Portforbod
Nyheter om Portforbod
Chile: Naudstilstand grunna straumbrot
Chile har erklært naudstilstand grunna eit stort straumbrot i landet. Det melder Reuters. Dei har også erklært Portforbod frå klokka 22 lokal tid til klokka 06 i regionane som er råka.
Minst 73 drepne og mange skadde i Bangladesh
Dødstala etter samanstøytane mellom demonstrantar og tilhengarar av styresmaktene i Bangladesh stig. Minst 73 menneske er drepne etter nye samanstøyt søndag, melder fleire nyheitsbyrå. Politiet har brukt tåregass, gummikuler og sjokkgranatar mot demonstrantar som krev at statsminister Sheikh Hasina går av.
Bangladesh-studentar: 48-timars pause i demonstrasjonane
Ei studentforeining i Bangladesh vil stoppa protestane i landet i 48 timar. Det seier leiar for Students against Discrimination Nahid Islam, til AFP. Den siste tida har det gått føre seg store protestar i Bangladesh.
Franske soldatar prøver å ta kontroll i Ny-Caledonia
Franske styrkar har starta ein større aksjon for å skape ro og orden i hovudstaden i Ny-Caledonia, Noumea, melder AFP. Natt til søndag var det nye opptøyar i det franske landområdet i Stillehavet, trass i Portforbod, unntakstilstand og forbod mot TikTok. Seks menneske er drepne og fleire hundre er såra i uroa som starta måndag, ifølge tal frå lokale styresmakter.
Franske soldatar prøver å ta kontroll på veg til flyplass i Ny-Caledonia
Franske styrkar har starta ein større aksjon for å skape ro og orden i hovudstaden i Ny-Caledonia, Noumea, melder AFP. Målet er å ta kontroll over ein vegen som går mellom hovudstaden og den internasjonale flyplassen. Natt til søndag var det nye opptøyar i det franske landområdet i Stillehavet, trass i Portforbod, unntakstilstand og forbod mot TikTok.
Portforbod for tamfugl i Rogaland
Det blir innført ei såkalla infisert sone i 15 kommunar i Rogaland etter at det blei oppdaga fugleinfluensa i Klepp kommune. Dette fører til at fuglar i fangenskap i desse kommunane får Portforbod, skriv Mattilsynet. I tillegg blir det påbod om vask av hender og utstyr før og etter kontakt med fuglar, at ender og gjæser ikkje kan haldast saman med andre fugleartar, og at det blir innført forbod mot jakt, flytting av ville fuglar og produkt av desse..
Stenger av ukrainsk by
Den ukrainske byen Mykolajiv blir stengt av og det blir innført Portforbod frå fredag kveld til måndag morgon. Grunnen er at styresmaktene ønsker å finne folk som samarbeider med russiske styrkar. Dei russiske soldatane er 25 kilometer frå byen, og angrip mål i Mykolajiv nesten dagleg..
Innfører Portforbod i Kyiv
Ordføraren i Kyiv har gitt ordre om Portforbod i hovudstaden. Det melder Reuters som siterer Tass. Kyivs 2,8 millionar innbyggjarar har også blitt bedne om å koma seg inn i bomberom dersom det er mogleg.
Avbryt utvida Portforbod
Ordføraren i Kyiv avbryt det utvida Portforbodet som han ville innføra tidlegare i dag. Det skriv Reuters. Portforbodet blir no frå klokka 20:00 lokal tid laurdag til klokka 07:00 neste dag..
Forlengjer Portforbod i Kyiv
Ordføraren i Kyiv seier at det ukrainske militæret forlengjer Portforbodet i byen. Portforbodet vil vara frå klokka 20:00 lokal tid laurdag til 08:00 lokal tid søndag. Det skriv nyheitsbyrået Reuters..
Vil innføra portforbud i Kyiv
Ordføraren i Kyiv har beordra til Portforbod i hovudstaden. Det melder Reuters som siterer Tass..
Filippinane opphevar Portforbod
Etter over eit og eit halvt år med Portforbod på kveldstid i Manila blir dette oppheva, blant anna for at butikkane skal kunna utvida opningstidene sine til førjulshandelen. Portforbodet blei innført i mars 2020 som ein del av fleire koronarestriksjonar. Det vara då i ni timar, men har sidan blitt korta ned fleire gonger.
Vulkan i gang igjen på La Palma
Vulkanen på La Palma roa seg måndag, åtte dagar med utbrotet starta. Men no strøymer lavaen ut av vulkanen igjen. Det er framleis ei sky av røyk og oske over toppen, men mindre enn dagane før, melder spansk fjernsyn.
Portforbod for fuglar gjeninnført
Portforbodet for tamme fuglar er gjeninnført i fleire østlandskommunar, skriv Mattilsynet i ei pressemelding. Det er i sommar påvist fugleinfluensa hos ville fuglar i Holmestrand, Son i Vestby og Larvik. Portforbodet omfattar no 37 kommunar i Vestfold og Telemark..
Portforbod for fuglar innført igjen
Portforbodet for tamme fuglar er innført att i fleire østlandskommunar, skriv Mattilsynet i ei pressemelding. Det er i sommar påvist fugleinfluensa hos ville fuglar i Holmestrand, Son i Vestby og Larvik. Portforbodet omfattar no 37 kommunar i Vestfold og Telemark..
Byrådet er negativ til Portforbod
Byrådet i Bergen er kritisk til forslaget frå regjeringa om å kunne innføre Portforbod. Dei meiner at effekten av Portforbod vil vere beskjeden for smittevernet, ha negativ effekt på folkehelsa og gå på tilliten til styresmaktene laus..
Nytt forslag om Portforbod-lov
Regjeringa ber i eit nytt lovforslag om moglegheita til å innføre Portforbod i 21 i dagar, skriv VG. Dersom regjeringa innfører Portforbod, skal Stortinget verte informert med ein gong. Lovforslaget vert sendt ut på høyring fredag..
Portforbod-lovforslag på høyring
Regjeringa ber i eit nytt lovforslag om moglegheita til å innføre Portforbod i 21 i dagar, skriv VG. Dersom regjeringa innfører Portforbod, skal Stortinget verte informert med ein gong. Lovforslaget vert sendt ut på høyring fredag..
Portforbod-forslag på høyring
Justis- og beredskapsminister Monica Mæland seier at sjølv om det ikkje er aktuelt med Portforbod i dag, så sender dei eit lovforslag om nettopp dette på høyring, for å få ein debatt. Mæland legg også til at ho håper Portforbod aldri vert naudsynt..
Franske kafear og restaurantar opna
Kafear og restaurantar med utandørsservering, samt museum, teater, konsertlokale og kinoar, kan no halda ope i Frankrike I første omgang er det delvis gjenopning som blei sett i gang onsdag. Gjenopninga er avgrensa av Portforbod frå klokka 21, og det er innført ei avgrensing på seks personar per bord. Frå 9.
Domstol opphevar Portforbod
Ein forvaltningsdomstol i den tyske delstaten Baden-Württemberg slår fast at det er overdrive å ha eit Portforbod der. Med det vert Portforbodet avslutta natt til torsdag..
Helsedirektør støtter portforbud
Lovforslaget som opnar for innførting av Portforbod har fått mykje kritikk i høyringsrunden, men Helsedirektoratet tilrår likevel at regjeringa får fullmakt. Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner det finst situasjonar der Portforbod kan bli naudsynt..
Argentina stenger ned igjen
Argentina innfører strenge koronatiltak i store delar av landet for å hindre ei ny smittebølge. Det vert innført Portforbod frå fredag av i Buenos Aires-regionen mellom klokka 20 og 06, alle sosiale, sportslege, kulturelle og religiøse innandørsarrangement blir forbodne..
Ikkje aktuelt med Portforbod
– Det er ikkje aktuelt med eit Portforbod per i dag, det seier beredskapsminister Monica Mæland på ei pressekonferanse onsdag ettermiddag..
Greier ut grunnlag for Portforbod
Justisdepartementet har dei siste vekene jobba med å greie ut det juridiske grunnlaget for å innføre Portforbod i Noreg. Assisterande helsedirektør Espen Nakstad trur det skal mykje til for at det skal verte aktuelt..
Varslar Portforbod for fjørfe
I samband med funnet av ein villfugl som var smitta av fugleinfluensa i Rogaland, varslar Mattilsynet Portforbod for fjørfe i delar av landet..
Forlenger Portforbod i Nederland
Regjeringa i Nederland forlenger Portforbodet på kvelds- og nattetid. Det skulle eigentleg opphøyre onsdag, men vert forlenga til 3. mars.
20 000 døde i Belgia
Belgia har registrert 20 038 koronadødsfall, og hamnar med det mot toppen av lista med flest dødsfall per innbyggjar. Viruset har kravd 173 liv per 100 000. Landet har innført strenge smittevernreglar, blant anna nattleg Portforbod..
Avlyser nyttårsfeiringa i Portugal
Styresmaktene i Portugal innfører eit Portforbod klokka 23 på nyttårsaftan, seier statsminister Antonio Costa torsdag ifølge Reuters. Målet er å avgrense den høge koronasmitten i landet på ein kveld der mange elles ville vore ute og feira i gatene..
Murad: Meir vald under pandemien
Fredsprisvinnar Nadia Murad meiner koronapandemien gjer at det blir meir vald mot kvinner i verda. Ho seier til AP at Portforbod og reiserestriksjonar legg til rette for vald, og at stengte samfunn gjer det vanskelegare for kvinner å be om hjelp..
Innfører Portforbod for eldre
Styresmaktene i Kosovo innfører ei rekke koronatiltak, melder DPA. Blant anna får eldre berre lov til å gå ut nokre få timar kvar dag, og personar med kroniske lidingar og gravide kvinner slepp å gå på jobb. Det er òg forbode å samle seg offentleg..
Tsjekkia strammar inn på tiltak
Tsjekkiske styresmakter har måndag innført eit Portforbod klokka 21, og avgrensar opningstidene til butikkane i landet i eit forsøk på å stogge koronasmitten, melder Reuters. Portforbodet trer i kraft onsdag og vil gjelde dagleg fram til 3. november..
Innfører Portforbod i El Paso
Grunna fulle sjukehus og stor smittespreiing blir innbyggarane i den amerikanske grensebyen El Paso i Texas bede om å halde seg heime i to veker, melder nyheitsbyrået AP. Delar av eit konferansesenter i byen er også omgjorde til eit helsesenter..
Hundrevis i koronademonstrasjon
Fleire hundre menneske protesterte i Napoli natt til laurdag mot Portforbod og ei planlagt nedstenging i regionen, melder AFP. Politiet brukte tåregass for å spreie demonstrantane, som var ute trass i Portforbodet frå klokka 23 fredag kveld..
Unntakstilstand i Slovenia
I Slovenia innfører styresmaktene unntakstilstand i 30 dagar, etter ein auke i koronasmitten. Det blir innført Portforbod mellom klokka 9 på kvelden og 6 på morgonen. Det blir heller ikkje lov å vera samla fleire enn 6 personar samstundes..
Fransk smitterekord
Frankrike har for første gong registrert over 30 000 koronasmitta personar på eitt døgn. Auken er eit hopp frå 22 591 dagen før. Frankrike innfører Portforbod i fleire storbyar frå laurdag av..
Frankrike erklærer helsekrise
Frankrike har igjen erklært nasjonal helsekrisetilstand frå midnatt laurdag. Det inneber Portforbod mellom klokka 21 og 06. Frankrike er, i likskap med resten av Europa, midt i ei oppblomstring av smitten, med 13 000 nye smittetilfelle tysdag..
Portforbod oppheva i Melbourne
Portforbodet om natta i den australske delstaten Victoria er oppheva, då talet på koronasmitta er på sitt lågaste sidan juni, melder AP. Fem nye tilfelle blei registrert siste døgn. Dei fleste born i delstaten får dermed gå på skulen att i oktober..
Aserbajdsjan i unntakstilstand
Styresmaktene i Aserbajdsjan erklærer unntakstilstand og innfører Portforbod i fleire regionar i samband med dei harde kampane som har brote ut mellom landet og armenske separatistar i enklaven Nagorno-Kabakh, melder nyheitsbyrået Reuters..
Portforbod oppheva i USA-byar
Styresmaktene i Los Angeles, San Francisco, Salt Lake City og Washington har oppheva Portforbodet som kom etter plyndring og vald i kjølvatnet av dei store protestane mot politivald og rasisme. I New York City er det framleis Portforbod..
New York innfører Portforbod
New York innfører Portforbod. Det seier borgarmeisteren Bill de Blasio måndag kveld, melder AFP. Portforbodet vil vera frå 23.
New York City innfører Portforbod
New York City innfører Portforbod, opplyser borgarmeister Bill de Blasio måndag kveld, ifølgje AFP. Portforbodet vil vera frå kl. 23 til 05, og kjem som følge av demonstrasjonane mot politivald etter at George Floyd døydde..
Nytt Portforbod i Israel
Statsminister i Israel Benjamin Netanyahu erklærer Portforbod på 36 timar, frå tysdag ettermiddag til torsdag morgon, for å hindre at mange samlar seg på slutten av den jødiske høgtida pesach. Han ber om at berre kjernefamilien må halde festmiddag..
Portforbod i Tyrkia
Tyrkia innfører Portforbod i 31 byar frå midnatt fredag på grunn av koronaviruset. Forbodet varar i 48 timar, melder nyheitsbyrået Afp..
Portforbod ut veka i New York
Portforbodet som er innført i New York på kveldstid blir vidareført ut veka, ifølge NBC News'-korrespondent Tom Winter. Borgarmeisteren i New York avviser å setta inn nasjonalgarden i byen, slik Trump ønsker..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
