Uavhengig gransking etter dobbeltdrapa i Ski
    <description>Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta skal granske dobbeltdrapet i Ski, skriv dei i ei pressemelding i dag.
Dei skal undersøke kva lokale og nasjonale myndigheiter kan lære av situasjonen i åra før hendinga, og kva faktorar som kan vere ein fare for sikkerheita og moglegheita for å gi helsehjelp.
I desember 2024 drap ei kvinne i 40-åra mora og broren sin heimen dei delte.</description>
Ber om ni års forvaring for sverddrap
    <description>Aktor ber om ni års forvaring for den 27 år gamle mannen som drap ei kvinne med sverd i Trondheim.
– Retten skal ikkje vurdere kva som er best for tiltalte, men om han er tilrekneleg. Det seier aktor som meiner drapstiltalte er tilrekneleg og derfor må dømast til fengsel i form av forvaring.</description>
Dømt til åtte år i fengsel for drapsforsøk på framand kvinne i 70-åra
    <description>I august i fjor sat ei kvinne i ein stol og sov da ho vakna av at ei framand kvinne gjekk til angrep med kniv og sa «eg skal drepe deg».
No er kvinna som gjekk til angrep dømt til åtte år i fengsel og til å betale 350.000 kronar i oppreisningserstatning.</description>
Drapsmann i Grue var ikkje tilrekneleg
    <description>Rettspsykiatrane meiner at 31-åringen som er sikta for å ha drepe Aina Hynne i Grue i januar, er strafferettsleg utilrekneleg. Og at han lid av paranoid schizofreni. Det kjem fram etter fengslingsmøte i Romerike og Glåmdal tingrett fredag.</description>
Mann i 20-åra må i fengsel for overgrep mot born på Snapchat
    <description>Ein mann i 20-åra i bergensområdet er dømd i Hordaland tingrett for å ha fått barn mellom 14 og 16 år til å utføra handlingar som tilsvarar seksuell omgang med seg sjølve. Han skal også ha fått dei til å filma handlingane på Snapchat og betalt dei for dette. I tillegg er han dømd for å ha sendt bilete og video av seksuell karakter av seg sjølv til barn under 16 år.</description>
Fana-drapet: Politiet meiner drapssikta er tilrekneleg
    <description>Politiet har ikkje funne noko motiv og meiner den drapssikta mannen er utilrekneleg. Mannen er sikta for å ha drepe kona si i Fana i februar. Det melder NTB.</description>
Meiner Nav-drapsmann må behandlast på mildast mogleg måte
    <description>Forsvarar Morten Grimstad ber om mildast mogleg behandling av den 41 år gamle tiltalte i Nav-drapsaka. Grimstad la ned sin påstand under rettens siste dag i Gulating lagmannsrett i dag.
Den tiltalte mannen er tidlegare dømd til 21 års forvaring i Hordaland tingrett for drapet på Nav-tilsette Mariann Amundsen.</description>
Ber om 21 års forvaring for Nav-drapet
    <description>Statsadvokat May Britt Erstad ber om 21 års forvaring for tiltalte i Nav-drapet. Det kjem fram i siste dag av ankesaka i Gulating lagmannsrett torsdag.
Abdella Ahmed Haji (41) er i Hordaland tingrett tidlegare dømd til 21 års forvaring for knivangrepet på Nav Årstad i Bergen september 2021.</description>
Både sikta og avdøde kom til Noreg tidleg i 2023
    <description>Den avdøde kvinna og den drapssikta mannen i Bergen kom til Noreg tidleg i 2023, opplyser politiet til NRK. Mannen blei avhøyrd i går kveld, og avhøyra held også fram i dag. Han erkjenner ikkje straffskuld, og står fram som roleg og samarbeidsvillig, ifølgje påtaleansvarleg Are Nygård Berg.</description>
Mann dømd for hatefulle ytringar etter å ha hylla pride-skytinga
    <description>Ein mann i 20-åra er dømd til 75 dagar fengsel på vilkår etter å ha skrive ei hatefull ytring i kommentarfeltet til Avisa Oslo på Facebook.
Vedkomande skreiv fylgjande i kommentarfeltet 25. juni 2022:
– «Fantastiske nyheter!</description>