Selde
Nyheter om Selde
Stevie Wonder til Noreg
Artistlegenda Stevie Wonder kjem til Unity arena på Fornebu i oktober. Konserten er ein del av ein jubileumsturné for albumet «Songs in the key of love,» som Wonder skal framføre i heilskap på konserten. Det Grammy-vinnande albumet kom ut i 1976 og Selde over 10 millionar eksemplar.
Obos i minus i første kvartal
Svikt i salet av nybustader og høgare finanskostnadar gjorde at Obos gjekk med eit underskot på 253 millionar kroner i minus i første kvartal. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Obos Selde 654 bustader verdt 3,6 milliardar kroner i første kvartal, som er ein nedgang på 20 prosent samanlikna med talet på Selde bustader i same periode i fjor..
Tolv personar døydde i fyrverkeriulykke i Kina
Tolv personar omkom då ein butikk som Selde kinaputtar eksploderte og tok fyr i Hubei-provinsen i Kina, melder den statlege kringkastaren CCTV, ifølge Reuters. Eksplosjonar i samband med fyrverkeri er ikkje uvanleg i Kina og fyrverkeri blir brukt i stor skala under feiringar..
Svensk mann mistenkt for å ha selt kona si til over 100 menn
Ein svensk mann i 60-åra sit i varetekt mistenkt for å ha selt kona si til over 100 menn. Dette skal ha gått føre seg over fleire år, skriv Aftonbladet. Sexhandelen skal ha gått føre seg både over nett og gjennom fysiske møte.
Nedgang i salet på nye bilar i oktober
Det blei registrert 11.138 nye personbilar i oktober. Det 3,6 prosent færre enn i oktober i fjor og 22,3 prosent færre enn i september, viser tal frå Opplysningskontoret for veitrafikken.
Senator Graham hardt ut mot oljefondet si avgjerd
Senator Lindsey Graham går hardt ut mot oljefondet si avgjerd om å selje seg ut av det amerikanske Caterpillar. Oljefondet Selde seg ut ettersom selskapet samarbeider med den israelske hæren. – Til Noreg sitt oljefond – som er det største i verda: dykkar avgjerd om å straffe Caterpillar fordi Israel brukar produkta deira, er svært støytande, skriv senatoren på X.
Tesla tapar marknadsdelar i Noreg
Marknadsdelen til Tesla har falle frå 21,2 prosent til 14 prosent til no i år. Men dei er framleis den mest Selde nybilmodellen i Noreg, viser tal frå Opplysningskontoret for vegtrafikk som er sitert av Norsk elbilforening. Tala viser også at 98,1 prosent av privatpersonar som kjøper ny bil, vel elbil.
Sør-Afrika avviser Trump-toll
Sør-Afrika har reagert på brevet frå USAs president Donald Trump, der han varslar ein 30 prosent toll på alle varer frå Sør-Afrika frå og med 1. august. – Dette er ikkje ei korrekt framstilling av tilgjengelege handelsdata, heiter det i uttalen frå det sørafrikanske presidentkontoret på X.
SAS vil kjøpe 55 nye fly
Flyselskapet SAS vil kjøpe 55 nye fly frå den brasilianske produsenten Embraer. Det skriv Reuters. Det vil vere ei stor oppgradering av selskapet sin flyflåte og er den største investeringa SAS har hatt i nye fly sidan 1996.
Fleire nordmenn besøkte norske kinoar denne våren
Norske kinoar har hatt ein opptur med 3,6 millionar Selde billettar så langt i år. «Ein Minecraft-film» er mest sett blant nordmenn. Det er ein auke på 4,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Tons of Rock utselt på rekordtid
Noregs største musikkfestival, Tons of Rock, er utselt for festivalpass. Og det på rekordtid, ifølgje Iq-mag.net, som har snakka med arrangørane.
Endå fleire spirer kalla tilbake
Produsenten Norske Spirer kallar tilbake produkta «Salat og tacomix» og «Økologisk kløver» etter mistanke om salmonellasmitte. I går blei det kjend at fleire andre produkt frå produsenten har blitt kalla tilbake av same grunn. Produkta er Selde i mange daglegvarebutikkar og til storkjøkken.
Tesla-salet i Europa ned 45 prosent i januar
Salet av Tesla-bilar i Europa falt med 45 prosent i januar i år mot same månad i fjor. Det skriv Financial Times. Tesla Selde berre 9900 bilar i Europa førre månad, skriv avisa.
Dagfinn Lyngbø har sett ny rekord i Bergen
Dagfinn Lyngbøs sitt nye show «Folk» har allereie selt 36.000 billettar i Bergen, før premieren. Det skriv Bergens Tidende.
Auke for folkemuseet
Stiftinga Norsk Folkemuseum Selde 16 prosent fleire billettar i 2024 enn i 2023. Over 522.000 besøkte blant anna musea Norsk Folkemuseum, Eidsvoll1814 og Bygdø Kongsgård..
24 Joker-butikkar Selde etter gjeldskrise
Kjøpmannen Inderjeet Singh eig 37 Joker-butikkar og er i alvorleg gjeldskrise. No vil daglegvaregiganten Norgesgruppen kjøpe 24 av butikkane hans, ifølgje eit dokument sendt til Konkurransetilsynet. Alle Joker-butikkar i Noreg er eigde av sjølvstendige kjøpmenn.
Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige
Ticketmaster gjer endringar på billettane som er Selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen. Dei rundt 200.000 Selde billettane var personlege.
Sel sensitive helseopplysingar om 7,1 millionar finnar
Sensitive helseopplysingar om 7,1 millionar finnar vert marknadsførte og Selde til nasjonale og internasjonale forskarar, skriv den finske kringkastaren Yle. Det er det statlege tilsynet Findata som tilbyr desse opplysingane samanstilt frå fleire ulike register. Opplysingane er anonymiserte, men inneheld mellom anna fødselsdag, kjønn og fødestad.
Utdanningsdirektoratet trekk millionkrav mot barnehagekjede
Tidlegare kravde Utdanningsdirektoratet 37 millionar kroner betalt tilbake frå barnehagekjeda Læringsverkstedet. No trekk dei kravet, skriv Utdanningsnytt. Læringsverkstaden Selde 140 millionbygg for 4 milliardar kroner i 2020.
Tetris er 40 år
Spelet Tetris har bursdag i dag. For 40 år sidan skapte den sovjetiske programmeraren Aleksej Pazijtnov spelet der det er om å gjera å stabla fallande blokker fortast mogleg. I dag er det eit av verdas best Selde spel, skriv NTB.
Sterk vekst for bygdekinoen i fjor
Bygdekinoen auka talet på Selde billettar med 26 prosent frå 2022 til 2023, viser kinostatistikken til Film og Media. Totalt blei det seld 96.297 billettar på 196 kinostader over heile landet.
Mann dømd for heleri av fluorhaldig gass
Ein mann er i Buskerud tingrett dømd til to år i fengsel for å ha kjøpt og seld fluorhaldig gass som var smugla til Noreg. Mannen kjøpte gassen til ein verdi av 3 millionar kroner, og Selde han vidare på via annonsar i sosiale medium. Det er strenge restriksjonar på fluorhaldige gassar, og importørar må betale ei høg særavgift til styresmaktene.
Solberg seier ho ikkje har noko nytt å seie etter Huitfeldt-avgang
Høgreleiar Erna Solberg seier i ein kommentar til NRK at ho ikkje har noko nytt å seie etter at statsminister Jonas Gahr Støre brukte habilitetssaka hennar som ei delforklaring på at Anniken Huitfeldt måtte gå som utanriksminister. – Som eg har sagt fleire gongar dei siste vekene blir det forståeleg nok diskusjonar om eg framleis bør vere leiar i Høgre og statsministerkandidat i 2025. Eg vil uansett ta min del av ansvaret for å rydde opp i det som har skjedd, og bidra til å vinne att tilliten folk mister til politikken som følge av slike saker.
Støre om Huitfeldts avgang: – Saka om kjøp og sal av aksjar og habilitet er del av grunngjevinga
Saka om kjøp og sal av aksjar og habilitet er ein del av grunngjevinga for at Anniken Huitfeldt måtte gå av som utanriksminister. Det sa statsminister Jonas Gahr Støre då han presenterte endringar i regjeringa måndag. Støre heldt fast på at han trur på Huitfeldt då ho sa at ho ikkje var klar over at ektemannen kjøpte og Selde aksjar.
Historisk opningshelg for «Barbie»
Greta Gerwig skreiv kinohistorie då «Barbie» spelte inn heile 155 millionar dollar denne opningshelga. Dette er den beste opningshelga nokosinne for ein kvinneleg regissør. «Captain Marvel» heldt tidlegare rekorden.
VG: Ektemannen kjøpte aksjar kort tid etter Huitfeldt møtte selskap
Utanriksminister Anniken Huitfeldt sin ektemann Ola Flem, kjøpte aksjar i 40 selskap medan ho var statsråd, der to av kjøpa skjedde kort tid etter at Huitfeldt møtte selskapa, melder VG. Ei kartlegging avisa har gjort viser at Flem kjøpte aksjar i Kongsberg Gruppen to dagar etter at Huitfeldt møtte leiinga i selskapet i mai i år. Møtet var ikkje oppført i Huitfeldt sin offisielle kalender og pressa var ikkje til stader, skriv VG.
E24: To nordmenn dømt til fengsel og over 20 millionar i erstatning etter sal av leilegheit i Brasil
To nordmenn er dømde til to år og ni månadar fengsel for sal av leilegheiter i Brasil for mange millionar kroner tidleg på 2000-talet. Det skriv E24. Mellom 2006 og 2008 var dei to mennene dagleg leiar og styreleiar i selskapet Brazilian Realestate (BR).
Nedgang i hyttemarknaden
Auka levekostnadar og fleire rentehevingar har ført til mindre aktivitet i den norske hyttemarknaden, ifølge DNB Eiendom. – Kjøparane er no meir selektive og har god tid. Vi har mista «koronakjøparane» og mange sit på gjerdet på grunn av trongare økonomi, seier Tone C.
Rekordmange elbilar Selde i 2022
I år har elbilsalet nådd ein ny rekord på 125.000 bilar, ifølge Opplysningskontoret for vegtrafikken. No blir det registrert uvanleg mange elbilar på tampen av året, med 19.
Ny salsrekord for elbilar
I november blei det seld 15.911 elbilar. Det er ny rekord i salet av elektriske bilar, melder Elbilforeningen.
Politimann dømd til fengsel i sju månader
En politimann i Møre og Romsdal er dømd til fengsel i sju månader for grovt underslag. Han har lagt alle kort på bordet, og vedgjekk å ha tatt med seg kle, utstyr, belte og lykter for nesten 700 000 kroner heim. Store delar av dette Selde han via annonser på internett.
Norske gardsbruk er blitt dobbelt så dyre
I løpet av eit tiår er norske gardsbruk blitt dobbelt så dyre. Sidan 2010 har gjennomsnittsprisen på landbrukseigedomar som blir Selde fritt dobla seg, skriv NTB. Iføge tal frå Statistisk sentralbyrå har knappe 9.
McDonalds vil opna opp igjen i Ukraina
McDonalds planlegg å opna sine restaurantar i Kyiv og vestlege Ukraina igjen innan eit par månader, melder Reuters. Selskapet har haldt alle sine serveringsstader i landet stengd sidan mars, som følge av den russiske invasjonen av Ukraina. Matkjeda har sagt at dei håper gjenopninga kan gjenoppretta ei lita, men viktig, kjensle av normalitet, skriv BBC.
Rotevatn til Aftenposten: – Noreg treng ikkje SAS
– Noreg treng ikkje SAS, men ein velfungerande flymarknad, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) til Aftenposten. Venstre er blant mange stortingsparti som ikkje vil redde flyselskapet som no er i krise. – Eg synest ikkje det er staten si oppgave å eige eit flyselskap.
Selde ladarar frå Tau for nesten ein halv milliard
I det siste året med Anders Thingbø i sjefsstolen, meir enn dobla Zaptec inntektene sine..
Selde ladarar frå Tau for nesten ein halv milliard
I det siste året med Anders Thingbø i sjefsstolen, meir enn dobla Zaptec inntektene sine..
Q-meieriene Selde 8,3 millionar færre liter mjølk i fjor
Årsresultatet til Q-meieriene blei meir enn halvert. – Eit motbakkeløp, seier styreleiar som no ventar på svar på ein viktig klage..
Obos-satsing skal få fleire inn på bustadmarknaden
Dei neste fem åra skal Obos tilby medlemmane minst 8500 bustader med nye bustadkjøpsmodellar. Målet er å få fleire inn på bustadmarknaden. I Oslo-området skal rundt 70 prosent av nye Obos-bustader vere ein del av ordningar som skal gjere det lettare å kome inn på bustadmarknaden.
Volvo går på børs
Volvo Cars, som er eigd av Geely Sweden Holding, blir børsnotert. Dei får over 200.000 aksjeeigarar.
Kraftig auke i fjellhyttesal
Talet Selde fritidsbustadar i fjellhyttekommunane auka med 47 prosent frå året før pandemien, melder NTB. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå , som har samanlikna perioden frå 1. juli 2020 til 30.
Skuldar sportskjede for plagiat
Skoprodusenten Timbaland skuldar den norske Sport Outlet for å selje kopiar av skoa deira. Dei hevdar at sportskjeda sel kopiar av minst fem ulike Timbaland-produkt, skriv Dagens Næringsliv. Sport Outlet avviser skuldingane.
Saksøker Konkurransetilsynet
Schibsted seier dei vil gå til sak mot Konkurransetilsynet i eit forsøk på å behalde Nettbil som blei kjøpt opp i fjor. – I denne saka meiner Schibsted at avgjerda frå konkurransestyresmaktene er gal. Oppkjøpet av nettbil skulle vore godkjent, seier kommunikasjonsdirektør Atle Lessum til Bilnytt.
Elbilrekord i august
72 prosent av alle nye bilar som blei Selde i Noreg i august, var elbilar. Dette er første gong elbilar utgjer dei fleste av alle nye bilar i alle landsdelane i Noreg. I alt kom det 381 nye elbilar på norske vegar kvar dag i august, viser nye tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken (OfV)..
Telenor med resultat på 12,4 mrd.
Telenor fekk eit resultat på 12,4 milliardar kroner i andre kvartal, 800 millionar kroner mindre enn same periode i fjor. Telenor Selde mobilverksemda i Myanmar for 12 dagar sidan, og denne verksemda er difor ikkje med i tala. Tala syner likevel at Telenor har problem med lønsemda i andre asiatiske land.
Tenar millionar på kryptokunst
Kryptokunst er ein marknad i stadig vekst. Ein amerikansk kunstnar Selde nyleg eit kunstverk for omlag 600 millionar kroner. Det gjer kunstnaren bak til den tredj høgstselgande kunstnaren i verda..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
