Tilhengar
Nyheter om Tilhengar
Paven vitja kjend moske
Pave Leo vitja i dag Sultan Ahmed-moskeen i Istanbul, også kjend som Den blå moskeen. Paven tok av seg skotøyet då han gjekk inn, og gjekk rundt på kvite sokkar. Dette er ikkje ein offisiell del av pave-drakta, men truleg ein referanse til baseball-laget Chicago White Sox, som paven er Tilhengar av.
Danmark vil ikkje anerkjenne Palestina
Danmark er Tilhengar av ei tostatsløysing, men tida ikkje inne for å anerkjenne ein palestinsk stat. Det skriv Danmarks statsminister Mette Frederiksen i eit innlegg på Facebook laurdag. 147 av FNs 193 medlemsland har no anerkjent Palestina, blant dei Noreg, men Frederiksen seier det bør skje seinare.
Brann i Tilhengar på riksveg 13
Politiet melder at det brenn i ein Tilhengar på eit vogntog på riksveg 13 («Soknefjordvegen»). Bilen er ikkje lasta med farleg gods, men det er ukjent om nokon er skadde. Naudetatane på veg til staden.
Ny Vedum-rådgjevar er EU-Tilhengar
«Ting som ikkje var i spåkula for 2024: At Trygve Slagsvold Vedum skulle få seg ein spinndoktor som er EU-Tilhengar.» Det skriv Sveinung Rotevatn i Venstre på X, tidlegare Twitter. Han utdjupar ovanfor NRK: – Når eg såg utnemninga så kom eg på at eg såg at Skjalg Fjellheim sa at han hadde snudd i EU-spørsmålet, seier Rotevatn og legg til: – Det er interessant at Vedum får ein rådgjevar som har gjort ein slik snuoperasjon.
Person til sjukehus - fekk Tilhengar over seg
Ein person i Isfjorden i Rauma er sendt til sjukehus etter å ha blitt skadd av ein Tilhengar. Ulykka skjedde då Tilhengaren skulle koplast frå personbilen, opplyser politiet. Personen skal ha fått hengaren over seg.
To personar til sjukehus etter trafikkulykke i Nordland
Ein person blir frakta med luftambulanse til sjukehuset i Sandnessjøen etter ei trafikkulykke på E6 ved Trofors i Nordland. Ein annan person som var med i bilen blei køyrt med ambulanse til same sjukehus. Bilen skal ha trilla rundt etter å ha køyrt av vegen.
Velta Tilhengar med last sperrar heile Måløybrua i Kinn
Riksveg 15 i Kinn er stengd etter at ein Tilhengar velta på Måløybrua. Det er kraftig vind på staden, og politiet har kontakta brannvesenet for å få sikra Tilhengar og last, melder Vest politidistrikt. Dei ventar at dette vil ta noko tid.
Køyrte på person i Lillestrøm
Ein person er påkøyrt, opplyser politiet. Bilen som var involvert stansa ikkje etter uhellet. Politiet etterlyser vitner og opplysingar om ein grå personbil med Tilhengar.
To til sjukehus etter utførkøyring: Førar sovna bak rattet
Politiet i Nordland har avhøyrt begge dei involverte, førar og passasjer, i trafikkulykka som skjedde på E6 ved Trofors i Grane kommune på Helgeland søndag morgon. Det opplyser politiet i Nordland på X. Føraren av bilen erkjenner å ha sovna bak rattet, ifølge politiet.
Fleire skadde då hengar velta i Tyskland
30 personar er skadde, 10 av dei alvorleg, i eit trafikkuhell nær Freiburg i den tyske delstaten Baden-Württemberg onsdag, ifølge lokale medium, melder NTB. Det skal dreie seg om ei 1. mai-feiring der mange menneske stod på ein Tilhengar som blei slept av ein traktor, som har velta.
Tilhengar med hestar har velta
Ein trailer med fem hestar har velta i Måndalen i Rauma. Naudetatatne har rykt ut for å ta hand om hestane. Det er to personar i trailaren, desse framstår som uskadde, melder politiet..
Visepresidenten leiar i valet på Taiwan
Dei første resultata etter at vallokala stengde på Taiwan viser at visepresident William Lai frå det regjerande partiet DPP har fått 41,6 prosent av stemmene. Han er Tilhengar av formelt sjølvstende for Taiwan. Hovudutfordraren Hou Yu-ih frå partiet KMT, som vil ha eit tettare forhold til Fastlands-Kina, har førebels fått 33,2 prosent av stemmene, ifølge den sentrale valkommisjonen.
Tilhengar blåste av vegen
Ein Tilhengar på eit vogntog har blese over autovernet på E39 på Masdal på Vartdalsstranda i Ørsta. Trekkvogna står i vegbanen og blokkerer vegen i begge retningar. Ingen personar er skadde.
Russisk forfattar på betringas veg
Den russiske forfattaren og nasjonalisten Zakhar Prilepin er ikkje lenger i kunstig koma, meldte nettavisa Gazeta.ru søndag. Forfattaren blei skadd då bilen hans skal ha køyrd på ei landmine utanfor byen Bor laurdag.
E10 sperra etter at Tilhengar på vogntog tippa
E10 mellom Sløverfjordtunnelen og krysset til Fiskebøl er stengt, mellom Vesterålen og Lofoten. Årsaka er at ein Tilhengar til vogntog har tippa og delvis sperrar vegen. Det opplyser Vegtrafikksentralen nord.
Bil køyrde i feil køyreretning i tunnel
Ein bil med Tilhengar snudde og køyrde i feil retning ut av Festningstunnelen i austgåande løp i Oslo. Politiet fann igjen bilen og er i kontakt med føraren. – Video viser at bilen med Tilhengaren får sleng og tredd tunnelveggen før den blir ståande i feil køyreretning.
Trafikkulukke mellom MC og bil
Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke i Sarpsborg. Ein motorsykkel har køyrd inn i ein varebil med Tilhengar. Politiet skriv at MC-føraren er lettare skadd, men stadfestar at han er medviten..
Hamilton og Williams med i Chelsea-bod
Formel 1-stjerne Lewis Hamilton og tennisstjerne Serena Williams er med i ei gruppe som vil kjøpe Premier League-klubben Chelsea. Dei to går inn med 10 millionar pund kvar, skriv Sky Sports. Ei gruppe investorar, leia av den tidlegare Liverpool-styreleiaren Martin Broughton, vil kjøpe Chelsea frå Roman Abramovitsj.
Ei rekkje hendingar i Trøndelag grunna vind
Ein Tilhengar blei tatt av vinden og velta på E39 i Orkdal. Fleire stader i Trøndelag er vinden så sterk og har tatt med seg blant anna takplater. Folk blir oppmoda om å sikra lause gjenstandar.
Henta av luftambulanse etter ulykke
Ein person blir frakta med luftambulanse til sjukehus etter ei trafikkulykke i Tysvær i Rogaland. Ein lastebil med Tilhengar og ein personbil er involvert, skriv politiet. Trafikken står i begge retningar.
To til sjukehus etter trafikkulukke
To personar er frakta til sjukehus etter den første ulukka ved Tertneskrysset i Bergen. Ni personar var involvert, opplyser politiet til NRK. Ein bil med Tilhengar skal ha mista noko last..
Mann fastklemd i Førde
Alle naudetatane har rykka ut til ei ulukke i Førde. Ein mann er fastklemd mellom ein traktor og ein Tilhengar. Han er bevisstlaus, opplyser Vest politidistrikt til NRK.
Manuell dirigering på Karmsund bru
Sjå kaoset på Karmsund bru i dag tidleg. Sterk vind førte til at ein Tilhengar velta. No er det manuell dirigering på grunn av vinden..
Tilhengar fall frå godstoget
– Godstoget som køyrde vestover mista ein Tilhengar som stod på ei godsvogn, stadfestar Bo Haaning i den danske havarikommisjonen til NRK. Tilhengaren trefte eller blei påkøyrd av lyntoget på veg mot København. Ulukka tok livet av seks menneske..
Åtak på BBC-fotograf på Trump-møte
Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt fordømmer åtaket på BBCs kameramann som filma president Donald Trumps tale i El Paso måndag. Ein Trump-Tilhengar gjekk til åtak og ropte «f... ta media».
Fem personar til sjukehus
Fem personar er sende til sjukehus for sjekk etter ei trafikkulykke på E39 på toppen av Trybakken på Søgne i Vest-Agder. Ein bil med Tilhengar har blitt påkøyrd bakifrå. Trafikken vert dirigert forbi ulykkesstaden..
Skadd i trafikken i Trondheim
Ein 50 år gamal mann er skadd i etter ein kollisjon på E6 i Trondheim. Ulykka skjedde i ettermiddag etter at den eine bilen mista ein Tilhengar. Mannen blei moderat skadd og ligg no på intensivavdelinga St.
Mann fastklemt under henger
Ein mann er alvorleg skadd etter at han vart klemt under ein Tilhengar på eit gardsbruk i Forradalen i Stjørdali Nord-Trøndelag. Mannen er henta av luftambulanse, opplyser politiet til NRK.no..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
