Usemje

Sunday, 20 September, 23:00

Nyheter om Usemje

NRK - 07 jan 26 kl. 04:36

LO og NHO går saman

LO og NHO går saman for å presse politikarane til å finne løysingar på store samfunnsutfordringar. Det skriv VG, på det som er dagen for NHO sin årlege årskonferanse. I fjor boikotta dåverande LO-leiar Peggy Hessen Følsvik på grunn av Usemje med NHO om sjukelønsordninga.

NRK - 02 okt 25 kl. 11:31

Lofotposten: Språkrådet seier nei til Lofoten kommune

Språkrådet seier nei til å la Vestvågøy og Moskenes kommune bruke namnet «Lofoten kommune» åleine, melder Lofotposten. Reaksjonane har vore delte etter at dei to av totalt seks kommunar i regionen ville slå seg saman og bruke Lofoten som kommunenamn. – Det er tonedøvt og veldig uklokt å lansere eit forslag ein veit kjem til å skape Usemje og tastaturkriging, har Lena Hamnes, fylkestingrepresentant for Ap, tidlegare sagt til NRK.

NRK - 22 aug 25 kl. 20:28

Nederland sin utanriksminister trekker seg etter Usemje om Israel

Nederland sin utanriksminister, Caspar Veldkamp, trekker seg frå regjeringa etter at det ikkje blei einigheit om Israel-sanksjonar, melder NTB. – Eg ser at eg ikkje er i stand til å sette i verk ytterlegare meiningsfulle tiltak for å auke presset på Israel, seier Veldkamp ifølge nyheitsbyrået ANP fredag kveld. Den nederlandske regjeringa har sete i eit fleire timar langt møte om sanksjonar mot Israel..

NRK - 06 jun 25 kl. 14:20

Trump seier han ikkje er særleg interessert i å snakke med Musk

I eit telefonintervju med amerikanske ABC News seier Donald Trump at hans tidlegare rådgivar og milliardær Elon Musk «har blitt gal» og at han ikkje er særleg interessert i å snakke med han. Førre veke gjekk Musk ut av politikken og presidenten takka han for innsatsen. Då var det tilsynelatande god stemning, trass i rykte om Usemje mellom dei.

NRK - 18 maj 25 kl. 15:52

Vance: Europa er ein viktig alliert, men vi er usamde om handel

USAs visepresident J.D. Vance uttalte i Roma at Europa er ein viktig alliert for USA, men at det finst Usemje mellom partane når det gjeld handelspolitikk.

NRK - 24 jan 25 kl. 07:58

Vedum rikkar seg ikkje

Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum rikkar seg ikkje etter krisemøta om straumstriden i regjeringa torsdag. – Vi meiner det er feil å innføre den pakken, seier han til VG. Han seier det blir nye møter mellom regjeringspartia i neste veke der dei skal drøfte EU-direktiva det er Usemje om..

NRK - 01 jan 25 kl. 12:48

Birgit Skarstein legg opp

1. januar annonserte roaren Birgit Skarstein at ho legg opp. Planen var i utgangspunktet å legge opp etter VM i Shanghai til sommaren, men på grunn av Usemje om prinsipp med Roforbundet har trønderen landa på å gi seg nå.

NRK - 29 apr 24 kl. 09:26

Skottlands førsteminister kan gå av måndag

Førsteminister i Skottland Humza Yousaf vurderer å gå av no i staden for å gå gjennom to mistillitsforslag i løpet av veka, skriv BBC. Men han har ikkje teke noko avgjerd, ifølge kringkastaren. Yousaf leiar Det skotske nasjonalistpartiet (SNP).

NRK - 28 apr 24 kl. 16:15

Kan bli stor butikkstreik tysdag

Sundag starta meklinga mellom Virke og Handel og Kontor (HK) hos Riksmeklaren. Fristen er sett til midnatt til 30. april.

NRK - 05 jan 24 kl. 16:22

Det kvite hus ser mørkt på moglegheita for å unngå nedstenging

Budsjettsjefen i Det kvite hus seier ho ikkje er optimistisk med tanke på å kome til ein avtale for å unngå ei delvis nedstenging av statsapparatet i januar. – Eg vil ikkje seia pessimistisk, men eg er ikkje optimistisk, sa Shalanda Young på ein pressekonferanse fredag. Ho viste mellom anna til ein tur republikanarar frå Representanthuset denne veka har gjennomført til grensa mellom USA og Mexico, og kommentarar frå nokre representantar som tok til orde for ei delvis nedstenging.

NRK - 27 nov 23 kl. 13:56

Gransking tyder på at eit palestinsk missil trefte al-Ahli-sjukehuset

Det har vore Usemje rundt kven som stod bak eksplosjonen ved al-Ahli-sjukehuset i Gaza 19. oktober. Hamas hevdar at det var eit israelsk angrep, medan Israel peikte mot den palestinske, militante gruppa Islamsk heilag krig.

NRK - 26 feb 23 kl. 08:10

Drosjesjåfør sette seg på passasjer som ikkje ville betale

Politiet i Bergen fekk to meldingar like før midnatt frå drosjesjåførar som sleit med passasjerane sine. I Fana utløyste ein sjåfør naudalarmen i drosjen fordi det var amper stemning i bilen. På Nøstet enda ei Usemje om betaling med at drosjesjåføren sette seg på passasjeren.

NRK - 30 nov 22 kl. 18:06

Kommunaldirektøren går av etter barnevernsskandale

Tommy Johansen trer av som kommunaldirektør for Byrådsavdeling for barnevern og sosiale tenester i Bergen, melder kommunen. Det er avdekt alvorleg svikt i barnevernet i Bergen, og i starten av oktober gjekk byrådet av som følgje av skandalen. Tidlegare har også barnevernsdirektøren gått av.

NRK - 19 nov 22 kl. 21:31

Klimatoppmøtet på overtid

Klokka 21 norsk tid skulle det vore eit avsluttande møte med alle delegasjonane under klimatoppmøtet i Egypt. Det skjedde ikkje. – Vi er kraftig på overtid.

NRK - 04 nov 22 kl. 10:02

Det blir ikkje val i Nord-Irland i desember

Britiske styresmakter har avgjort at det ikkje blir val i Nord-Irland i desember eller tidlegare. Eit nyval må haldast innan midten av januar. Britanes Nord-Irland-minister Chris Heaton-Harris, seier han skal informere Parlamentet i neste veke.

NRK - 16 mar 22 kl. 15:45

Lekka notat om Usemje i regjeringa

Filter Nyheter har avdekkja Usemje innanfor regjeringa om arbeider med å få forsendelser med beredskapsutstyr raskt fram i den akutte situasjonen i Ukraina. Statsrådar i regjeringa synest, ifølgje lekkasjane, sjølv å meine at avgjerdene går for tregt og etterlyser «smidige avgjerdsprosessar». – Dersom lekkasja til filter nyheiter stemmer er det oppsiktsvekkande.

NRK - 21 feb 22 kl. 13:49

Britisk regjeringsmøte utsett

Eit møte i den britiske regjeringa blei utsett på ti minutts varsel. Tema for møtet var fjerning av koronatiltak i Storbritannia. Det har vore spekulert i om det kan vere Usemje i regjeringa om fjerninga av tiltak.

NRK - 09 nov 21 kl. 06:06

Usemje om kvotehandel i Glasgow

På klimatoppmøtet i Glasgow prøver klima- og miljøminister Espen Barth Eide å få landa til å bli samde om nye reglar for kjøp og sal av klimakvotar. Men Usemje mellom fattige og rike land er blant problema som står i vegen for å finna ei løysing..

NRK - 18 okt 21 kl. 10:14

Vil finne ei løysing

– Vi er innstilt på å gå ut av vår posisjon og strekke oss langt for å finne ei løysing som kan avslutte streiken, seier Anne-Kari Bratten administrerande direktør i Spekter. Måndag vart 80 nye tilsette ved Nationaltheatret i Oslo tatt ut i streik, då vil 891 kulturarbeidarar ved 15 ulike institusjonar vere i streik. Bakgrunnen for streiken er Usemje i pensjonsutbetaling for kvinner, samanlikna med mennene si ordning.

NRK - 29 sep 21 kl. 18:24

Lysbakken om grunnane til brotet

Lysbakken listar opp Usemje om skatt, profittfritt velferd, plan for klimautslepp og leitepolitikk som grunnane til SVs brot i regjeringsforhandlingane. – Det er konkrete ting. Og dei sakene vi har snakka mest om under valkampen, sa han.

NRK - 23 jul 21 kl. 19:08

Ein aserbajdsjansk soldat drepen

Ein soldat frå Aserbajdsjan blei drepen og tre soldatar frå Armenia såra under ein trefning mellom styrkar frå dei to landa i Kaukasus. Landa utkjempa i fjor ein seks vekers lang krig som tok livet av rundt 6500 mennesker, utløyst av Usemje om grenseregionen Nagorno-Karabakh..

NRK - 23 jul 21 kl. 19:08

Aserbajdsjansk soldat drepen

Ein soldat frå Aserbajdsjan blei drepen og tre soldatar frå Armenia såra under ein trefning mellom styrkar frå dei to landa i Kaukasus. Landa utkjempa i fjor ein seks vekers lang krig som tok livet av rundt 6500 menneske, utløyst av Usemje om grenseregionen Nagorno-Karabakh. Det er i det siste meldt om fleire trefningar langs grensa, og det er aukande frykt for at det kan utvikle seg til noko meir..

NRK - 19 feb 21 kl. 18:05

Usemje om rusreforma

Det er Usemje i Norges Sykepleierforbund om rusreforma, melder NTB. Medan leiar Lilli Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund uttrykker full støtte til rusreforma som er føreslått, er leiaren for helsesjukepleiarane, Ann Karin Swang, skeptisk..

NRK - 02 sep 20 kl. 21:16

Har starta regjeringsforhandlingar

Den nye statsministeren i Libanon, Mustafa Adib, har innleia regjeringssamtalar med dei ulike blokkene i landets nasjonalforsamling. – Dagens konsultasjonar syner at det er meir felles grunnlag enn Usemje, sa han onsdag kveld ifølge nyheitsbyrået AP..

NRK - 29 jul 20 kl. 06:04

Lang veg til semje om krisepakke

Det er framleis Usemje i USA etter to dagar med forhandlingar om ein ny koronakrisepakke, melder AFP. Republikanarane la måndag fram sitt forslag om ein ny pakke på 1.000 milliardar dollar, mens demokratane vil legge fram tre gongar så mykje..

NRK - 19 jul 20 kl. 09:07

– Mogleg med ingen avtale

Forbundskanslar i Tyskland, Angela Merkel, seier det er mogleg at det ikkje kjem ein avtale ut av EU-møtet sundag. Ho seier også at det er mykje godvilje på møtet mellom leiarane i EU-landet, men at det også er Usemje..

NRK - 18 jul 20 kl. 09:33

Det kjem «nye forslag» laurdag

Leiarane i Europa skal verte presentert for «nye forslag» laurdag, då møtet enda i Usemje fredag, melder nyheitsbyrået AFP. På agendaen står mellom anna ei krisepakke for å hjelpe landa gjennom koronakrisa..

NRK - 27 mar 20 kl. 07:15

Xi: USA og Kina må samarbeide

Kina og USA bør slå seg saman i kampen mot viruset, sa president Xi i ein samtale med president Donald Trump i dag. Dei to landa har vore i Usemje dei siste vekene, men Xi sa til Trump at han ønsker å dele all informasjon og erfaring med USA..

NRK - 27 dec 19 kl. 17:57

Tyske kabintilsette ut i streik

Tyske kabintilsette i Lufthansa sitt lågprisflyselskap, Germanwings, går ut i streik frå og med mondag 30. desember til og med nyttårsaftan, melder Reuters. Streiken kjem etter månadar med Usemje mellom fagforeininga og Lufthansa om blant anna løn..

NRK - 19 aug 19 kl. 20:49

Ville påverke protestane i Hongkong

Kina skal ha brukt falske Twitter-kontoar for å forsøke å skape politisk Usemje, inkludert å undergrave legitimiteten og dei politiske standpunkta til protestbeveginga i Hongkong, opplyser det sosiale mediet..

NRK - 07 maj 19 kl. 10:56

Ingen felleserklæring

Utanriksministrane i dei åtte landa i Arktisk råd greidde ikkje å samle seg om ei felleserklæring under ministermøtet i dag. Usemje om formuleringane som gjaldt klima var årsaka. Det er første gong eit ministermøtet ikkje vedtar ei felleserklæring..

NRK - 07 maj 19 kl. 10:56

Ingen felleserklæring i Arktisk råd

Utanriksministrane i dei åtte landa i Arktisk råd greidde ikkje å samle seg om ei felleserklæring under ministermøtet i dag. Usemje om formuleringane som gjaldt klima var årsaka. Det er første gong eit ministermøtet ikkje vedtar ei felleserklæring..

NRK - 09 apr 19 kl. 17:03

Solberg nøgd etter Putin-møte

Statsminister Erna Solberg syntes tysdagens møte med Russlands president Vladimir Putin var vellukka. – Vi diskuterte næringssamarbeid, barentssamarbeid og arktisk samarbeid. Eg meiner vi har eit godt samarbeid trass i Usemje i fleire saker, sa ho..

NRK - 26 mar 19 kl. 13:05

Ny lov om opphavsrett i EU

Europaparlamentet godkjente tysdag ei kontroversiell lov om opphavsrett. Lova gjev meir makt til nyheitsformidlarar og plateselskap, og mindre for nettgigantar som Google og Facebook, skriv AFP. Det var stor Usemje i parlamentet før vedtaket..

NRK - 20 feb 19 kl. 05:45

Usemje om snittmåling

Trygg Trafikk og Tranportøkonomisk institutt reagerer på forslag om å fjerne fotoboksar med snittmåling..

NRK - 24 jan 19 kl. 16:35

Usemje rundt vegvesen-kontor

Regjeringa kan legge ned mange av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar. Men fersk regjeringspartnar KrF varslar kamp for distrikta..

NRK - 22 jan 19 kl. 18:22

Usemje om tidsskriftsavtale

Norske universitet og høgskular forhandlar på overtid for å få på plass ei avtale med forlaga som forsyner dei med forskingstidsskrift, skriv Universitas. Noreg betalar over 300 millionar i året for abonnementa, slik modellen er no..

NRK - 18 okt 18 kl. 11:11

Bellona si nye leiargruppe på plass

Ny leiing er på plass i miljøorganisasjonen Bellona. Leiargruppa består av Frederic Hauge som dagleg leiar, Erle Kristin Wagle, Pierre Herbern og Pål Brun. Heile leiargruppa, med unntak av grunnleggar Frederic Hauge, gjekk av på grunn av Usemje..

NRK - 11 jul 18 kl. 17:30

Stoltenberg stadfestar Usemje

Nato-sjef Jens Stoltenberg stadfestar at det er Usemje mellom USA og europeiske land i organisasjonen, men seier at dei på toppmøtet har teke avgjerder som vil bringe forsvarsalliansen framover..

NRK - 27 sep 18 kl. 10:17

Erdogan til Tyskland

Tyrkias president Recep Tayyip Recep reiser torsdag på sitt første statsbesøk til Tyskland. Det har vore eit spent forhold mellom dei to landa på grunn av Usemje rundt flyktningstraumen i Europa. Målet med turen er å redusere denne spenninga..

NRK - 22 sep 18 kl. 03:08

Krangla om musikkval og krasja

Usemje om kva slags musikk som skulle spelast på stereoen, skal ha vore årsak til at ein bil køyrde av vegen og inn i ein lyktestolpe i Rogaland fredag kveld. Passasjeren lente seg over fører for å få tak i mobilen for å byte musikken..

NRK - 26 aug 18 kl. 04:26

Sikkerheitsrådgjevaren går av

Den nasjonale sikkerheitsrådgjevaren i Afghanistan, Hanif Atmar, går av grunna alvorleg Usemje med regjeringa. Det melder NTB. President Ashraf Ghani har akseptert oppseiinga og erstattar han med landets ambassadør i Afghanistan, Hamdullah Mohib..

NRK - 26 mar 18 kl. 11:15

Kina klar for krisemøte med USA

Kina seier at dei er klare for å møte USA og diskutere Usemje om handelssituasjonen, seier ei talskvinne i Kinas utanriksdepartement. Donald Trump varsla nyleg at han kom til å innføre ein straffetoll på 60 milliardar dollar på kinesiske varer..

NRK - 21 mar 18 kl. 14:46

Går mot brot mellom NHO og LO

Mykje tyder på at det blir brot i lønsforhandlingane mellom NHO og LO når fristen går ut i morgon, melder NTB. Særleg Usemje om ei ny AFP-ordning er vanskeleg og kan føre til storstreik 8. april.

NRK - 29 jan 18 kl. 10:17

Jurist: ulovlege bygg i strandsona

Fleire tusen løyve om å byggje i strandsona i Noreg er ulovlege fordi departementet tolka lova feil frå 2009 til 2016, hevdar ein jurist til forskingsmagasinet Apollon. Ei lovendring i 2017 kom til etter Usemje om korleis lova skulle tolkast..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com