Mann drepen av føderale agentar i Minneapolis
    <description>Politisjef i Minneapolis, Brian O’Hara, opplyser til Minnesota Star Tribune at ein mann er skoten og drepen etter ein ny skyteepisode under en føderal immigrasjonsoperasjon i byen.
Vitne meldte om det fyrst laurdag morgon, ifølge lokale medium.
Personen som blei skoten, var væpna med eit skytevåpen, ifølge to tenestemenn i det amerikanske sikkerheitsdepartementet (DHS) som har uttalt seg til CBS News.</description>
Israel: opnar etterforsking etter at baby vart drepen
    <description>Laurdag vart ein sju månadar gammal palestinsk baby skoten og drepen på den okkuperte Vestbreidda.
Ein israelsk soldat skaut mot bilen guten sat i saman med foreldra sine, sjølv om bilen hadde stansa ved ein kontrollpost som dei fekk ordre om å gjere.
Det israelske forsvaret beklaga angrepet og no har dei starta etterforsking av hendinga, melder nyheitsbyrået AFP.</description>
Mohammad Tariq Wasiri (28) blei drepen i Arna
    <description>Det var 28 år gamle Mohammad Tariq Wasiri som blei drepen i Arna i Bergen søndag den 8. februar.
Wasiri og kona kom til Noreg i 2021, etter Taliban tok over makta i Afghanistan.</description>
18-åring varetektsfengsla etter skuleangrep i Sverige
    <description>18-åringen som er pågripen for skuleangrepet i Fagersta i Sverige blir varetektsfensla i fire veker, melder den svenske påtalemyndigheita.
Ei 17 år gammal jente vart drepen og tre andre elevar vart skadde då ein mann gjekk til angrep med sverd på ein vidaregåande skule fredag ettermiddag.
18-åringen var sjølv elev på skulen pg vart pågripen av politiet inne på skulen.</description>
To drepne i russiske angrep mot Ukraina
    <description>Minst ein person er drepen og 16 er såra etter eit omfattande russisk luftangrep mot Kyiv i Ukraina natt til torsdag, melder AFP.
Fleire bustadblokker og sivil infrastruktur fekk skadar i angrepa.
Også i Zaporizjzja-regionen søraust i Ukraina er ein person drepen i eit angrep natt til torsdag.</description>
Framleis varetektsfengsling etter sjukeheimsdrapet i Lyngen
    <description>Mannen som er sikta for å ha drepen ein bebuar på Lyngstunet helse- og omsorgssenter i Lyngen med kniv i november i fjor, er varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Nord-Troms og Senja tingrett avgjort.
Rettspsykiatrar har konkludert med at mannen mest sannsynleg var i ein psykotisk tilstand da drapshandlinga skjedde.</description>
Berlin-terror: Fann video på telefonen til gjerningsmann
    <description>Politiet i Tyskland har funne ein video på telefonen til Abdul Ballout, som var mistenkt for å ha køyrd ein varebil inn i ei folkemengde under pridefeiringa i Berlin fredag, melder Der Spiegel.
I videoen tek ein mann på seg ansvaret for angrepet, og sver truskap til IS.
Mannen er tildekt, men politiet meiner det truleg er Ballout som snakkar, skriv nyheitsmagasinet.</description>
Mistenkt i skyteepisode i Kyiv er drepen
    <description>Mannen som er mistenkt for å stå bak ei skyting i Kyiv laurdag, er drepen, melder Ukrainas innanrksminister Ihor Kymenko.
Minst to blei drepne og ti er skadde i skytinga.
Dei skadde, blant dei eitt barn, er frakta til sjukehus, opplyser Kyiv ordførar VItalij Klitsjko på Telegram.</description>
Fem drepne i skyting på Vestbreidda
    <description>Fire palestinarar blei skotne og drepne på den okkuperte Vestbreidda fredag, ifølge palestinske helsestyresmakter.
Israelske naudetatar seier også at ein israelar blei drepen, melder fleire nyheitsbyrå.
Skytinga skjedde i byen Tell.</description>
Sju drepne i ukrainsk droneåtak
    <description>Sju personar er drepne og 24 såra i eit ukrainsk åtak mot eit logistikksenter i byen Kotovsk i Russland.
– Sju arbeidarar i natturnus blei drepen då fiendtlege dronar trefte eit Wildberries-logistikksenter, seier guvernør Jevgenij Pervysjov i regionen Tambov laurdag morgon.
Laurdag morgon meldte ordførar i Moskva, Sergej Sobjanin, at over 350 dronar blei sendt mot Moskva-regionen natt til laurdag.</description>