Vedum: Uklokt av Høgre
    <description>Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at det var uklokt av Høgre å snu i saka om kutt i drivstoffavgiftene.
– Det er uklokt når ein veit kor vanskeleg det er for mange småverksemder. Eg veit det har vore spenningar i Høgre, men at dei no konkluderer med at det er meir roleg, og seier verda er tilbake til normalen, er ikkje rett.</description>
Haram Høgre: Blir utestengde frå eige parti
    <description>Bjørn Sandnes (bilde) og Jan Inge Johannesen er suspenderte frå Haram Høgre i 12 månader. Det bekreftar Johannesen til NRK. Årsaka skal vere at dei to har stemt mot resten av Høgre-gruppa i både budsjettsaker og bygging av badebasseng i kommunen.</description>
Sylvi Listhaug ønsker Søreide «lykke til» som ny partileiar
    <description>Partileiar for Framstegspartiet (Frp) Sylvi Listhaug gratulerer Ine Eriksen Søreide som nyvald leiar for Høgre.
– Eg vil ønske Ine Eriksen Søreide lykke til som ny leiar i Høgre. Eg kjenner ho som ein hardtarbeidande og dedikert politikar, og eg håpar på godt samarbeid mellom våre to parti framover, seier ho til NRK.</description>
Lokale Høgre-profilar gler seg over avklaring
    <description>Fleire Høgre-profilar i Vestland seier i morgontimane at dei er glade for at Ine Eriksen Søreide opnar for å bli ny Høgre-leiar.
– Dette er gode nyheiter for partiet, seier Chris Jørgen Knudsen Rødland, gruppeleiar for Høgre i Bergen bystyre:.
Han legg til:
– Saman med Frølich som nestleiar kan dette bli ei slagkraftig og klok leiing for partiet.</description>
Høgre får førebels 14,4 prosent
    <description>Høgre ser ut til å gjere eit av sine desidert dårlegaste val nokon gong, med ei førebels oppslutning på 14,4 prosent.
Det viser opptellinga av dei rekordmange 2 millionar førehandsstemmene.
Det gjekk eit gisp gjennom salen då Høgre sitt førebelse valresultat vart lese opp under valvaka.</description>
Vil ha fleire bruer i staden for ferjer
    <description>Frp, Høgre, Senterpartiet og KrF har gått saman om eit forslag til forbetring av ferjeavløysingsordninga.
Forslaget vil dermed ha fleirtal i Stortinget, skriv Høgre i ei pressemelding. Målet er fleire vegprosjekt som gjer at ferjer på fylkesvegar kan erstattast.</description>
Får 270 kroner månaden i avslag for drikkevasskandale
    <description>Innbyggjarane råka av drikkevasskandalen på Kyrkjebø i Høyanger får 270 kroner i prisavslag per månad. Det er klart etter kommunestyremøtet i dag.
Høgre sitt framlegg om å gi 515 kroner i avslag fall med fem røyster.</description>
AfD kan få regjeringsmakt for første gong
    <description>Vallokala i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt opna klokka 8 søndag morgon.
Ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) leiar stort på meiningsmålingane, og kan få regjeringsmakt for første gong.
På dei siste målingane har dei hatt ei oppslutning på rundt 40 prosent, men dei kan likevel få reint fleirtal i delstatsforsamlinga dersom fleire av småpartia kjem under sperregrensa på 5 prosent.</description>
Leiar i valkomiteen til Høgre: Innstilling kjem utover seinhausten
    <description>Torsdag morgon stadfesta Ine Eriksen Søreide at ho stiller som kandidat til å ta over som leiar i Høgre etter Erna Solberg.
Etter at Henrik Asheim trekte sitt kandidatur, står valet no mellom Søreide og Nikolai Astrup.
Valkomiteen opplyser at innstillinga til ny partileiing vil vere klar i løpet av seinhausten.</description>
Erna Solberg: – Monarkiet stod fjellstøtt med kong Harald
    <description>Tidlegare Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg minnast kong Harald med stor takksemd.
– Han vann hjarta våre og tok kongehuset inn i ei ny tid. Han viste oss vegen framover når me trengde det.</description>