Fem skadde etter togulukke i Sveits
    <description>Fem personar er skadde etter at eit tog spora av i Sveits måndag. Ein av dei skadde er frakta til sjukehus, skriv AFP.
Årsaka skal vere eit snøskred.</description>
Fleire døde i snøskred i Italia
    <description>Fire personar er døde i ulike snøskred i dei italienske Alpane, melder fleire italienske medium.
Nysnø og stigande temperaturar har auka snøskredfaren.
Totalt har 14 personar blitt ramma av skred ulike stadar i området.</description>
Elv i Sveits opna igjen etter brekollaps
    <description>Lonza-elva i Sveits, som var blokkert av jord- og ismassar etter at delar av Birsch-breen kollapsa denne veka, renn som normalt igjen, melder styresmaktene.
Store delar av landsbyen Blatten blei heilt øydelagt. Det var lenge frykt for at fleire landsbyar nedover i dalen også skulle bli ramma.</description>
Kjemperas frå isbre i Sveits knuste bygd
    <description>Store mengder is, gjørme og stein raste ned frå ein isbre i dei sveitsiske alpane i dag.
Tidlegare i mai blei den vesle bygda Blatten med 300 innbyggjarar evakuert grunna rasfaren.
Raset i dag reiv med seg fleire hus, og det var enorme mengder av ulike material som kom ned dalen, seier lokale styresmakter til nyheitsbyrået Reuters.</description>
Snøstorm på Balkan: 200.000 hus utan straum
    <description>Over 200.000 hus i Bosnia-Hercegovina var onsdag utan straum for andre dag på rad etter ein snøstorm, melder Reuters.
Byar og landsbyar i nordvestlege og sentrale Bosnia opplevde straumbrot, ifølge landets kraftselskap.</description>
Isbreane i Alpene krympar i rekordfart som følge av hetebølgja
    <description>Alpenes isbrear er på veg til sine høgaste massetap på minst 60 år, viser data som er nyheitsbyrået Reuters har fått.
Ved å sjå på forskjellen i kor mykje snø som har falt om vinteren, og kor mykje is som smelter om sommaren, kan forskarane måla kor mykje ein isbre har krympa eit gitt år.
Sidan sist vinter, med relativt lite snøfall, har Alpene gått gjennom to store hetebølgjer på forsommaren, inkludert ein i juli prega av temperaturar nær 30 grader i den sveitsiske landsbyen Zermatt.</description>
Isbreulukke i Italia: Sju bekrefta omkomne
    <description>Redningsarbeidarar i dei italienske alpane leitar etter minst 17 sakna etter at deler av ein isbre losna og raste ned på ei gruppe fjellklatrarar søndag.
Sju personar er så langt funne omkomne og åtte blir behandla for skader etter ulukka, skriv NTB. Is og stein skal ha dundra nedover fjellsida i så høg fart som 300 kilometer i timen, ifølge italienske myndigheiter..</description>
Isbre kollapsa i italienske alpar – fleire døde
    <description>Femten personar var involverte idet ein isbre kollapsa i dei italienske alpane. Minst fem skal vere døde og ti skadde, melder det italienske nyheitsbyrået API.
Ulykka skjedde ved fjellet Marmolada, den høgste toppen i dei austlege Dolomittane.</description>
Isbre kollapsa i italienske alpar – fem døde
    <description>Femten personar var involverte idet ein isbre kollapsa i dei italienske alpane. Fem skal vere døde, melder AFP. 
Det skal vere rekordhøge temperaturar i området og fare for ytterlegare ras, skriv den italienske avisa Corriere delle Sera..</description>
Opnar tunnel på viktig Europabane
    <description>Den sveitsiske presidenten har fredag opna Ceneri-basetunnelen, som ho kallar «hjørnesteinen i den viktigaste togkorridoren mellom Nordsjøen og Middelhavet». Den 15,4 kilometer lange tunnelen gjer at tog kan passere alpane utan store stigingar..</description>