bakgrunn av dokument og ein samtale med mannen..

NRK - 29 aug 17 kl. 19:47

Trippeldrapsmann til psykiatrien

Den 24 år gamle mannen som skaut og drap tre kvinner i Imatra i Finland i desember, er dømd til psykisk helsevern. Ei rettspsykiatrisk vurdering slår fast at han ikkje var strafferettsleg Tilrekneleg då han drap kvinnene..

NRK - 08 nov 16 kl. 11:16

Drapsmann var Tilrekneleg

43-åringen som har tilstått drapet på Mona Nordaas på Evanger i Voss kommune i juni, var ikkje sinnssjuk og er strafferettsleg Tilrekneleg. Det er konklusjonen frå psykiatrane som har undersøkt mannen si mentale helse, skriv BA..

NRK - 29 nov 13 kl. 20:26

– Aksla-sikta er Tilrekneleg

Mannen som er sikta for å ha drept Anja Weløy Aarseth på Aksla i Ålesund, er ifølge dei sakkyndige strafferettsleg Tilrekneleg, melder BT..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com