Pengane
Nyheter om Pengane
Foreslår 40 millionar til romteknologi
Regjeringa foreslår 40 millionar kroner til forsking og innovasjon innan romteknologi i statsbudsjettet for 2027, skriv Universitetet i Bergen i ei pressemelding. Dette skal skje gjennom ein koordinert satsing ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet og Universitetet i Tromsø. Pengane skal fordelast likt mellom dei fire universiteta.
Regjeringa vil doble klimastøtta til FN
Regjeringa har sett av 20 millionar kroner ekstra i støtte til FNs klimasekreteriat i neste års statsbudsjett, melder Panorama Nyheter. Desse Pengane kjem i tillegg til den faste kontingenten på tre millionar kroner. Denne faste kontingenten vil no regjeringa doble.
Støre si formue tilbake i fond: – Meir ansvarleg
Jonas Gahr Støre (Ap) har plassert sparePengane sine tilbake i fond. Han seier dette er i tråd med retningslinjene regjeringa har. – Eg kan plassere sparePengane mine i fond.
USA blei for dyrt for Roxette
Det svenske popbandet Roxette skulle ha feira 40-årsjubileet sitt i USA og Canada, men den nordamerikanske turneen er utsett. På Instagram opplyser Roxette-teamet at Live Nation USA valde å utsetje turneen på grunn av logistikkutfordringar og kraftig auka kostnader. Likevel har billettkjøparar fått e-post om at konsertane i september og oktober faktisk er avlyste, og at Pengane vert refunderte, ifølgje Variety.
Vil ha fleire bruer i staden for ferjer
Frp, Høgre, Senterpartiet og KrF har gått saman om eit forslag til forbetring av ferjeavløysingsordninga. Forslaget vil dermed ha fleirtal i Stortinget, skriv Høgre i ei pressemelding. Målet er fleire vegprosjekt som gjer at ferjer på fylkesvegar kan erstattast.
EU gir 458 millionar euro i naudhjelp til Midtausten
EU kunngjorde måndag at unionen skal gi 458 millionar euro i humanitær hjelp til Midtausten som følge av konfliktane i regionen, melder Reuters. Pengane skal gå til humanitær hjelp til dei som er ramma av krigen mellom USA og Iran, i tillegg til Israels militære angrep i Libanon., opplyser EU.
Frps landsstyremøtet: Vil kutte avgifter og styrke forsvar
Denne helga held Framstegspartiet landsstyremøte. Frp-leiar Sylvi Listhaug seier partiet vil styrke Forsvaret og beredskapen, kutte drivstoffavgiftene og halvere matmomsen for å gi folk betre råd. – FrPs alternativ er å la folk, familiar og bedrifter behalde meir av Pengane sine sjølve, kutte sløsing og sørgje for å prioritere det viktigaste fyrst, sa Listhaug i talen.
Sverige gir ein milliard i støtte til Ukraina
Regjeringa i Sverige avgjort at landet skal gi ein milliard svenske kroner i støtte til energiforsyninga i Ukraina, melder SVT. – Dei er i ein naudssituasjon der Russland held fram med å kutte straum, oppvarming og vatn til millionar av ukrainarar, seier minister for utviklingshjelp og utanrikshandel Benjamin Dousa (M). Pengane skal blant anna brukast til kraftverk og reservedelar til den ukrainske energiforsyninga..
Belgia framleis kritisk til Ukraina-plan
Belgia seier dei framleis ikkje er nøgde med EU-planen om å gje frosne russiske pengar til Ukraina. Pengane står på konto i Belgia, og landet er uroa for å bryta ulike lover, dersom dei frigjev Pengane. Utanriksminister Maxime Prevot seier EU ikkje har teke noko omsyn til dei belgiske innvendingane.
Prisane klatra 3,1 prosent i 2025
Prisveksten frå 2024 til 2025 var på 3,1 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er same prisvekst som året før. Prisvekst på tenester var generelt høgare enn prisveksten på varer.
Noreg aukar støtta til humanitær innsats i Sudan
Noreg aukar støtta for sivilbefolkninga i Sudan med 95 millionar kroner, opplyser regjeringa i ei pressemelding. 65 millionar av Pengane skal gå til Sudan Locally Led Pooled Fund (SLLPF) og Dansk Flyktningehjælp i perioden 2025 til 2028. – Krigen har skapt lidingar som er så omfattande at det kan vere vanskeleg å fatte.
USA med bistand til offer for svolt og sjukdom
USA skal forplikte seg til å gi to milliardar dollar i livreddande bistand til menneske som står overfor svolt og sjukdom, melder Reuters. Det er FN sitt kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) som skal forvalte Pengane. – Millionar av liv vil bli redda i 17 land, seier FN sin naudhjelpssjef Tom Fletcher, melder Reuters..
Coop kallar tilbake fryste jordbær
Coop kallar tilbake Xtra fryste jordbær etter funn av pestcidrester over grenseverdien, skriv daglegvarekjeda i ei pressemelding. Den fryste bæra er seld i Coop-butikkar over heile Noreg, og er no fjerna frå butikkane. Kundar som har kjøpt produktet bør kaste det eller levere det tilbake i butikk for å få Pengane tilbake.
Opprettheld gratis aborttilbod
Stiftelsen Amathea får statsstøtte vidare i statsbudsjettet. Dette er Noregs einaste landsdekkjande gratistilbod for kvinner som har vore gjennom ein abort. Då det første forslaget til statsbudsjett blei lagt fram i oktober blei dei øyremerkte Pengane kutta ut.
Kjelder til NRK: Kuttar i støtte til grøn omstilling
Regjeringa vil kutte i pengeoverføringane til Enova med 1,9 milliardar kroner, får NRK opplyst. Enova forvaltar Pengane i Klima- og energifondet. Etter kuttet vil fondet ha ei total ramme på 7,2 milliardar kroner neste år..
Vil regulere anonym politisk reklame
Stortinget ber regjeringa regulere anonym finansiering av politisk reklame og marknadsføring. Forlaget vart fremma av Raudt og fekk eit breitt fleirtal i Stortinget i ettermiddag. I løpet av valkampen vekte fleire anonyme kampanjar oppsikt.
Støtte til samiske aviser
Medietilsynet gjev 44 millionar kroner i støtte til fem aviser som gjer samiske skriftspråk tydelege. Det aller meste av Pengane, 42 millionar, går til avisene Ávvir og Ságat. Dei siste to millionane blir fordelte mellom Snåsningen, NordSalten Avis og Meråkerposten.
Kallar tilbake fiskekaker på grunn av listeria
UNIL kallar tilbake Fiskemannen fiskekaker 80 prosent med bruksdato 19. september 2025 på grunn av funn av listeria, skriv Norgesgruppen i ei pressemelding. Fiskekakene er allereie fjerna frå butikkhyllene.
Har funne listeria i fiskekaker frå Fiskemannen
Norgesgruppen kallar tilbake Fiskemannen fiskekaker 80 prosent med bruksdato 19. september 2025 på grunn av funn av listeria, skriv Norgesgruppen i ei pressemelding. Fiskekakene er allereie fjerna frå butikkhyllene.
USA: Skal krevja enormt depositum for enkelte visum
Visumsøkarar frå enkelte land kan måtte betale 15.000 dollar for å få turistvisum i USA. Det annonserer det amerikanske utanriksdepartementet.
USA: Skal krevje enormt depositum for enkelte visum
Visumsøkarar frå enkelte land kan måtte betale 15.000 dollar, eller rundt 150.000 kroner, for å få turistvisum for innreise til USA.
Bergensbanen opnar 10.30 – trafikken kan snart gå i gang att
Bergensbanen opnar att klokka 10.30 i formiddag. Det opplyser pressekontakt Gunnar Børseth i Bane Nor til NRK like før klokka 10.
Regjeringa set av 100 millionar kroner til kursing av industriarbeidarar
Regjeringa innfører ei ny pilotordning for å auke kompetanseutviklinga i industrien. Regjeringa skal legge 25 millionar kroner kvart år i fire år i ein felles pott med Fellesforbundet og Norsk Industri. Pengane skal betale delar av lønna til tilsette som vil fylle på med kompetanse.
Sju milliardar til norske industribedrifter
I dag får norske bedrifter utbetalt sju milliardar kroner gjennom støtteordninga for industrien. 40 prosent av desse Pengane skal bidra til å utløyse klima- og energisparingstiltak rundt om i landet. – For første gong stiller vi krav om at 40 prosent av Pengane bedriftene får må gå til å kutte utslepp eller å spare straum.
Sp vil senke matmomsen til 10 prosent
– Slik situasjonen er no, er det heilt mogleg å senke matmomsen frå 15 til 10 prosent, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Han og forhandlingsleiar Geir Pollestad legg no fram partiet sine hovudpriotering før budsjettforhandlingane med regjeringa. I førre veke la Arbeiderparti-regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.
Regjeringa gir pengar til meir praktisk skule
306 kommunar får tilskot som er øyremerka utstyr som skal gjere skulen meir praktisk og variert, melder regjeringa i ei pressemelding. Kommunane skal dele ein pott på 160 millionar kroner, som blir fordelt på kommunane som har søkt, basert på elevtal. Pengane kan bli brukt på utstyrspakkar, inventar og apparat til spesialrom som laboratorium, skulekjøkken og musikkrom..
Tidlegare studentleiar dømd til fengsel for underslag
Ein tidlegare studentleiar er i Vestre Innlandet tingrett dømd til ti månader i fengsel for å ha underslått 1,1 millionar kroner frå ein studentorganisasjon, skiv Khrono. Fire månader av straffa er på vilkår. Mannen er også dømd til å betale tilbake Pengane han underslo.
Frp håvar inn på valkampbidrag
Framstegspartiet toppar lista over parti som har fått mest i eksterne valkampbidrag så langt i år. Tal henta ut 19. mars viser at Frp då hadde fått inn dryge 8 millionar kroner.
Rutte: Nato har ikkje nok pengar til innfri mål
Nato-landa har auka forsvarsbudsjetta med over 20 prosent frå 2023 til 2024, men det er ikkje nok, ifølge Natos generalsekretær Mark Rutte. – Vi har robuste planar, men vi har ikkje alle Pengane vi treng, sa han på ein pressekonferanse onsdag. Torsdag møtest forsvarsministrane i Nato.
Superstjernene heldt innsamlingskonsert etter brannen i LA
Natt til fredag gjekk Billie EIlish, Joni Mitchell, Katy Perry, Sting og fleire andre artistar på scena i Inglewood, California. Pengane som blei samla inn skulle gå til å førebygge brannar i Los Angeles i framtida og til dei råka av brannane i januar. Minst 29 personar mista livet tidlegare i januar.
Amerikanske soldatar klare til å sløkkje skogbrannar i Los Angeles
Deanne Criswell, leiar for Federal Emergency Management Agency (FEMA), sa at amerikanske soldatar er klare til å bli sende ut for å hjelpe med å sløkkje skogbrannar som har herja i Los Angeles. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Ho sa dette i eit intervju på ABC sitt program «This Week» på søndag.
Får 75 millionar etter uvêret «Jakob»
Vestland fylkeskommune får 75 millionar kroner for å dekke utgiftene etter uvêret «Jakob» i haust. – Dette uvêret råka ikkje berre folk og eigedommar, men også kommunar og fylkeskommunar. Då har det vore viktig for Senterpartiet og Arbeidarpartiet at kommunane ikkje skal stå i det åleine, seier Erling Sande, kommunal- og distriktsminister (Sp).
Oljefondet har passert 20.000 milliardar i verdi
Verdien av Oljefondet har passert 20.000 milliardar kroner. Det er berre to månader sidan verdien av fondet passerte 19.
Kan gå mot regjeringskrise i Frankrike
Ytre høgre-partiet Nasjonal samling seier at dei mest truleg vil stilla seg bak eit mistillitsforslag mot regjeringa i Frankrike i dag. Konflikten står om budsjettet, der Nasjonal samling ønskjer å få meir å seia på kva Pengane skal gå til. – Me stiller oss bak mistillit hvis det ikkje skjer eit mirakel i siste liten, seier partileiar Jordan Bardella til fransk radio i dag..
SSB: Kraftig auke i grensehandelen så langt i år
Frå januar til og september i år har nordmenn grensehandla for 8,1 milliardar kroner. Det er ein auke på 18 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser tal frå SSB. I snitt brukte nordmenn 2060 kroner per dagstur over grensa.
Vil gje Kongehuset 316,8 millioner kroner
Regjeringa føreslår 15,5 millionar kroner i apanasje til kongen og dronninga i statsbudsjettet. Apanasje er Pengane dei kongelege får til privat bruk. Kronprinsparet er føreslått å få 12,9 millionar.
Noreg aukar støtta til Ukraina
Regjeringa foreslår å auke støtta til Ukraina med 5 milliardar kroner ekstra i 2024. Pengane blir gjeve som ein del av Nansen-programmet, som blir foreslått utvida med tre år frå 2027 til 2030. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at dei foreslår å gi minst 15 milliardar kvart år fram til 2030.
Norske covid-pengar blir brukt i kampen mot m-koppar
Ubrukte covid-pengar frå Noreg blir ein del av eit nystarta krisefondet Gavis First response fund som skal overvinne den smittsame sjukdommen m-koppar. Pengane skal bli brukt til å kjøpe, lagre og dele ut 500.000 dosar med vaksine.
EU gir 160 millionar euro til Ukraina
EU gir 160 millionar euro til Ukraina for å dekke humanitære behov til vinteren, opplyste EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen torsdag, melder Reuters. Pengane er russiske verdiar som blei frosne då Russland angreip Ukraina i 2022. Ho seier også at ho reiser til Kyiv fredag for å møte president Volodymyr Zelenskyj, ifølge AFP.
Stavanger kommune held tilbake partistøtte til Stavanger Høgre
Bystyregruppa til Høgre i Stavanger får sterk kritikk i revisorrapporten for 2023. Kommunen held no tilbake 700.000 kroner som partiet skulle hatt, skriv Stavanger Aftenblad.
Skal ha svindla medruss for over 700.000 kroner
Kvinna som skal ha svindla medrussen sin for over 700.000 kroner, nekta straffskuld då saka mot henne startar i Hordaland tingrett i dag. Det melder BA.
Dømde for grov kvitvasking i varebilbransjen
To menn er dømde for kvitvasking av i overkant av 7,5 millionar kroner. Pengane stammer frå svart arbeidskraft i varebilbransjen, skriv Økokrim i ei pressemelding. Den eine mannen er dømd til to år og to månader i fengsel, medan den andre mannen er dømd til fengsel i eitt år.
Til sak mot 16 reisebyrå etter dødsfall under pilegrimsreiser til Mekka.
I Egypt har påtalemakta gått til sak mot 16 reisebyrå etter dødsfall under pilegrimsreiser til Mekka. Over 650 egyptarar har dødd under årets hajj, nær alle var uregistrerte pilegrimar. Statsministeren i Egypt har gjeve ordre om å inndra reisebyråa sine driftsløyve, og bede om at selskapa får bøter.
Noreg aukar Ukraina-støtte med 50 millionar
Regjeringa aukar den humanitære støtta til Ukraina med til saman 50 millionar kroner. Det skriv regjeringa i ei pressemelding sundag ettermiddag. Midlane vert fordelte mellom Den internasjonale Raude Kors-komiteen (ICRC) og Unicef.
USA: Gir 1.5 milliardar dollar i Ukraina-støtte
I samanheng med fredskonferansen i Sveits om Ukraina, kunngjer USAs visepresident Kamala Harris at USA vil gi 1.5 milliardar dollar i støtte til Ukraina. Pengane skal gå til å styrka Ukrainas energisektor, adressera humanitære behov, og styrka sivil sikkerheit, heiter det i ei pressemelding frå Det kvite hus..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
