Salet

Thursday, 24 September, 02:56

Nyheter om Salet

NRK - 03 sep 26 kl. 14:23

Tiltalt for millionsal av fisk ueigna for menneskemat

To menn frå Nordmøre er tiltalte for millionsal av fisk som skal ha vore ueigna for menneskemat. Totalt skal dei ha selt over 550 tonn til kundar i inn- og utland med ein verdi av over 23 millionar. Salet skal ha foregått frå 2018 til 2023.

NRK - 30 jul 26 kl. 18:26

Elkjøp får kjøpe Eplehuset

Konkurransetilsynet har godkjent at Elkjøp kan kjøpe Eplehuset, skriv dei i ei pressemelding. I juni varsla tilsynet at dei kunne komme til å stoppe oppkjøpet fordi dei meinte det kunne svekke konkurransen i Salet av Apple-produkt til privatkundar. Men etter å ha henta inn meir informasjon og gjort ei ny vurdering, har dei kome fram til at dei kan godkjenne oppkjøpet.

NRK - 05 maj 26 kl. 13:36

Obos i minus i første kvartal

Svikt i Salet av nybustader og høgare finanskostnadar gjorde at Obos gjekk med eit underskot på 253 millionar kroner i minus i første kvartal. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Obos selde 654 bustader verdt 3,6 milliardar kroner i første kvartal, som er ein nedgang på 20 prosent samanlikna med talet på selde bustader i same periode i fjor..

NRK - 10 feb 26 kl. 11:21

Nedgang i fransk eksport av vin og brennevin

For tredje år på rad var det nedgang i fransk eksport av vin og brennevin i 2025. Til saman fall eksporten med 7,9 prosent til 14,3 milliardar euro, ifølge bransjeorganisasjonen FEVS. Dette er det lågaste nivået sidan pandemiåret 2020.

NRK - 19 mar 26 kl. 10:14

Kraftig nedgang i nybustadSalet

Salet av nye bustader er 21 prosent lågare enn i februar 2025. Igangsettinga er 38 prosent lågare. – Situasjonen er alvorleg, og mangelen på politisk handlekraft gjer krisa djupare for kvar månad som går, seier administrerande direktør Lars Jacob Him i Boligprodusentenes Forening til NTB.

NRK - 19 feb 26 kl. 12:30

Ber om fengsel i fem månader

Politiadvokat Ida Sletsjøe i Økokrim ber om fengsel i fem månader for romsdalsmannen i 80-åra som er tiltalt for handel med egg frå ville fuglar. Sletsjøe sa i si prosedyre torsdag at mannen har vore ein sentral del av eit miljø som handla med ulovlege egg. Ho meiner at almennpreventive omsyn veg særleg tungt, og at det er viktig å sende eit avskrekkande signal til andre som vurderer det samme.

NRK - 03 nov 25 kl. 11:50

Nedgang i Salet på nye bilar i oktober

Det blei registrert 11.138 nye personbilar i oktober. Det 3,6 prosent færre enn i oktober i fjor og 22,3 prosent færre enn i september, viser tal frå Opplysningskontoret for veitrafikken.

NRK - 27 maj 25 kl. 10:09

Salet av nasespray flatar ut etter fleire år med auke

Aldri har nordmenn brukt meir nasespray enn me gjorde i 2022 og 2023. Men tysdag kom Folkehelseinsitituttet (FHI) med tala for 2024. Dei viser at Salet flater ut.

NRK - 12 jun 25 kl. 10:10

Bedriftene ventar auka eksport, trass tollruo

Norske bedrifter ventar at eksporten og veksten vil halde seg oppe fram mot hausten, trass tolluro og usikkerheit i internasjonal handel. Det svarer bedriftene i Noregs Bank sitt regionale nettverk. Rapporten viser blant anna at auka investeringar i forsvar og høgare produksjon i oppdrettsnæringa bidreg til sterkare vekst.

NRK - 14 maj 25 kl. 20:15

– Siste Oasis-sjanse

Oasis-turneen i sommar blir siste sjansen til å sjå bandet. Det slår manager Alec McKinlay fast. Han stadfestar overfor Music Week at den komande turneen «Live '25» blir ei éingongsførestilling utan nye utgjevingar.

NRK - 26 feb 25 kl. 09:02

Teslas verdi fell under 1 billion dollar

Tesla sin marknadsverdi har falle til under 1 billion dollar etter ein nedgang i Salet i Europa, melder Reuters. Selskapet opplevde ein nedgang på 45 prosent i Salet i januar, noko som understrekar Teslas utfordringar etter ein nedgang i globale leveransar i fjor. Dette har auka presset på Elon Musk til å lansere billigare modellar og autonome bilar.

NRK - 26 feb 25 kl. 09:02

Teslas verdi fell under éin milliard dollar

Tesla sin marknadsverdi har falle til under 1 milliar dollar etter ein nedgang i Salet i Europa, melder Reuters. Selskapet opplevde ein nedgang på 45 prosent i Salet i januar. Det skriv Reuters understrekar Teslas utfordringar etter ein nedgang i globale leveransar òg i fjor.

NRK - 26 feb 25 kl. 09:02

Teslas verdi fell under éin billion dollar

Tesla sin marknadsverdi har falle til under 1 billiondollar etter ein nedgang i Salet i Europa, melder Reuters. Selskapet opplevde ein nedgang på 45 prosent i Salet i januar. Det skriv Reuters understrekar Teslas utfordringar etter ein nedgang i globale leveransar òg i fjor.

NRK - 25 feb 25 kl. 09:11

Tesla-Salet i Europa ned 45 prosent i januar

Salet av Tesla-bilar i Europa falt med 45 prosent i januar i år mot same månad i fjor. Det skriv Financial Times. Tesla selde berre 9900 bilar i Europa førre månad, skriv avisa.

NRK - 25 okt 24 kl. 19:39

75 matforgifta etter E. coli-utbrot hos McDonalds i USA

Talet på matforgifta etter E. coli-utbrotet som er knytt til ein av hamburgarane til McDonalds i USA, stig, melder AFP. 75 personar har no meldt tilbake om reaksjonar.

NRK - 14 aug 24 kl. 06:55

USA godkjenner våpensal til Israel for over 200 milliardar kronar

Brorparten av Salet gjeld sal av 50 F-15 kampfly, landet skal òg kjøpe stridsvogngranatar, bombekastargranatar og nye militære transportkøyretøy. Menneskerettsgrupper og enkelte medlemer på venstresida i Det demokratiske partiet har bede styresmaktene avgrense eller stanse Salet av våpen til Israel. Dei viser blant anna til dei enorme sivile tapa i krigen på Gazastripa.

NRK - 14 aug 24 kl. 06:55

USA godkjenner våpensal til Israel for over 200 milliardar kroner

Brorparten av Salet gjeld sal av 50 F-15 kampfly, landet skal òg kjøpe stridsvogngranatar, bombekastargranatar og nye militære transportkøyretøy. Menneskerettsgrupper og enkelte medlemer på venstresida i Det demokratiske partiet har bedd styresmaktene avgrense eller stanse Salet av våpen til Israel. Dei viser mellom anna til dei enorme sivile tapa i krigen på Gazastripa.

NRK - 20 sep 24 kl. 08:59

Bulgaria avviser koplingar til personsøkarar som eksploderte

Det bulgarske tryggingsbyrået DANS seier at ingen av personsøkarane som blei brukt i Libanon-angrepet blei importert til, eksportert frå eller produsert i Bulgaria, melder Reuters. Bulgarske styresmakter opplyste torsdag at dei ville etterforske moglege koplingar til Salet av personsøkarane som eksploderte i Libanon denne veka. Eit norskeigd selskap i Bulgaria blei tidlegare knytt til handelen av personsøkarane..

NRK - 01 jul 24 kl. 08:00

Stoppar Salet av Ozempic som «slankemedisin»

Bruken av medisinen Ozempic har eksplodert det siste året. Sjølv om medisinen er laga for dei med diabetes 2, har svært mange begynt å bruka det for å slanka seg. No strammar regjeringa inn på bruken: Direktoratet får ikkje levere ut norske pakningar med Ozempic til pasientar med kvit resept, skriv dei på sine heimesider.

NRK - 16 apr 24 kl. 10:11

Framleis fall i Salet av nye bustader

Det var eit fall på 3 prosent i Salet av nye bustader i første kvartal i år, samanlikna med dei tre første månadane i fjor. Det viser ferske tal frå Boligprodusentenes Forening. For mars månad var fallet i nybustadSalet på 14 prosent.

NRK - 05 apr 24 kl. 08:23

Fleire kjøper flybillettar etter halvering av prisane

– Halvering av maksimalprisen på anbudsrutene er gode nyheiter for alle dei som er heilt avhengig av fly som kollektivtransport. Vi registrerer ei endring i bestillingsmønsteret etter reduksjon av maksimalpris. Det seier Stein Nilsen, administrerande direktør i Widerø, i ei melding frå flyselskapet.

NRK - 12 jun 24 kl. 13:10

Orkla sel Lilleborg – får gevinst på 475 mill.

Orkla har onsdag selt Lilleborg til Solenis, går det fram av ei børsmelding. Orkla, som mange kjenner som selskapet bak Grandiosa, Toro eller Idun, vil tene kring 475 millionar kroner på Salet. Lilleborg, som leverer profesjonelle reingjeringsløysingar, er verdsett til 600 millionar kroner.

NRK - 13 maj 24 kl. 08:04

7-eleven vil slutte å selja sigarettar i Sverige

Kioskkjedene Pressbyrån og 7-eleven vil begynna å fasa ut Salet av sigarettar i Sverige. Det skriv den svenske avisa Aftonbladet. På lang sikt betyr det ein totalstopp i sigarettsal i dei svenske butikkane.

NRK - 23 apr 24 kl. 14:03

Stanser sal av tonnevis av sjokolade

Cloetta stansar Salet av hundrevis av tonn med produkt etter varsling om helserisiko, melder Siren. Ifølge nyheitsbyrået har det kome opplysningar om at det er brukt palmeolje forureina med helsefarlege stoffer i produksjonen, skriv svenske Aftonbladet. – Vi tok umiddelbare forholdsreglar og la ferdige produkt på lageret vårt så snart vi fekk informasjon om dette.

NRK - 28 dec 23 kl. 15:03

Rekordsal av vinylplater i Storbritannia

Det er selt nesten 6 millionar vinylplater i Storbritannia i 2023, melder BBC. Vi må tilbake til 1990-talet for å finne liknande tal. Samanlikna med fjoråret har Salet stige med 12 prosent.

NRK - 15 dec 23 kl. 07:51

Konkurransetilsynet tillèt Nordea-oppkjøp av Danske Bank

Konkurransetilsynet har i dag orientert Nordea om at tilsynet tillèt oppkjøpet av Danske Bank si personkundeverksemd. Det skriv Konkurransetilsynet i ei pressemelding fredag morgon. – Konkurransetilsynet har no vurdert oppkjøpet grundig, og kome til at Nordea sitt oppkjøp av Danske Bank ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i bankmarknaden.

NRK - 17 okt 23 kl. 10:11

Salet av nye bustader går kraftig ned

Salet av nye bustader i september 2023 er 38 prosent lågare enn same månad i fjor, det viser tal frå Boligprodusentene. Kvartalstala viser at også ein nedgang på 27 prosent frå tredje kvartal i fjor til tredje kvartal i år. Også bygging av nye bustader går kraftig ned, med 67 prosent, i september 2023 samanlikna med september i fjor..

NRK - 27 dec 23 kl. 17:53

Fann hestekjøtt i svensk kebab

Svenske styresmakter har stoppa Salet av tre typar kebabspyd etter at det blei funne hestekjøtt i produkta, skriv Aftonbladet. Hest stod ikkje oppført på lista over ingrediensar i produktet. Produkta er beslaglagt, og grossisten er pålagt omsetningsforbod.

NRK - 27 dec 23 kl. 17:46

Apple får medhald mot klokkeforbod i USA

Apple fekk onsdag medhald i ein ankedomstol etter at dei protesterte mot avgjerda til amerikanske styresmakter om å forby import av Apple-klokker som kunne lese nivået av oksygen i blodet, melder Reuters. Fleire av klokkene til Apple har denne funksjonen. Det var selskapet Masimo, som produserer medisinsk utstyr, som kravde ein stopp i Salet av slike klokker i USA fordi dei meiner Apple har brote patentrettar..

NRK - 19 jul 23 kl. 10:19

Fleire kjøper elektriske køyretøy framfor dieselbilar i Europa for første gong.

Salet av elektriske køyretøy overtok Salet av dieselbilar i Europa for første gong førre månad. I juni steig marknadsdelen for bilar med elektriske batteri til 15,1 prosent, ifølge European Automobile Manufacturers' Association (ACEA). Dei fleste EU-land opplevde ein markant auke i Salet av elektriske køyretøy.

NRK - 30 okt 23 kl. 07:33

Kraftig prisauke på varer før Black Friday

Om lag 33 prosent av alle varene tenesta Prisjakt følger med på har så langt i oktober auka i pris, skriv E24. 13 prosent, eller rundt 800.000 varer, har auka med meir enn 10 prosent.

NRK - 26 apr 23 kl. 21:08

USA godkjenner norsk kjøp av militærhelikopter

Det amerikanske utanriksdepartementet godkjenner mogleg sal av militærhelikopter av typen MH-60 til Noreg. Salet er anslått å ha ein verdi på ein milliard dollar, melder Reuters..

NRK - 26 apr 23 kl. 21:08

USA godkjenner norsk kjøp av militære helikopter

Det amerikanske utanriksdepartementet har godkjent eit mogleg norsk kjøp av militærhelikopter av typen MH-60. Salet er anslått å ha ein verdi på ein milliard dollar, melder Reuters..

NRK - 26 apr 23 kl. 21:08

USA godkjenner norsk kjøp av helikopter

Det amerikanske utanriksdepartementet har godkjent eit norsk kjøp av helikopter av typen MH-60. Salet er anslått å ha ein verdi på ein milliard dollar, melder Reuters. Den norske regjeringa meldte i mars at dei vil styrke Forsvaret med dei nye helikoptera.

NRK - 07 feb 23 kl. 22:07

USA godkjenn sal av Himars-rakettar til Polen

USA annonserte tysdag at dei godkjenner Salet av 18 Himars luftvernmissil, ammunisjon og anna utstyr for ti milliardar dollar til Polen, opplyser det amerikanske forsvarsdepartementet i ei pressemelding. Det melder nyheitsbyrået AFP. I pressemeldinga står det at Salet vil betra Polen sin kapasitet og moglegheita for samhandling med USA og andre allierta..

NRK - 03 apr 23 kl. 11:37

Andelen elbilar har aldri vore høgare

I mars var nærmare 90 prosent av alle førstegongsregistrerte bilar elektriske. Aldri før har det blitt seld færre bensinbilar. I mars var utgjorde andelen førstegongsregistrerte bensinbilar berre ein prosent av totalen.

VG - 21 jan 23 kl. 05:27

Vil forby el-bilar innan 2035

Enkelte politikarar i den amerikanske delstaten Wyoming har fremja eit lovforslag for å ta knekken på det aukande Salet av elektriske bilar..

NRK - 21 okt 22 kl. 08:27

eBay stansar Salet av fangedrakter før Halloween

Netthandelsselskapet eBay stansar Salet av oransje fangedrakter og ein spesiell type brille før Halloween-feiringa. Det skriv Buzzfeed, som TV 2 siterer. Dei siste åra har det vore populært å kle seg ut som karakterar i TV-seriar.

NRK - 06 dec 22 kl. 08:10

Norwegian frakta 1,4 millionar i november

I november flaug 1,4 millionar passasjerar med Norwegian. Det er ein auke på 37 prosent frå i fjor, skriv selskapet i ei pressemelding. Fyllingsgraden for flåten totalt var på 79,5 prosent, medan rutene frå Noreg til Sør-Europa var tett på 90 prosent.

NRK - 01 dec 22 kl. 15:21

Ny salsrekord for elbilar

I november blei det seld 15.911 elbilar. Det er ny rekord i Salet av elektriske bilar, melder Elbilforeningen.

NRK - 09 jul 22 kl. 10:41

Salet stupar for Vinmonopolet

Salet hos Vinmonopolet går dårlegare no, skriv P4. Vi kjøpte over 46 millionar liter alkohol første halvår i år, ein nedgang på 20 prosent samanlikna med same periode i fjor. Kristin Velle Strand i Vinmonopolet seier det skuldast at grensene har opna igjen.

NRK - 16 nov 22 kl. 07:19

Stogga sal frå Bergen Engines

Utanriksdepartementet greip inn og stogga nyleg ein leveranse frå motorfabrikken Bergen Engines, skriv Bergens Tidende. Ein russisk delegasjon var i Bergen i oktober for å få overlevert motorar til eit atomkraftverk under bygging i Tyrkia. Etter besøket kom meldinga frå UD om at dei ikkje godtek Salet grunna sanksjonar mot russiske selskap..

NRK - 16 sep 22 kl. 10:20

Bjørnøy Fyr solgt til fleire millionar over takst

Bjørnøya med Bjørnøy fyr er solgt. Fyret blei taksert til 1,5 millionar kroner på grunn av stort behov for vedlikehald. Torsdag blei det 132 år gamle fyret solgt, og ifølge Avisa Nordland skal summen for Salet vere fem millionar kroner over takst.

NRK - 04 aug 22 kl. 15:17

Finn.no stoppar vidaresal av Karpe-billetter

Finn.no har stoppa vidaresal av billetter til rapduoen Karpe sine utsolgte konsertar i Oslo Spectrum. – Det er ganske vanleg at me stoppar Salet av arrangement som blir utselt, seier leiar for forbrukertryggleik i Finn, Geir Petter Gjefsen.

NRK - 30 jul 22 kl. 09:25

Hitlers klokke selt for 12 mill. kroner

Ei klokke som tilhøyrde Adolf Hitler er selt på auksjon for 1 million pund, som svarar til nær 12 millionar kroner, skriv Sky News. Klokka blei gitt til Hitler i bursdagsgåve i 1933, året han blei utnemnt til forbundskanslar i Tyskland. Klokka er av merket Huber, og inngravert er eit hakekors, ei nazi-ørn og initialane AH.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com