Rakettar

Monday, 14 September, 18:21

Nyheter om Rakettar

NRK - 31 jul 26 kl. 01:55

Trump sår tvil om at Ukraina skal få forsvarsvåpen

«Ikkje sikker» svarar USA sin president på spørsmål om Ukraina no får lisens til å bygge eigne Patriot-missil. Det skriv avisa Finanical Times. Våpenet brukast i forsvar, og ønsket til Ukraina er å skyte ned russiske Rakettar.

NRK - 10 jun 26 kl. 18:11

Tre sakna og 21 redda etter angrep mot indisk skip utanfor Oman

Indiske myndigheiter melder at tre indiske tilsette er sakna og 21 redda etter at eit frakteskip vart angripen utanfor Oman. – Me fordømmer angrepet på handelsskipet Settebello utanfor kysten av Oman, seier utanriksdepartementet til India på X. Ifølgje det britiske sikkerheitsselskapet Vanguard Tech sende skipet, som seglar under Palau-flagg, eit naudsignal der det opplyste at maskinrommet var treft av eit missil, skriv NTB.

NRK - 07 jun 26 kl. 21:07

IDF seier Iran har avfyrt Rakettar mot Israel

IDF har identifisert missil frå Iran på veg mot Israel, skriv Reuters. Det israelske forsvaret opplyser om luftvernsirener fleire stader etter angrepet. Israel sine forsvarssystem er i drift for å avskjere trusselen, seier det israelske forsvaret.

NRK - 21 apr 26 kl. 18:53

Israel: Hizbollah skaut mot israelske soldatar

Det israelske forsvaret, IDF, seier Hizbollah fyrte av fleire Rakettar mot israelske soldatar i Sør-Libanon, melder Reuters. Israel kallar det eit brot på våpenkvileavtalen. Hizbollah har foreløpig ikkje kommentert påstandane frå IDF..

NRK - 22 mar 26 kl. 07:42

Nytt angrep mot Israel

Søndagsmorgon har Libanon angripe nordlege delar av Israel, skriv den israelske hæren (IDF) på Telegram. – Det er materielle skadar og såra. Hendinga blir undersøkt, skriv IDF.

NRK - 20 mar 26 kl. 09:14

Iran: Talsmann for Revolusjonsgarden drepen i angrep

Ein talsmann for Revolusjonsgarden i Iran, Ali Mohammad Naini, er drepen i eit israelsk-amerikansk luftangrep, melder iransk statleg TV, ifølge Reuters. Få timar tidlegare sa han det er Iran som bestemmer når krigen tek slutt, og at landet held fram med å bygge Rakettar medan krigen held fram..

NRK - 16 mar 26 kl. 11:36

Qatar: Evakuerte delar hovudstaten i helga

Ein rakett frå Iran blei laurdag skoten mot eit bustadområde i Doha, men blei stoppa av luftforsvaret, opplyser utanriksdepartementet i Qatar, melder nyheitsbyrået Reuters. Dei opplyser vidare at raketten blei avskoren før den trefte bakken, men hendinga førte til at delar av byen blei evakuerte som eit tryggingstiltak. Iran har sagt at dei angrip amerikanske mål i Golfen, men Rakettar har også treft sivile område.

NRK - 15 mar 26 kl. 09:22

Støre: Tettare samarbeid i Norden og med Canada tryggar Noreg

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier tettare samarbeid mellom dei nordiske landa og Canada er viktig for Noregs tryggleik i ei uroleg tid. – Dette er med på å trygge Noreg. Det er ein del av strategien regjeringa følger, å fordjupe samarbeidet med dei landa som står oss nærast, seier Støre.

NRK - 14 mar 26 kl. 09:05

Ukraina: Fire drepne og ti skadde

Leiaren for den militære administrasjonen i Kyiv-regionen, Mykola Kalasjnik, seier eit «massivt angrep» med dronar og Rakettar ramma område nær hovudstaden i løpet av natta. Det melder Reuters. Fire menneske er drepne og ti skadde etter russiske angrep i Kyiv-regionen, opplyser ukrainsk politi.

NRK - 17 feb 26 kl. 12:05

Iran testar Rakettar i Hormuz-sundet

Den iranske militærøvinga var varsla på førehand, og starta samstundes som den andre runden med samtalar mellom USA og Iran om Iran sitt atomprogram, skriv AP. Det halvoffisielle nyheitsbyrået Tasnim seier at missila hadde treft måla i Hormuzsundet, melder AP..

NRK - 13 jan 26 kl. 06:49

Eide i tilfluktsrom under russiske angrep i Kyiv

Utanriksminister Espen Barth Eide er på besøk i Ukraina. Natt til tysdag har det vore russiske angrep mot Kyiv – noko utanriksministeren fekk erfart. – Vi både høyrde eksplosjonar og var delar av natta i tilfluktsrom i kjellaren.

NRK - 16 okt 25 kl. 09:09

Stort angrep mot Ukraina natt til torsdag

Russland har angripe Ukraina med over 300 dronar og 37 Rakettar natt til torsdag, ifølge den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj, melder Retuers. Angrepet var retta mot ukrainsk infrastruktur..

NRK - 16 okt 25 kl. 09:09

Zelenskyj: Stort angrep mot Ukraina natt til torsdag

Russland har angripe Ukraina med over 300 dronar og 37 Rakettar natt til torsdag, ifølge den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj, melder Reuters. Angrepet var retta mot ukrainsk infrastruktur, seier han. – Denne hausten har Russland kvar dag gått til angrep på infrastrukturen vår for energi, skriv Zelenskyj på X..

NRK - 10 okt 25 kl. 09:04

Putin vedgår skuld i flystyrt

Russlands president Vladimir Putin vedgår at Russland spelte ei rolle då eit passasjerfly frå Aserbajdsjan styrta i Kasakhstan første juledag i fjor. 38 menneske omkom i styrten, medan 29 personar kom frå det i live. I eit møte med Aserbajdsjans president Ilham Alijev sa Putin at Russland skaut Rakettar mot ukrainske dronar, og at nokre av rakettane eksploderte få meter frå passasjerflyet.

NRK - 06 okt 25 kl. 11:23

Zelenskyj: Vestlege delar funne i russiske dronar og Rakettar

Ukraina har funne tusenvis av utanlandske delar i dronane og rakettane som blei brukte i eit russisk angrep i helga, ifølge president Volodymyr Zelenskyj, melder AFP. Han seier delane som blei funne, blant anna kom frå selskap i USA, Storbritannia, Japan og Sør-Korea. Minst fem personar blei drepne og 18 skadde i angrepa, som ramma fleire delar av Ukraina..

NRK - 03 okt 25 kl. 09:52

Ukraina: Nye russiske angrep mot energianlegg

Russland har natt til fredag gjennomført nye angrep mot ukrainske kraftanlegg, ifølge Ukrainas energidepartement, melder Reuters. Dei russiske angrepa var ratta mot anlegg i Kharkiv og Poltava aust i landet, opplyser departementet. Ukrainas viktigaste gassanlegg ligg i desse kommunane.

NRK - 24 sep 25 kl. 15:52

Zelenskyj: – Det finst ingen våpenkvile fordi Russland nektar

I tala til FNs forsamling åtvarar Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj om at Russland framleis gjennomfører angrep, også nær atomkraftverk. – Dette held fram fordi internasjonale institusjonar er for svake, sa han. Med det gjentok han kritikken få USAs president Donald Trump om manglande handlekraft i FN.

NRK - 01 jul 25 kl. 00:05

Rakettar mot irakisk flybase

Minst to Rakettar trefte ein militærbase i Kirkuk i Nord-Irak måndag kveld. Det opplyser to tryggleikskjelder til nyheitsbyrået Reuters. Kjeldene opplyser at éin person blei såra, men ingen omkom i åtaket.

NRK - 07 jul 25 kl. 12:53

Minst 12 drepne i israelske angrep på Gaza

Minst 12 personar blei drepne i israelske angrep på Gaza måndag, ifølgje det lokale sivilforsvaret. Det melder nyheitsbyrået AFP. Seks av dei skal ha blitt drepne i eit luftangrep mot Al-Rimal-klinikken vest i Gaza by, der mange internt fordrivne hadde søkt tilflukt etter 21 månader med krig.

NRK - 16 jun 25 kl. 03:54

Rakettnedslag i Tel Aviv

Israelsk politi har fått meldingar om at Rakettar har slått ned i storbyområdet Tel Aviv, ifylgje Reuters. Det er så langt ikkje meldt om skadar på personar..

NRK - 16 jun 25 kl. 03:54

Rakettnedslag i Tel Aviv og Haifa

Israelsk politi har fått meldingar om at Rakettar har slått ned i storbyområdet Tel Aviv, ifylgje Reuters. I byen Haifa lenger nord skal fleire personar vere skada etter rakettåtak i natt, som førte til at det braut ut brann, melder kringkastaren Kan..

NRK - 30 maj 25 kl. 08:17

Guvernør: Fleire såra i russiske angrep mot Ukraina

Minst ti personar er meldt såra i russiske angrep mot Kharkiv-regionen aust i Ukraina natt til fredag, ifølge guvernør Oleg Syniehubov. Kharkiv er den nest største byen i Ukraina, og ligg om lag 30 kilometer frå den russiske grensa. Byen har vore hyppig mål for russiske luftangrep.

NRK - 13 apr 25 kl. 03:49

Israelsk åtak på Gaza-sjukehus

Ahli Arab-sjukehuset i Gaza blei natt til søndag treft av to israelske Rakettar, ifylgje Reuters. Dei siterer helsepersonell på sjukehuset, som seier at mellom anna naudhjelpsmottaket er øydelagd. Pasientar skal ha blitt evakuerte frå sjukehuset etter at israelske styrkar informerte om eit komande åtak.

NRK - 22 mar 25 kl. 11:17

Netanyahu: Har beordra angrep mot Libanon

Det skriv Reuters. Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier han har beordra angrep mot fleire mål Libanon. Laurdag sa det israelske forsvaret at dei hadde hindra tre Rakettar som kom frå Libanon..

NRK - 27 sep 24 kl. 21:33

Hizbollah seier dei har fyrt Rakettar mot Israel

Reuters melder at Hizbollah seier dei har fyrt Rakettar mot Israel etter fredagens åtak mot Beirut. Dei skal ha sendt Rakettar mot den israelske byen Safed..

NRK - 26 sep 24 kl. 11:17

Israel har utført nye luftåtak mot Libanon – Hizbollah sender samstundes Rakettar

Det israelske forsvaret seier at dei utfører no åtak mot fleire mål i Libanon. Hizbollah seier sjølv at dei også har skote Rakettar mot industriområde i hamnebyen Haifa i Israel. IDF seier at 45 Rakettar er skote mot dei.

NRK - 17 jan 25 kl. 01:46

SpaceX mista ein rakettdel i testoppskyting

Natt til fredag skulle romselskapet SpaceX ha den sjuande testoppskytinga av gigantraketten Starship. Raketten mista andre trinn av testraketten, men bæreraketten kom tilbake, skriv NTB. Grunnen til tapet av det andre trinnet av raketten skal vere eit avvik idet raketten var på veg til verdsrommet.

NRK - 26 aug 24 kl. 12:25

Zelenskyj: Over 200 Rakettar og dronar skotne mot Ukraina

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier det blei brukt over 200 Rakettar og dronar i det russiske angrepet tidleg måndag. – Det var eit av de største angrepa, og det var eit kombinert angrep. Meir enn 100 Rakettar av ulike typar og rundt 100 angrepsdronar, seier han i ein video på Telegram.

NRK - 28 nov 24 kl. 09:00

Mange er straumlause i Ukraina

Russiske angrep mot straumnettverket i Ukraina har ført til at hundretusenvis av menneske er utan straum, melder AFP. Medan Reuters melder at over ein million menneske er straumlause. Energiminister Herman Halusjtsjenko melde torsdag morgon at straumforsyninga var under kraftig angrep.

NRK - 20 nov 24 kl. 19:31

USA reknar med å opne Kyiv-ambassaden torsdag

Utanriksdepartementet i USA reknar med å kunne opne ambassaden i Kyiv igjen torsdag, melder Reuters. Ambassaden stengde onsdag etter at amerikanske styresmakter hadde fått informasjon om eit mogeleg stort luftangrep. Det skjedde dagar etter at Ukraina brukte langtrekkande amerikanske Rakettar mot mål i Russland..

NRK - 20 nov 24 kl. 16:07

Ukraina har skote britiske Rakettar inn i Russland

Ukraina har skote britiske Storm Shadow-missil inn i Russland for første gong, Ifølge Daily Telegraph har innbyggarar i landsbyen Marino i Kursk funne delar av ei slik rakett på bakken i dag. Talsperson for den britiske statsministeren Keir Starmer seier til The Guardian at dei ikkje ønsker å kommentere saka..

NRK - 21 jun 24 kl. 18:03

USA: Ukraina kan skyte amerikanske Rakettar lenger inn i Russland

Det amerikanske forsvarsdepartementet seier at Ukraina kan skyte amerikanske Rakettar lenger inn i Russland i sjølvforsvar. Russiske styrkar har skote mot ukrainske mål frå eige territorium, og på grunn av restriksjonane som var lagde på bruken av blant anna amerikanske våpen, hadde Ukraina avgrensa høve til å skyte tilbake. I praksis fungerte dermed russisk territorium som ei trygg sone for angrep mot Ukraina.

NRK - 25 okt 24 kl. 18:43

To drepne i Hizbollah-angrep i Israel

To israelarar er drepne i eit rakettangrep frå Hizbollah i Libanon, opplyser israelske sjukehuskjelder til AFP. Dei to drepne blei trefte av splintar frå ein rakett i landsbyen Majd al-Krum nord i Israel. Ifølge det israelske forsvaret har dei skote ned rundt 30 Rakettar frå Libanon i luftområdet rundt landsbyen.

NRK - 09 okt 24 kl. 19:14

Israel forsvarsminister: responsen til Iran vil vere dødeleg

Den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant sa at gjengjeldinga mot Iran for missilåtaket førre veke vil vere «dødeleg, presis og overraskande». – Dei som angrip oss, vil bli skada og betale ein pris. Vår respons vil vere dødeleg, presis og framfor alt overraskande.

NRK - 09 okt 24 kl. 19:14

Israels forsvarsminister: Responsen til Iran vil vere dødeleg

Den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant sa at gjengjeldinga mot Iran for missilåtaket førre veke vil vere «dødeleg, presis og overraskande». – Dei som angrip oss, vil bli skada og betale ein pris. Vår respons vil vere dødeleg, presis og framfor alt overraskande.

NRK - 29 sep 24 kl. 16:02

IDF har treft 45 mål i Sør-Libanon

Det israelske forsvaret (IDF) melder på Telegram at dei har treft 45 mål i Sør-Libanon. Samstundes melder Hizbollah at dei har sendt Rakettar mot ein by i Nord-Israel. Bombealarmen i området går..

NRK - 23 sep 24 kl. 20:15

Tala på døde og skadde i Libanon stig

Minst 356 menneske er drepne og 1246 er skadde i israelske angrep mot Libanon måndag, seier libanesiske helsestyresmakter, melder Reuters. Det israelske militæret (IDF) stadfestar at dei har skote mot over 1300 Hizbollah-mål i Libanon det siste døgnet. Dei seier at dei har øydelagt fleire tusen av Hizbollahs Rakettar og presisjonsvåpen..

NRK - 23 sep 24 kl. 17:11

IDF: Har treft 800 Hizbollah-mål i Libanon

Det israelske militæret (IDF) seier dei har treft rundt 800 Hizbollah-mål i Sør-Libanon og Bekaadalen måndag, melder Reuters. – Blant måla er bygningar der Hizbollah gøymde blant anna Rakettar, missil og bereRakettar, seier IDF i ei fråsegn. Minst 274 menneske er drepne og meir enn 727 er såra i israelske angrep i Libanon måndag, ifølge helsestyresmaktene i Libanon..

NRK - 21 sep 24 kl. 19:13

Nye kampar mellom Israel og Hizbollah

Laurdag blir det meldt om nye rakettangrep og skotvekslingar mellom israelske styrkar og Hizbollah, skriv AFP. Ifølge Israel har Hizbollah fyrt av rundt 90 Rakettar mot israelske mål i løpet av dagen. På same tid melder det israelske militæret (IDF) at dei har bomba tusenvis av oppskytingsrampane til Hizbollah i Sør-Libanon.

NRK - 19 sep 24 kl. 09:41

Nord-Korea stadfestar rakettoppskytingar

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un var til stades då landet testa to typar Rakettar onsdag, melder NTB. Ein av typane som blei testa hadde truleg eit atomstridshovud. Vanlegvis bruker Nord-Korea å utføre testane sine i Japanhavet, men denne gongen blei dei gjort mot mål på bakken..

NRK - 03 sep 24 kl. 16:07

Nesten 50 drepne i russisk angrep mot Poltava

Minst 47 er drepne i eit russisk rakettangrep mot ein militær utdanningsinstitusjon og eit sjukehus i byen Poltava. Over 206 personar er skadde, opplyser Ukrainas førstedame Olena Zelenska. Ifølge president Volodymyr Zelenskyj blei området ramma av to langtrekkande Rakettar.

NRK - 03 sep 24 kl. 13:36

Zelenskyj: Minst 41 drepne i russisk angrep

41 personar er drepe i eit russisk rakettangrep mot byen Poltava, ifølge Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, melder Reuters. I tillegg skal over 180 menneske vere skadde i angrepet. Den ukrainske presidenten seier i ei videomelding at byen blei treft av to Rakettar, og øydela ein bygning i byen..

NRK - 03 sep 24 kl. 11:45

Russisk rakettforskar dømd til 15 år i fengsel

Den russiske rakettforskaren Aleksandr Sjipljuk er dømd til 15 år i fengsel for forræderi, ifølge statlege russiske medium, melder AFP. Sjipljuk leia eit forskingsinstitutt i Sibir som utvikla hypersoniske, militære Rakettar. Han blei gripen i 2022 saman med to kollegaer.

NRK - 03 sep 24 kl. 10:31

Ukraina melder om sivile tap etter angrep

Fleire sivile ukrainarar er drepne og skadde i russiske angrep natt til tysdag, ifølge ukrainske styresmakter. Fleire byar skal vere ramma av angrep med granatar og Rakettar. Det ukrainske luftforsvaret skriv i ei Telegram-melding at dei har skote ned 27 av 35 dronar som er fyrt av russiske styrkar..

NRK - 02 sep 24 kl. 14:50

Kyiv-kontoret til Kirkens Nødhjelp har fått store skadar

Organisasjonskontoret til Kirkens Nødhjelp i Kyiv har fått store skadar etter at det blei treft av fragment frå ein rakett. Russland fyrte natt til måndag av fleire titals Rakettar og dronar mot Kyiv og andre ukrainske byar. – Dette viser kor uføreseieleg og krevjande situasjonen er i Ukraina no, seier utanlandssjef Arne Næss-Holm til NRK.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com