Timar
Nyheter om Timar
Landa etter 24 Timar i lufta
Tysdag morgon landa ultralangdistanseflyet Aribus A350-1000ULR frå flyselskapet Qantas i Toulouse i Frankrike. Flyet hadde då vore i lufta sidan det tok av i Melbourne i Australia 24 Timar tidlegare. I førre veke gjennomførte dei også ei testflyging andre vegen, frå Toulouse til Melbourne.
25 omkomne i skipsbrann i Kina
25 personar er omkomne og fem er skadde etter ein skipsbrann om bord på eit lasteskip i hamnebyen Qingdao aust i Kina. Det skriv det statlege kinesiske nyhendebyrået Xinhua. Det var 42 personar om bord i båten då brannen starta klokka 11.
Fange som rømte frå Hustad fengsel er funnen
Etter fire Timar har politiet funnen ein mann i 30-åra som stakk av frå open soning ved Hustad fengsel i Møre og Romsdal måndag. Mannen kom sjølv politiet i møte då han så patruljen. Det var ingen dramatikk rundt dette, opplyser operasjonsleiar Espen Andrésen i politiet.
Nesten 7000 defilerte ved kong Haralds båre laurdag
I alt 6960 personar defilerte ved båra til kong Harald i Slottskapellet laurdag, melder NTB. Det vore lange køar av folk som vil ta farvel med kong Harald. Laurdag var det opp mot sju Timar ventetid.
Kvam: Fann ikkje stien i mørket, måtte bergast ned
To kvinner måtte i natt bergast ned etter ein fjelltur på Finnheller i Kvam. Dei to kontakta politiet klokka 22.30 fordi dei ikkje fann stien ned att, skriv Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
To av dei sikta i Lindeberg-saka er lauslatne
To av dei fire som er sikta for fridomskrenking på Lindeberg i Oslo 13. august er lauslatne. Det melder TV 2.
Zambia: Full stans i oppteljing av stemmer
På grunn av fleire tilfelle av vald mot valpersonell, samt rapportar om at valsetlar er blitt stelt, har Zambias valkommisjon bestemt at oppteljinga av stemmer vil bli utsett med minst 24 Timar. Zambia gjennomførte i går eit presidentval, og eit resultat har vore venta innan natt til måndag. Det har vore fleire rapportar om mogleg valpåverknad, mellom anna er minst fire personar arresterte og mistenkte for å stå bak dataangrep mot landets valsystem.
Nye israelske angrep mot Libanon
Det israelske militæret (IDF) seier dei angrip Hizbollah-mål i Sør-Libanon, melder AFP. Angrepa skjer få Timar før Israel og Libanon etter planen skal møtast i Washington for samtalar. Sidan våpenkvila mellom landa kom i stand 17.
Russiske angrep mot Ukraina
Russland har angripe regionen Sumy i Ukraina. Fem personar er skadde og det er store materielle skadar, skriv guvernør Oleh Oleksiyovych Hryhorov på Telegram. 66 personar skal vere evakuerte som følge av angrepa.
Iran: Talsmann for Revolusjonsgarden drepen i angrep
Ein talsmann for Revolusjonsgarden i Iran, Ali Mohammad Naini, er drepen i eit israelsk-amerikansk luftangrep, melder iransk statleg TV, ifølge Reuters. Få Timar tidlegare sa han det er Iran som bestemmer når krigen tek slutt, og at landet held fram med å bygge rakettar medan krigen held fram..
Hordvik: Sikta varetektsfengsla i fire veker
Mannen som vart pågripen etter å ha skote mot politiet og nabobygningar i Hordvik onsdag blir varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Mannen er sikta for grove truslar med skytevåpen og skadeverk, og siktinga vart i dag òg utvida til drapsforsøk. Sikta var ikkje sjølv til stades på fengslingsmøte i dag, då han ennå er innlagt på sjukehus.
Hordvik: Sikta fengsla i fire veker
Mannen som vart pågripen etter å ha skote mot politiet og nabobygningar i Hordvik onsdag blir varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Mannen er sikta for grove truslar med skytevåpen og skadeverk, og siktinga vart i dag òg utvida til drapsforsøk. Sikta var ikkje sjølv til stades på fengslingsmøte i dag, då han ennå er innlagt på sjukehus.
Hordvik-sikta fengsla i fire veker
Mannen som vart pågripen etter å ha skote mot politiet og nabobygningar i Hordvik onsdag blir varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Mannen er sikta for grove truslar med skytevåpen og skadeverk, og siktinga vart i dag òg utvida til drapsforsøk. Tingretten legg til grunn at mannen hadde skyldevne – altså at han var tilregneleg på handlingstidspunktet.
Sikta etter skytedrama framleis ikkje avhøyrt – uvisst om han stiller i fengslingsmøte
Onsdag kveld vart ein mann i 40-åra tatt etter ein 12 timer lang og dramatisk politiaksjon i Hordvik utanfor Bergen. Fredag morgon er det framleis ikkje gjennomført avhøyr av mannen. Det opplyser mannen sin forsvarar, advokat Bertil Christian Hast Rønnestad til NRK.
Fleire forsinka fly søndag kveld
Det er fleire forsinka fly frå Oslo til ulike flyplassar i landet. Fleire fly frå hovudstaden til Trondheim er forsinka med mellom ein og to Timar i det vinterferien skal starte fleire stader i landet. Dei to kveldsflya frå Oslo til Bergen er forsinka med over ein time.
Venezuela: Opposisjonell arrestert på nytt
Påtalemakta i Venezuela seier opposisjonspolitikaren Juan Pablo Guanipa blei arrestert på nytt, melder AFP. Guanipa blei sett fri etter åtte månader i fengsel søndag, men fredsprisvinnar Maria Machado sa natt til måndag at han blei bortført av tungt væpna menn i sivile klede få Timar seinare. No seier styresmaktene han er arrestert på nytt.
Oransje og fleire gule farevarsel: – Kan bli 40 cm snø på eitt døgn
Frå natt til måndag er det sendt ut oransje farevarsel for snø i Agder, som held fram ut til tirsdag morgon – Heilt lokalt kan det bli opp mot 40 centimenter snø i løpet av 24 Timar, det seier vakthavande meteorolog, Pernille Borander. I tillegg er det eit større område i Agder, som så vidt når Telemark, som får snø, men på gult nivå. Lågtrykket som kjem har òg med seg mildluft etter kvart, så seinare måndag vil snø bli til sludd vest i Agder.
Riksveg 3 stengjast under tømming av tankbil
Ein tankbil full av propan velta 1. nyttårsdag ved Kvikne i Østerdalen. Det fører til full stans langs riksveg 3 og evakuering når tankbilen skal berges.
Riksveg 3 må stengjast under tømming av tankbil
Ein tankbil full av propan velta 1. nyttårsdag ved Kvikne i Østerdalen. Det fører til full stans langs riksveg 3 og evakuering når tankbilen skal bergast.
Louvre stengt på grunn av streik
Kunstmuseet Louvre i Paris opnar ikkje som planlagt måndag morgon, melder AFP. Grunnen er at sikkerheitsvaktene ved museet streikar. – Vi held stengt.
Vil ha hjarteinfarkt-behandling i Ålesund
Eit einstemmig fylkesting vedtok å støtte etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus. PCI skal vere den mest effektive behandlinga ved hjarteinfarkt, der den tette blodåra i hjartet blir opna mekanisk. Metoden skal redusere risiko for død, hjartesvikt og nye infarkt.
Vil ha ni år i fengsel for mann frå Sunnhordland som filma tidlegare sambuar i skjul i senga
Aktor, statsadvokat Nina Grande, la i dag ned påstand om fengsel i ni år for ein mann i 40-åra som er tiltalte for ei rad seksuelle overgrep. Han er mellom anna tiltalt for å ha valdteke sin tidlegare sambuar gjennom mange år, noko som vart filma. I retten er det spelt av over fem Timar med videoar bak lukka dører.
Putin på plass i India
Russland sin president Vladimir Putin har kome til New Delhi i India. Under besøket skal presidenten ha møte med India sin statsminister Narendra Modi, melder BBC. India er ein av dei største kjøparane av russisk olje.
Fri ferdsel over Hardangervidda
Like over klokka 17 opna riksveg 7 over Hardangervidda for fri ferdsel i begge retningar. Eit trafikkuhell med fleire involverte bilar stengde fjellovergangen i dryge tre Timar sundag ettermiddag..
Maduro klar til å møte Trump
Venezuela sin president Nicolás Maduro er open for å møte USA sin president Donald Trump, melder Reuters. Det sa Maduro få Timar etter at Trump sa måndag kveld at han «på eit visst tidspunkt kjem til å snakke med han». – Det vil framleis vere fred i dette landet, og i USA.
Likestillings- og diskrimineringsombodet kritiserer Vy
Likestillings- og diskrimineringsombodet kritiserer Vy og meiner det er heilt urimeleg at selskapet krev varsel 36 Timar før nokon skal reise med bussen med rullestol. Det skriv Romsdals Budstikke. Saka blei aktuell etter at avisa har skrive Janne Mauseth frå Molde ikkje fekk bli med Vy sin buss til Førde.
Fly forsinka etter problem på Heatrow
Flytrafikken på utanlandsruter på fleire flyplassar i Noreg er forsinka. Årsaka kan vere problema på Englands største flyplass, Heatrow i England tidlegare i dag. I Bergen er flya frå Rhodos og Amsterdam forsinka med fleire Timar torsdag ettermiddag.
Aukande fråvær i vidaregåande skule
Fråværet i vidaregåande skule held fram med å auke. Medianfråværet er på fem dagar og 20 Timar, kjem det fram i ei pressemelding. Jenter på yrkesfag har høgst dagsfråvær.
Ballongar over Vilnius lufthamn blei brukt til smugling
Flyplassen i Vilnius i Litauen måtte stenge i fleire Timar natt til søndag på grunn av meldingar om luftballongar i luftrommet. No viser det seg at ballongane blei brukte av belarusiske smuglarar til å frakte sigarettar inn i Litauen, melder AFP. Smuglarane har funne ut at det er billigare å bruke luftballongar enn dronar for å smugle sigarettar inn i EU.
Rundt 100.000 husstandar utan straum
Kraftig vind og store nedbørsmengder i forbindelse med uveret «Amy» har ført til store problem i store delar av Sør- og Aust-Noreg. Rundt 100.000 er straumlause laurdag morgon, og på Vestlandet er over 100 vegar stengde.
Minister refsar demonstrantar etter Manchester-angrep
Den britiske innanriksministeren Shabana Mahamood seier til Sky News at ho er skuffa over at det blei gjennomført pro-palestinske demonstrasjonar i Storbritannia, få Timar etter angrepet mot ein synagoge i Manchester. Ho meiner protestane burde ha vore avlyste etter at to personar blei drepne i angrepet for å vise medkjensle med det jødiske samfunnet. Protestane blei halde same dag som israelske soldatar borda fleire båtar som var på veg til Gaza med naudhjelp.
Italia: Gaza-konvoien er «farleg og uansvarleg»
Italias statsminister Giorgia Meloni kalla onsdag Gaza-konvoien Global Sumud Flotilla (GSF) «farleg og uansvarleg», melder Reuters. – Den italienske regjeringa kunne ha fått hjelpa fram på få Timar, sa ho til italiensk presse i New York før ho tala til FNs generalforsamling. Konvoien består av over 50 båtar som er på veg mot Gaza med nødhjelp, og målet er å bryte den israelske blokaden.
Fem fly blei omdirigerte til Flesland
Oslo lufthamn heldt natt til tysdag stengt i fleire Timar etter at det blei observert dronar i nærleiken av flyplassen. I alt blei fem fly omdirigerte til Flesland. Fire Norwegian-fly og eit SAS-fly.
USA: Flytrafikken stansa etter radar- og kommunikasjonsutfall
Fredag ettermiddag stansa den amerikanske luftfartsstyresmakta (FAA) all flytrafikk ved Dallas Love Field og Dallas-Fort Worth på grunn av feil i radar- og kommunikasjonssystema. Flygeleiarane mista kontakt med innflygingstenesta, og over 340 fly vart forsinka. Nokre blei forsinka i fleire Timar.
Flaug samanhengande mellom Bodø og Jan Mayen
Onsdag flaug eit norsk redningshelikopter samanhengande mellom Bodø og Jan Mayen – ein flytur på om lag fem Timar per veg, melder Forsvarets forum. Flyturen var den første til SAR Queen-helikopteret frå Luftving 130. Helikopteret flaug med ein av tre motorar av, for å spare straum.
Skyting ved ein katolsk barneskule og kyrkje i USA
Det føregjekk skyting på ein katolsk barneskule og ei kyrkje i Minneapolis i USA, skriv guvernør Tim Walz på X melder ABC News. Fleire personar skal vere skadd. Nokon av dei skadde skal vere barn.
Tre drepne etter skyting ved ein katolsk barneskule og kyrkje i USA
Det føregjekk skyting på ein katolsk barneskule og ei kyrkje i Minneapolis i USA, skriv guvernør Tim Walz på X melder ABC News. Tre personar skal vere drepne, ifølge ein talsperson frå justisdepartement melder Reuters. Gjerningspersonen skal vere blant dei tre omkomne.
Nederland sin utanriksminister trekker seg etter usemje om Israel
Nederland sin utanriksminister, Caspar Veldkamp, trekker seg frå regjeringa etter at det ikkje blei einigheit om Israel-sanksjonar, melder NTB. – Eg ser at eg ikkje er i stand til å sette i verk ytterlegare meiningsfulle tiltak for å auke presset på Israel, seier Veldkamp ifølge nyheitsbyrået ANP fredag kveld. Den nederlandske regjeringa har sete i eit fleire Timar langt møte om sanksjonar mot Israel..
Kongressen i limbo om budsjettframlegg
Diskusjonane og overtalingane i forkant av avrøystinga om det store budsjettframlegget frå Republikanarane har pågått i fleire Timar. Fleire republikanarar har ytra motstand til framlegget, og president Donald Trump har vore i samtale med mange av dei for å overtale dei til å røyste for framlegget. Speaker Mike Johnson seier han ynskjer at Representanthuset skal røyste over framlegget i løpet av onsdag kveld, natt til torsdag amerikansk tid.
Mann dømt for oppbevaring og lagring av overgrepsmateriale
Ein mann i 40-åra er av Sogn og Fjordane tingrett dømt til fengsel i sju månadar for å ha lasta ned og oppbevart bilde og video som viser seksuelle overgrep mot barn heilt ned i spedbarnsalder. Samla utgjorde materialet ei visingstid på minst 37 Timar. Politiet skildrar materialet som grovt.
Ukraina trappar opp angrep i Russland før toppmøte i Alaska
Militæret i Ukraina har angripe fleire russiske mål fredag, ifølge ukrainske styresmakter. Angrepa skjer få Timar før Russlands president Vladimir Putin skal møte USAs president Donald Trump i Alaska for å drøfte krigen i Ukraina. Ukraina er ikkje inviterte til møtet..
Bagasjeproblem på Flesland: No er bagasjeanlegget fiksa
Avinor stadfestar at det er store utfordringar med bagasjeanlegget på Bergen lufthavn Flesland søndag ettermiddag. Over fleire Timar har det hopa seg opp med store mengder bagasje som skal sjekkast inn til avreise i avgangshallen. Årsaka er at fleire av bagasjebanda står i ro.
Droneangrep mellom Ukraina og Russland kort tid etter samtalar
I den ukrainske byen Odessa melder styresmaktene om at eit bygg står i brann som følge av eit russisk angrep natt til torsdag. Guvernøren i Odessa, Oleh Kiper, seier at dei ikkje veit kor mange som er skadde etter angrepet. Det skriv Reuters.
Fann 52 Timar med overgrepsvideoar
I nær fire år utveksla hordalendingen overgrepsmateriale av born på krypterte meldings- og delingstenester på internett. På datamaskina til mannen i 30-åra fann politiet 10.000 ulovlege filer.
Ein mann omkom i trafikkulukke på Voss - E16 er stengd
Ein mann i 20-åra omkom laurdag morgon i ei trafikkulukke ved Bolstad på Voss. Vedkommande var åleine i bilen, og det var ikkje andre køyretøy involvert, opplyser politiet – Årsaka til ulukka er førebels ukjend, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen Krimteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på staden for å gjere undersøkingar. E16 er stengd på ulukkesstaden.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
