Tryggingsrådet

Tuesday, 06 October, 01:56

Nyheter om Tryggingsrådet

NRK - 01 jun 26 kl. 09:02

Netanyahu har beordra nye angrep mot Libanon

Israels statsminister Benjamin Netanyahu har måndag gitt ordrar om å angripe Hizbollah-mål i dei sørlege forstadane til Beirut i Libanon, melder Reuters. Den libanesiske Joseph Aoun sa tidlegare måndag at landet står overfor ein brutal israelsk aggresjon, og fordømde offensiven. Tryggingsrådet i FN skal måndag ha eit krisemøte om Libanon..

NRK - 18 nov 25 kl. 06:20

Eide ønsker vedtaket om Trumps sin fredsplan for Gaza velkommen

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) «ønsker Tryggingsrådet sitt vedtak velkommen», opplyser han til NRK. Måndag vedtok FN sitt Tryggingsråd USA sin president Donald Trump sin fredsplan for Gaza. – Det er viktig at Tryggingsrådet med dette gir si tilslutning til 20-punktsplanen for fred, som Noreg også støtter.

NRK - 25 jul 25 kl. 23:24

Kambodsja ber om våpenkvile med Thailand

Kambodsja vil ha ein «vilkårslaus våpenkvile» med nabolandet Thailand. Det melder nyheitsbyrået AFP. Det sa landets utsending til FN fredag.

NRK - 08 dec 24 kl. 19:28

Russland ber om møte om Syria i Tryggingsrådet

Russland har bede om eit møte om Syria i Tryggingsrådet i FN måndag, melder AFP. – På grunn av dei siste hendingane i Syria, og alt det kan ha å seie for landet og regionen generelt, ber FN om eit hastemøte bak lukka dører i FNs tryggingsråd måndag, skriv ein russisk FN-tenesteperson på Telegram, ifølge byrået..

NRK - 03 jan 25 kl. 10:33

Hastemøte i Tryggingsrådet etter angrep mot sjukehus i Gaza

Tryggingsrådet i FN skal fredag ha eit hastemøte om eit israelsk angrep mot sjukehus på Gazastripa, melder NTB. Møtet skal bli leia av Algerie, som har formannsvervet denne månaden. Det er ikkje venta at det vil kome ei felles fråsegn som fordømmer dei israelske angrepa fordi USA legg ned veto mot slike fråsegner..

NRK - 09 dec 24 kl. 00:36

Krisemøte i Tryggingsrådet måndag

Tryggingsrådet i FN skal måndag samlast til krisemøte om situasjonen i Syria. Det opplyser diplomatkjelder til nyheitsbyrået AFP. Det er Russland som har tatt initiativ til møtet som vil gå for lukka dører klokka 21 norsk tid.

NRK - 09 dec 24 kl. 00:36

AP: Krisemøte i Tryggingsrådet måndag

Tryggingsrådet i FN skal måndag samlast til krisemøte om situasjonen i Syria. Det opplyser diplomatkjelder til nyheitsbyrået AP. Regimet til president Bashar al-Assad fall natt til søndag.

NRK - 20 maj 24 kl. 20:40

Tryggingsrådet minnast Irans president

Medlemmane i Tryggingsrådet i FN minnast Irans president Ebrahim Raisi og følget hans med eitt minutts stille, melder AFP. Raisi og utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian, saman med iranske tenestemenn, døydde i ein helikopterstyrt nær grensa til Aserbajdsjan søndag. Men Israels FN-ambassadør Gilad Erdan kalla handlinga til Tryggingsrådet for ei skam.

NRK - 20 nov 24 kl. 16:25

USA la ned veto mot forslag frå FN om våpenkvile i Gaza

USA la onsdag ned veto mot eit forslag frå Tryggingsrådet i FN om våpenkvile i Gaza, melder AFP. Grunnen er at dei meiner forslaget ville ha styrka Hamas. – Vi gjorde det klart gjennom forhandlingane at vi ikkje kunne støtte ei vilkårslaus våpenkvile som ikkje sette fri gislane, sa USAs FN-ambassadør Robert Wood etter avgjerda..

NRK - 10 okt 24 kl. 21:37

FN-sjef: Unifils tryggleik i aukande fare

Sjefen for FN sine fredsbevarande styrkar, Jean-Pierre Lacroix informerte Tryggingsrådet i FN at tryggleiken til FN-styrkane i Libanon, Unifil er i aukande fare. Han la til at dei operative aktivitetane til Unifil nærast har stoppa opp sidan 23. september, skriv Reuters.

NRK - 08 jul 24 kl. 17:24

FNs tryggingsråd skal møtast etter russisk rakettåtak i Ukraina

Det ekstraordinære møte skal vere på tysdag, og skjer etter førespurnad frå Storbritannia, Frankrike, Ecuador, Slovenia og USA. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Tryggingsrådet skal diskutere det russiske åtaket som måndaf trefte mellom anna Okhmadit, det viktigaste barnesjukehuset i Kyiv.

NRK - 18 aug 24 kl. 22:32

Hamas og Netanyahu skuldar på kvarandre for å hindra våpenkvile

Hamas skuldar på Israels statsminister Benjamin Netanyahu for å blokkera ein avtale om våpenkvile og fangeutveksling i Gaza. Netanyahu meiner på si side at det er Hamas som hindrar våpenkvileavtale, og seier at presset bør rettast mot Hamas då dei ikkje sendte representant til forhandlingane i Doha. Hamas seier det ikkje er behov for nye forhandlingar då dei meiner at USAs våpenkvileforslag, som blei godteke i Tryggingsrådet i FN i juni, burde setjast i verk no.

NRK - 22 mar 24 kl. 14:22

Russland legger ned veto i Tryggingsrådet

Russland, Kina, og eitt anna land stemte nei. 11 land stemte ja, og eitt land valde å ikkje stemte. Dermed blei ikkje USA sitt forslag til våpenkvile-resolusjon vedteken.

NRK - 24 maj 24 kl. 16:05

Krev handling frå FN

Hamas forventar at Tryggingsrådet i FN no bidrar til å gjennomføre dommen mot Israel frå ICJ. Israel må avslutte offensiven mot Rafah og åpne grenseovergangar for etterforskarar, krev domstolen. Israel sin finansminister Bezalel Smotrich seier at Israel ikkje vil gå med på krava frå FN-domstolen..

NRK - 29 apr 24 kl. 22:26

USA åtvarar om mogleg massakre i Sudan

FN-ambassadøren frå USA åtvarar om ei kommande massakre i den sudanske byen El-Fasher, skriv NTB. Byen er eit knutepunkt for humanitært arbeid i den krigsherja regionen Darfur, og har inntil nyleg vore ganske upåverka av kampane mellom regjeringshæren og RSF-militsen. Sidan midten av april har det likevel kome meldingar om åtak og samanstøyt i byen og områda rundt.

NRK - 24 jan 24 kl. 17:52

Russland ber om møte i Tryggingsrådet etter flykrasj

Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov har bede om eit hastemøte i Tryggingsrådet i FN onsdag kveld. Det melder Reuters. Førespurnaden kjem etter at eit militært, russisk fraktfly styrta like ved Ukraina onsdag føremiddag.

NRK - 23 jan 24 kl. 18:48

Noreg ønsker å arrangere humanitær konferanse for Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eide deltar måndag og tysdag i FN-møte i New York. Måndag har han hatt fleire bilaterale møte, og vil etter kvart halde eit innlegg i Tryggingsrådet om situasjonen i Midtausten. Til NRK fortel Eide at han i sitt innlegg i Tryggingsrådet på nytt vil understreke behovet for ei akutt våpenkvile og ei tostatsløysing.

NRK - 05 jan 24 kl. 14:53

Libanon klagar inn Israel til Tryggingsrådet

Libanon har klaga inn det målretta israelske drapet på Hamas-toppen Saleh al-Arouri i hovudstaden Beirut til FN sitt tryggingsråd. Det melder Reuters, som skal ha sett klagen som er datert 4. januar.

NRK - 14 jul 23 kl. 09:22

Nord-Korea forsvarte rakettoppskyting i Tryggingsrådet

I ein sjeldan opptreden i FNs tryggingsråd forsvarer Nord-Korea sin rett til å teste interkontinentale ballistiske rakettar. Nord-Korea testa ein rakett onsdag for å «skremme farlege militære manøvrar hos fiendar og for å tryggje staten», ifølgje dei sjølve. Tryggingsrådet diskuterte rakettoppskytinga torsdag.

NRK - 16 jan 24 kl. 09:08

Amerikansk base i Nord-Irak skaut ned tre dronar

Ein amerikansk militærbase i Irak skaut ned tre væpna dronar som flaug over flyplassen i Erbil. Det melder Reuters. Måndag angreip den iranske Revolusjonsgarden det dei kallar for «spionasjesenter» og «anti-iranske terrorgrupper» i Erbil, i den kurdiske delen av Irak.

NRK - 12 jan 24 kl. 06:22

Fordømmer britiske og amerikanske angrep mot Jemen

Hizbollah fordømmer USA og Storbritannias angrep mot houthi-opprørarar i Jemen, melder Reuters. Angrepet starta natt til fredag etter at houthiane i lengre tid har angripe kommersiell skipsfart gjennom Rødehavet. Også Iran fordømmer det britisk-amerikanske angrepet.

NRK - 25 okt 23 kl. 22:06

Russland og Kina legg ned veto mot USA-utkast i Tryggingsrådet

Både Russland og Kina legg ned veto på USA sitt utkast til resolusjon om konflikten mellom Israel og Hamas i FN sitt tryggingsråd. Det skriv Reuters..

NRK - 22 dec 23 kl. 18:09

Semje i Tryggingsrådet om Gaza-hjelp, men USA la ned veto mot russisk forslag

Det melder Reuters. Saka blir oppdatert..

NRK - 23 nov 23 kl. 11:29

Unicef: Gaza er verdas farlegaste stad for barn

Unicef-sjef Catherine Russel sa onsdag til Tryggingsrådet i FN at 5300 barn er drepne på Gazastripa sidan krigen braut ut 7. oktober. Det vil seie rundt 40 prosent av dødsfalla i området.

NRK - 30 jun 23 kl. 10:32

Lavrov vil utvide Tryggingsrådet

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov foreslår å utvide Tryggingsrådet i FN for å gi betre representasjon av land frå Asia, Afrika og Latin-Amerika, melder Reuters. Lavrov seier ei slik utviding vil bryte opp det han meiner er ein vestleg dominans av verda. – Fleirtalet i verda ønsker ikkje å leve etter vestlege reglar, sa Lavrov på ein pressekonferanse fredag..

NRK - 24 aug 23 kl. 19:01

Noreg fordømmer nordkoreansk forsøk på å skyte opp satellitt

– Noreg fordømmer Nord-Koreas forsøk på å skyte opp ein satellitt torsdag 24. august. Oppskytingar som bruker ballistisk missilteknologi er i strid med resolusjonane til Tryggingsrådet, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.

NRK - 30 mar 23 kl. 16:34

Lavrov skal leie møte i Tryggingsrådet

Utanriksminister Sergej Lavrov skal leie eit møte i FNs tryggingsråd når Russland har det roterande presidentskapen i rådet i april, opplyser Moskva. – Endå ei viktig hending under det russiske presidentskapen vil vere ein open høgnivådebatt om «effektiv multilateralisme gjennom forsvaret av prinsippa i FN-charteret», sa talsperson Maria Zakharova til pressa i Moskva torsdag. Lavrov skal leie dette møtet i New York, la ho til..

NRK - 30 mar 23 kl. 10:11

Russland overtar formannskapet i Tryggingsrådet

1. april overtar Russland, eitt av dei fem permanente medlemene av Tryggingsrådet, formannskapet i rådet. Ukraina er sterkt kritisk til rokeringa, og kallar det ein dårleg spøk.

NRK - 26 mar 23 kl. 14:54

Ukraina ber om hastemøte i Tryggingsrådet

Den ukrainske regjeringa ber Tryggingsrådet i FN om å kome saman for eit krisemøte om atomvåpena Russland vil utplassere i Belarus. Det ukrainske utanriksdepartementet forventar effektive mottiltak frå Storbritannia, Kina, USA og Frankrike, melder AFP..

NRK - 04 nov 22 kl. 21:14

USA kritiserte vener av Nord-Korea i FN

USA sin FN-ambassadør Linda Thomas-Greenfield gjekk hardt ut mot Nord-Korea og deira allierte under eit møte i Tryggingsrådet i dag. Bodskapen blir oppfatta som lite fordekt kritikk av Russland og Kina, som har støtta Nord-Korea. – Dei har gjort alt i si makt for å rettferdiggjere Nord-Korea sine stadige regelbrot.

NRK - 10 okt 22 kl. 12:31

Utanriksministeren til USA for møter om Ukraina og anna

Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Washington DC tysdag 11. oktober for politiske møte. Ho reiser vidare til New York for møte i FNs tryggingsråd onsdag 12.

NRK - 09 dec 22 kl. 18:18

USA prøver å få sett ny amerikansk fange fri

USA jobbar for å få sett fri Paul Whelan, som er dømd til 16 år i fengsel for spionasje i Russland. Talsmann for Tryggingsrådet i Det kvite hus, John Kirby, fortalde dette på ein pressekonferanse etter at Russlands president Vladimir Putin opna for fleire fangeutvekslingar mellom dei to landa. Torsdag blei den amerikanske basketballspelaren Brittney Griner sett fri frå russisk fengsel i bytte mot våpenhandlaren Viktor Bout, som var fengsla i USA..

NRK - 17 mar 22 kl. 10:13

Tryggingsrådet skal stemme om Afghanistan

FNs tryggingsråd skal torsdag stemme over eit forlag som skal sikre at FN framleis er til stades i Afghanistan i minst eitt år. Men det er ein risiko for at Russland, som har hindra forhandlingar denne veka, legg ned veto mot forslaget, melder AFP. Utkastet blei introdusert av Noreg, og tek føre seg FNs forhold til Afghanistan og maktovertakinga til Taliban i fjor..

NRK - 17 mar 22 kl. 07:28

Krisemøte om Ukraina i Tryggingsrådet

FNs tryggingsråd skal ha krisemøte om den humanitære situasjonen i Ukraina. Det er Noreg, Storbritannia, USA, Albania, Frankrike og Irland som har bede om møtet, tvitrar den norske FN-delegasjonen. – Over 3 millionar menneske har flykta frå Ukraina, og dei menneskelege lidingane for dei som er i landet, blir verre for kvar dag som går, seier FN-ambassadør Mona Juul til NTB..

NRK - 21 feb 22 kl. 17:01

Ukraina ber om møte i Tryggingsrådet

Ukraina ber om eit hastemøte i Tryggingsrådet i FN fordi dei fryktar ein russisk invasjon. Dei viser til ein avtale dei inngjekk i 1994 mot at dei avskaffa atomvåpenarsenalet sitt. Avtalen var også underteikna av Russland, Storbritannia og USA..

NRK - 19 apr 22 kl. 09:56

Vetoretten i FN blir debattert

Tryggingsrådet i FN skal tysdag diskutere vetoretten til dei faste medlemslanda, som dei har brukt 295 gongar sidan 1946. Grunnen er invasjonen av Ukraina, der vetoretten til Russland har gjort at umogeleg for FN å gripe inn. Det er Liechtenstein som har sett fram eit forslag om at dei faste landa må rettferdiggjere eventuell bruk av vetoretten i rådet.

NRK - 26 feb 22 kl. 11:28

Medvedjev: Russland treng ikkje lenger diplomatiske band med Vesten

Russland treng ikkje lenger diplomatiske band med Vesten. Det seier tidlegare Dmitrij Medvedev i dag. Det er på tide å setja hengelås på ambassadane, seier Medvedjev, som no er medlem av det russiske Tryggingsrådet.

NRK - 26 feb 22 kl. 11:28

Medvedjev: – Set hengelås på ambassadane

Russland treng ikkje lenger diplomatiske band med Vesten. Det seier tidlegare president Dmitrij Medvedev i dag. Det er på tide å setja hengelås på ambassadane, seier Medvedjev, som no er medlem av det russiske Tryggingsrådet.

NRK - 23 feb 22 kl. 11:44

Ukraina vil erklære unntakstilstand

Det ukrainske Tryggingsrådet vil erklære ein 30 dagar lang unntakstilstand i landet, melder Reuters. Tiltaket må bli vedteke i nasjonalforsamlinga før det trer i kreft. Landet har også kalla inn reservestyrkane, som vil seie alle tidlegare soldatar mellom 18 og 60 år..

NRK - 21 feb 22 kl. 11:35

Putin kallar inn til ekstraordinært møte

Russlands president Vladimir Putin har kalla inn til eit ekstraordinært møte i det russiske Tryggingsrådet. Grunnen er den spente situasjonen Det er framleis ingen konkrete planar om eit møte mellom Putin og USAs president Joe Biden, men russarane seier det er ei felles forståing for at dialogen skal halde fram på utanriksministernivå..

NRK - 05 nov 21 kl. 21:15

FN uroa for situasjonen i Etiopia

Tryggingsrådet i FN ber om at kampane i Etiopia tek slutt, og at partane set seg ned for å kome fram til ein varig våpenkvile, melder Reuters. Det planlagde møtet om Etiopia i Tryggingsrådet fredag blei utsett etter at dei blei samde om fråsegna..

NRK - 20 okt 21 kl. 01:28

Krisemøte i FN etter ny missiltest

Nord-Korea stadfestar at landet gjennomførte ei prøveskyting av det som vart kalla ein ny type ballistisk missil frå ein ubåt tysdag. Nyheita gjer at det blir halde krisemøte i FNs tryggingsråd onsdag, ifølgje AFP. Ifølgje diplomatiske kjelder var det USA og Storbritannia som kalla inn til møtet.

NRK - 15 sep 21 kl. 20:16

Nord-Korea i Tryggingsrådet

Nord-Koreas prøveskyting av to langdistanserakettar onsdag blir tema i Tryggingsrådet i FN. Det er Estland og Frankrike som har bede om at saka blir teken opp i møtet. Det stadfestar diplomatar overfor Reuters..

NRK - 05 nov 21 kl. 20:08

Møte i Tryggingsrådet om Etiopia

NRK - 21 okt 21 kl. 08:15

Nord-Korea: – Ikkje retta mot USA

Nord-Koreas utanriksdepartement seier at den siste missiltesten ikkje var retta mot USA. Ein talsmann for departementet kritiserer reaksjonen til Tryggingsrådet i FN og USA etter testen. – Å kritisere Nord-Korea for å utvikle og teste same våpensystem som USA har eller er i ferd med å utvikle, er eit klart uttrykk for dobbeltmoral, sa talsmannen..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com