Noreg

Onsdag, 21 April, 15:14

Nyheter om Noreg

Sortering: Relevans | Senaste
NRK - 14 april 21 kl. 13:14

R-talet i Noreg er 0,8

R-talet i Noreg, altså kor mange ein koronasmitta person vidarefører smitten til, er på 0,8. Det syner vekesrapportern til Folkehelseinstituttet. I alt blei det meldt om 4800 koronasmitta i Noreg førre veke.

NRK - 27 mars 21 kl. 04:33

Noreg ber om Nord-Korea-møte i FN

Noreg har bede om eit møte i tryggingsrådet i FN for å diskutere Nord-Korea, opplyser diplomatiske kjelder. Saman med Frankrike, Storbritannia, Estland og Irland, har Noreg bede om eit lukka møte i rådet på tysdag, melder AFP..

E24 - Igår: 11:30

Fjern hindringane for nettapotek

For å etablere nettapotek i Noreg, må ein minimum ha eitt fysisk apotek. Men har det noko å seie for kundane at nettapoteket har eit fysisk apotek i Oslo når kjøparen bestiller frå Trondheim eller Kristiansand? Det er på tide å sjå på reguleringane som hindrar fleire nettapotek i å etablere seg i Noreg..

NRK - 14 april 21 kl. 13:30

700 er døde av korona i Noreg

Noreg har passert 700 dødsfall i koronapandemien. Folkehelseinstituttet har i dag rapportert 18 nye dødsfall i systema sine, men det er ikkje klart om når dødsfalla fant sted. Det samla talet på døde sidan mars i fjor er 706..

NRK - 14 april 21 kl. 13:03

261 koronapasientar i Noreg

261 pasientar er innlagde på sjukehus i Noreg med koronasmitte. Det er ein nedgang på åtte pasientar frå i går, ifølgje Helsedirektoratet. 53 av pasientane får pustehjelp med respirator, fire færre enn dagen før..

NRK - 05 mars 21 kl. 00:17

570 nye koronatilfelle i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 570 nye koronasmitta i Noreg. Det er 119 færre enn onsdag, men 19 fleire enn same dag i førre veke. Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3453 nye smittetilfeller.

NRK - 07 april 21 kl. 13:10

Pressekonferanse om gjenopningsplan

Statsminister Erna Solberg held no pressekonferanse om gjenopninga av Noreg. Noreg skal opnast trinnvis, via fire trinn, med tre veker mellom kvart trinn..

NRK - 06 april 21 kl. 17:05

Ber Noreg leie nybrottsarbeid

Noreg bør ta ei leiarrolle i kampen mot antibiotikaresistens, meiner forskarar som har levert ein rapport til statsministeren. Bakterier som tåler antibiotika er eit trugsmål mot folkehelsa, og er venta å vere den viktigaste dødsårsaka innan 2050..

NRK - 05 april 21 kl. 09:27

Stengte fjellovergangar

Måndag morgon er dei fleste av dei store fjellovergangane i Sør-Noreg stengte på grunn av uvêret. I Nord-Noreg er dei fleste opne. Det er meldt om svært vanskelege køyreforhold i fleire regionar på vestlandet..

NRK - 19 jan. 21 kl. 00:17

383 nye koronasmitta siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 383 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 177 fleire enn dagen før, men 46 færre enn same dag i førre veke I alt var det ved midnatt natt til tysdag registrert 59.034 koronasmittede personar her i landet, viser foreløpige tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsomme sjukdommar (MSIS).

NRK - 27 mars 21 kl. 00:20

1072 nye koronatilfelle i Noreg

Fredag blei det registrert 1072 nye koronatilfelle i Noreg. Det 241 fleire enn dagen før, og 83 fleire enn same dag førre veka. Dei siste sju dagane er det registrert til saman 6465 nye smittetilfelle.

NRK - 25 mars 21 kl. 00:16

984 nye smittetilfelle i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 984 nye koronasmitta personar her i landet. Det er 101 færre enn dagen før og 80 færre enn same dag i førre veka. Dei siste sju dagane er det registrert til saman 6585 nye smittetilfelle.

NRK - 24 mars 21 kl. 22:37

Noreg vann 3–0 over Gibraltar

VM-kvalifiseringskampen i Gibraltar endte med tremålssiger til Noreg over Gibraltar..

NRK - 23 mars 21 kl. 06:35

Austlandskommunar avgjer

Smittesituasjonen i Noreg før påske er avhengig av utviklinga i ti austlandskommunar. Det seier Preben Aavitsland i FHI til NTB. Han peiker på at kring 80 prosent av koronasmitten i Noreg oppstår i kommunar med mykje smitte over lang tid.

NRK - 23 mars 21 kl. 00:19

1096 nye koronasmitta i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 1096 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 519 fleire enn dagen før og 231 fleire enn same dag i førre veka. Dei siste sju dagane er det registrert til saman 6730 nye smittetilfelle.

NRK - 12 feb. 21 kl. 12:10

Noreg aukar Syria-støtta

Noreg vil som respons på forverringar i krisa i Syria auke støtta til Verdas matvareprogram med 50 millionar, og øyremerke pengane til Syria. Det melder VG. Noreg gir frå før 800 millionar kroner til Verdas matvareprogram..

NRK - 30 minutter siden

ESA godkjenner sjukdomsfri status

EØS-tilsynet ESA har i dag avgjort at Noreg og Island får behalde tidlegare godkjende sjukdomsfrie statusar under ny dyrehelselov. Avgjersla kjem samstundes som nye reglar for smittsame dyresjukdomar trer i kraft i EØS..

NRK - 8 timer siden

AstraZeneca-vaksine gjev blødningar

Folk som har teke AstraZeneca-vaksinen får oftare blåmerker, naseblod og blødning frå tannkjøtet enn folk som har fått andre vaksinar. Det syner undersøkingar frå FHI, skriv Aftenposten. Nær 4500 personar har ore med i undersøkinga, og 124 svarte at dei fekk mindre, ufarlege blødningar.

NRK - I førrgår: 18:48

Vil overvake alle flypassasjerar

Ei eiga eining er tenkt å overvake alle som reiser inn og ut av Noreg med fly. Målet er å avsløre terroristar eller alvorleg kriminalitet. Eininga vil vere eit samarbeid mellom PST, Kripos og Tolletaten, syner ein rapport NRK har fått innsyn i..

NRK - 17 april 21 kl. 21:21

Vil ikkje ha norske skogplantarar

Norsk ungdom har ikkje nok tid og er heller ikkje effektive nok for å kunne vere med på skogplantinga som må skje i vår. Ein av dei største skogplanteverksemdene i Noreg, Stangeskovene, ber difor om at regjeringa slepper til utanlandsk arbeidskraft..

NRK - 16 april 21 kl. 09:00

Indisk virusvariant i Bergen

Ein ny mutasjon av koronaviruset er oppdaga i Noreg og det første tilfellet er i Bergen, skriv BA. Det er mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus som har funne den indiske mutanten i ein prøve. Den smitta personen er i isolasjon..

NRK - 09 mars 21 kl. 12:06

Löfven: – Viktig

Statsminister i Sverige, Stefan Löfven, skriv på Instagram at kompensasjonsordninga til utanlandske arbeidarar som vert hindra av innreiserestriksjonane til Noreg, er viktig. Samstundes kallar han beskjeden som kom i slutten av februar om at dagpendlarar frå Sverige skal få kome til Noreg for «bra, men ikkje tilstrekkeleg», då ordninga ikkje omfattar vekependlarar..

NRK - 14 april 21 kl. 12:42

NVE vil sjå meir på kvikkleire

Noregs vassdrags- og energidirekorat (NVE) meiner kring 1000 område i Noreg med kvikkleire bør bli undersøkt nærare for eventuell sikring. Det syner ein intern rapport etter kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum i romjula, der 10 personar mista livet..

NRK - 14 april 21 kl. 11:53

Ventar fråsegn om vaksine i dag

Helsestyresmaktene i Danmark vil klokka 14 seie kva dei gjer med AstraZeneca-vaksinen i landet. Danmark stansa bruk av koronavaksinen 11. mars etter at ei kvinne døydde av blodpropp.

NRK - 07 mars 21 kl. 00:25

363 nye koronatilfelle i Noreg

Laurdag blei det registrert 363 nye koronasmitta i Noreg. Det er 181 færre enn dagen før, men 225 fleire enn same dagen i førre veka. 138 koronapasientar var laurdag innlagde på sjukehus.

NRK - 04 mars 21 kl. 13:45

Vil kjøpa vaksinar av Israel

Sola-ordførar Tom Henning Slethei har sendt brev til den israelske ambassadøren i Noreg, der han spør om det er mogleg å handla vaksinar av Israel, skriv Aftenbladet. Han reagerer på at Sola må gi frå seg vaksinar, og at Noreg ikkje har fått fleire..

NRK - 09 april 21 kl. 16:36

1593 straffesaker knytt til korona

Politiet har nyleg publisert statistikk i samband med koronaviruset. Til og med 7. april 2021 var det totalt registrert 1593 straffesaker i samband med covid-19.

NRK - 07 april 21 kl. 13:22

Totalt 1 million vaksinedosar sett

722.648 er vaksinerte med første dose av koronavaksinen i Noreg, viser FHI sin statestikk onsdag. 287.

NRK - 07 april 21 kl. 11:34

Vil opna Noreg trinnvis

Solberg seier at gjenopningsplanen består av fire trinn. Det må gå tre veker mellom kvart trinn, seier ho..

NRK - 07 april 21 kl. 11:32

Solberg: Vil skapa føreseielegheit

– Formålet er å skapa føreseielegheit, seier Solberg om planen for gjenopninga av Noreg. Ho seier dei ikkje vil koma med dato for opninga..

NRK - 07 april 21 kl. 11:20

Solberg legg fram gjenopningsplan

Straks legg statsminister Erna Solberg fram plan for gjenopninga av Noreg. Utgreeinga og debatten i Stortinget startar kl. 11.

NRK - 07 april 21 kl. 10:28

SV: Gjenopningsplan må behandlast

Statsminister Erna Solberg skisserer i dag ein plan for korleis Noreg skal opna igjen. SV krev at utgreiinga må behandlast i Stortinget. SV-leiar Audun Lysbakken meiner det er naudsynt for å sikra openheit og legitimitet til gjenopninga..

NRK - 07 april 21 kl. 09:49

Har starta bruk av Moderna-vaksine

Storbritannia har byrja utrullinga av Moderna-vaksinen. Vaksinen, som allereie er godkjend i EU og Noreg, er den tredje vaksinetypen som blir tatt i bruk i landet. Den første Moderna-vaksinen blei sett på eit sjukehus i Wales..

NRK - 07 april 21 kl. 08:48

Nye kontraktar i Nordsjøen

Equinor har tildelt to serviceavtalar på elektrisk utstyr på oljeinstallasjonar til ABB og til Siemens Energy. Begge avtalane er på åtte år. Verdien er samla på 4.

NRK - 06 april 21 kl. 13:06

Orienterer om gjenopning 11:30

Statsminister Erna Solberg skal legge fram sin gjenopningsplan av Noreg for Stortinget onsdag klokka 11:30. Det vert også ein pressekonferanse klokka 13..

NRK - 06 april 21 kl. 08:35

Framleis trøbbel for påsketrafikken

Det er framleis ein del stengte fjellovergangar i Sør-Noreg tysdag morgon, det melder Vegtrafikksentralen. Nokre strekningar har opna for kolonnekøyring. Folk på hytta vart i helga oppmoda om å vente med å reise heim frå påskeferie..

NRK - 06 april 21 kl. 06:22

Märtha Louise vil flytte til USA

Prinsesse Märtha Louise seier til VG at ho planlegg å flytte saman med kjærasten i USA. Dei tre døtrene blir med. Heimen i Lommedalen skal dei behalde, og ho seier til VG at dei kjem til å vere mykje i Noreg..

NRK - 05 april 21 kl. 23:50

Fleire stengde fjellovergangar

Mykje vind skapar fører til trafikkproblem fleire stadar. Ei rekke fjellovergangar er stengd eller har kolonnekøyring. I Sør-Noreg er det berre E16 over Filefjell og E134 over Haukelifjell som er opne for fri ferdsel.

NRK - 05 april 21 kl. 14:53

Alle fjellovergangar stengde i sør

Alle fjellovergangane mellom aust og vest i Sør-Noreg er stengde eller har kolonnekøyring på grunn av uver. Lenge var E16 over Filefjell den einaste fjellovergangen open for trafikk, men frå klokka 13.45 vart det kolonnekøyring også der..

NRK - 04 april 21 kl. 20:11

Gjenopningsplan kjem onsdag

Statsminister Erna Solberg kjem til å presentere gjenopningsplanen for Noreg onsdag 7. april. Det bekreftar Statsministerens kontor til Dagbladet.

NRK - 03 april 21 kl. 20:30

Johansen krev forbod

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, meiner skjerpa reiserestriksjonar må på plass for å hindre at smittetala i hovudstaden aukar att. – Dersom me klarar å få ned smittenivået i Oslo og Noreg nok ein gong, så kan me ikkje tillate oss å verte sette tilbake av nye, importerte virusvariantar, seier Johansen til Dagbladet. – Fyrst og fremst treng me at det vert stilt eit krav til naudsyn for reiser, og at alle ikkje naudsynte utanlandsreiser vert forbode..

NRK - 02 april 21 kl. 21:42

Testar vaksine på unge

Johnson & Johnson testar no koronavaksinen sin på unge, fyrst på ei mindre gruppe 16- og 17-åringar som ledd i kliniske prøvar som har gått føre seg sidan september. Vaksinen er allereie godkjend for vaksne, også i EU og Noreg..

NRK - 02 april 21 kl. 18:48

Åtvarar om vêromslag

Raudekrossen åtvarar om skiftande ver i store delar av Sør-Noreg dei neste dagane. Det er difor viktig for turgåarar å vere ekstra merksame før dei går ut, skriv Raudekrossen i ei pressemelding..

NRK - 01 april 21 kl. 14:57

Ladeproblem er løyste

Ein teknisk feil råka ein tredel av ladestasjonane for elbilar i Noreg store delar av skjærtorsdag. Feilen har vorte retta, opplyser ladeoperatøren Fortum Recharge til E24..

NRK - 27 mars 21 kl. 10:50

Fare for jordskred

Det er fare for jordskred i deler av Sør-Noreg, melder NVE. Dei har sendt ut gult farevarsel som gjeld til natt til førstkomande måndag. Mykje nedbør gjer at det er fare for både jord-, sørpe- og flaumskred, spesielt i midtre og indre deler Vestland..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt