Noreg
Nyheter om Noreg
Noreg og EU einige om nye EØS-midler og sjømatavtale
Forhandlarane frå Noreg og EU har blitt einige om ein ny periode med EØS-midler, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding. Totalt skal dei tre EØS/EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein bidra med over 38,2 milliardar norske kroner (3,268 milliardar euro), over ein periode på sju år til dei 15 minst velståande medlemslanda i EU. Noregs andel er på 97 prosent, som tilsvarer over 37,1 milliard kroner, medan Island og Liechtenstein bidrar med resten.
Noreg spyttar inn 270 millionar kroner i klimafond til fattige land
170 verdsleiarar er samla i Dubai og skal i to veker gjennom beinharde klimaforhandlingar. Til no har det ikkje vore kjend kor mykje Noreg vil bidra med, men i dag gjekk Jonas Gahr Støre på talarstolen i Dubai og sa at Noreg vil gi 25 millionar dollar til fondet. Det tilsvarar 270 millionar kroner..
Noreg og EU einige om nye EØS-midler
Forhandlarane frå Noreg og EU har blitt einige om ein ny periode med EØS-midler, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding. Totalt skal dei tre EØS/EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein bidra med over 38,2 milliardar norske kroner (3,268 milliardar euro), over ein periode på sju år til dei 15 minst velståande medlemslanda i EU. Noregs andel er på 97 prosent, medan Island og Liechtenstein bidrar med resten, skriv departementet..
Mehl vil opna for å påleggja kommunar å oppretta mellombelse asylmottak
Tysdag møter justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- og likestillingsminister Tonje Brenna (Ap) pressa for å snakka om situasjonen for fordrivne ukrainarar som kjem til Noreg. Den siste tida har talet flyktningar frå Ukraina skote i vêret. Seks veker på rad har det no kome meir enn 1000 ukrainarar til Noreg.
Mehl: Kommunar kan bli tvinga til å opne asylmottak
Tysdag møter justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- og likestillingsminister Tonje Brenna (Ap) pressa for å snakka om situasjonen for fordrivne ukrainarar som kjem til Noreg. Den siste tida har talet flyktningar frå Ukraina skote i vêret. Seks veker på rad har det no kome meir enn 1000 ukrainarar til Noreg.
Noreg og Storbritannia einige om makrellavtale
Noreg og Storbritannia har inngått avtale om forvalting av makrell for 2023, melder Nærings- og fiskeridepartementet. Avtala mellom Noreg og Storbritannia omhandlar blant anna storleiken på dei nasjonale makrellkvotane, overføringar av makrellkvotar og styrka vitskapeleg samarbeid. Noreg får også høve til å fiske 135 141 tonn makrell i Storbritannias si sone.
Uroa over Helseplattforma
Brukarutvala ved sjukehusa i Midt-Noreg er sterkt uroa over vanskane som innføringa av Helseplattforma har skapt. Brukarutvala inneheld representantar frå ei rekkje pasient- og helseorganisasjonar, og krev no at det blir sett inn nok ressursar for feilretting i journalsystemet. I ei fråsegn uttrykkjer brukarutvala respekt for dei tilsette ved sjukehusa og vanskane Helseplattforma har skapt for arbeidet deira.
690 millionar til norsk ammunisjonsproduksjon
Regjeringa tek Noreg inn i det europeiske ammunisjonsprogrammet Act in Support of Ammunition Production (ASAP), melder NTB. Det vart sett av 690 millionar kroner til programmet. – Medlemskapen har potensial til å utløysa milliardinvesteringar til auka produksjonskapasitet i norsk forsvarsindustri, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Noreg ber om uvilkårleg våpenstillstand i Midtausten
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tek til orde for ein uvilkårleg våpenstillstand i krigen i Midtausten. – Det som hastar aller mest, er å få eit opphald i krigen for å kunne hjelpe dei som er ramma. Noreg ber om ein uvilkårleg våpenstillstand, seier han i ei fråsegn.
Kanibalsolstorm vil gje kraftig nordlys over heile Noreg i natt
Ein kanibalsolstorm er på veg mot jorda, og vil føra til kraftig nordlys over heile Noreg natt til 1. desember. Det fortel fysiker og vitenskapsformidlar Veronica Danielsen som jobbar på vitensenteret ViteMeir i Kaupanger.
«Kannibalsolstorm» vil gje kraftig nordlys over heile Noreg i natt
Ein «kannibalsolstorm» er på veg mot jorda, og vil føra til kraftig nordlys over heile Noreg natt til 1. desember. Det fortel fysikar og vitskapsformidlar Veronica Danielsen som jobbar på vitensenteret ViteMeir i Kaupanger.
Ventar avgjerd i utleveringssak mot Bhatti 7. desember
Høyringa i den fyrste rettsinstansen i Islamabad vart i dag avslutta. Dommaren seier han i løpet av få dagar vil ta stilling til kausjonssøknaden til Arfan Bhatti, medan avgjerda i sjølve utleveringssaka er venta den 7. desember.
Følgjer rettsaka i Oslo
Fleire har møtt fram for å følgje rettsaka til Suel Kassembo i Oslo tingrett. Kassembo kom til Noreg i 2004 og har budd mesteparten av tida i Herøy på Sunnmøre. Mange har engasjert seg i saka hans, og over 10 000 har skrive under på underskriftsaksjonen for at han skal få bli i Noreg.
Følgjer rettssaka i Oslo
Fleire har møtt fram for å følgje rettssaka til Suel Kassembo i Oslo tingrett. Kassembo kom til Noreg i 2004 og har budd mesteparten av tida i Herøy på Sunnmøre. Mange har engasjert seg i saka hans, og over 10 000 har skrive under på underskriftsaksjonen for at han skal få bli i Noreg.
Mentol- og klikksigarettar vert forbodne
Forbodet vil skje 2024, ifølgje avdelingsdirektør Erlend Bø i Helsedirektoratet til NTB. Eigentleg skulle forbodet mot mentolsigarettar ha kome tidlegare, som ein del av EUS tobakksdirektiv. Myndigheitene har tidlegare signalisert at forbodet skulle verta innført i 2021.
UD: Organiserer ikkje reiser til Noreg
Dei norske statsborgarane som er evakuerte ut av Gaza må kome seg vidare utan bistand frå Utanriksdepartementet. – Foreløpig er det ingen reiser som er organisert av UD til Noreg. Det kan bli aktuelt ved behov, seier kommunikasjonsrådgjevar Cecilie Skjelland.
VG: Vurderer å stoppe adopsjonar
Direktoratet med ansvar for adopsjonar (Buffir) vurderer no om Noreg skal stoppe alle adopsjonar frå utlandet midlertidig. Det melder VG. Årsaka er stor merksemd rundt ulovlege adopsjonar og risiko for dette i land Noreg samarbeider med..
690 millioner til norsk ammunisjonsproduksjon
Regjeringen tek Noreg inn i det europeiske ammunisjonsprogrammet Act in Support of Ammunition Production (ASAP), melder NTB. Det vart sett av 690 millioner kroner til programmet. – Medlemskapet har potensial til å utløysa milliardinvesteringar til auka produksjonskapasitet i norsk forsvarsindustri, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Vil halvera talet på kvoteflyktningar
Regjeringa føreslår å stramma inn i talet på kvoteflyktningar til Noreg frå 2000 til 1000 neste år. Dei meiner det må sest i samanheng med talet på asylsøkjarar og personar med kollektiv beskyttelse. Ukrainske flyktningar får kollektiv beskyttelse i Noreg.
Noreg set karbontoll «på vent»
Første trinn av EUs karbontoll starta 1. oktober, men Noreg har enno ikkje avklart om vi skal slutte oss til ordninga. – Det vil bli teke ei avgjerd i løpet av hausten, seier ein ordknapp statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.
Israels utenriksminister kritiserer Barth Eide
Ifølgje avisa Haaretz reagerte Israels utanriksminister Eli Cohen på ein kronikk av Noregs utanriksminister, Espen Barth Eide. I kronikken som vart publisert i avisa Aftenposten, skreiv Barth Eide blant anna: «Me kan aldri tolerera at jødar i Noreg skal føla seg utrygge på grunn av Israels handlingar i Gaza.» Israels utanriksminister svarte at ansvaret for antisemittisme i Noreg ligg ikkje hjå Israel, men hjå den norske regjeringa..
Israels utanriksminister kritiserer Barth Eide
Ifølgje avisa Ha'aretz reagerte Israels utanriksminister Eli Cohen på ein kronikk av Noregs utanriksminister, Espen Barth Eide. I kronikken frå Aftenposten skreiv Barth Eide blant anna: «Me kan aldri tolerera at jødar i Noreg skal føla seg utrygge på grunn av Israels handlingar i Gaza.» Israels utanriksminister skal ifølgje Ha'aretz ha svart at ansvaret for antisemittisme i Noreg ikkje ligg hjå Israel, men hjå den norske regjeringa..
Bustadprisane fell framleis
Bustadprisane fall ein prosent i oktober, viser tal på Eiendom Noreg. Korrigert for sesongvariasjonar steig bustadprisane med 0,2 prosent. Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4370018 kroner ved utgangen av oktober..
Klimagassutslepp i Noreg i 2022: Nedgang på 0,8 prosent
Det viser ferske tal frå SSB. Endelege tal viser at utslepp av klimagassar i Noreg var lågare i 2022 enn i 2021..
Redningsaksjonen i Isdalen – har tilkalla redningshelikopter
Eit redningshelikopter er på plass for å heisa ut kvinna som falt i Isdalen, melder HRS Sør-Noreg på X. Naudetatar er på staden. Kvinna er skadd og ligg i ulendt terreng, og kan ikkje koma seg ut av området på eiga hand.
Redningsaksjonen i Isdalen – kvinne henta av redningshelikopter
Eit redningshelikopter har frakta ut kvinna som falt i Isdalen, melder HRS Sør-Noreg på X. Ein redningsmann og lege vart heist ned frå helikopteret. Ho er kald og hadde smerter, og er no frakta til Haukeland sjukehus.
Kraftig jordskjelv og tsunamivarsel på Filippinane
Jordskjelvet er målt til 7, 7, ifølgje Reuters. Eit jordskjelv på nivå sju tilsvarer «skadeleg», medan nivå åtte tydar «svært skadeleg», ifølgje Europeisk Makroseismisk Skala som vert brukt i Noreg. Eit amerikansk tsunamivarselsystem seier det er ein auka sjanse for tsunami i regionen etter jordskjelvet..
Kaldaste november i Noreg sidan 2010
Det skriv Meteorologisk institutt på X. Her til lands vart temperaturen målt til 3, 5 gradar under normalen. Det står i kontrast til temperaturane globalt, kor november er den sjette månaden på rad med rekordhøg temperatur i verda..
Salmonella påvist på hest i Agder
Det er påvist salmonella på ein hest på eit ridesenter i Agder, skriv Mattilsynet i ei pressemelding. Fleire hester frå ulike deler av Noreg har vore på det aktuelle ridesenteret, skriv dei vidare. Mattilsynet jobbar fortløpande med smittesporing for å avgrensa smittespreiing.
Nytt bilde av Prins Sverre Magnus
I samband med Prins Sverre Magnus’ 18 årsdag, har Kongehuset publisert eit nytt bilde av den prinsen. Myndigheitsdagen vert markert den 1. desember, og Kongehuset inviterer til offisiell lunsj på Slottet.
Politiets Fellesforbund: På veg mot «svenske tilstandar»
Politiets Fellesforbund meiner Noreg er på veg mot «svenske tilstandar», men utviklinga kan stoppe, skriv forbundet i ei pressemelding. – Grunnberedskapen i politiet må bli styrka. Etaten er på felgen, seier forbundsleiar Unn Alma Skatvold.
Norske juristar melder israelske leiarar på vegne av norske borgarar
Ei gruppe norske juristar har gått saman om å melda israelske militære leiarar for «brotsverk mot menneskeheita», skriv VG. Meldinga er utarbeidd på vegne av norske borgarar som har vore i Gaza frå og med krigens utbrot 7. oktober, kor også to vart drepne i israelske bombeåtak.
Pave Frans gratulerer Jon Fosse med nobelprisen
Pave Frans gratulerer forfattar, lyrikar og dramatikar Jon Fosse med nobelprisen i litteratur. Det skjer i eit personleg brev til Fosse, der paven auser «guddommelege velsigningar» over han, ifølgje nettsida til Den katolske kyrkja i Noreg. Jon Fosse er sjølv katolikk, og blir takka av paven for sitt «milde trusvitnesbyrd».
Alvorleg cyberangrep mot Noreg
Det har vore eit nytt alvorleg cyberangrep mot Noreg. Det melder Nasjonal sikkerheitsstyresmakt. Det er ei rekke norske verksemder som er blitt utsette for nye digitale angrep.
Noreg skal utvikle ny avansert missil
Regjeringa vil starte utviklinga av ein ny generasjon missil, melder forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp). Dette skal skje i samarbeid med Tyskland, melder regjeringa i ei pressemelding. – Det nye missilet vil styrke Noregs forsvarsevne og moglegheit til å overvinne mål på lange avstandar og skal etter planen vere klart i 2035, seier Gram.
Regjeringa vil gi 5 milliardar til grøne investeringar
Regjeringa vil opprette ei ny garantiordning som skal redusere risikoen for private aktørar som ønskjer å byggje ut vind-, vatn- og solkraft i utviklingsland. Ramma vil vere på 5 milliardar kroner, og det blir løyvd ei tapsavsetjing i statsbudsjettet for 2024 og 2025. Selskap og finansinstitusjonar frå heile verda kan søkje om støtte, skriv E24.
Syklonen Nigel vil påverke vêret i Noreg
Ein tropisk syklon som har fått namnet Nigel, vil påverke vêret i Noreg i neste veke. Syklonen er på veg austover i Atlanterhavet og vil blande seg med eit lågtrykk dei neste dagane. – Dette vil føre til vind og regn i Vest- og Midt-Noreg, skriv Meteorologisk institutt på Twitter/X..
Demonstrantar blokkerer inngangen til Noregs Bank
Ei gruppe Palestina-demonstrantar blokkerer inngangen til Noregs Bank torsdag morgon. Dei meiner Oljefondets investeringar i våpenindustri gjer at Noreg tener pengar på krigsbrotsverk i Gaza..
Kraftig fall i gjeldsveksten i Noreg
Tolvmånadersveksten i nordmenns gjeld fall til 3,7 prosent i oktober, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein reduksjon på 0,4 prosentpoeng samanlikna med månaden før. Dette er den lågaste nivået på gjeldsveksten på 2000-talet.
SSB: Flat utvikling i norsk økonomi i 3. kvartal
Nye tal frå nasjonalrekneskapen viser at BNP Fastlands-Noreg auka 0,1 prosent frå 2. til 3. kvartal, målt i faste prisar, melder SSB.
Feirar prins Sverre Magnus med lunsj på slottet
Søndag 3. desember fyller prins Sverre Magnus 18 år. Dagen blir feira med ein lunsj på slottet fredag 1.
Fleire innstilte ferjesamband grunna dårleg vêr
I Nordland er ei rekke ferjesamband innstilt som følge av dårlege vêrforhold. Ferjesambandet Bodø-Værøy-Røst-Moskenes har innstilt til og med avgangen frå Røst klokka 09.45.
Metonitazen påvist etter overdosedødsfall i Halden
Blodprøven tatt av avdøde etter overdosedødsfallet i Halden den 23. september viser innhald av metonitazen, skriv Øst politidistrikt i ei pressemelding. – Det er urovekkande at metonitazen er i omløp i Noreg.
Kristin Halvorsen blir leiar for Kim Frieles minnepris
Kristin Halvorsen er utnemnd som leiar av juryen for Kim Frieles minnepris. – Denne prisen skal heidre og vidareføre Kim Frieles innsats for skeive og for menneskerettar. Den skal òg løfte fram aktivistar som arbeider i hennar ånd her i Noreg eller internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
1,3 milliarder utbetalt til norske pelsdyrbønder
Av 272 søknader fra norske pelsdyrbønder som har måtte legge ned, har 35 fått avslag. Hittil er 1,3 milliarder kroner betalt ut. Siden forbudet mot pelsdyravl ble innført fra mars i 2022, har nå i alt 272 søknader blitt registrert.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.