Det er problem med bilen som blir brukt til av-ising. Per no veit eg ikkje så mykje meir enn det, seier Eivind Hammer Myhre, pressevakt i Widerøe. På vinterdagar med snø, sludd eller minusgrader, må is og snø fjernast frå flyets venger før take off. Bilen som blir brukt til dette på Førde Lufthamn, er altså ute av stand. Som følge av dette har det berre vore éi flyging frå Førde lufthamn søndag, og ingen ankomstar. Widerøe sine avgangar har i staden flydd til og frå Florø. Feilen får også konsekvensar for dei som har billett til første avgang måndag morgon, klokka 06.05. Dei også blir send til flyplassen i Florø. Widerøe sin pressevakt hadde ingen opplysningar om når bilen kan bli reparert, eller om fleire flygingar vil bli råka måndag.
Det er problem med bilen som blir brukt til av-ising. Per no veit eg ikkje så mykje meir enn det, seier Eivind Hammer Myhre, pressevakt i Widerøe.
På vinterdagar med snø, sludd eller minusgrader, må is og snø fjernas…