Noreg framleis i toppen på korrupsjonsindeks
    <description>Noreg er nummer fire på Transparency Internationals liste over korleis ekspertar vurderer korrupsjonsnivået i offentleg sektor.
Det er ein plass opp frå året før med 81 poeng på indeksen, der 100 poeng betyr minimalt med korrupsjon.
Danmark toppar lista med 89 poeng.</description>
Regjeringa vil ha gjennomgang av Nav
    <description>Regjeringa vil at ei gruppe ekspertar skal sjå på om Nav fungerer som det skal og om arbeids- og velferdsforvaltninga er godt nok rusta for framtida.
– Vi veit at ikkje alt fungerer optimalt i dag. Det må vi endre, for å sikre at vi når målet om fleire i arbeid og færre på trygd, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) i ei pressemelding.</description>
Over 800 døde i Indonesia
    <description>Talet på døde etter flaum og jordskred i Indonesia har stige til over 800, melder nyheitsbyrået AFP.
Det er monsunsesong i Søraust-Asia, men ein tropisk storm har gjort nedbøren verre enn vanleg.
Samstundes seier både ekspertar og regjeringa i landet at avskoging har ført til at skadene blei større.</description>
Hamas har levert gissel frå 2014
    <description>Israelske styresmakter opplyser at Raude Kross har mottatt leivningar frå eit gissel, som Hamas tidlegare har sagt tilhøyrer offiser Hadar Goldin, melder AFP.
Goldin som blei drepen under Gaza-krigen i 2014.
Israelske rettsmedisinske ekspertar skal no fastslå identiteten når leivningane blir frakta inn i Israel.</description>
Dollaren svekkar seg vidare mot krona
    <description>Ein amerikansk dollar kostar no knapt 10,2 kroner. Det er det lågaste nivået til no i år.
Førre veke blei kredittvurderinga til USA nedgradert av selskapet Moody's.</description>
Dødstala etter skulekollaps stig i Indonesia
    <description>Talet på omkomne etter at ein skule kollapsa på øya Java i Indonesia i førre veke, er no kome opp i 67 menneske, melder AFP.
Totalt er det henta ut 171 personar frå ruinane av skulen. 104 av desse er i live.</description>
Talet på døde etter skulekollaps i Indonesia stig
    <description>Talet på døde etter at ein skule raste saman i Indonesia tysdag, har kome opp i 37, melder styresmaktene søndag.
Til saman 104 menneske er redda ut i god behald denne veka, men det er framleis 26 personar som er sakna.
Årsaka til kollapsen, som skjedde i byen Sidoarjo aust på øya Java, er ikkje ferdig etterforska,
Men ifølge ekspertar tyder foreløpig informasjon på dårleg kvalitet i konstruksjonen..</description>
Russisk luftforsvar skal ha skote ned drone – regionale flyplassar er stengde
    <description>Det russiske luftforsvaret skal ha skote ned ein drone på veg mot Moskva, skriv Moskva sin ordførar Sergei Sobyanin på Telegram.
– Ekspertar frå naudetatane jobbar no på staden der vrakrestane fall, opplyser Sobyanin.
Fleire regionale flyplassar har midlertidig stansa drifta på grunn av uro for tryggleiken i luftrommet, melder Reuters.</description>
Netanyahu omtalar FN si erklæring om hungersnaud som «rein løgn»
    <description>Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu fordømmer FN si erklæring om hungersnaud i Gaza by, melder nyheitsbyrået AFP.
– IPC-rapporten er rein løgn. Israel har ikkje ein politikk for utsvelting, seier Netanyahu i ei fråsegn.</description>
Hamas krev opning av grense­overgangane til Gaza
    <description>No krev Hamas at grenseovergangane til Gaza blir opna på bakgrunn av FN si erklæring om hungersnaud, melder nyheitsbyrået AFP.
FN-tilknytt ekspertar har for første gong bekrefta hungersnaud i Gaza by.
Det israelske utanriksdepartementet avviser FN si erklæring om hungersnaud i Gaza..</description>