Skuldast

Thursday, 24 September, 16:54

Nyheter om Skuldast

NRK - 14 maj 26 kl. 06:39

Nær 90 menneske drepne i storm i India

Rundt 90 menneske har mista livet i ein sterk storm med regn og hagl i Indias mest folkerike delstat, Uttar Pradesh, melder Reuters. TV-bilete viser tre og reklametavler som er rivne opp av vindkast. Nokre av dødsfalla Skuldast tre og husveggar som har falle ned, seier ein tenestemann i redningstenesta til nyheitsbyrået.

NRK - 19 apr 26 kl. 15:28

VG: Norsk Tipping har tekniske problem

Norsk Tipping har tekniske problem, som gjer at det ikkje er mogeleg å spele på Oddsen, skriv VG. Pål Enger i Norsk Tipping seier til avisa at feilen Skuldast ei tidlegare systemoppdatering, og at det blir jobba med feilsøking for å løyse problemet..

NRK - 20 mar 26 kl. 09:45

FHI: Færre får hjerneslag

Talet på nye tilfelle av hjerneslag i Noreg har gått ned dei siste 20 åra, viser ei ny studie frå Folkehelseinstituttet (FHI). Nedgangen Skuldast ein stor nedgang i hjerneslag hos eldre aldersgrupper over 55 år, skriv FHI. – Denne nedgangen heng truleg saman med at færre røyker og at vi har betre førebyggande behandling av risikofaktorar som høgt blodtrykk og høgt kolesterol, seier postdoktor Elisabeth Kvalvaag i FHI.

NRK - 22 feb 26 kl. 20:57

Salmonella på Norsvin i Løten

Det er påvist salmonella på Norsvin sin rånestasjon i Løten. Derfor er heile anlegget nå bandlagt.  Det betyr blant anna stopp i all flyt av dyr inn og ut av anlegget og skjerpa smittevernrutinar.

NRK - 06 feb 26 kl. 12:13

Dødstala etter eksplosjon i Islamabad stig

Minst 30 menneske er drepne og over 130 er skadde etter ein eksplosjon i ein moske i Pakistans hovudstad Islamabad etter fredagsbønna, ifølge AFP. Politiet meiner eksplosjonen Skuldast eit angrep utført av ein sjølvmordsbombar. President Asif Ali Zardari og statsminister Shehbaz Sharif har fordømt angrepet og sendt kondolansar til dei etterlatne..

NRK - 06 feb 26 kl. 11:15

Historisk auke i bruken av omvendt valdsalarm

I 2025 blei det brukt omvendt valdsalarm i 400 saker. I 2023 var talet 21 saker, skriv Justis- og beredskapsdepartementet i ei pressemelding. Auken Skuldast ei endring i reglane i april i 2024, som la til rette for at tiltaket kunne brukast i fleire tilfelle og på eit tidlegare tidspunkt.

NRK - 31 dec 25 kl. 14:18

Estlands president uroa over kabelskade mellom Estland og Finland

Estlands president Alar Karis seier han er uroa over skaden på ein undersjøisk kabel mellom Estland og Finland, melder AFP. Karis seier han håpar skaden ikkje Skuldast ei medviten handling. Det var onsdag formiddag at finsk politi opplyste at dei har tatt eit skip i varetekt etter ein skade på ein undersjøisk telekommunikasjonskabel mellom Estland og Finland..

NRK - 10 nov 25 kl. 08:00

Prisstigning på 3,3 prosent dei siste 12 månadene

Frå oktober i fjor til år har prisane stege med 3,3 prosent, det opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein nedgang frå 3,6 prosent i september. SSB peikar på at nedgangen i tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen (KPI) i stor grad Skuldast fall i straumprisane frå september til oktober.

NRK - 15 okt 25 kl. 23:53

Fleire franskmenn stumpar røyken

Stadig fleire franskmenn stumpar røyken. Men enno tenner nesten 20 prosent av den vaksne befolkninga seg minst ein røyk kvar dag. Dei ti siste åra har det vore ein markant nedgang i talet på franske røykarar.

NRK - 22 aug 25 kl. 18:46

Høge prisar for kaffi frå Brasil

Prisane på kaffibønner har auka kraftig etter at USA innførte høgare tollsatsar for Brasil, melder Reuters. Prisane på arabica-kaffi har stige med meir enn 30 prosent i august på verdsmarknaden, ifølge Brasil sitt kaffi-eksportråd melder Reuters. Ifølge dei Skuldast prisauken USA sine tollsatsar.

NRK - 15 aug 25 kl. 16:48

Store skogbrannar i Spania og Portugal

I Spania er det til saman 14 store skogbrannar, ifølge Reuters. Landet er ramma av ei hetebølge og vind som gjer sløkkearbeidet krevjande. Spanske styresmakter seier brannane Skuldast klimaendringar.

NRK - 01 jun 25 kl. 09:50

Russland: Brukollapsar Skuldast eksplosjonar

Brukollapsane i regionane Brjansk og Kursk laurdag kveld og natt til søndag Skuldast eksplosjonar, seier russiske styresmakter, ifølge Reuters. Minst sju personar mista livet i brukollapsane, og mange er skadde. Begge regionane grensar til Ukraina..

NRK - 03 jul 25 kl. 21:49

Sikta kvinne blir avhøyrt etter dødsfall i Florø

Ei av kvinnene som er sikta for brot på hjelpeplikta etter eit dødsfall i Florø, skal avhøyrast neste veke. Det opplyser politiadvokat Are Nygård Bergh. Laurdag blei ei kvinne i 20-åra funnen livlaus i ein bustad.

NRK - 11 jun 25 kl. 05:35

Full stopp i togtrafikken mellom mellom Evanger og Dale - jobbar med å skaffa nok bussar

Onsdag morgon er det stengt for togtrafikk på strekninga Evanger-Dale, melder Vy. Dette Skuldast feil på sporet og Bane Nor jobbar med å retta feilen. – Det er teknisk feil på ei bru.

NRK - 11 jun 25 kl. 05:35

Full stopp i togtrafikken mellom Evanger og Dale – jobbar med å skaffa nok bussar

Onsdag morgon er det stengt for togtrafikk på strekninga Evanger-Dale, melder Vy. Dette Skuldast feil på sporet og Bane Nor jobbar med å retta feilen. – Det er teknisk feil på ei bru.

NRK - 11 jun 25 kl. 05:35

Full stopp i togtrafikken på Bergensbanen – jobbar med å skaffa nok bussar

Onsdag morgon er det stengt for togtrafikk på strekninga Evanger-Dale, melder Vy. Dette Skuldast feil på sporet og Bane Nor jobbar med å retta feilen. – Det er teknisk feil på ei bru.

NRK - 27 maj 25 kl. 10:09

Salet av nasespray flatar ut etter fleire år med auke

Aldri har nordmenn brukt meir nasespray enn me gjorde i 2022 og 2023. Men tysdag kom Folkehelseinsitituttet (FHI) med tala for 2024. Dei viser at salet flater ut.

NRK - 12 maj 25 kl. 22:41

Brann påverkar straumen til delar av bygd i Volda

Transformatorstasjonen, som byrja å brenne på Viddal i Volda, er heilt nedbrent. Brannen er no sløkt, melder politiet. Skadane påverkar straumen til delar av Viddal.

NRK - 11 apr 25 kl. 12:37

Svakaste dollar på meir enn tre år

Dollaren har fått seg ein kraftig smell etter at Kina valte å auke tollsatsen på amerikanske varer frå 84 til 125 prosent fredag. Ein euro kostar 1,13 dollar fredag ettermiddag, som er den svakaste dollarkursen sidan februar 2022, ifølgje data frå Infront. – Alt Skuldast Donald Trump sin tollpolitikk, og Kina sitt tollsvar, seier valutastrateg Dane Cekov.

NRK - 06 apr 25 kl. 10:54

Digitaliseringsministeren rosar Tromsø kommune for å bruke KI

Torsdag i førre veke vart det oppdaga fleire feil i ein rapport om skulestruktur frå Tromsø kommune. Det vart vist til falske kjelder, og feilen Skuldast at kommunen brukte KI. – Eg tek ikkje lett på denne saka.

NRK - 04 apr 25 kl. 13:16

Stor auke for overgrepsmottaket

Firda melder at talet pasientar på overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane auka med 40 prosent i 2024, samanlikna med året før. Dei fleste tilfella dreidde seg om seksuelle overgrep. I 2024 var det 73 personar som vende seg til overgrepsmottaket, mot 51 personar i 2023.

NRK - 03 jan 25 kl. 09:39

Hanoi verdas mest forureina by fredag

Vietnams hovudstad Hanoi er dekt av tett smog fredag, og toppar lista over dei mest forureina byane i verda, melder Reuters. Vietnam har ein av dei raskast veksande økonomiane i Asia, og har hatt eit aukande problem med alvorleg luftforureining dei siste åra. Den kraftige forureininga Skuldast blant anna mykje trafikk, søppelbrenning og industri, skriv nyheitsbyrået.

NRK - 04 dec 24 kl. 13:37

Stort straumbrot på Cuba

Fleire million menneske er utan straum på Cuba, melder Reuters. Straumbrotet Skuldast at landets største kraftverk har fått alvorlege problem. Det har vore fleire liknande straumbrot på Cuba dei siste to månadane på grunn av naturkatastrofar, økonomisk krise og mangel på brensel..

NRK - 29 aug 24 kl. 21:48

Israel: Skyting mot FN-køyretøy Skuldast ein kommunikasjonsfeil

Israel har fortalt USA at skytinga mot eit FN-køyretøy Skuldast ein kommunikasjonsfeil mellom militære einingar i forsvaret deira (IDF). USA oppmodar Israel til å «rette opp problema i systemet sitt umiddelbart» slik at FN-personell ikkje blir utsett for skyting igjen, ifølgje USAs viseutsending til FN. Det melder Reuters.

NRK - 20 sep 24 kl. 12:24

Problem med mobil- og nettbanken til Nordea

Nordea har tekniske problem som kan føre til at både nett- og mobilbanken er ustabile. – Dette Skuldast teknisk vedlikehald, seier senior kommunikasjonsrådgjevar Anja Lohne Holm i Nordea til Nettavisen. Banken jobbar med å løyse problema, men kan ikkje seie når alt er tilbake til normalen.

NRK - 17 aug 24 kl. 20:52

Seier dei vil stenge X i Brasil

Medieplattforma X seier dei stenger si verksemd i Brasil med umiddelbar verknad som følge av det dei beskriv som ordre om sensur frå rettsvesenet, skriv NTB. X, tidlegare kjent som Twitter, er framleis tilgjengeleg for brukarar i Brasil, opplyser selskapet, som er eigd av milliardæren Elon Musk. X retter alvorleg skuldingar mot ein namngitt brasiliansk høgsterettsdommar når dei grunngjev laurdagens avgjerd.

NRK - 02 aug 24 kl. 10:09

Arbeidsløysa auka i juli

Talet arbeidslause held fram å auke i Noreg, men frå låge nivå. Ved utgangen av juli var 74.000 personar registrerte som heilt ledige eller arbeidssøkarar på tiltak hos NAV.

NRK - 31 jul 24 kl. 13:01

Syklist døde

Ein syklist som vart funnen bevisstlaus i Aure tysdag, døde. Det bekreftar politiet. Dei pårørande skal vere varsla.

NRK - 06 maj 24 kl. 14:12

Dødstala etter flaum i Brasil stig

Talet på omkomne etter flaumen i staten Rio Grande do Sul i Brasil har kome opp i 83, melder Reuters. Ifølge lokale styresmakter er framleis 111 menneske sakna, og nesten 122.000 menneske har måtte er fordrive frå heimane sine.

NRK - 25 apr 24 kl. 11:26

Politiets IT-problem identifisert: Ikkje ei villa handling

Feilen er no identifisert og Politiets IT-eining jobbar med å løse han, skriv dei sjølv på eigne nettsider. Det er ingen indikasjonar på at problema Skuldast ei villa handling, ifølge politiet. Naudnummeret fungerer som normalt.

NRK - 03 apr 24 kl. 10:57

Polen startar etterforsking av drapet på polsk hjelpearbeidar

Politiet i heimbyen til den polske hjelpearbeidaren som blei drepen i eit israelsk angrep i Gaza tysdag, startar etterforsking av hendinga, melder det statlege nyheitsbyrået PAP, ifølge Reuters. Israel seier angrepa som tok livet av sju personar som skulle dele ut naudhjelp, Skuldast ei feilidentifisering..

NRK - 12 jan 24 kl. 11:59

Raudt kallar inn klima- og miljøministeren

Raudt kallar inn klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til Stortinget for å svare for arealpolitikken etter NRKs saker om nedbygging av norsk natur. – Det er for enkelt å gi kommunane skulda aleine for nedbygginga. Mange av dei tusenvis inngrepa Skuldast statleg politikk, seier miljøpolitisk talsperson Sofie Marhaug til NRK..

NRK - 01 dec 23 kl. 19:00

Senatorar ber Biden om å forby reising mellom Kina og USA

Fem republikanske senatorar ber den amerikanske presidenten Joe Biden om å forby reising til og frå Kina, ifølgje Reuters. Årsaka skal vera at det i Kina den siste tida har vore ein auke i luftvegsinfeksjonar og lungebetennelsar blant barn. – Me burde avgrensa reiser mellom Kina og USA med ein gong, fram til me veit meir om farane med denne nye type sjukdommen, skreiv dei i eit brev til presidenten.

NRK - 27 nov 23 kl. 11:05

Menneskeleg svikt truleg årsak til ferjekrasj

Ferjekrasjen på sambandet Lavik-Oppedal i førre veke Skuldast mest truleg menneskeleg svikt. Det opplyser Sjøfartsdirektoratet til NRK. Åtte personar vart lettare skadde då ferja MF Stavanger brasa i ferjekaien i Lavik.

NRK - 31 okt 23 kl. 08:00

Kols hyppigaste dødsårsak i Danmark

Ei analyse frå Lungeforeningen viser at kols for første gong er den hyppigaste dødsårsaka i Danmark, skriv Danmarks Radio. Dei har henta tal får Dødsårsagsregisteret som viser at 3507 danskar døydde av kols i 2021. Symptoma på kols er pusteproblem, hoste og pipande pust.

NRK - 11 sep 23 kl. 16:47

VG: Vallister for INP i Moss blei ikkje lagt ut i stemmelokalet i Ryggehallen

Vallistene til Industri- og næringspartiet for Østfold manglar i Ryggehallen i Moss, melder VG. Valansvarleg i Moss kommune, Inger-Lise Skartlien, stadfestar overfor avisa at dei har gløymt å sette fram stemmesetlane. – Det Skuldast ein menneskeleg feil.

NRK - 25 aug 23 kl. 06:26

Droneselskap frå Sandnes i økonomisk trøbbel

Det Sandnes-baserte droneselskapet Field har økonomiske utfordringar, skriv Dagens Næringsliv. Resultatet blei minus 100 millionar kroner før skatt, i fjor, og Field har bede om utsetjing av betaling av renter og avdrag to gonger dette året. Revisoren peikar på at selskapet er avhengig av ny eigenkapital eller nye lån for å kunne betala avdrag og andre rekningar det neste året.

NRK - 18 aug 23 kl. 10:26

Kommunenettsider er nede

Nettsider til ein rekke kommunar over heile landet er nede. Anette Weibust Petersen i Ålesund kommune seier at det ikkje er mogleg å bruke deira nettsider akkurat no. Det Skuldast at leverandøren deira har problem..

NRK - 26 jul 23 kl. 15:42

Flaumskadar kan gi rett til naturskadeerstatning

Skadar på eigedom som følgje av nedbør og flaum kan gi rett til naturskadeerstatning. Landbruksdirektoratet minner om at skadar må dokumenterast fortløpande. Statens naturskadeordning vert forvalta av Landbruksdirektoratet.

NRK - 27 jun 23 kl. 08:19

FN: Over 1000 sivile drepne i Afghanistan

I Afghanistan er over 1000 sivile drepne av bomber og annan vald etter at dei utanlandske styrkane forlét landet og Taliban tok over styringa i 2021, ifølge ein FN-rapport. Rundt 700 av dødsfalla Skuldast improviserte bomber og sjølvmordsbombarar på offentlege stader..

NRK - 23 jun 23 kl. 09:05

Eksplosjon på flåte

Ulykka ved Ovråneset i Stranda på Sunnmøre Skuldast ein eksplosjon på ei flåte, melder politiet. Dei stadfestar at ein person er skadd. Luftambulansen er på veg til staden..

NRK - 19 apr 23 kl. 14:17

Dårlegare resultat for Amedia

Mediekonsernet Amedia hadde eit driftsresultat på 370 millionar kroner i fjor, melder selskapet i ei pressemelding. Det er ein nedgang på 254 millionar frå 2021. Visekonsernsjef Gisle Torheim seier delar av fallet Skuldast planlagde satsingar, men at også dei har merka dei økonomiske nedgangstidene.

NRK - 30 mar 23 kl. 13:06

Fall i klimagassutsleppa i Storbritannia

Storbritannia sitt utslepp av klimagassar fall i 2022, viser statistikk frå styresmaktene. Samanlikna med 2021 fall utsleppa med 2,2 prosent til 2022. Det svarar til utslepp av 417,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

NRK - 27 mar 23 kl. 08:12

Problem for Widerøe på Flesland

Fleire avgangar med Widerøe er innstilt frå Bergen lufthavn, Flesland, måndag morgon. Dette gjeld avgangar til både Stavanger, Kristiansund og Florø, ifølgje Avinor. Det er også innstillingar for fly frå Sogndal, Kristiansand, Haugesund, og Ørsta/Volda, som alle skulle til Flesland.

NRK - 19 mar 23 kl. 08:45

Betydeleg rasfare

Søndag er det betydeleg rasfare i Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss og Hardanger. Det oransje farevarselet Skuldast vedvarande svake lag, noko som kan gi svært store skred som losnar naturleg i høgfjellet. Nokre stader vil regn og aukande vind påverke skredfaren..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com