Utanriksministeren

Monday, 05 October, 10:02

Nyheter om Utanriksministeren

NRK - 23 jun 26 kl. 19:53

Ueinigheit om atominspeksjon i Iran

Tysdag ettermiddag uttalte president Donald Trump at inspektørar frå Det internasjonale atomenergibyråaet (IAEA) vil vere på plass i Iran på «eit passande tidspunkt.» Tidlegare same dag sa Utanriksministeren i Iran at landet ikkje ville la IAEA inspisere atomanlegg i landet. Dette var etter at visepresident i USA, J.

NRK - 12 mar 26 kl. 13:14

Osloarkivsaka: Ber Utanriksministeren vurdere politimelding

Kontrollkomiteen ber Utanriksministeren vurdere å melde til politiet det som kan vere ulovleg lagring av dei hemmelegstempla dokumenta som Økokrim fann i kjellarboda til diplomatekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul. – Teoretisk sett kan dette vere dokument som er særs viktige for nasjonen si sikkerheit, og då er det ganske alvorleg lovbrot vi snakkar om. Det er ikkje unaturleg dersom Utanriksdepartementet går for å melde dette til politiet, seier komitéleiar Per-Willy Amundsen (Frp) til NRK.

NRK - 19 dec 25 kl. 14:29

Trur fengsla svensk journalist framleis er i live

Journalisten Dawit Isaak, som er svensk statsborgar som blei fengsla i Eritrea for 24 år sidan, skal vere i live, ifølge den svenske Utanriksministeren Maria Malmer Stenegard (M), melder SVT. Stenegard besøkte nyleg Eritrea som første svenske minister sidan Sverige godkjende Eritrea som eige land i 1993. Besøket skal ha auka sjansane for at Isaak blir sett fri, men Utanriksministeren seier ifølge den svenske kringkastaren ikkje noko kvifor å meiner den svenske journalisten framleis lever..

NRK - 13 feb 26 kl. 08:59

Samtalar om Grønland mellom Danmark og USA

Danmarks statsminister Mette Frederiksen skal etter planen møte USAs utanriksminister Marco Rubio for å diskutere Grønland under tryggingskonferansen i München i Tyskland, skriv Reuters. Torsdag blei det stadfesta at også statsminister Jonas Gahr Støre skal møte Rubio. Han skal ta opp situasjonen i Ukraina med Utanriksministeren..

NRK - 09 feb 26 kl. 07:57

Storbritannia krev at Jimmy Lai blir sett fri

Den britiske Utanriksministeren Yvette Cooper krev at Jimmy Lai blir sett fri, melder Reuters. Kina-kritikaren og demokratiforkjemparen blei natt til måndag dømd til 20 år i fengsel i Hongkong. Lai, som er britisk statsborgar, har avvist skuldingane, og sa i retten at han er ein politisk fange som blir utsett for forfølging av Kina..

NRK - 13 jan 26 kl. 06:49

Eide i tilfluktsrom under russiske angrep i Kyiv

Utanriksminister Espen Barth Eide er på besøk i Ukraina. Natt til tysdag har det vore russiske angrep mot Kyiv – noko Utanriksministeren fekk erfart. – Vi både høyrde eksplosjonar og var delar av natta i tilfluktsrom i kjellaren.

NRK - 03 dec 25 kl. 09:11

Belgia framleis kritisk til Ukraina-plan

Belgia seier dei framleis ikkje er nøgde med EU-planen om å gje frosne russiske pengar til Ukraina. Pengane står på konto i Belgia, og landet er uroa for å bryta ulike lover, dersom dei frigjev pengane. Utanriksminister Maxime Prevot seier EU ikkje har teke noko omsyn til dei belgiske innvendingane.

NRK - 29 nov 25 kl. 07:54

Hundrevis av dronar mot Ukraina i natt

Russland sendte over 500 åtaksdronar mot mål i Ukraina i natt, seier Utanriksministeren i landet. Åtaka råka ei rekkje byar, og minst to menneske blei drepne, ifølgje styresmaktene, melder nyheitsbyrået Reuters. Mellom anna blei ein person drepen og 13 skadde i eit åtak mot hovudstaden Kyiv..

NRK - 18 nov 25 kl. 12:36

Næringsminister og Utanriksministeren til Brussel

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) opplyser på ei pressekonferanse at dei reiser til Brussel onsdag. Det etter at EU innførte toll på jernlegeringar tysdag. Reaksjonane har vore mange etter toll-vedtaket..

NRK - 18 nov 25 kl. 12:36

Næringsministeren og Utanriksministeren til Brussel

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) opplyser på ei pressekonferanse at dei reiser til Brussel onsdag. – For oss er det viktig at vi er tett integrerte i europeiske verdikjeder. Det ønsker vi å ta vidare.

NRK - 26 sep 25 kl. 05:02

Eide: – FN er viktigare kanskje enn nokon gong.

– FN er viktigare kanskje enn nokon gong. Det sa utanriksminister Espen Barth Eide, då han heldt Noreg sitt innlegg i FN si hovudforsamling i natt. FN fyller 80 år – det skjer samstundes som organisasjonen som samlar alle land i verda er i krise, meiner Eide.

NRK - 19 sep 25 kl. 16:44

FN stemte ned forslag om å oppheve sanksjonane mot Iran

FNs tryggingsråd stemte ned eit forslag om å permanent oppheve sanksjonane mot Iran, melder nyheitsbyrået Reuters. Fire land støtta forslaget, ni stemte imot og to avstod. Vestlege land meiner Iran har brote atomavtalen frå 2015 og ikkje samarbeider godt nok med atomenergibyrået IAEA.

NRK - 25 aug 25 kl. 16:56

Lammy er «rysta» over Israel sitt angrep

Den britiske Utanriksministeren David Lammy er forferda over hendinga i Gaza, melder AFP. – Eg er rysta over Israel sitt angrep mot Nasser-sjukehuset. Sivile, helsearbeidarar og journalistar må bli beskytta.

NRK - 22 aug 25 kl. 19:15

Barth Eide om Gaza: – Det er hungersnaud

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) meiner at Israel «bryt alle reglar i boka med forma for krigføring dei har valt», melder NTB. – Det finst knapt ord for å skildre det som skjer no. Det er hungersnaud, seier Utanriksministeren til NTB.

NRK - 06 jul 25 kl. 09:57

Anna Lindhs drapsmann får permisjon

Mannen som drap den svenske Utanriksministeren Anna Lindh i 2003, Mijailo Mijailovic har fått innvilga ein mellombels luftehullspermisjon frå fengselet. Det melder Aftonbladet. Lindh, som sat i regjeringa til Göran Persson for Socialdemokraterna, blei knivdrepen medan ho var på handletur i Stockholm.

NRK - 30 maj 25 kl. 12:26

Tyrkia ønsker direktemøte mellom Putin, Trump og Zelenskyj

Tyrkias utanriksminister Hakan Fidan foreslår at Donald Trump, Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj i Istanbul. Fidan har tidlegare møtt Putin i Moskva, før han møtte den ukrainske Utanriksministeren Andrij Sybiha fredag. Det er venta at han også skal møte Zelenskyj i løpet av fredagen.

NRK - 10 maj 25 kl. 09:09

Utanriksministeren til NRK: – Ei opptrapping me ikkje har sett på veldig lenge

Espen Barth Eide (Ap) skildrar situasjonen i Kashmir som «svært bekymringsfull» etter angrep frå både Pakistan og India natt til laurdag. – Det er ei opptrapping som me ikkje har sett på veldig lenge, seier han til NRK. Særleg åtaka i Rawalpindi, rett ved den pakistanske hovudstaden Islamabad, ser han som eit nytt nivå i konflikten – fordi det ligg så langt inn i landet.

NRK - 13 apr 25 kl. 15:16

Storbritannias utanriksminister fordømmer angrep i Gaza

Den britiske Utanriksministeren David Lammy fordømmer Israels angrep på sjukehus i Gaza, melder Reuters. – Ahli Arab-sjukehuset er angripe fleire gongar sidan krigen starta. Desse fryktelege angrepa må ta slutt.

NRK - 06 mar 25 kl. 08:09

Barth Eide utelukkar ikkje Rwanda-sanksjonar

Noreg vurderer å innføre sanksjonar mot Rwanda, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK. Bakgrunnen er det den norske Utanriksministeren meiner er omfattande støtte frå Rwanda til M23. Også FN-rapportar og fleire observatørar meiner dette.

NRK - 26 feb 25 kl. 11:55

Russland og USA skal møtast i Tyrkia

Russiske og amerikanske delegasjonar vil møtast i Istanbul, Tyrkia på torsdag for å diskutere korleis dei kan gjenopprette diplomatisk arbeid, sa den russiske Utanriksministeren Sergei Lavrov. Det melder Reuters. Moskva har ikkje hatt ein ambassadør i Washington sidan den førre utsendingen, Anatoly Antonov, forlét stillinga si i oktober i fjor.

NRK - 19 feb 25 kl. 13:19

Eide: – Vi europearar skal leve med konsekvensane

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) tilbakeviser onsdag Donald Trump sin påstand om at det var Ukraina som starta krigen i landet. – Det er ingen tvil om at det var Russland som starta denne krigen. Det er dei som har okkupert Krim.

NRK - 14 jan 25 kl. 15:44

Noreg set inn fire tiltak for å sikre undersjøisk infrastruktur

Noreg, USA, i tillegg til dei nordiske og baltiske landa har blitt einige om fire tiltak for å auke tryggleiken for undersjøisk infrastruktur. Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) understrekar at betre samarbeid med privat sektor er sentralt i arbeidet. – For Noreg, som har fleire tusen kilometer med undersjøiske kablar er det svært viktig å motverke angrep på infrastrukturen på havbotnen, legg Utanriksministeren til.

NRK - 03 jan 25 kl. 08:31

Utanriksministrane i Frankrike og Tyskland er i Syria

Frankrikes utanriksminister Jean-Noel Barrot og den tyske Utanriksministeren Annalena Baerbock er fredag i Syria for å møte den nye leiaren Ahmed al-Sharaa i Damaskus, melder fleire nyheitsbyrå. Dei er dei første utanriksministrane frå EU som besøker Syria etter maktovertakinga. Dei reiser til landet på vegner av EUs utanrikssjef Kaja Kallas..

NRK - 16 nov 24 kl. 15:39

Baku: Tvinnereim møtte politisk fange

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) møtte laurdag den politiske fangen Gubad Ibadoghlu utanfor hovudstaden Baku. Ibadoghlu er ein kjend akademikar, opposisjonspolitikar og menneskerettsforkjempar som sit i husarrest i heimen sin. Han har blant anna analysert korrupsjon olje- og gass-sektoren i Aserbajdsjan og andre tidlegare sovjetrepublikkar.

NRK - 12 okt 24 kl. 10:00

Barth Eide: Den humanitære situasjonen i Gaza vert forverra dramatisk

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er bekymra for den humanitære sitiasjonen på Gaza. – I over eitt år har folket i Gaza levd i frykt for døden og med store øydeleggingar. Samstundes som mykje merksemd er retta mot Libanon og ei mogleg opptrapping i regionen, held krigen i Gaza fram med full styrke, og den humanitære situasjonen blir dramatisk verre, seier Barth Eide i ei uttale til NTB.

NRK - 07 okt 24 kl. 16:31

Storbritannia: Falklandsøyane og Gibraltar skal halde fram med å vere britisk

Etter at Storbritannia førre veke vart samde med Mauritius om å gje tilbake Chagosøyane, reagerte den argentinske Utanriksministeren Diana Mondino med å seie at Argentina ville vinne tilbake full suverenitet over Falklandsøyane, melder nyheitsbyrået AFP. Øyane ligg i Sør-Atlanterhavet og har sidan 1982 vore britiske oversjøiske territoriet. Den britiske regjeringa understreka måndag at suvereniteten til Falklandsøyane og Gibraltar ikkje er eit forhandlingstema.

NRK - 07 okt 24 kl. 15:53

Frankrike: Tida inne for diplomati

– Israels tryggleik kan ikkje berre sikrast med militærmakt, men krev ei diplomatisk løysing, sa Utanriksministeren til Frankrike, Jean-Noel Barrot. Det uttala Barrot under makeringa av eitt-årsdagen sidan terroråtaket på Israel frå Hamas. – For å bringe gislane heim til sine kjære og la dei som er fordrivne kome heim igjen i nord, etter eit år med krig, er tida inne for diplomati, skal ha sagt melder nyhetitsbyrået Reuters..

NRK - 23 jul 24 kl. 11:09

Utanriksministeren i Ukraina på besøk i Kina

Tysdag er den ukrainske Utanriksministeren Dmytro Kuleba på besøk i Kina for å diskutera korleis Kina kan bidra til å avslutta krigen med Russland. Det melder NTB. Det er første gong Kuleba besøker Kina sidan krigen i Ukraina starta i 2022.

NRK - 29 aug 24 kl. 15:34

Palestinakomiteen vil ha sanksjonar mot Israel

I ei pressemelding skriv organisasjonen at Noreg bør følgje andre land som sanksjonerer Israel. – Noreg må fordømme drapa på sivile og følgje opp initiativet frå EU og Irland om sanksjonar, seier Line Khateeb, leiar av Palestinakomiteen i Noreg. EUs utanrikssjef Josep Borrell har fordømt valden mot palestinarar på den okkuperte Vestbreidda og føreslått sanksjonar mot israelske ministrar som gjer det mogleg for busetjarar å gå til åtak på palestinarar.

NRK - 29 aug 24 kl. 15:34

Palestinakomiteen ber Noreg sanksjonere Israel

– Noreg må fordømme drapa på sivile og følgje opp initiativet frå EU og Irland om sanksjonar, seier Line Khateeb, leiar av Palestinakomiteen i Noreg. EUs utanrikssjef Josep Borrell har fordømt valden mot palestinarar på den okkuperte Vestbreidda og føreslått sanksjonar mot israelske ministrar som gjer det mogleg for busetjarar å gå til åtak på palestinarar. Utanriksministeren til Irland uttala torsdag at landet vil støtte forslaget til Borrell.

NRK - 21 jun 24 kl. 20:01

USA fordømmer samarbeid mellom Russland og Nord-Korea

I ein samtale med den sørkoreanske Utanriksministeren, fordømmer den amerikanske Utanriksministeren Antony Blinken avtala mellom Putin og Jong Un, skriv Reuters. Det var tidlegare denne veka at Nord-Koreas leiar Kim Jong-un og Russlands president Vladimir Putin signerte ein omfattande partnaravtale. Det skjedde då Putin var på besøk i Nord-Korea.

NRK - 20 aug 24 kl. 13:23

Samtalar om våpenkvile i Egypt

Presidenten i Egypt, Abdel Fatah Al-Sisi åtvarar tysdag om at konflikten mellom Israel og Hamas, kan utvide seg regionalt på ein måte som er «vanskeleg å førestille seg» under eit møte med Utanriksministeren til USA. Det melder Reuters. Antony Blinken er på reise i Midtausten denne veka for å vere med på samtalar om våpenkvile mellom Israel og Hamas.

NRK - 19 aug 24 kl. 07:38

Blinken: – Kan vere siste sjanse for våpenkvile i Gaza

– Dette er eit avgjerande augeblikk. Truleg den beste, kanskje den siste, moglegheita til å få heim gislane og få til ei våpenkvile og setje alle på ein betre veg mot varig fred og tryggleik. Det sa Utanriksministeren til USA, Antony Blinken som er på besøk i Israel for å få på plass ei våpenkvile mellom Israel og Hamas, melder nyheitsbyrået AFP.

NRK - 19 aug 24 kl. 00:01

Biden seier våpenkvile «framleis er mogleg»

USAs president Joe Biden seier at våpenkvile i Gaza «framleis er mogleg» sjølv om Netanyahu og Hamas skuldar kvarandre for å hindra ein våpenkvileavtale. Det skriv nyheitsbyrået AFP. Tidlegare i helga sa Hamas at Joe Bidens optimistiske skildringar av våpenkvilesamtalane ikkje stemmer med verkelegheita.

NRK - 16 aug 24 kl. 14:37

Fordømmer busettarvald på Vestbreidda

EUs utanrikssjef Josep Borrell vil foreslå sanksjonar mot israelske ministrar som gjer det mogleg for busettarar å gå til angrep på palestinarar, melder AFP. Torsdag skal ein palestinar ha blitt drepne då israelske sivile gjekk til angrep på landsbyen Jit på Vestbreidda. Også den franske Utanriksministeren Stéphane Séjourné fordømmer angrepet, melder Reuters.

NRK - 03 aug 24 kl. 16:22

USA og Storbritannia ber innbyggarar forlate Libanon

Både USA og Storbritannia ber eigne statsborgarar forlate landet så snart som råd, melder AFP. Dei fryktar striden mellom Israel og Hizbollah skal utvikle seg til full krig. Den amerikanske ambassaden har sendt ut ei melding om at amerikanarar bør bestille første ledige flybillett, sjølv om det ikkje følger ruta som er førstevalet.

NRK - 02 aug 24 kl. 01:41

USA: Overveldande bevis for at opposisjonen vant

USA avviser valresultatet i Venezuela, etter at president Nicolás Maduro tidlegare denne veka erklærte seg som valvinnar. Den amerikanske Utanriksministeren Antony Blinken seier i kveld at det er overveldande bevis for at opposisjonen sin presidentkandidat, Edmundo Gonzalez Urrutia, er den eigentlege vinnaren, melder AFP. Høgsterett i landet har no bede kandidatane om å legge fram sine røystetal.

NRK - 31 jul 24 kl. 07:54

Fordømmer drapet på Hamas-topp

Tyrkias utanriksminister Hakan Fidan kallar drapet på Hamas-leiaren Ismail Haniyeh skamfullt, og seier det viser at Israel ikkje har eit mål om å skape fred, melder Reuters. Haniyeh blei drepen i eit angrep medan han var på besøk i Teheran i Iran, opplyser Hamas i ei fråsegn. Også den russiske Utanriksministeren Sergej Lavrov fordømmer drapet, som han omtaler som eit politisk drap, ifølge det russiske statlege nyheitsbyrået Ria.

NRK - 25 maj 24 kl. 10:01

Italia tek opp att støtte til palestinske flyktningar

Italia startar opp att støtta til FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA). Det melder NTB. Støtta stoppa etter at Israel skulda nokre av UNRWAs 13.

NRK - 22 maj 24 kl. 15:29

Frankrike: Forholda er ikkje riktige for å anerkjenne ein palestinsk stat

– Frankrike reknar ikkje at forholda ennå er oppfylt for at ein slik avgjerd skal ha ein reell innverknad. Det er Reuters som melder at den franske Utanriksministeren Stéphane Séjourné skal ha uttala seg etter eit møte med den israelske Utanriksministeren Israel Katz..

NRK - 21 jun 24 kl. 18:56

FN: Bekymring over spenninga mellom Israel og Hizbollah

FNs utanriksjef, Josep Borrell skriv på X at han snakka med Utanriksministeren på Kypros etter at leiaren for Hizbollah tidlegare denne veka truga Kypros. Hizbollah skulda landet for å tillate territoriet sitt å vere brukt av det israelske militæret og åtvara om at Kypros vert eit legitimt mål om det vert ein fullskala krig mellom seg sjølv og Israel . Borrell uttrykte si «bekymring for aukande spenningar mellom Libanon og Israel».

NRK - 21 jun 24 kl. 18:56

FN er bekymra over spenninga mellom Israel og Hizbollah

FNs utanriksjef, Josep Borrell skriv på X at han snakka med Utanriksministeren på Kypros etter at leiaren for Hizbollah tidlegare denne veka truga Kypros. Hizbollah skulda landet for å tillate territoriet sitt å vere brukt av det israelske militæret og åtvara om at Kypros vert eit legitimt mål om det vert ein fullskala krig mellom seg sjølv og Israel . Borrell uttrykte si «bekymring for aukande spenningar mellom Libanon og Israel».

NRK - 31 maj 24 kl. 10:39

Eide: – Det er ikkje nok å berre hjelpe Ukraina

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Praha i samband med eit utanriksministermøte i Nato. I forkant av møtet opna generalsekretær Jens Stoltenberg opp for at Ukraina kan bruke Nato-våpen til å angripe militære mål i Russland. På spørsmål frå NRK om Europa kan vente seg russiske sabotasjeaksjonar som reaksjonar på dette, seier Eide at dette allereie går føre seg: – Eg snakka med ei rekke kollegaar i går kveld som skildra ganske alvorlege eksempel på det.

NRK - 21 maj 24 kl. 13:29

Kallar tilbake ambassadør frå Argentina permanent

Utanriksministeren i Spania José Manuel Albares har permanent tilbakekalla landets ambassadør til Argentina. Landet har skulda Argentinas president Javier Milei for å ha fornærma Spania og statsministeren i landet. Milei var for kort tid sidan i Spania og deltok som gjest på landsmøtet til det spanske ytre høgre-partiet Vox..

NRK - 21 maj 24 kl. 09:40

Italias utanriksminister: Uakseptabelt å samanlikne Hamas og Israel

Utanriksministeren i Italia, Antonio Tajani seier det er «uakseptabelt» av aktoratet i Den internasjonale domstolen (ICC) å samanlikne Israel med Hamas, skriv AFP. – Ver forsiktig så ein ikkje legitimerer anti-israelske posisjonar som kan gi næring til antisemittiske fenomen, sa han til den italienske avisa Corriere della Sera. Reaksjonen kjem etter at sjefsanklager Karim Khan har bedt om arrestordre på statsministeren og forsvarsministeren i Israel, i tillegg til Hamas-leiar Yahya Sinwar..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com