Soldatar
Nyheter om Soldatar
Ukraina meiner Russland vil mobilisere 300.000 nye Soldatar
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier at Russland planlegg å mobilisere 300.000 Soldatar etter det russiske parlamentsvalet i september. 18.
Israel avviser USAs plan for Gaza
Israels statsminister Benjamin Netanyahu avviser USAs plan for Gaza, og seier dei ikkje vil trekke tilbake Soldatar frå Gazastripa før Hamas er heilt avvæpna, melder AFP. Han sa dette under eit møte i regjeringa søndag. Ifølge avtalen skal blant anna Hamas og andre væpna grupper i Gaza levere inn alle våpen, og israelske Soldatar skal trekke seg ut.
Spania sender Soldatar til Ceuta etter migrantstraum
Spania vil sende Soldatar til den spanske området Ceuta etter at fleire hundre migrantar har teke seg over grensa frå Marokko, melder Reuters. Ifølge presidenten i Ceuta, Juan Jesus Vivas, har det kome opp mot 200 migrantar kvar dag dei siste dagane. Mange av dei som flyktar frå fattigdom og krig i Afrika, prøver å komme seg til Europa via dei spanske områda Melilla og Ceuta nord i Marokko..
Minst 50 Soldatar drepne i Mali
Minst 50 Soldatar frå Mali er drepne i eit åtak utført av Tuareg-separatistar og islamistiske ekstremistar i byen Anefis. Dette er det dødelegaste åtaket på den maliske hæren på mange år, opplyser ein lokal politikar. Det melder nyheitsbyrået AFP..
Libanon: Fire drepne i israelske angrep søndag
Fire menneske, blant dei to kvinner, er drepne i israelske angrep i Sør-Libanon søndag, melder libanesiske helsestyresmakter, ifølge Reuters. I tillegg er 20 menneske såra i angrepa. Militæret i Israel (IDF) gjekk til angrep natt til søndag etter at Hizbollah skal ha sendt dronar mot israelske Soldatar..
Rundt 3500 frå Forsvaret skal bidra i kong Haralds gravferd
Om lag 3500 Soldatar deltek under gravferda til kong Harald onsdag 9. september, melder NTB..
Israel avviser plan for Gaza
Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier han avviser 15-punktsplanen for Gaza som Donald Trumps såkalla fredsråd kom med i slutten av juli, melder Reuters. Netanyahu sa dette i starten av eit møter i regjeringa søndag USAs president Donald Trump kalla planen historisk, og sa at både Israel og Hamas hadde godkjent planen, som blant anna gjekk ut på at Hamas og andre væpna grupper i Gaza skulle levere inn alle våpen, og at Israel skulle trekke tilbake Soldatar frå Gaza. – IDF vil ikkje gjere noko tilbaketrekking før Hamas er reelt avvæpna, og vil vi halde fram å avverje truslar mot styrkane og borgarane våre, sa Netanyahu, ifølge AFP..
Republikanarane stoppar forslag om å stanse Iran-krigen
Republikanarane i Senatet i USA har blokkert eit forslag om å pålegge president Donald Trump å trekke amerikanske Soldatar ut av krigen i Iran, melder The Hill. Forslaget blei avvist med 50 mot 49 stemmer. Republikanarane Susan Collins, Lisa Murkowski og Rand Paul stemte med Demokratane.
Israel: Hizbollah skaut mot israelske Soldatar
Det israelske forsvaret, IDF, seier Hizbollah fyrte av fleire rakettar mot israelske Soldatar i Sør-Libanon, melder Reuters. Israel kallar det eit brot på våpenkvileavtalen. Hizbollah har foreløpig ikkje kommentert påstandane frå IDF..
USA: Tre amerikanske Soldatar er drepne i Iran
Tre amerikanske Soldatar blei drepne under ein militær operasjon knytta til Iran, opplyser amerikanske styresmakter. Det bekreftar Pentagon i ei fråsegn på X. Ifølge fråsegna har fleire andre Soldatar fått lettare skadar som splintskadar og hjerneristing.
Tre amerikanske Soldatar er drepne i krigen mellom Israel, USA og Iran
Tre amerikanske Soldatar blei drepne under ein militær operasjon knytt til Iran, opplyser amerikanske styresmakter. Det bekreftar Pentagon i ei fråsegn på X. Dei har ikkje opplyst om dei konkrete omstenda rundt korleis soldatane blei drepne.
Hizbollah nektar for å stå bak angrep mot FN-Soldatar
Hizbollah i Libanon nektar for å ha noko å gjere med drapet på franske FN-Soldatar i Libanon, skriv Reuters, Ein soldat blei drepen og tre skadde i angrepet. Frankrike har uttalt at det var Hizbollah som sto bak angrepet..
Fordømmer angrep mot FN-Soldatar i Libanon
Leiaren for det libanesiske parlamentet Nabih Berri fordømmer angrepet på franske FN-Soldatar i Libanon, melder AFP. Ein soldat blei drepen og tre andre skadde i angrepet. Ifølge Frankrike var det Hizbollah som stod bak angrepet.
Israel: 150 treff mot Hizbollah dei siste 48 timane, melder luftforsvaret i landet
Det israelske militæret seier dei har treft over 150 Hizbollah-mål i Sør-Libanon dei siste 48 timane. IDF skal ha angripe våpenlager, kommandosenter, ramper for rakettutskyting og ytterlegare infrastruktur for «terrororganisasjonen Hizbollah», heiter det i meldinga frå det israelske luftforsvaret. Luftforsvaret meiner infrastrukturen har vore brukt for å fremje terrorangrep mot IDF-Soldatar..
Færre fangar i russiske fengsel
Talet på fangar i russiske fengsel er redusert med over 180.000 på fem år. Det er ein nedgang på 40 prosent.
Pentagon: Om lag 140 skadde amerikanske Soldatar
Rundt 140 amerikanske Soldatar skal vere skadde i krigen i Midtausten, stadfestar Pentagon til Reuters. 108 av soldatane har halde fram i tenesta..
Hizbollah: Svarte på Israels brot på våpenkvila
Hizbollah seier dei skaut mot Nord-Israel som eit svar på israelske brot på våpenkvila, melder AFP. Det israelske forsvaret, IDF, sa tysdag kveld at den libanesiske rørsla hadde skote mot israelske Soldatar. Torsdag starta ei våpenkvile mellom Hizbollah og Israel, men det har likevel vore fleire kamphandlingar mellom partane dei siste dagane..
Libanons statsminister møter Macron i Paris
Libanons statsminister Nawaf Salam seier landet treng 500 millionar euro dei neste seks månadane for å handtere dei humanitære konsekvensane etter krigen mellom Hizbollah og Israel, melder AFP. Salam er tysdag i Paris for å møte Frankrikes president Emmanuel Macron. Førre torsdag starta ein ti dagar lang våpenkvile i Libanon, men israelske Soldatar er framleis til stades i landet.
Revolusjonsgarden hevdar amerikanske Soldatar er drepne
Iran har angripe 14 amerikanske militærbasar, og hundrevis av amerikanske Soldatar er drepne, hevdar Revolusjonsgarden. Utsegna er førebels ikkje stadfesta av uavhengige kjelder. USA har heller ikkje kommentert påstanden så langt..
Hizbollahs leiar seier dei vil svare på angrep
Hizbollah-leiaren Naim Qassem seier i ei fråsegn at våpenkvila mellom Israel og Libanon kan vere einsidig, og bevegelsen vil svare på angrep frå Israel, melder AFP. Det israelske forsvaret, IDF, har stadfesta at dei har gjennomført angrep mot fleire landsbyar i Sør-Libanon laurdag. Israel seier angrepa var retta mot terroristar som braut våpenkvileavtalen, og nærma seg utplasserte IDF-Soldatar..
Machado angrar ikkje på at ho gav bor fredsprisen
Nobelprisvinnar Maria Corina Machado seier ho ikkje angrar på at ho gav bort fredsprisen til USAs president Donald Trump i januar. – Det er ein statsleiar i verda som sette livet til sitt lands borgarar på spel for Venezuelas fridom, sa ho på ein pressekonferanse i Madrid laurdag, melder AFP. Ho gav Nobelmedaljen sin til Trump då ho møtte han i Det kvite huset to veker etter at han hadde beordra amerikanske Soldatar til å angripe Venezuela og gripe president Nicolás Maduro.
Russland seier dei vil halde fram å krige til Ukraina går med på krav
Russiske Soldatar vil halde fram med å krige til Ukraina går med på dei russiske krava, seier talsmann for Kreml Dimitrij Peskov, ifølge Reuters. Utsegna kjem samtidig som at ukrainske, russiske og amerikanske forhandlarar tek opp att samtalane om ei mogeleg avslutning av krigen i Ukraina. Ukrainske styresmakter har tidlegare avvist dei russiske krava om å gi frå seg dei landområda i Donbas-regionen russiske Soldatar enno ikkje har klart å ta i krigen..
Israel seier dei har gått inn i område sør i Libanon
Det israelske militæret (IDF) seier Soldatar dei siste dagane har gått inn i område sør i Libanon der Hizbollah har tilhald. På X skriv hæren at dei har starta «avgrensa og målretta bakkeoperasjonar» mot det dei omtalar som Hizbollah-posisjonar i området, for å styrke forsvaret nord i Israel..
Støre om Trump-utspel om Afghanistan: – Respektlaust
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) reagerer kraftig på utspel frå USAs president Donald Trump i eit intervju med Fox News hevda at USA bar hovudbyrda i krigen og kritiserte dei allierte for innsatsen. – Dei falne, dei etterlatne og dei som tente i Afghanistan, fortener å bli omtala med sanning og respekt. Utsegna frå USAs president er respektlause, skriv Støre på si Facebook-side.
Våpenkvile i jula i Colombia
ELN-geriljaen seier dei ikkje vil angripe colombianske Soldatar eller politi i jula og over nyttår. Våpenkvila skal etter planen vare frå julaftan til og med 3, januar neste år. Geriljaen har stått bak rundt 60 angrep dei siste dagane.
Oppjusterer talet på drepne i Gaza
Talet på drepne etter israelske angrep mot mål i Gaza har kome opp i 17 menneske, ifølge det palestinske sivilforsvaret. I den første meldinga sa sivilforsvaret at ni personar var drepne, og at minst 31 menneske var såra. Israel seier angrepa var eit svar på skyting mot israelske Soldatar, og at ein soldat er alvorleg skadd.
Meloni sluttar seg til kritikken av Trump etter Nato-utspel
Italias statsminister Giorgia Meloni sluttar seg til kritikken av utsegnene frå USAs president Donald Trump om Nato-allierte sin innsats i Afghanistan. – Den italienske regjeringa blei forbløffa over utsegna frå president Trump, der han hevda at Nato-allierte «hang etter» under operasjonane i Afghanistan, skriv Meloni i eit innlegg på X. Ho peikar på at Nato-operasjonen i Afghanistan varte i nesten 20 år, og at Italia betalte ein høg pris for deltakinga.
No hyllar Trump britiske Soldatar etter NAto-utsegn
USAs president Donald Trump har fått mykje kritikk frå fleire land etter det som blir omtalt som «respektlause» utsegner om Nato-landa si deltaking i Afghanistan. – Dei fantastiske og svært modige soldatane frå Storbritannia vil alltid stå ved sida av Amerikas sameinte statar., og legg til: – I Afghanistan blei 457 drepne, mange blei alvorleg skadde, og dei var blant dei fremste av alle krigarar, skriv Trump i eit innlegg på Truth Social laurdag.
Dansk radiokanal: Undersøker om dansk soldat har skote mot Widerøe-fly
Den danske radiokanalen Radio III melder at norske myndigheiter har kontakta danske myndigheiter for å oppklare om danske Soldatar ved ein feil kan ha skote mot eit norsk passasjerfly. Hendinga skal ha skjedd over Borrislejren i Danmark, den 28. september 2025, og ifølgje radiokanalen er det Widerøe som har oppfordra norske myndigheiter til å ta opp saka.
USA har drepe eller tatt til fange om lag 25 IS-operatørar
USA har saman med samarbeidande styrkar drepe eller tatt til fange nesten 25 operatørar som skal vere tilknytt IS, melder Reuters. 19. desember gjennomførte USA kraftige angrep mot IS-mål i Syria.
FN-besøk i Al Fashir i Sudan
FN besøkte Al Fashir i Sudan for første gong sidan militsgruppa RSF tok kontroll over byen, melder AFP. FN melder om traumatiserte sivile som lever under utrygge forhold, skriv AFP. I oktober tok RSF over byen.
Frankrike vil bygge nytt hangarskip
Frankrike skal bygge eit nytt hangarskip for å styrke landet maritimt, melder Reuters. Den franske presidenten Emmanuel Macron kunngjorde avgjerda til franske Soldatar på ein base i Abu Dhabi søndag, ifølge nyheitsbyrået..
Zelenskyj: Folket må bestemme om Ukraina skal gi frå seg land
Kompromiss knytt til ukrainske område må bli avgjort av folket i Ukraina, sa president Volodymyr Zelenskyj torsdag. – Eg meiner det ukrainske folket vil svare på dette spørsmålet. Anten gjennom val eller ei folkeavstemming, sa han på ein pressekonferanse, ifølge AFP.
Russland har returnert 1000 drepne ukrainske Soldatar
Ukraina har mottatt 1000 drepne personar frå Russland. Dei omkomne skal vere ukrainske Soldatar, melder AFP..
Zelenskyj planlegg besøk til Tyrkia
Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj planlegg eit besøk til Tyrkia onsdag for å ta opp igjen forhandlingane om fangeutveksling, melder Reuters. – Vi førebur oss på å gjenopplive forhandlingane, og vi har utvikla løysingar som vi vil leggje fram for våre partnarar. Å gjere alt vi kan for å komme nærmare ein slutt på krigen er Ukraina si viktigaste prioritering, skriv Zelenskyj på Telegram.
Minst ein drepen på grensa mellom Thailand og Kambodsja
Kambodsja sin statsminister Hun Manet hevdar at thailandske Soldatar skaut og drap ein person og tre personar er skadd, melder AFP. – Eg fordømmer bruken av vald frå thailandsk side mot kambodsjanske sivile i landsbyen Prey Chan, skriv statsministeren på Facebook. Også Thailand melder om samanstøyt langs grensa, melder AFP..
Israel skuldar Hamas for brot på våpenkvila
Etter eit luftangrep mot Gaza måndag hevdar det israelske militæret (IDF) at dei blei angripne av væpna grupper i Rafah sør på Gazastripa. IDF skriv på Telegram at det blei det fyrt av mot Soldatar som arbeidde med å fjerne militær infrastruktur. Dei omtalar hendinga som eit alvorleg brot på våpenkvileavtalen, og seier dei vil svare med fast hand.
Israel hevdar Hamas har brote våpenkvila
Etter eit luftangrep mot Gaza måndag hevdar det israelske militæret (IDF) at dei blei angripne av væpna grupper i Rafah sør på Gazastripa. IDF skriv på Telegram at det blei det fyrt av mot Soldatar som arbeidde med å fjerne militær infrastruktur. Dei omtalar hendinga som eit alvorleg brot på våpenkvileavtalen, og seier dei vil svare med fast hand.
Israelsk drone skal ha drepe to Soldatar i Libanon
Det libanesiske militæret rapporterer om to drepne Soldatar og to skadde, etter at ein israelsk drone skal ha eksplodert over Ras al-Naqoura sør i Libanon, melder AFP. Dronen skal ha krasja og seinare eksplodert, i det soldatane undersøkte han, melder nyheitsbyrået Reuters. Israel har foreløpig ikkje kommentert eksplosjonen..
Rajoelina oppløyser nasjonalforsamlinga på Madagaskar
Madagaskar sin president Andry Rajoelina oppløyser nasjonalforsamlinga, melder Reuters. Måndag flykta presidenten landet etter eit attentat, meldte AFP. Det har den siste tida vore demonstrasjonar i landet.
Palestinske helsearbeidarar lauslatne frå israelsk fangenskap
Minst 55 helsearbeidarar var blant palestinarane som blei frigitt frå israelsk fangenskap måndag, ifølgje Healthcare Workers Watch melder NTB. 44 av helsearbeidarane blei tatt til fange av israelske Soldatar medan dei jobba på sjukehus i Gaza. Framleis er 115 palestinske helsearbeidarar i israelsk fangenskap..
Madagaskar sin president skal tale til folket
Måndag opplyser presidentkontoret i Madagaskar at president Andry Rajoelina skal tale til folket måndag kveld, melder AFP og Reuters. Krav om at presidenten skal gå av aukar frå demonstrantar. Rajoelina påstår at et kuppforsøk er i gang, etter at Soldatar slutta seg til demonstrantar i hovudstaden.
Gissel overlevert til det israelske militæret
Sju israelske gissel skal vere overlevert til det israelske militæret (IDF) og er på veg mot Israel. I Israel vil gislane få medisinsk tilsyn, melder AFP. – Befal og Soldatar i IDF helser og omfamnar dei heimvende gislane når dei no er på veg heim til staten Israel, skriv IDF på X..
Netanyahu: – Styrkane blir verande på Gazastripa
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu seier Israel framleis skal ha Soldatar på Gazastripa. – Styrkane våre blir verande fram til Hamas legg ned våpena, seier Netanyahu i dag, I føremiddag starta våpenkvila mellom Israel og Hamas..
Minst 30 militante drepne i Pakistan
I Pakistan har hæren drepe minst 30 militante, opplyser militæret i landet. Ifølgje styresmaktene var dei drepne involverte i eit åtak på Soldatar nær grensa til Afghanistan denne veka, der minst 11 personar blei drepne. Pakistansk Taliban seier dei stod bak åtaket..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
