Drepen
Nyheter om Drepen
18-åring varetektsfengsla etter skuleangrep i Sverige
18-åringen som er pågripen for skuleangrepet i Fagersta i Sverige blir varetektsfensla i fire veker, melder den svenske påtalemyndigheita. Ei 17 år gammal jente vart Drepen og tre andre elevar vart skadde då ein mann gjekk til angrep med sverd på ein vidaregåande skule fredag ettermiddag. 18-åringen var sjølv elev på skulen pg vart pågripen av politiet inne på skulen.
Framleis varetektsfengsling etter sjukeheimsdrapet i Lyngen
Mannen som er sikta for å ha Drepen ein bebuar på Lyngstunet helse- og omsorgssenter i Lyngen med kniv i november i fjor, er varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Nord-Troms og Senja tingrett avgjort. Rettspsykiatrar har konkludert med at mannen mest sannsynleg var i ein psykotisk tilstand da drapshandlinga skjedde.
Berlin-terror: Fann video på telefonen til gjerningsmann
Politiet i Tyskland har funne ein video på telefonen til Abdul Ballout, som var mistenkt for å ha køyrd ein varebil inn i ei folkemengde under pridefeiringa i Berlin fredag, melder Der Spiegel. I videoen tek ein mann på seg ansvaret for angrepet, og sver truskap til IS. Mannen er tildekt, men politiet meiner det truleg er Ballout som snakkar, skriv nyheitsmagasinet.
Israel: opnar etterforsking etter at baby vart Drepen
Laurdag vart ein sju månadar gammal palestinsk baby skoten og Drepen på den okkuperte Vestbreidda. Ein israelsk soldat skaut mot bilen guten sat i saman med foreldra sine, sjølv om bilen hadde stansa ved ein kontrollpost som dei fekk ordre om å gjere. Det israelske forsvaret beklaga angrepet og no har dei starta etterforsking av hendinga, melder nyheitsbyrået AFP.
Fem drepne i skyting på Vestbreidda
Fire palestinarar blei skotne og drepne på den okkuperte Vestbreidda fredag, ifølge palestinske helsestyresmakter. Israelske naudetatar seier også at ein israelar blei Drepen, melder fleire nyheitsbyrå. Skytinga skjedde i byen Tell.
Sju drepne i ukrainsk droneåtak
Sju personar er drepne og 24 såra i eit ukrainsk åtak mot eit logistikksenter i byen Kotovsk i Russland. – Sju arbeidarar i natturnus blei Drepen då fiendtlege dronar trefte eit Wildberries-logistikksenter, seier guvernør Jevgenij Pervysjov i regionen Tambov laurdag morgon. Laurdag morgon meldte ordførar i Moskva, Sergej Sobjanin, at over 350 dronar blei sendt mot Moskva-regionen natt til laurdag.
Malawiarar blir henta heim frå Sør-Afrika
Malawiske myndigheitar seier at dei har henta heim 38.000 statsborgarar frå Sør-Afrika på ein månad. Det melder NTB.
Dømd til forvaring i fem år etter drap
Ei kvinne i 50-åra er dømd til vidare forvaring i fem år, etter drapet på ein seks år gamal gut på Smøla i 2001. Kvinna blei dømd i høgsterett til forvaring i 13 år, men dette er seinare forlenga. Kvinna bur no på ein døgnbemanna institusjon på Austlandet, og retten er komen til at det framleis er stor fare for nye, alvorlege brotsverk om ho blir sett fri.
To drepne i russiske angrep mot Ukraina
Minst ein person er Drepen og 16 er såra etter eit omfattande russisk luftangrep mot Kyiv i Ukraina natt til torsdag, melder AFP. Fleire bustadblokker og sivil infrastruktur fekk skadar i angrepa. Også i Zaporizjzja-regionen søraust i Ukraina er ein person Drepen i eit angrep natt til torsdag.
Mann Drepen av føderale agentar i Minneapolis
Politisjef i Minneapolis, Brian O’Hara, opplyser til Minnesota Star Tribune at ein mann er skoten og Drepen etter ein ny skyteepisode under en føderal immigrasjonsoperasjon i byen. Vitne meldte om det fyrst laurdag morgon, ifølge lokale medium. Personen som blei skoten, var væpna med eit skytevåpen, ifølge to tenestemenn i det amerikanske sikkerheitsdepartementet (DHS) som har uttalt seg til CBS News.
VG: Politiet har oppretta sak mot lege
Politiet har oppretta straffesak mot ein lege busett i Møre og Romsdal, i samband med Shada-saka. Mistanken gjeld deling av krenkande bilete. Det melder VG.
Mistenkt i skyteepisode i Kyiv er Drepen
Mannen som er mistenkt for å stå bak ei skyting i Kyiv laurdag, er Drepen, melder Ukrainas innanrksminister Ihor Kymenko. Minst to blei drepne og ti er skadde i skytinga. Dei skadde, blant dei eitt barn, er frakta til sjukehus, opplyser Kyiv ordførar VItalij Klitsjko på Telegram.
Fylkeslege i Møre og Romsdal opnar undersøking mot lege
Fylkeslegen i Møre og Romsdal opnar undersøking mot ein lege busett i fylket. Det melder VG. Ifølgje avisa skal legen ha spreidd ei historie om at ei jente som døydde på ein barnevernsinstitusjon i Stavanger, skal ha blitt Drepen.
Kuwait: Éin person Drepen i iransk angrep mot flyplass
Minst éin person blei drept i det iranske angrepet mot den internasjonale flyplassen i Kuwait, ifølge Kuwaits utenriksdepartement. Fleire personer skal være skadd. Den internasjonale flyplassen i Kuwait blei evakuert etter at ein terminalbygning blei treft av iranske droner og missil onsdag, ifølge kuwaitiske styresmakter, melder Reuters.
Mohammad Tariq Wasiri (28) blei Drepen i Arna
Det var 28 år gamle Mohammad Tariq Wasiri som blei Drepen i Arna i Bergen søndag den 8. februar. Wasiri og kona kom til Noreg i 2021, etter Taliban tok over makta i Afghanistan.
Iran: Talsmann for Revolusjonsgarden Drepen i angrep
Ein talsmann for Revolusjonsgarden i Iran, Ali Mohammad Naini, er Drepen i eit israelsk-amerikansk luftangrep, melder iransk statleg TV, ifølge Reuters. Få timar tidlegare sa han det er Iran som bestemmer når krigen tek slutt, og at landet held fram med å bygge rakettar medan krigen held fram..
Libanon: Journalist Drepen i israelsk angrep
Den libanesiske journalisten Amal Khalil er funnen død etter eit israelsk angrep mot Sør-Libanon onsdag, melder libanesiske styresmakter, ifølge Reuters. I tillegg blei journalisten Zeinab Faraj såra i angrepet. Ein talsperson for libanesiske Røde Kors sa onsdag til AFP at dei hadde klart å redde Faraj, men ikkje hadde greidd å kome fram til Khalil fordi dei måtte trekke seg ut då det blei skote varselskot..
Skadd FN-soldat i Libanon døydde
Ein av dei franske FN-soldatane som blei hardt skadd i eit angrep i Libanon laurdag døydde av skadane han fekk, opplyser Frankrikes president Emmanuel Macron, melder Reuters. Ein soldat blei Drepen og tre andre skadde i angrepet. No har altså ein av dei skadde død.
Irans tidlegare president Mahmoud Ahmadinejad er Drepen
Irans tidlegare president Mahmoud Ahmadinejad blei Drepen i eit amerikansk-israelsk luftangrep, ifølge det statlege iranske nyheitsbyrået ILNA. Ifølge byrået trefte angrepet bustaden hans i Narmak-området nordaust i Teheran seint laurdag kveld lokal tid. Ahmadinejad og fleire livvakter skal ha blitt drepne.
USA: Åtte barn skal vere drepne i skyting
Åtte barn er drepne og fleire er skadde i ei masseskyting i Louisiana i USA, ifølge lokalavisa KTBS. Ein mistenkt gjerningsperson er skoten og Drepen. Dei drepne barna er mellom 18 månader og 14 år gamle..
USA: Åtte barn er drepne i skyting
Åtte barn er drepne og fleire er skadde i ei masseskyting i Louisiana i USA søndag, ifølge lokalavisa KTBS. Ein mistenkt gjerningsperson er skoten og Drepen av politiet. Skytinga skal ha skjedd på fleire bustadadresser, opplyser politiet til NBC News.
Macron møter Libanons statsminister tysdag
Frankrikes president Emmanuel Macron skal møte Libanons statsminister Nawaf Salam i Paris, melder AFP. Besøket viser Frankrikes støtte til Libanons territoriale integritet, seier presidentens kontor. Kunngjeringa om besøket kjem dagen etter at ein fransk FN-soldat blei Drepen og tre andre blei hardt skadde i eit angrep i Libanon.
Seks stadfesta drepne i skyteepisode i Kyiv
Seks personar blei drepne då ein mann skaut i ei gate og seinare forskansa seg i ein supermarknad i Kyiv laurdag, opplyser ukrainske styresmakter. I tillegg blei ti personar sende til sjukehus med skadar. Den mistenkte gjerningsmannen blei seinare skoten og Drepen då politiet prøvde å gripe han.
Hizbollah nektar for å stå bak angrep mot FN-soldatar
Hizbollah i Libanon nektar for å ha noko å gjere med drapet på franske FN-soldatar i Libanon, skriv Reuters, Ein soldat blei Drepen og tre skadde i angrepet. Frankrike har uttalt at det var Hizbollah som sto bak angrepet..
Fordømmer angrep mot FN-soldatar i Libanon
Leiaren for det libanesiske parlamentet Nabih Berri fordømmer angrepet på franske FN-soldatar i Libanon, melder AFP. Ein soldat blei Drepen og tre andre skadde i angrepet. Ifølge Frankrike var det Hizbollah som stod bak angrepet.
70 drepne på Haiti
Ifølge Ruters, som viser til ein menneskerettsgruppe, skal 70 menneske vere Drepen i Artibonite-regionen i Haiti som følge av ein konflikt med Gran Grif gang. Lokalt politi meldte tidlegare i dag at minst 16 personar var drepne og minst ti skadde etter gjengangrep i Petite-Riviere på Haiti, skriv AFP. – Dette angrepet understrekar alvoret i tryggingssituasjonen som den haitiske befolkninga står overfor, sa Stéphane Dujarric, talsperson for FNs generalsekretær António Guterres..
Trump om skytinga i Minneapolis: «Svært uheldig hending»
Tysdag er USAs president Donald Trump i Iowa for å starte valkampen for fleire politiske verv i delstaten. Der skal han eigentleg snakke om energi og økonomi. Trump omtalar skytinga der Alex Pretti blei Drepen av føderale immigrasjonsagentar i Minneapolis i helga som «svært uheldig».
Mann Drepen av ICE i Minneapolis
Politisjef i Minneapolis, Brian O’Hara, opplyser til Minnesota Star Tribune at ein mann er skoten og Drepen etter ein ny skyteepisode under en føderal immigrasjonsoperasjon (ICE) i byen. Vitne meldte om det fyrst laurdag morgon, ifølge lokale medium. Personen som blei skoten, var væpna med eit skytevåpen, ifølge to tenestemenn i det amerikanske innanriksdepartementet (DHS) som har uttalt seg til CBS News.
Ein drepe etter at tankskip blei treft utanfor Oman
Eit mannskapsmedlem blei drepe etter at eit prosjektil trefte produkttankaren «MKD VYOM» utanfor kysten av Oman, opplyser skipsmeglarselskapet V.Ships., ifølge Reuters.
USA: Demonstrasjonar etter ICE-drap
I USA har det vore demonstrasjonar fleire stader i natt, etter at ei kvinne i går blei skoten og Drepen av byrået ICE. Det føderale byrået handhevar USA sine immigrasjonslover, og har stort nærvær i Minneapolis i delstaten Minnesota Ein dramatisk video viser korleis ei 37 år gamal kvinne forsøker å køyre vekk frå agentane, då ho blir skoten og Drepen. Fleire amerikanske medium melder at ho var amerikansk statsborgar.
Russisk droneangrep mot Odesa
Ein person er Drepen og seks skadde etter eit russisk droneangrep i hamnebyen Odesa, skriv Ukrainas visestatsminister Oleksij Kuleba på Telegram. Dei skadde er sivile personar. Tre av dei er alvorleg skadd, ifølgje Kuleba.
Drapet i Arna: Sikta mann i 30-åra blir fengsla i fire veker
Mannen i 30-åra som er sikta for drapet i Arna blir varetektsfengsla i fire veker. Det er klart etter fengslingsmøte i Hordaland tingrett torsdag ettermiddag. Politiet har sikta han etter at ein afghansk mann i 20-åra vart Drepen utanfor heimen sin i Arna i Bergen søndag kveld.
Politiet: Ingen mistenkte etter drap i Bergen
Politiet har framleis ingen mistenkte eller sikta etter at ein mann i 20-åra blei Drepen i Arna i Bergen søndag kveld. På ein pressekonferanse tysdag sa politiet at etterforskinga har høg prioritet. Dei seier dei ønsker seg fleire tips frå publikum..
Ukraina: Minst tre drepne i russiske angrep
Minst tre personar er drepne i russiske angrep mot Ukraina, ifølge ukrainske styresmakter, melder AFP. I hamnebyen Odesa blei ein 35 år gammal mann Drepen og to andre menneske skadde i eit angrep, melder militæradministrasjonen i byen. I Kharkiv-regionen blei ei kvinne og ein 10 år gammal gut funne døde etter eit droneangrep.
USA: Tidlegare politibetjent dømd for drap på svart kvinne
Ein tidlegare politibetjent i Illinois er dømd til 20 år i fengsel for drapet på Sonya Massey, melder AP. Han blei dømt for å ha skoten og Drepen Massey i hennar eigen heim. Massey hadde ringt politiet fordi ho var redd nokon hadde braute seg inn i heimen henna.
MS NOW: Agentar suspenderte etter Minneapolis-skytinga
Dei føderale immigrasjonsagentane som var involverte i skytinga der Alex Pretti blei skoten og Drepen i Minneapolis er no suspenderte. Det melder Reuters som siterer MS NOW. MS NOW er mediet som tidlegare var kjent som MSNBC..
Israel: Symbolsk klokke for 7. oktober-gissela stoppa
Ei klokke på eit torg i Tel Aviv blei tysdag ettermiddag stoppa etter 843 dagar, melder Haaretz. Klokka har telt tida sidan Hamas-angrepet mot Israel i oktober 2023 og har markert kor lenge gislane har vore haldne i fangenskap. Stansen kjem etter at israelske styresmakter måndag opplyste at dei har funne leivningane av det siste gisselet.
Trump åtvarar mot å møte opp med våpen etter Minneapolis-skytinga
USAs president Donald Trump seier at folk ikkje kan møte opp med våpen under demonstrasjonar, etter at Alex Pretti blei skoten og Drepen av føderale immigrasjonsagentar i Minneapolis i helga. Det melder AFP. – Ein kan ikkje kome med våpen, ein kan ikkje gå inn med våpen, svarte Trump då han blei spurd om skytinga.
Det kvite hus: Skytinga i Minnesota blir etterforska
Pressetalsperson Karoline Leavitt seier at skytinga der Alex Pretti blei Drepen laurdag, no blir etterforska av både sikkerheitssdepartementet (DHS) og det føderale politiet FBI. – Administrasjonen går gjennom alt som har med skytinga å gjere, og vi vil la etterforskinga gå sin gang, seier. Leavitt.
Sikkerheitsdepartementet i USA: Den drepne hindra agentar
Alex Pretti, som blei skoten og Drepen av føderale agentar i Minneapolis laurdag, var på staden i fleire minutt før skytinga, ifølge Det amerikanske sikkerheitsdepartementet (DHS). Immigrasjonspolitiet (ICE) og grensepolitiet (US Border Patrol) er begge er føderale etatar som ligg under DHS departement. – Han hindra føderale agentar i å pågripe ein ulovleg innvandrar, seier Gregory Bovino, sjefspatruljeagent i grensepolitiet på ein pressekonferanse.
Walz: Kan ikkje stole på føderale styresmakter i granskinga av dødeleg skyting
Guvernør i Minnesota, Tim Walz, seier delstaten ikkje kan stole på føderale styresmakter til å etterforske skytinga der ein amerikansk mann blei Drepen av føderale agentar i grensepolitiet. – Delstaten tak hand om dette, punktum, seier Walz. Han skuldar den føderale immigrasjonsmyndigheitene i delstaten for å «så kaos og vald».
FN: Minst 100 born drepne i Gaza sidan våpenkvila
Minst 100 born er drepne i luftangrep og vald i Gaza sidan byrjinga av våpenkvila i oktober, opplyser FN, melder AFP. – Det tilsvarar omtrent eitt born Drepen kvar dag under våpenkvila, seier James Elder, talsperson for FN sitt barneforbund Unicef..
Hundrevis av dronar mot Ukraina i natt
Russland sendte over 500 åtaksdronar mot mål i Ukraina i natt, seier utanriksministeren i landet. Åtaka råka ei rekkje byar, og minst to menneske blei drepne, ifølgje styresmaktene, melder nyheitsbyrået Reuters. Mellom anna blei ein person Drepen og 13 skadde i eit åtak mot hovudstaden Kyiv..
Vil stoppe all migrasjon frå «den tredje verda»
President Donald Trump seier at den amerikanske administrasjonen vil jobbe med å setje all migrasjon frå «den tredje verda» på pause. Han truga òg med å reversere «millionar» av opphaldsløyve som blei innvilga under Biden-administrasjonen, og å «fjerne alle som ikkje er eit netto gode for USA». Dette seier han etter at to nasjonalgardistar blei skotne, éin av dei også Drepen, i Washington D.
Minst ein Drepen på grensa mellom Thailand og Kambodsja
Kambodsja sin statsminister Hun Manet hevdar at thailandske soldatar skaut og drap ein person og tre personar er skadd, melder AFP. – Eg fordømmer bruken av vald frå thailandsk side mot kambodsjanske sivile i landsbyen Prey Chan, skriv statsministeren på Facebook. Også Thailand melder om samanstøyt langs grensa, melder AFP..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
