Sakna
Nyheter om Sakna
Sakna kanopadlar i Sunnfjord til rette
Politiet sette i verk ein redningsaksjon etter melding om ein Sakna kanopadlar i Sunnfjord. Naudetatar og frivillige rykka ut. Det skal ha vore to personar som fall uti ei elv.
Sakna kanopadlar i Sunnfjord funnen utan skadar
Politiet sette i verk ein redningsaksjon etter melding om ein Sakna kanopadlar i Sunnfjord. Naudetatar og frivillige rykka ut. Det skal ha vore to personar som fall uti ei elv.
Sakna mann funnen død
Ein 90 år gammal mann som har vore Sakna på Holsnøy i Alver kommune sidan torsdag blei i føremiddag funnen død. Det opplyser politiet til Bergens Tidende. Store leitemannskap, mellom anna frå Forsvaret og Sivilforsvaret har vore involverte i leitinga..
Redningsaksjon etter Sakna kanopadlar i Sunnfjord
Politiet har sett i verk redningsaksjon etter melding om ein Sakna kanopadlar i Sunnfjord. Naudetatar og frivillige rykker ut..
Sakna 24-åring funnen omkommen etter ulukke
24 år gamle Thomas Niiranen Hamre, som har vore Sakna etter ei ulukke i elva Osen i Gloppen 21. juni, vart søndag funnen omkommen. Det stadfester familien sin talsperson, Jan Erik Mardal, til NRK.
Sakna mann i Hustadvika: Søk etter antatt omkomen
Ein mann i 20-åra har vore Sakna i område ved Litlevatnet i Hustadvika kommune sidan laurdag kveld. Politiet melder at saka no går over i eit søk etter antatt omkomen person. – Dei pårørande er varsla om dette, seier Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i politiet.
Verdsberømt fjellklatrar og ni andre frykta Sakna etter snøskred
Ein verdsberømt fjellklatrar er blant ti personar som er frykta Sakna etter eitt snøskred på Broad Peak-fjellet, som er eitt av verdas høgaste fjell på over 8000 meter. Sidan skredet har det ikkje vore kontakt med Nirmal Purja, som leiar an følget, skriv den britiske kringkastaren BBC. Han blei kjent etter han i 2019 kom seg opp på alle dei 14 fjelltoppane i verda som er over 8000 meter høge på litt meir enn seks månadar.
25 omkomne i skipsbrann i Kina
25 personar er omkomne og fem er skadde etter ein skipsbrann om bord på eit lasteskip i hamnebyen Qingdao aust i Kina. Det skriv det statlege kinesiske nyhendebyrået Xinhua. Det var 42 personar om bord i båten då brannen starta klokka 11.
Søker etter den Sakna med undervassdrone
Røde Kors er nå søndag formiddag i gang med søk etter mannen som er Sakna etter ein båtvelt i Sør-Aurdal. Ulykka skjedde på Søre Buvatnet. Ifølge oppdragsleiar Fredrik Andersen Gott ved Innlandet politidistrikt, bruker dei sonar og undervassdrone til søket.
Kinesisk statsborgar funnen i live i Nepal
Ein kinesisk statsborgar er redda ut av ein vasskrafttunnel i Nepal, seier ein talsperson for forsvaret til nyheitsbyrået AFP. Nepal blei ramma av jordskred og flaum i grenseområdet mot Kina for over ei veke sidan. Over 1250 personar er stadfesta omkomne og meir enn 5000 er framleis Sakna etter naturkatastrofen..
Kinesisk mann og nepalsk kvinne funnen i live i Nepal
Ein kinesisk mann er redda ut av ein vasskrafttunnel i Nepal, seier ein talsperson for forsvaret til nyheitsbyrået AFP. Like etter kom meldinga om at ei nepalsk kvinne var funnen i live i eit hus i byen Nuwakot. Nepal blei ramma av jordskred og flaum i grenseområdet mot Kina for over ei veke sidan.
Fleire døde etter jordskred i Nepal
Minst åtte personar er døde etter ein flaum og jordskred i Nepal, melder politiet i landet, ifølge Reuters. Fleire er Sakna i flaumen. Blant dei er 384 turistar.
Sakna mann i Kvam funnen død
Mannen i 70-åra som har vore Sakna i Kvam-fjella, blei funnen død i natt, melder Vest politidistrikt. Mannen blei funnen død utandørs i Botnadalen, ifølge operasjonsleiar Morten Rebnord. Det blei sett i gang redningsaksjon etter mannen klokka 17 i går ettermiddag.
50 personar frå Forsvaret med i leiteaksjon i Bergen
Leiteaksjonen i Bergen blir trappa opp søndag. – Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe i dag, seier Knut Dahl-Michelsen til NRK.
30 personar frå Forsvaret med i leiteaksjon i Bergen
Leiteaksjonen i Bergen går i gang med full styrke søndag morgon. I natt har det vore søkt med avgrensa ressursar. – Vi går i gang att no som det er dagslys, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK.
Over 100 personar med i leiteaksjon i Bergen
Leiteaksjonen i Bergen blir trappa opp søndag. – Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe i dag, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet til NRK.
Over 50 omkom i jordskred i Kina
51 menneske har omkomme medan 10 er Sakna etter eit jordskred som ramma Chongqing sørvest i Kina 17. juli, melder AFP. Ulukka skjedde under to veker etter at eit anna skred i Gansu-provinsen kravde minst 21 menneskeliv..
Tre Sakna og 21 redda etter angrep mot indisk skip utanfor Oman
Indiske myndigheiter melder at tre indiske tilsette er Sakna og 21 redda etter at eit frakteskip vart angripen utanfor Oman. – Me fordømmer angrepet på handelsskipet Settebello utanfor kysten av Oman, seier utanriksdepartementet til India på X. Ifølgje det britiske sikkerheitsselskapet Vanguard Tech sende skipet, som seglar under Palau-flagg, eit naudsignal der det opplyste at maskinrommet var treft av eit missil, skriv NTB.
Tre Sakna og 21 redda etter amerikansk angrep mot skip utanfor Oman
Indiske myndigheiter melder at tre indiske tilsette er Sakna og 21 redda etter at eit frakteskip vart angripen av USA utanfor Oman tidlegare i dag. – Me fordømmer angrepet på handelsskipet Settebello utanfor kysten av Oman, seier utanriksdepartementet til India på X. Ifølgje det britiske sikkerheitsselskapet Vanguard Tech sende skipet, som seglar under Palau-flagg, eit naudsignal der det opplyste at maskinrommet var treft av eit missil, skriv NTB.
Leiteaksjon etter tre personar i Suldal
Politiet og hovudredningssentralen har sett i verk ein leiteaksjon etter tre Sakna turgåarar i området rundt turisthytta ved Bleskestadmoen i Suldal. Dei tre Sakna er turvande, men kom ikkje attende frå hytta som avtalt i dag, opplyser politiet. Politi og frivillige mannskap er på veg mot hytta på snøskuterar.
Tre personar funne omkomne
Tre personar blei natt til måndag funne omkomne i sjøen vest for Ytre Skomsøya i Smøla. Dei drog ut i ein fritidsbåt, og blei meldt Sakna då dei ikkje kom inn til avtalt tid. Det blei sett inn både helikopter og båtar i leitinga etter dei tre..
Tre Sakna etter flaum i Spania
Sør-Spania er råka av flaum. Tre personar er Sakna, melder NTB. To personar er Sakna i Malaga-området, medan ein tredje er Sakna i Granada.
Redningsaksjon i Øygarden
Hovudredningssentralen og politiet har måndag sett i gang ein redningsaksjon på Foldnes i Øygarden etter ein Sakna mann i 70-åra som oppheldt seg på ei hytte. Han var på hyttetur saman med ei kvinne, og det vart oppdaga at han var borte rundt klokka 06.30.
Leiteaksjonen avblåst på Dombås
Den Sakna personen på Dombås kom til rette. Dermed avblåser politiet leiteaksjonen. Den vart satt i verk i ettermidag da ein mann i 40-åra vart meldt Sakna, da ingen hadde sett han sidan torsdag..
Fire turistar Sakna etter båtforlis i Indonesia
Fredag sokk ein turistbåt utanfor øya Padar i Indonesia. Elleve personar var om bord i båten – fire er Sakna, melder NTB. Ein spansk mann og hans tre barn er Sakna.
Helikopterulukke i Qatar
Seks personar er omkomne etter at eit helikopter styrta i Qatar, skriv innanriksdepartementet på X. Det var totalt sju om bord i helikopteret. Det pågår søk etter den sjuande personen.
Helikopterulukke utanfor Qatar
Seks personar er omkomne etter at eit helikopter styrta utanfor kysten i Qatar, skriv innanriksdepartementet på X. Det var totalt sju om bord i helikopteret. Det pågår søk etter den sjuande personen.
IMO: 3200 skip er fanga i Persiabukta.
Rundt 3200 skip er innesperra i Persiabukta vest for Hormuzsundet, ifølge Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO). FN-organisasjonen held onsdag eit ekstraordinært møte i London på grunn av krigen i Midtausten. IMO meiner det er rundt 20.
Leiteaksjon på Dombås
Laurdag ettermiddag blir det satt i verk ein leiteaksjon på Dombås. Ein mann i 30-åra er Sakna, han vart vart sist sett på torsdag, skriv avisa GD. Sstyrkar er i ferd med å starte leiting etter han.
Funn av leivningar etter brann på Bømlo
Politiet har funnet leivningar i ruinane etter brannen på Bømlo. Natt til måndag fekk politiet fekk melding om ein brann i eit bustadhus på Bømlo. Huset var då overtent og brann seinare heilt ned til grunnen.
Funn av leivningar av menneske etter brann på Bømlo
Politiet har funnet leivningar i ruinane etter brannen på Bømlo. Natt til måndag fekk politiet melding om ein brann i eit bustadhus på Bømlo. Huset var då overtent og brann seinare heilt ned til grunnen.
Sakna sunnfjording i Polen – sist på telefon med venene i 05-tida natt til laurdag
Polsk politi og Vest politidistrikt held fram etterforskinga og søket etter ein sunnfjording som vart meldt Sakna i Warszawa i Polen på laurdag. Mannen i 20-åra var sist sett i 03-tida og hadde telefonkontakt med vennane sine i 05-tida natt til laurdag, opplyser politioverbetjent Oda Elvegård Thorstad ved Sunnfjord politistasjon. Mannen var på reise saman med tre vener, som no har returnert til Noreg.
Har gjort funn av død person i Bergen
Brannvesenet har gjort funn av ein død person i sjøen i Bergen, opplyser politiet. Politiet opplyser at identiteten enda ikkje er stadfesta, men at det kan vere den Sakna mannen dei har leita etter. Pårørande er varsla om at det er gjort funn, men er informerte om at identiteten ikkje er bekrefta..
Redningsmannskap i kontakt med Sakna i Bergen
Politiet og Hovudredningssentralen starta onsdag kveld ein redningsaksjon etter melding om ein person som har gått seg vill i området mellom Ulriken og Fløyen. – Det var Sakna sjølv som ringte inn akkurat over 18.30, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.
Sakna mann funnen omkommen
Politiet sette søndag i gang ein redingsaksjon etter at ein mann i 80-åra blei meldt Sakna frå heimen sin i Stad kommune. Mannen vart funnen omkomen i 14-tida. – Det er ikkje mistanke om at avdøde er utsett for ei kriminell handling, melder operasjonsleiar i politiet Ingrid Teigland Tepstad.
Sakna sunnfjording fall i elva i Polen
Sunnfjordingen som er Sakna i Polen har falle i elva Wisla og blitt teken av straumen, skriv politiet i ei pressemelding. Vest politidistrikt melder at hendinga framstår som ei ulukke. Dei pårørande har vore i Polen og snakka med politiet der.
150 framleis Sakna i Hongkong
Talet på Sakna etter storbrannen i eit bustadkompleks i Hongkong er no 150, opplyser politiet. Til no er 128 personar stadfesta døde. Brannen i fleire bustadblokker er den dødelegaste i byen sidan andre verdskrig.
Drapsmistenkt i Sverige tidlegare dømt for kidnappingsforsøk
Ein 26 år gamal mann er hovudmistenkt for å ha bortført og drepe ei 25 år gamal kvinne i Salem i Sverige. Mannen er tidlegare dømt for kidnappingsforsøk, melder TV4. Kvinna var Sakna sidan natt til andre juledag.
Mann funnen død i Bergen
Ein mann i 50-åra er funnen død i Fyllingsdalen i Bergen to dagar etter at han vart meldt Sakna til politiet. Politiet har undersøkt staden og har ikkje funne noko som tyder på ei straffbar handling. Dei pårørande er varsla, melder politiet..
Ein person Sakna etter at tårn frå mellomalderen rasa i Roma
Delar av mellomaldertårnet Torre dei Conti i Roma har rast, melder den italienske avisa La Repubblica. Fire personar som arbeidde i tårnet kom seg ut, men ein person skal framleis vere i ruinane, skriv avisa. Redningsmannskap jobbar no med å sikre området og leitar etter den Sakna.
Kidnappa skulebarn overlevert til nigerianske myndigheiter
I november blei om lag 100 barn frå ein katolsk skule i Nigeria kidnappa. Barna er no overlevert til statlege myndigheiter, melder AFP. Fleire av dei totalt 315 elevane og tilsette som blei bortført, er framleis Sakna..
Fleire omkomne funne i Hongkong
Talet på døde etter storbrannen i Hongkong har stige til 159, opplyser politiet. Det blir framleis jobba med å leita gjennom ruinane av fleire bustadblokker. 31 personar er framleis Sakna.
20 menneske er Sakna i Indonesia
Minst 20 personar er Sakna i Indonesia etter protestar i landet. Protestane skjer som følge av avsløringar om at politikarane nyt frynsegode, melder NTB. Minst seks menneske skal vere drepne og 20 personar er Sakna.
19 personar Sakna etter ein eksplosjon i Tennessee i USA
19 personar er Sakna etter ein eksplosjon i ein ammunisjonsfabrikk i Tennessee i USA, melder BBC. Fleire er omkomne og minst fire personar er frakta til sjukehus med skadar. Fabrikken som er eigd av Accurate Energetic Systems, er totalskadd.
Mange framleis Sakna i Indonesia
59 menneske er framleis Sakna etter at ein skule raste saman i byen Sidoarjo aust på øya Java i Indonesia tysdag, melder AFP. Redningsmannskapa har blant anna brukt varmesøkjande dronar for å leite etter overlevande, men har ikkje sett teikn til liv i ruinane. Dei fryktar difor at dei som ikkje er funne no er omkomne..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
