Reknar
Nyheter om Reknar
Forseinkingar på Oslo lufthamn
Streiken til flygeleiarane held fram måndag, og gjer at det blir forseinkingar og innstillingar både til og frå Oslo lufthamn måndag. Men det er venta at det skal bli litt betre enn på søndag, seier kommunikasjonssjef Monica Fasting ved Oslo lufthamn til NRK. – Dei reisande må rekne med at det kan oppstå ting på kort varsel også i dag.
Forseinkingar i luftfarta måndag
Streiken til flygeleiarane held fram måndag, og gjer at det blir forseinkingar og innstillingar både til og frå Oslo lufthamn. Men det er venta at det skal bli litt betre enn på søndag, seier kommunikasjonssjef Monica Fasting ved Oslo lufthamn til NRK. – Dei reisande må rekne med at det kan oppstå ting på kort varsel også i dag.
Ni av ti europearar Reknar ikkje USA som ein alliert
Fleirtalet i 15 europeiske land trur ikkje at amerikanarane vil kome dei til unnsetning dersom landet deira vert angripen. Det viser ei undersøking frå tenketanken European Council on Foreign Relations (ECFR). 19481 personar frå 15 europeiske land svarte på undersøkinga.
Lufthansa kansellerer 20.000 flyavgangar
Auka prisar på drivstoff og fleire streikar gjer at flyselskapet Lufthansa innstiller 20.000 avgamgar for å spare pengar. Dei første avgangane blei innstilte allereie måndag.
Høgare inflasjon enn venta i eurosona
Inflasjonen i eurosona enda på 2,6 prosent i mars, viser data frå EUs statistiske byrået, Eurostat. Det er 0,1 prosentpoeng høgare enn ein hadde rekna med, og langt høgare enn i februar. Dersom ein Reknar med heile EU, var inflasjonen på 2,8 prosent i mars.
Oppjusterer talet på drepne i Gaza
Talet på drepne etter israelske angrep mot mål i Gaza har kome opp i 17 menneske, ifølge det palestinske sivilforsvaret. I den første meldinga sa sivilforsvaret at ni personar var drepne, og at minst 31 menneske var såra. Israel seier angrepa var eit svar på skyting mot israelske soldatar, og at ein soldat er alvorleg skadd.
Zelenskyj håpar USA kan stanse russiske angrep mot energisektoren
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier han Reknar med at USA kan bidra til å sikre ein vekelang pause i russiske angrep mot Ukrainas energiinfrastruktur, medan landet går inn i ein periode med streng kulde. Det melder AFP. Zelenskyj takka USAs president Donald Trump, som har hevda at Russlands president Vladimir Putin har gått med på å stanse angrepa under dei låge temperaturane.
24 000 vil slette studiegjeld
Statens lånekasse har opplevd stor pågang etter at det ved nyttår vart opna for å få sletta inntil 25 000 kroner av studiegjelda for usentrale kommunar. Til no har 24 000 søkt om å få sletta studiegjeld. Det er nær halvparten av alle som ein Reknar med fell under ordninga.
Ukraina skal ha nye møter med USA søndag
Ukrainske forhandlarar skal ha eit nytt møte med amerikanske styresmakter søndag, melder Reuters. Dei skal snakke om tiltak som kan bidra til å avslutte krigen med Russland, sa Ukrainas forhandlar Rustem Umerov. – Vi jobbar konstruktivt og substansielt.
Kuttar stønad til åleineforeldre
Regjeringa vil starte å avvikle økonomisk stønad til einslege forsørgarar frå og med sommaren 2026. Ein Reknar med å spare i underkant av 100 millionar kroner på dette neste år, og heile 1,3 milliardar kroner i 2029. Forslaget blir sendt på høyring i haust, skriv arbeids- og inkluderingsdepartementet i budsjettframlegget sitt.
Bergen legevakt blir granska etter at 14-åring døydde
Statsforvaltaren i Vestland opnar tilsynssak, etter at ei 14 år gamal jente døydde på sjukehus. – Vi Reknar med at vi vil få eit brev frå Statsforvalteren, og at vi mest truleg må uttale oss der, seier legevaktsjef Anne Karoline Tyssøy Pedersen til NRK. Ho seier vidare at ho ikkje kjem til å uttale seg i saka før ho får ei formell hendvendig frå Statsforvaltaren.
Anslår kraftig nedgang i overføringer til oljefondet
Regjeringa Reknar med å kunne overføre 521 milliardar kroner i oljeinntekter til oljefondet neste år, noko som er betydeleg mindre enn i år..
Netanyahu: – 20 gissel er i live
20 av dei 48 gissela som Hamas held er framleis i live. Det seier Israels statsminister Benjamin Netanyahu. Netanyahu seier vidare at han Reknar med at gissel- og fangeoverføringa mellom Israel og Hamas skal skje i løpet av dei neste dagane..
TV2: Norske borgarar gripne i Israel
I alt seks norske borgarar som var med i naudhjelpskonvoien til Gaza er arresterte av Israel, opplyser utanriksdepartementet til TV 2. Det siste skipet som var på veg med naudhjelp til Gaza blei borda av israelske soldatar i dag, og dermed er alle skipa i konvoien stansa. Utanriksdepartementet seier dei Reknar med at folk frå den norske ambassaden i Tel Aviv snart får treffa dei seks nordmennene, og gje bistand..
Turistøya Ona kan bli utan ferje i to døgn
Den einaste bilferja som går ut til fiskeværet Ona er innstilt på grunn av tekniske problem. Mellom 10 og 15 bilar som skulle reist med ferja i dag, står dermed faste på ferjekaia. Torghatten skriv at dei Reknar med at ferja er i drift seinast onsdag morgon.
Aftonbladet: Fleire personar påkøyrde i Malmö
Fleire personar er påkøyrde i Malmö, melder Aftonbladet. Ein bil har køyrd inn i eit hus, og i forbindelse med det har nokre personar blitt påkøyrde, opplyser politiet til avisa. Personane skal ifølge politiet vere vakne og tilsnakkande.
898 kundar er straumlause i Mo i Rana
Kl. 21:31 torsdag kveld vart det meldt om straumbrot i Mo i Rana kommune. Grunnen til straumlause etter feil i straumnettet.
Flyselskap råka av dataåtak
Det australske flyselskapet Quantas er råka av eit dataåtak, melder nyheitsbyrået AFP. Natt til onsdag norsk tid undersøker selskapet åtaket som dei kallar «omfattande». Angriparane skal ha fått tilgang til eit datasystem med personopplysningar om 6 millionar kundar.
Ventar over 300 milliardar frå olje og gass
Skatteetaten Reknar med å få inn kring 336 milliardar kroner frå petroleumsskatten i 2025. Det er kring 45 milliardar mindre enn året før, skriv etaten i ei pressemelding. Skatten blir rekna ut frå utvinning og røyrleidningsverksemd på norsk sokkel.
Dødstala etter flaum i Nigeria stig
Minst 36 menneske er døde etter flaum som følge av styrtregn i byen Mokwa i Nigeria. Over 50 husstandar er skylde bort, og det er framleis mange sakna, opplyser kriseetaten i delstaten Niger. Dei Reknar med at dødstala vil halde fram med å stige.
WMO åtvarar mot rekordtemperaturar
Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) åtvarar i ein ny global klimaprognose mot rekordtemperaturar dei neste fem åra. Dei Reknar med at det er 80 prosent sannsynleg at minst eitt år mellom 2025 og 2029 vil bli det varmaste nokosinne. Ei slik utvikling vil gi auka klimautfordringar og påverke økonomiar, liv og økosystem negativt..
Brann påverkar straumen til delar av bygd i Volda
Transformatorstasjonen, som byrja å brenne på Viddal i Volda, er heilt nedbrent. Brannen er no sløkt, melder politiet. Skadane påverkar straumen til delar av Viddal.
Store demonstrasjonar mot Trump på Grønland
Hundrevis av menneske demonstrerte mot Donald Trump på Grønland laurdag. Det var demonstrasjonar både i Nuuk og byen Sisimut. I Nuuk Reknar politiet med at opp mot 800 personar deltok i demonstrasjonen, melder Danmarks Radio.
Støre: Alle tapar på handelskrig
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er kritisk til at USA vil legge straffetoll på varer frå nabolanda og EU. Han meiner dette er noko alle partar vil tape på. – Eg klarer ikkje å sjå noko positivt ved dette, eigentleg.
Hydro i Høyanger startar opp att tidlegast neste veke
Resirkuleringsanlegget til Hydro i Høyanger vil tidlegast opne opp drifta att neste veke, får NRK opplyst. Anlegget vart stengt ned etter eksplosjonen i Fundo-bygget onsdag. Hydro vil bruke tida til å undersøke kva som er årsaka til hendinga.
USA Reknar med å opne Kyiv-ambassaden torsdag
Utanriksdepartementet i USA Reknar med å kunne opne ambassaden i Kyiv igjen torsdag, melder Reuters. Ambassaden stengde onsdag etter at amerikanske styresmakter hadde fått informasjon om eit mogeleg stort luftangrep. Det skjedde dagar etter at Ukraina brukte langtrekkande amerikanske rakettar mot mål i Russland..
Advokatfirma misforstod ny teljeregel
Elden Advokatfirma trudde dei måtte fjerne ei kvinne frå stret for å oppfylle krava til kjønnsbalanse. Men no viser det seg at dei hadde misforstått dei nye reglane, skriv Rett24. Lova tek ikkje med styrerepresentantane til dei tilsette når dei Reknar ut kjønnsbalansen.
Guinea: Rundt 135 døde etter fotballkatastrofe
Menneskerettsorganisasjonar i Guinea Reknar med at rundt 135 menneske har mista livet etter opptøyar under ein fotballkamp søndag kveld, skriv AFP. Det er over dobbelt så høgt som det offisielle dødstalet frå regjeringa, som sa at minst 56 personar mista livet. Organisasjonane baserer tala sine på opplysningar frå sjukehus, kyrkjer, tilskodarar, pårørande og lokale medium.
Undersøker rasstaden i Geiranger i dag
Rasstaden på fylkesveg 63 mellom Grande og Geiranger skal undersøkast straks det blir dagslys i dag. Då blir det avgjort korleis og kor fort vegen skal ryddast. Eit tre meter høgt skred stengjer vegen og ein bil blei sitjande fast i skredet søndag.
Norske lønningar vil auke meir enn prisane neste år
I snitt ser lønna ut til å auke med 4,5 prosent neste år. – Framleis høg lønnsvekst kombinert med lågare prisvekst gir utsikter til god reallønnsvekst både i år og neste år, skriv regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2025, som blei lagt fram måndag. Regjeringa Reknar med at prisveksten neste år vil vere på 3 prosent.
IS hevdar å stå bak Afghanistan-åtak
Ekstremistgruppa IS tar på seg ansvaret for ei skyting i Daykundi-provinsen sentralt i Afghanistan torsdag. Minst 14 skal vere drepne. Væpna menn drap det som av det afghanske innanriksdepartementet blir omtala som ei gruppe sivile.
NVE: Kan føre til like store skadar som etter «Hans»
Det er oransje farenivå for flaum og jordskred for delar av Austlandet og Trøndelag. NVE Reknar med at utsette området vil kunne få store skadar av dei store vassmassane. – Slik det ser ut no er det ikkje venta like mykje regn som under ekstremvêret «Hans», men dei områda som blir treft av regnet, vil kunne få like store skadar, seier flaumvakt Thomas Væringstad i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NTB.
Minst 17 palestinarar drepne i Gaza siste døgn
Det siste døgnet er minst 17 palestinarar drepne i israelske angrep i Gaza, ifølge palestinske helsestyresmakter, melder AFP. Til saman er minst 40.878 menneske drepne i den 11 månader lange krigen.
Forfatteren vil gi barn stemmerett: «Alder er berre eit tal»
Dei fleste Reknar vel med at dette ikkje er seriøst meint. Men det er det..
Havarikommisjonen undersøker ikkje forliset ved Stad
Statens havarikommisjon skal ikkje undersøke hendinga der ein trebåt forliste ved Stad tysdag. Det opplyser Dag Liseth i Havarikommisjonen til NRK. Ei kvinne frå USA omkom i forliset, og fem blei redda.
Fann tom kano i Figgjoelva – to personar funne i god behald på ein holme
Politiet meldte litt over halv fire om ein fiskar som hadde observert ein tom oppblåsbar kano som flaut i Figgjoelva. Politiet og dykkarar frå brannvesenet rykka ut. Litt over klokka fire stadfester politiet at ein mann og ei jente har blitt observert på ein holme i nærleiken.
Nesten 39.700 palestinarar drepne i krigen i Gaza, ifølge helsestyresmaktene
Det siste døgnet er 22 palestinarar drepne i krigen på Gazastripa, ifølge helsedepartementet i Gaza. Til saman 39.699 palestinarar er drepne sidan krigen starta for ti månader sidan.
Over 39.600 palestinarar drepne i Gaza, ifølge helsestyresmaktene
Det siste døgnet er minst 24 palestinarar drepne i krigen på Gazastripa, ifølge helsedepartementet i Gaza, melder AFP. Til saman 39.677 palestinarar er drepne i krigen som starta for ti månader sidan.
Sju gripne etter opptøyane i Southport
Sju personar er gripne etter dei valdelege opptøyane i Southport tysdag, opplyser politiet. Og dei Reknar med å gripe fleire i tida som kjem, skriv The Guardian. – Det går føre seg eit omfattande arbeid for å identifisere dei som er ansvarlege for desse fryktelege hendingane, og vi skal finne alle som var involvert, seier politisjef Tony Roberts.
Frankrike: Forholda er ikkje riktige for å anerkjenne ein palestinsk stat
– Frankrike Reknar ikkje at forholda ennå er oppfylt for at ein slik avgjerd skal ha ein reell innverknad. Det er Reuters som melder at den franske utanriksministeren Stéphane Séjourné skal ha uttala seg etter eit møte med den israelske utanriksministeren Israel Katz..
Sterke jobbtal frå USA
Det vart skapt 303 000 nye jobbar i USA i mars, om ein ikkje Reknar med jobbar i landbruket. Det viser ferske tal frå amerikanske styresmakter. Nok ein gong blir det skapt lkangt fleire jobbar enn venta.
Mistenker tusenvis av døde pingvinar
Forskarar ved Federation University Australia skal undersøka hundrevis, om ikkje tusenvis, av pingvinar i Antarktis. Det melder NTB. I mars fann forskarar ved same universitet 532 døde adeliepingvinar.
Stoltenberg: Reknar med Ungarns ratifisering i slutten av februar
Nato-sjef Jens Stoltenberg seier at han Reknar med at Ungarn vil ratifisera Sveriges Nato-søknad i slutten på februar når Ungarns nasjonalforsamling er operative igjen. Landets nasjonalforsamling har vinterferie fram til 26. februar, men representantane kan kallast inn før dette.
Kolonnekøyring på Hardangervidda og Haukelifjell
På E134 over Haukelifjell og riksveg 7 over Hardangervidda er det kolonnekøyring. – På Haukelifjell forventar me at det blir kolonnekøyring til måndag. På Hardangervidda skal det gjerast ei ny vurdering i kveld, seier Stian Hodnekvam hjå Vegtrafikksentralen.
1532 BKK- kundar utan straum
1532 BKK- kundar er utan straum. 1396 av dei held til i Bjørnafjord. Her forsvann straumen like etter klokka 18.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
