Høgre
Nyheter om Høgre
Vedum: Uklokt av Høgre
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at det var uklokt av Høgre å snu i saka om kutt i drivstoffavgiftene. – Det er uklokt når ein veit kor vanskeleg det er for mange småverksemder. Eg veit det har vore spenningar i Høgre, men at dei no konkluderer med at det er meir roleg, og seier verda er tilbake til normalen, er ikkje rett.
Får 270 kroner månaden i avslag for drikkevasskandale
Innbyggjarane råka av drikkevasskandalen på Kyrkjebø i Høyanger får 270 kroner i prisavslag per månad. Det er klart etter kommunestyremøtet i dag. Høgre sitt framlegg om å gi 515 kroner i avslag fall med fem røyster.
AfD kan få regjeringsmakt for første gong
Vallokala i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt opna klokka 8 søndag morgon. Ytre Høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) leiar stort på meiningsmålingane, og kan få regjeringsmakt for første gong. På dei siste målingane har dei hatt ei oppslutning på rundt 40 prosent, men dei kan likevel få reint fleirtal i delstatsforsamlinga dersom fleire av småpartia kjem under sperregrensa på 5 prosent.
Erna Solberg: – Monarkiet stod fjellstøtt med kong Harald
Tidlegare Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg minnast kong Harald med stor takksemd. – Han vann hjarta våre og tok kongehuset inn i ei ny tid. Han viste oss vegen framover når me trengde det.
Korleis er det eigentleg alle desse ytre Høgre-folka les «Ringenes herre»?
Kommentar av Agnes Ravatn..
Ein person omkom etter trafikkulykke i Molde
Ein person omkom etter trafikkulykka på Julsundvegen i Molde, torsdag morgon. Det melder politiet. Vedkomande, ei 16 år gamal jente, var passasjer i bilen.
Haram Høgre: Blir utestengde frå eige parti
Bjørn Sandnes (bilde) og Jan Inge Johannesen er suspenderte frå Haram Høgre i 12 månader. Det bekreftar Johannesen til NRK. Årsaka skal vere at dei to har stemt mot resten av Høgre-gruppa i både budsjettsaker og bygging av badebasseng i kommunen.
Vil ha fleire bruer i staden for ferjer
Frp, Høgre, Senterpartiet og KrF har gått saman om eit forslag til forbetring av ferjeavløysingsordninga. Forslaget vil dermed ha fleirtal i Stortinget, skriv Høgre i ei pressemelding. Målet er fleire vegprosjekt som gjer at ferjer på fylkesvegar kan erstattast.
Johan Baumann er død
Tidlegare skipresident Johan Baumann er død. Det stadfestar fylkesordførar i Buskerud, Tore Opdal Hansen, til Drammens Tidende. – Det var med stor sorg eg mottok bodskapet om at Johan Baumann har gått bort, seier han til avisa.
Sylvi Listhaug ønsker Søreide «lykke til» som ny partileiar
Partileiar for Framstegspartiet (Frp) Sylvi Listhaug gratulerer Ine Eriksen Søreide som nyvald leiar for Høgre. – Eg vil ønske Ine Eriksen Søreide lykke til som ny leiar i Høgre. Eg kjenner ho som ein hardtarbeidande og dedikert politikar, og eg håpar på godt samarbeid mellom våre to parti framover, seier ho til NRK.
Svenneby (H): Vil frigjere pride frå FRI
Høgre sin nestleiar Ola Svenneby meiner pride bør bli frigjort frå organisasjonen FRI. Han meiner diskusjonen om pride er usunn, og at det då er foreininga sitt ansvar å finne ein felles grunn. – Eg trur at om me hadde gjort pride-arrangementa til ei stifting, så hadde diskusjonen blitt litt sunnare, seier Svenneby.
Familien til Belfast-offeret: ber om ro
Familien til mannen i 40-åra som vart angripen i Belfast, ber om ro etter at hendinga utløyste store protestar i byen. – Me ønsker å gjere det heilt klart at uroa i natt ikkje er velkomen, og at fredeleg protest er einaste måte vidare, seier familien i ei fråsegn, skriv Reuters. 40-åringen vart angripe av ein sudansk innvandrar.
Familien til Belfast-offeret: – Ikkje bruk tragedien vår til å splitte folk
– Me har mange migrantar som bidreg verdifullt til landet vårt. Me ønsker ikkje at denne forferdelege tragedien skal bli brukt til å splitte folk eller nøre opp under fiendskap. Det seier familien til mannen i 40-åra som vart angripen i Belfast.
Havvind-striden: Ja til full gjennomgang av pengestøtte
Det omstridde forslaget om ein full gjennomgang av kostnadene knytte satsinga på havvind, fekk i dag fleirtal i Stortinget. Frp og KrF stemte for forslaget frå Høgre og Raudt..
Lokale Høgre-profilar gler seg over avklaring
Fleire Høgre-profilar i Vestland seier i morgontimane at dei er glade for at Ine Eriksen Søreide opnar for å bli ny Høgre-leiar. – Dette er gode nyheiter for partiet, seier Chris Jørgen Knudsen Rødland, gruppeleiar for Høgre i Bergen bystyre:. Han legg til: – Saman med Frølich som nestleiar kan dette bli ei slagkraftig og klok leiing for partiet.
Høgre foreslår strakstiltak for å kutte drivstoffprisane
Onsdag foreslo Høgre å kutte vegavgifta frå 1. april til 1. september.
Leiar i valkomiteen til Høgre: Innstilling kjem utover seinhausten
Torsdag morgon stadfesta Ine Eriksen Søreide at ho stiller som kandidat til å ta over som leiar i Høgre etter Erna Solberg. Etter at Henrik Asheim trekte sitt kandidatur, står valet no mellom Søreide og Nikolai Astrup. Valkomiteen opplyser at innstillinga til ny partileiing vil vere klar i løpet av seinhausten.
Sa nei til å starta reguleringsarbeid med ny tunnel under Hardangervidda
Stortinget sa i dag nei til å starta reguleringsarbeid med ny tunnel på Rv. 7 over Hardangervidda. Forslaget hadde støtte frå Høgre og Framstegspartiet, men fekk ikkje støtte frå dei andre partia.
Høgre om trusselvurdering: Veldig alvorleg
Justispolitisk talsperson i Høgre, Mari Holm Lønseth, ser svært alvorleg på trusselvurderinga dei hemmelege tenestene la fram fredag. – Når tryggingstenestene går så langt som dei gjer, er vi som politikarar nøydde til å handle og ta grep med ein gong. PST og resten av politiet må styrkast, og vi treng eit regelverk som er oppdatert til dagens tryggingspolitiske situasjon.
Høgre får førebels 14,4 prosent
Høgre ser ut til å gjere eit av sine desidert dårlegaste val nokon gong, med ei førebels oppslutning på 14,4 prosent. Det viser opptellinga av dei rekordmange 2 millionar førehandsstemmene. Det gjekk eit gisp gjennom salen då Høgre sitt førebelse valresultat vart lese opp under valvaka.
Lokalval i Frankrike
Vallokala opna for andre runde i det franske lokalvalet søndag. Franskmennene skal velje ordførarar i landets største byar, skriv AFP. Venstresida kjempar for å behalde makta i Paris, medan ytre Høgre håpar på framgang i forkant av neste års presidentval..
VG: Senterpartiet vil kalle inn tidlegare utanriksministrar til Epstein-høyring
Senterpartiet vil kalle inn alle som har vore utanriksminister dei siste 20 åra til kontrollkomiteen etter nye opplysingar i Epstein-dokumenta, skriv VG. Blir det som Sp vil, betyr det at både statsminister Jonas Gahr Støre og påtroppande Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide må møte til Epstein-høyring. Støre var utanriksminister frå 2005 til 2012.
Rett vest med Høgre: — Ein tragedie
Høgremannen Jan Inge Kleppevik røysta Frp. Han er ein av mange som tok steget frå blått til mørkeblått. Kan den nye Høgre-leiinga vinne dei tilbake?.
Belen Birkenes går av: – Riktig for kommunen
Belén Birkenes slutter i jobben som kommunaldirektør på byrådsavdeling for barnevern, sosiale tjenester og mangfold i Bergen, med umiddelbar virkning. Det melder Bergen kommune i en pressemelding. – Etter en periode med stor oppmerksomhet rundt byrådsavdelingen, har Birkenes kommet til at hennes avgang er riktig for kommunen og medarbeiderne, står det i pressemeldingen.
Bruflot støttar Søreide som ny Høgre-leiar
Sandra Bruflot, kvinnepolitisk talsperson i Høgre gir si fulle støtte til Ine Eriksen Søreide. – Det er veldig gode nyheiter. Med Ine får vi ein dyktig leiar og statsministerkandidat som nyt stor tillit.
Aurland-ordførar støttar Søreide som partileiar
– Ine Eriksen Søreide vil bli ein svært god Høgre-leiar. Ho er røynd, tydeleg og samlande. Eg er trygg på at Høgre vil få ny framgang med Ine og eit sterkt leiarteam, der Petter Frølich bør ha ein naturleg plass, seier Noralv Distad..
Fylkespolitikar støttar Søreide som partileiar
– Ine Eriksen Søreide vil bli ein svært god Høgre-leiar. Ho er røynd, tydeleg og samlande. Eg er trygg på at Høgre vil få ny framgang med Ine og eit sterkt leiarteam, der Petter Frølich bør ha ein naturleg plass, seier Noralv Distad, fylkespolitikar og tidlegare Aurland-ordførar..
Ine Eriksen Søreide vil bli Høgre-leiar
– Eg har bestemt meg for å stille som leiar-kandidat i Høgre. Eg er svært motivert for å leie partiet, og for å gjere det saman med eit lag av flinke folk, seier ho til NRK i eit intervju..
VG: Ola Svenneby vil bli nestleiar i Høgre
Ola Svenneby seier til VG at han vil bli nestleiar i moderpartiet. – Eg vil si til valkomiteen at eg vil bli vurdert som nestleiar, seier han. Svenneby har nyleg varsla at han ikkje tar gjenval som Unge Høgre-leiar og skal g av til summaren..
Ap samlar fleirtal for nye oljefond-reglar
Arbeidarpartiet har tru på at dei kan få med seg Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet, på å vedta nye reglar for oljefondet. Målet er å få på plass et stortingsvedtak allereie tysdag, etter det NRK kjenner til. Ap er i dialog med budsjettpartnerne MDG, Rødt, SV og Senterpartiet om saka.
Høgre intervjuar leiarkandidatar i helga
Valkomiteen i Høgre skal i helga intervjua moglege kandidatar til å bli ny partileiar. Partiet har fått tusenvis av innspel frå heile landet om vegen vidare, seier komiteleiar Christian Ingebrigtsen. Langvarig partileiar Erna Solberg varsla etter valet at ho går av.
Høgre utsett for cyberangrep
Høgre er utsett for eit cyberangrep. Ei prorussisk gruppe er mistenkt for å stå bak angrepet. – Det har i dag blitt avdekka eit DDOS-angrep mot Høgre sine nettsider og tenester.
Høgre utset for cyberangrep
Høgre er utset for eit cyberangrep. Ei prorussisk gruppe er mistenkt for å stå bak angrepet. – Det har i dag blitt avdekka eit DDOS-angrep mot Høgre sine nettsider og tenester.
Oppgjer første dag Stortinget opnar
Første dagen Stortinget opnar går Frp, Venstre, KrF, Sp, MDG, SV og Raudt saman mot Arbeidarpartiet og Høgre, det melder VG. Dei sju partia vil annullere eit forslag som Arbeidarpartiet og Høgre vedtok i vår. Vedtaket omhandlar at regjeringa ikkje treng fleirtal i Stortinget for statsbudsjettet.
Stor demonstrasjon mot AfD i liten tysk by
Vest i Tyskland er det venta opp mot 50.000 demonstrantar i byen Giessen med kring 75.000 innbyggjarar i dag.
Tina Bru blir partnar i First House
Avtroppande Høgre-nestleiar Tina Bru går inn som partner i PR-selskapet First House, melder Stavanger Blad og DN. Ho skal vere med på å etablere eit nytt kontor i Stavanger, skriv DN..
Øygarden-ordførar støttar Søreide som partileiar
– Dette er ei gledeleg og viktig avklaring. Ho er den beste kandidaten og den rette til å løfte Høgre tilbake som leiande parti på borgarleg side, seier Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden. Han legg til: – Det er viktig at ho får med seg eit godt lag – inkludert Petter Frølich som nestleiar..
Stranda-ordførar: – Gledeleg at Ine stiller
– Det er gledeleg at Ine har bestemt seg. Å velje ein ny leiar i Høgre er enkelt, mange flinke folk som vil gjere ein innsats for partiet, seier ordførar Stranda i Vestland, Einar Arve Nordang..
Venstre vil fremme forslag om lobbyregister
Venstre vil legge fram eit forslag om å innføre eit lobbyregister på Stortinget denne perioden. – Tida er overmoden for å få på plass eit slikt register. Det handlar om tilliten til oss politikarar, seier stortingsrepresentant Grunde Almeland.
MDG: – Ganske provoserande frå Arbeidarpartiet
– Ut ifrå det eg veit, så ser det ut til at Arbeidarpartiet vil gå i stikk motsett retning av det vi ønsker, seier MDG-leiar Arild Hermstad om etikkreglane for oljefondet. Det går mot eit fleirtal på Stortinget for å endre reglane for fondet, opplyser fleire kjelder til NRK. Truleg vil Frp, Høgre, Senterpartiet og kanskje KrF stille seg bak forslaga.
Frølich om Høgres valkamp: – Den beste nokon gong
Peter Frølich har vippa inn og ut av Stortinget på dei siste meiningsmålingane før valet. På Høgre si valvake på Høgres hus i Bergen var partiets tredjekandidat i Hordaland først og fremst opptatt av innsatsen partiet har lagt ned i årets valkamp. – Me har aldri vore så synlege, så smarte, så relevante og så viktige, sa Frølich frå talarstolen, før han sette seg i ein bil til Flesland for å ta kveldsflyet til Oslo til resten av partileiinga.
Daglegvarekonge gjev ein million kroner til Høgre
Selskapet Joh Johannson Handel gjev ein million kroner til Høgre, melder E24. Selskapet er eigd av Johansson-familien, som står bak Norgesgruppen, med butikkjeder som Kiwi og Meny. Tidlegare har andre milliardærar, som Christian Ringnes, Wilhelmsen-arvingane og Arve Blystad også gjeve ein million kroner til Høgre.
Røykutvikling i buss på Eidsvåg
Det er røykutvikling i ein buss på E39 ved Eidsvåg i Bergen. I første melding var det snakk om brann i bussen, men det var damp frå ein lekkasje av kjølevæske. Bussjåføren starta evakuering av bussen, og det er ikkje meldt om skadde eller sakna personar.
Stort oppmøte før minneseremonien til Charlie Kirk
Eit oversiktsbilete frå State Farm Stadium i Glendale, Arizona, viser det store oppmøtet før den offentlege minneseremonien for den ytre-Høgre-aktivisten Charlie Kirk..
Gullkysten kan gleppe
Denne øya på Vestlandet badar i pengar. Og Høgre har fram til no bada i stemmer her..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
