Ekspertar
Nyheter om Ekspertar
Noreg framleis i toppen på korrupsjonsindeks
Noreg er nummer fire på Transparency Internationals liste over korleis Ekspertar vurderer korrupsjonsnivået i offentleg sektor. Det er ein plass opp frå året før med 81 poeng på indeksen, der 100 poeng betyr minimalt med korrupsjon. Danmark toppar lista med 89 poeng.
Regjeringa vil ha gjennomgang av Nav
Regjeringa vil at ei gruppe Ekspertar skal sjå på om Nav fungerer som det skal og om arbeids- og velferdsforvaltninga er godt nok rusta for framtida. – Vi veit at ikkje alt fungerer optimalt i dag. Det må vi endre, for å sikre at vi når målet om fleire i arbeid og færre på trygd, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) i ei pressemelding.
Over 800 døde i Indonesia
Talet på døde etter flaum og jordskred i Indonesia har stige til over 800, melder nyheitsbyrået AFP. Det er monsunsesong i Søraust-Asia, men ein tropisk storm har gjort nedbøren verre enn vanleg. Samstundes seier både Ekspertar og regjeringa i landet at avskoging har ført til at skadene blei større.
Hamas har levert gissel frå 2014
Israelske styresmakter opplyser at Raude Kross har mottatt leivningar frå eit gissel, som Hamas tidlegare har sagt tilhøyrer offiser Hadar Goldin, melder AFP. Goldin som blei drepen under Gaza-krigen i 2014. Israelske rettsmedisinske Ekspertar skal no fastslå identiteten når leivningane blir frakta inn i Israel.
Dødstala etter skulekollaps stig i Indonesia
Talet på omkomne etter at ein skule kollapsa på øya Java i Indonesia i førre veke, er no kome opp i 67 menneske, melder AFP. Totalt er det henta ut 171 personar frå ruinane av skulen. 104 av desse er i live.
Talet på døde etter skulekollaps i Indonesia stig
Talet på døde etter at ein skule raste saman i Indonesia tysdag, har kome opp i 37, melder styresmaktene søndag. Til saman 104 menneske er redda ut i god behald denne veka, men det er framleis 26 personar som er sakna. Årsaka til kollapsen, som skjedde i byen Sidoarjo aust på øya Java, er ikkje ferdig etterforska, Men ifølge Ekspertar tyder foreløpig informasjon på dårleg kvalitet i konstruksjonen..
Russisk luftforsvar skal ha skote ned drone – regionale flyplassar er stengde
Det russiske luftforsvaret skal ha skote ned ein drone på veg mot Moskva, skriv Moskva sin ordførar Sergei Sobyanin på Telegram. – Ekspertar frå naudetatane jobbar no på staden der vrakrestane fall, opplyser Sobyanin. Fleire regionale flyplassar har midlertidig stansa drifta på grunn av uro for tryggleiken i luftrommet, melder Reuters.
Netanyahu omtalar FN si erklæring om hungersnaud som «rein løgn»
Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu fordømmer FN si erklæring om hungersnaud i Gaza by, melder nyheitsbyrået AFP. – IPC-rapporten er rein løgn. Israel har ikkje ein politikk for utsvelting, seier Netanyahu i ei fråsegn.
Hamas krev opning av grenseovergangane til Gaza
No krev Hamas at grenseovergangane til Gaza blir opna på bakgrunn av FN si erklæring om hungersnaud, melder nyheitsbyrået AFP. FN-tilknytt Ekspertar har for første gong bekrefta hungersnaud i Gaza by. Det israelske utanriksdepartementet avviser FN si erklæring om hungersnaud i Gaza..
Dollaren svekkar seg vidare mot krona
Ein amerikansk dollar kostar no knapt 10,2 kroner. Det er det lågaste nivået til no i år. Førre veke blei kredittvurderinga til USA nedgradert av selskapet Moody's.
Avskoginga den verste på 20 år
Ikkje på 20 år har det blitt registrert meir avskoging av regnskogane enn i fjor, viser ein ny rapport. Verdssamfunnet har i fleire tiår prøvd å stansa avskoginga, men det går no feil veg. Ei av hovudårsakene er fleire brannar.
Nødhjelp har sloppe inn i Gaza - for fyrste gong sidan 2. mars
Fem lastebilar med naudhjelp fekk måndag sleppe inn i Gaza gjennom grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg sør i Israel, nær grensa til både Gaza og Egypt, melder Reuters. Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført 2. mars.
Nødhjelp har sloppe inn i Gaza – for fyrste gong sidan 2. mars
Fem lastebilar med naudhjelp fekk måndag sleppe inn i Gaza gjennom grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg sør i Israel, nær grensa til Gaza og Egypt, melder Reuters. Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført for 11 veker sidan, 2. mars.
Israel opnar for naudhjelp til Gaza – babygraut fyrst inn
Israel kunngjorde måndag at dei vil sleppe inn lastebilar med babygraut til Gazastripa, melder AFP. Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført 2. mars.
WHO: Sender Ekspertar til Kongo for å undersøke ukjent sjukdom
Verdas helseorganisasjon (WHO) har sendt Ekspertar til Den demokratiske republikken Kongo for å hjelpe i helsestyresmaktene i landet i arbeidet med å finne årsaka til sjukdommen som blei oppdaga denne veka, melder Reuters. Minst 131 personar er døde av sjukdommen, og nesten 400 er smitta. Sjukdommen har ramma barn og unge hardast.
Unicef åtvarar mot vasskrise i Kabul
Vassmangel har blitt eit aukande problem i Afghanistans hovudstad Kabul, der det bur nærmare 5 millionar menneske, åtvarar FNs barnefond (Unicef). Dersom det ikkje blir sett i verk strakstiltak, vil innbyggjarane i Kabul stå overfor alvorleg vassmangel innan 2030, ifølgje Unicef. Klimaendringar og stor folkevekst har dramatisk redusert grunnvassnivået i Kabul-området.
UNHCR: Mistanke om 40 m-koppetilfelle blant kongolesiske flyktningar
Virussjukdommen m-koppar har smitta fleire titals flyktningar og fordrivne aust i Kongo, opplyser FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). FN er djupt bekymra fordi det er vanskeleg å nå dei smitta. I tillegg bur dei i folkerike leirar, noko som gjer det vanskeleg å hindre spreiing.
Prisveksten på veg opp i Argentina
I Argentina er prisveksten nok ein gong på veg opp att. Det skjer etter fleire månader med fallande inflasjon. I juni enda han på 4,6 prosent, noko opp frå mai .
Dansk mann funnen skuldig i 34 år gammalt drap
Ein 54 år gammal mann er funnen skuldig for drapet på 23 år gamle Hanne With i Danmark. Drapet skjedde nyttårsaftan 1990, altså over 34 år sidan. Den unge kvinna vart både kvalt og knivstukken.
Ekspert om Biden i debatten:– Vondare enn forventa
USAs noverande president, Joe Biden, får dårlege skussmål frå fleire Ekspertar etter nattas debatt. – Det var vondare enn forventa, og eg hadde ganske lave forventningar, seier Gjermund Stenberg Eriksen, som er USA-kjennar og manusforfattar. Kommentator i Vårt Land og amerikanskpolitikk.
Foreslår å auke det svenske forsvarsbudsjettet kraftig
Forsvarskomiteen i Sverige foreslår å auke forsvarsbudsjettet med 52,8 milliardar svenske kroner fram til 2030, melder SVT. Komiteen seier dei er samde med Ekspertar og sakkunnige om at det er behov for høgare ambisjonar og at opprustinga av Sverige må gå raskare. Sverige blei tidlegare i år medlem av Nato, som har eit mål om at minst 2 prosent av BNP skal gå til forsvarsutgifter.
Over 1000 skadde etter jordskjelv
Talet på skadde etter jordskjelvet på Taiwan har stige til 1050, opplyser myndigheitene torsdag. Same dag melder myndigheitene at ei gruppe på seks gruvearbeidarar som var innesperra, er i trygg forvaring. 64 personar er framleis innesperra i ei anna gruve.
Ny blekksprut identifisert i Barentshavet
Norske Ekspertar har vore med på å identifisera ein ny blekksprut i havområda nord for Noreg. Arten heldt til på 2500 meters djupn og blei identifisert i år, skriv NTB. Forskning.
Christian Michelsens institutt skal granske UNRWA
FN-sjef António Guterres har utnemnd ei uavhengig forskingsgruppe som skal granske UNRWA. Christian Michelsens institutt i Bergen er eitt av institutta som bidrar inn i gruppa. Direktør Espen Villanger er ikkje overraska: – Då eg såg førespurnaden, såg eg at vi nok har den beste kompetansen på området.
Ukraina: Ingen informasjon om at Russland bruker nordkoreanske rakettar
Ukrainske styresmakter seier at dei ikkje kan stadfeste dei amerikanske påstandane om at Russland har brukt nordkoreanske rakettar mot ukrainske mål. – Så langt har vi ingen informasjon om at slike våpen er brukt, seier talsperson Jurij Ignat i Ukraina sitt luftvåpen fredag. Skuldingane frå USA om russisk-nordkoreansk samarbeid kom torsdag.
Ekspert reknar med reallønsvekst for mange neste år
Ekspertar meiner me går inn i ei tid med betre økonomi. For lønnsauken blir større enn inflasjonen til neste år. Eller sagt på ein annan måte: Du kjem til å tena meir enn utgiftene dine aukar.
Israelsk dokument føreslår å «overføra» innbyggjarane i Gaza til Egypt
I eit israelsk regjeringsdokument blir det føreslått å overføra heile sivilbefolkninga på Gazastripa til Sinaihalvøya i Egypt i samband med krigen. Dokumentet er utarbeidd av Israels etterretningsdepartement. Etter at det vart kjent, har kontoret til statsminister Benjamin Netanyahu prøvd å tona ned innhaldet, samtstundes som det har forverra forholdet mellom Israel og Egypt og ført til sterk fordømming frå palestinsk hald.
Fleire døde i flaum i Sør-Asia
Minst 19 personar er døde og tusenvis har flykta frå heimane sine etter flaum som følge av monsuntida i Sør-Asia, melder AFP. Det er vanleg med flaum i denne årstida, men Ekspertar seier klimaendringar fører til at dei kjem oftare og er mindre føreseielege..
AFP: Vann frå øydelagt demning kan ikkje lenger kjøle ned atomreaktorar
Vatnet frå den kollapsa demninga i Nova Kakhovka i Sør-Ukraina kan ikkje lenger levere vann til kjølereaktorar ved atomkraftverket Zaporizjzja, fortel ein operatør til AFP torsdag. Kakhovka-demninga i Kherson-regionen blei øydelagt natt til tysdag. Demninga forsyner Europas største kjernekraftverk, det russiskokkuperte Zaporizjzja-kraftverket med kjølevatn.
Bed Helse Midt-Noreg vente med Helseplattforma
Over 400 tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag bed styret i Helse Midt-Noreg om å vurdere om det er riktig å halde fram innføringa av Helseplattforma. Dei viser til dei store utfordringane som St.Olavs hospital i Trondheim har hatt med journalsystemet.
AFP: Ukrainske Ekspertar har kome til Polen
Ukrainske Ekspertar har kome til Polen for å undersøke kor raketten som drap to personar vart skoten frå. Det skriv nyheitsbyrået AFP. – Våre Ekspertar er allereie i Polen.
Held tilbake dokument om attentatet på John F. Kennedy
Torsdag gav president Joe Biden ut meir enn 13.000 registreringar av attentatet på tidlegare president John F. Kennedy, skriv NBC News.
Klimaaktivistar blokkerte bru i Venezia
Ei gruppe demonstrantar frå klimarørsla Ultima Generazione blokkerte onsdag ei bru som forbind Venezia til fastlandet, melder Reuters. Seks demonstrantar skal ha hindra trafikken passere brua, før dei blei fjerna av politiet. Ekspertar seier klimaendringane kan truge framtida til Venezia på grunn av stigande temperaturar og høgare vassnivå.
Ukraina deltar i etterforskinga i Polen
– Ukrainske Ekspertar er allereie på plass i det søraustlege Polen der eit missil drepte to menneske, seier utanriksminister Dmytro Kuleba. På Twitter skreiv han at Ukraina vil halde fram med "ope og konstruktivt" samarbeid med Polen etter hendinga på tysdag. Polen har sagt at bevisa så langt peikar på at missilet kom frå ukrainsk luftvern som jakta eit russisk missil skote mot Ukraina..
Justisministaren bruker Tiktok uten å spørre om råd
Justisminister Emilie Enger Mehl har ikkje spurt norske tryggingsstyresmakter om råd før ho tok i bruk den kinesiske appen TikTok i september. Fleire Ekspertar advarer om at appen er eit datainnsamlingsverktøy som vidaresender informasjon til Kina. Førsteamanuensis i informasjonssikkerheit ved NTNU, Gaute Bjørklund Wangen ved NTNU meiner mehls bruker problematisk.
Gav kula som drap Al Jazeera-journalist til amerikanske rettsmedisinske Ekspertar
Palestinske styresmakter overleverte kula som drap Al Jazeera-journalisten Shireen Abu Akleh til amerikanske rettsmedisinske Ekspertar i dag. Det melder nyheitsbyrået AFP. Palestinske styresmakter blei forsikra om at det ikkje ville bli gjort nokon modifikasjonar på kula som drap Abu Akleh 11.
Stenger ein av reaktorane
I Ukraina er ein av dei seks atomreaktorane i kjernekraftverket Zaporizjzja i Ukraina no slått av, som eit føre-var-tiltak. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Årsaka er kamphandlingar og artilleriåtak i nærleiken, opplyser operatøren av kraftverket.
Direktoratet for strålevern :– Viktig å få verifisert tilstanden på kraftverket
– Det er viktig at det kjem inn uavhengige inspektørar som kan rapportere om tilstanden på kraftverket, fordi all informasjon som har komme ut frå det ukrainske tekniske anlegget har vore kontrollert av russarane som er til stades der, seier direktør for Direktoratet for strålevern (DSA), Astrid Liland. Ekspertar frå Det internasjonale atomenergibyrået IAEA prøver no å koma seg fram til atomkraftverket Zaporizjzja i Ukraina. Kraftverket er okkupert av russiske soldatar, og det har vore harde kamphandlingar i området, noko som har ført til frykt for ei atomulukke.
Nesten 1000 personar har mista livet etter flaum i Pakistan
Tusenvis av innbyggjarar som bur langs Pakistans flaumramma elvar, er beordra av styresmakter til å evakuere som følgje av det kraftige regnet i landet. Den årlege monsunen i Pakistan er avgjerande for vatning av avlingar og etterfylling av demningar og innsjøar, men kvart år øydeleggar han også mykje. Hittil i år har nesten 1.
Semje om jernbane over Himalaya
Kina og Nepal har blitt einige om å bygge eit jernbanenett som knytt dei to landa i saman. Det melder Reuters. Fjellkjeda Himalaya går langsmed grensa til dei to landa.
Ny rapport: Kortsiktig profitt og økonomisk vekst trumfer andre verdiar i naturen
82 Ekspertar frå Det internasjonale naturpanelet (Ipbes) har bidratt til ein ny rapport som handler om verdiar og verdisetting av naturen. Hovudfunna i rapporten: * Kortsiktig profitt og økonomisk vekst overgår ofte omsynet til naturverdiar i politiske sluttnader. * Økonomiske og politiske sluttnader har i stor grad prioritert naturverdiane som er nyttige for industri og næringsliv, som energibruk, materialer og mat som blir produsert intensivt.
Ny rapport: Kortsiktig profitt og økonomisk vekst trumfar andre verdiar i naturen
82 Ekspertar frå Det internasjonale naturpanelet (IPBES) har bidratt til ein ny rapport som handlar om verdiar og verdisetting av naturen. Hovudfunna i rapporten: * Kortsiktig profitt og økonomisk vekst overgår ofte omsynet til naturverdiar i politiske avgjerder. * Økonomiske og politiske avgjerder har i stor grad prioritert naturverdiane som er nyttige for industri og næringsliv, som energibruk, materialar og mat som blir produsert intensivt.
Ulovleg handel av dyr verdt 199 mrd. dollar
Ulovleg handel med ville dyr, fisk og plantar har auka og har no ein årleg verdi på 199 milliardar dollar, tilsvarande 1 billion norske kroner. Det seier FNs Ekspertar på biologisk mangfald i ein ny rapport fredag. Dei åtvarar om at handelen truar millionar av artar, som står i fare for å bli utrydda.
Vil endra namnet på apekoppar
Verdas helseorganisasjon (WHO) jobbar i lag med Ekspertar for å finna eit nytt namn på sjukdommen «Moneypox», eller apekoppar på norsk. Det skriv BBC. Avgjerda blei tatt etter at 30 forskarar skreiv eit brev om «eit akutt behov for eit ikkje-diskriminerande og ikkje-stigmatiserande namn» for viruset og sjukdommen det førar med seg..
Noah: Politiet burde ikkje ta avgjerder om å avlive hundar
Torsdag skal det stemmast over den nye hundelova, som er venta å få fleirtal i Stortinget. Leiar av dyrevernsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, er kritisk til at det framleis er politiet som skal bestemme om ein hund skal bli avliva eller ikkje, i tilfelle der den har skadd andre dyr eller menneske. – Det har ikkje politiet kompetanse til å vurdere, for dei er ikkje Ekspertar på hundeåtferd, og skal heller ikkje vere det, seier ho til NRK.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
