Pasientar
Nyheter om Pasientar
Noreg har evakuert 4000 ukrainarar
Sidan fullskalainnovasjonen av Ukraina starta i 2022, har Forsvaret gjennomført medisinsk evakuering av 4000 ukrainske Pasientar og pårørande, opplyser forsvaret ifølgje Forsvarets forum. Nærmare 3000 av desse er Pasientar som har fått tilgang til naudsynt behandling i Noreg og andre europeiske land. Arbeidet skjer i samband med EU og andre allierte land, og har vore ein sentral del av Europa si støtte til Ukraina.
Å samle kulturarven i ei nasjonal rangering er ikkje smart
Like lite som helseministeren bør stå i akuttmottaket og prioritere Pasientar, bør politikarar lage lister over kva delar av kulturarven som er mest verdifulle, meiner to museumsdirektørar..
Riksrevisjonen: Overbelastar sjukehusa
Mange Pasientar som kunne vore behandla i kommunane blir i staden behandla i sjukehusa. – Dersom bruken av sjukehusa held fram som i dag, truar det berekrafta til spesialhelsetenesta, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding. Riksrevisjonen la tysdag fram ei ny undersøking om korleis helsetenestene samarbeider i behandlinga av eldre.
Startar tilsyn etter beltelegging
Statsforvaltaren startar tilsyn med Sandviken sjukehus og Helse Bergen etter ein rapport frå Sivilombodet som avdekte ulovleg beltebruk. Det skriv Bergens Tidende. Rapporten viser at Pasientar ved psykiatrisk avdeling låg ulovleg i belte i lang tid, utan naudsynt stell.
Ingen brannskada Pasientar frå Sveits kjem til Noreg
Ingen Pasientar etter dødsbrannen i Sveits kjem til Noreg for behandling, ifølge Helse- og omsorgsdepartementet. – Pasientane frå brannen i Sveits er no transportert til dei næraste landa. Det blir derfor per no ikkje aktuelt å bruke kapasiteten på Haukeland universitetssjukehus, skriv departementet.
Vestre med ambisjonar om «kortare ventetider og meir valfridom» i helsevesenet
– Vårt mål er at Noreg skal ha den beste helsetenesta i verda. Skal vi få til det må vi tenke nytt, og vi må jobbe saman, seier Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) under ein pressekonferanse. Vestre presenterte måla for helse-Noreg fram mot 2030 – noko som har fått tittelen «Vår helse 2030».
Privatsjukehus i Kyiv råka av russisk luftangrep
Eit privatsjukehus med 26 Pasientar blei råka i eit russisk luftangrep mot Ukraina sin hovudstad i natt, opplyser Kyiv sin ordførar Vitalij Klitsjko på Telegram. – Luftvernet er operativt i hovudstaden. Søk dekning i tilfluktsrom, legg ordføraren til.
Israel melder om nye angrep i Iran - vitne seier sjukehus er angripe
Det israelske militæret (IDF) seier at dei sundag har gjennomført angrep mot fleire titals iranske militære mål, mellom anna anlegg knytte til Revolusjonsgarden. Det melder Reuters. To vitne seier til Reuters at eit sjukehus i Gandhi Street-området i Teheran skal ha blitt ramma i eit angrep.
Haukeland klare til å ta imot to Pasientar etter Sveits-brann
Noreg er òg klar for å sende ekspertise ned til Sveits i form av eit såkalla Burn Assessment Team eller BAT-team, skriv helseministeren i ein e-post til NTB. Kommunikasjonsdirektør ved Haukeland universitetssjukehus Erik Vigander bekreftar tilbodet ovanfor NRK, men seier at det førebels ikkje er bekrefta at dei vil hjelpe til. – Me har berre meldt inn at me som nasjonal brannskadeavdeling står klare til å ta imot to Pasientar dersom det er aktuelt, seier han Tilbodet om å sende ned eit såkalla BAT-team er òg enn så lenge berre eit tilbod, og det er ikkje bekrefta at dei vil gjere det, opplyser han.
Privatklinikk i Kyiv råka av russisk luftangrep
Ein privatklinikk med 26 Pasientar blei råka i eit russisk luftangrep mot Ukraina sin hovudstad i natt, opplyser Kyiv sin ordførar Vitalij Klitsjko på Telegram. 16 er overført til kommunale sjukehus. Tre personar er skadde.
Fleire til sykehus etter hyttebrann i Oppdal
Natt til tirsdag oppstod det brann i ei stor tømmerhytte i Oppdal i Trøndelag. Nødetatene var på staden rundt litt over klokken 04.00.
Vil ha hjarteinfarkt-behandling i Ålesund
Eit einstemmig fylkesting vedtok å støtte etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus. PCI skal vere den mest effektive behandlinga ved hjarteinfarkt, der den tette blodåra i hjartet blir opna mekanisk. Metoden skal redusere risiko for død, hjartesvikt og nye infarkt.
25 land i utsegn: Står klare for Pasientar frå Gaza
Utanriksdepartementet opplyser at Noreg, saman med 24 andre land, står klare til å gi nødhjelp til Pasientar frå Gaza. «Vi står klare til å bidre med støtte i form av for eksempel økonomiske bidrag, medisinsk personell eller utstyr som er nødvendig for behandling av Pasientar». I utsenga oppfordrar departementet Israel til å gjenoprette den medisinske korridoren til den okkuperte Vestbreidda slik at ein igjen kan få til medisinsk evakuert frå Gaza.
Stengjer grenseovergangen ved Rafah
Israel har varsla at dei kjem til å stengje den egyptiske grenseovergangen ved Rafah, heilt sør i Gaza. Det melder israelske medium, mellom anna Ynet News og Channel 12. Under våpenkvila har overgangen blitt brukt til medisinske evakueringar for Pasientar frå Gaza.
Ny ordning skal auke tal organdonorar
Regjeringa vil auke tal organdonorar gjennom ei nasjonal kompetanseteneste for organdonasjon, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding. – Det er avgjerande at vi styrker kompetansen om organdonasjon for å sikre at fleire Pasientar og pårørande får den informasjonen dei treng og seier ja til organdonasjon, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. I Noreg ventar om lag 600 menneske på eit nytt organ.
Kiruna sjukehus i Sverige set krisestab
Kiruna sjukehus i Sverige set krisestab etter mistanke om soppforgifting blant fleire Pasientar, melder NTB. Fleire skal ha oppsøkt akuttmottaket etter inntak av giftig sopp. Sjukehuset har auka beredskapen.
BBC: Minst 20 drepne i sjukehusangrep i Gaza
Minst 20 menneske er drepne i israelske angrep mot Nasser-sjukehuset i Khan Younis sør på Gazastripa måndag, ifølge helsedepartementet i Gaza, melder BBC. Blant dei drepne er journalistar, helsepersonell og Pasientar er blant dei drepne. Det israelske forsvaret (IDF) bekreftar at dei gjennomførte eit angrep ved sjukehuset, men beklagar at sivile blei ramma.
Fransk kirurg dømt til 20 år i fengsel for overgrep
Den tidlegare kirurgen Joël Le Scouarnec er dømt til 20 år i fengsel for overgrep mot fleire tidlegare Pasientar, melder nyheitsbyrået Reuters. Ifølgje tiltalen forgreip han seg på hundrevis av Pasientar, dei fleste barn. Saka er ei av dei største overgrepssakene i fransk historie.
Prinsesse Kate opnar opp om kreften
Britiske prinsesse Kate snakka onsdag for fyrste gong om kor vanskeleg tida etter kreftbehandling kan vere. – Det er som ein berg-og-dal-bane. Det er ikkje ei jamn og roleg reise, slik ein kanskje trur.
Helsetilsynet ber om dokumentasjon frå Austad Diagnostikk
Helsetilsynet ber no om omfattande dokumentasjon på praksisen til Austad Diagnostikk på marknadsføring, informasjon tli Pasientar og samarbeid med andre helsetenester. Nyleg bestemte Helsetilsynet seg for å starte tilsynssak med det private helsefirmaet, og skriv no i eit nytt brev at det er grunn til å vurdere om selskapet har drive forsvarleg og lovleg. Firmaet har avdelingar over heile landet og hadde ei omsetning i 2023 på 64 millionar kroner.
WHO-sjefen fordømmer angrep på sjukehus i Gaza
Sjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus seier eit barn døydde på grunn av israelske luftangrep mot eit sjukehus i Gaza, melder AFP. – Eit barn døydde fordi behandlinga blei avbrote, skriv han i eit innlegg på X. Sjukehuset evakuerte fleire Pasientar før angrepet, men ifølge WHO-sjefen var det 40 Pasientar som ikkje kunne flyttast.
Israelsk åtak på Gaza-sjukehus
Ahli Arab-sjukehuset i Gaza blei natt til søndag treft av to israelske rakettar, ifylgje Reuters. Dei siterer helsepersonell på sjukehuset, som seier at mellom anna naudhjelpsmottaket er øydelagd. Pasientar skal ha blitt evakuerte frå sjukehuset etter at israelske styrkar informerte om eit komande åtak.
Stor auke for overgrepsmottaket
Firda melder at talet Pasientar på overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane auka med 40 prosent i 2024, samanlikna med året før. Dei fleste tilfella dreidde seg om seksuelle overgrep. I 2024 var det 73 personar som vende seg til overgrepsmottaket, mot 51 personar i 2023.
WHO: Over 100 Pasientar skal evakuerast frå Gaza
Verdas Helseorganisasjon (WHO) seier over 100 Pasientar skal evakuerast frå Gaza onsdag, ifølge Reuters. Det er barn blant pasientane. – Dette er eit ad hoc-tiltak.
Alfalfaspirar var smittekjelda i salmonellautbrot
Økologiske alfalfaspirar var smittekjelda til det store salmonellautbrotet i november, stadfestar Mattilsynet i ei pressemelding. Ifølge Folkehelseinstituttet blei 230 personar smitta av salmonella. Etter at spirane blei trekt frå marknaden i november, har det ikkje vore stadfesta nye Pasientar sidan midten av desember..
Feil i Helseplattforma har fått følgjer for minst fire Pasientar
Feil i Helseplattforma har fått følgjer for minst fire Pasientar. Det går fram av ei ny kartlegging. Helse Møre og Romsdal ser på situasjonen som alvorleg..
Nesten 300 Pasientar råka av ny feil i Helseplattformen
Helseplattformen har oppdaga ein ny feil som har ført til at Helse Møre og Romsdal ikkje har hatt tilstrekkeleg oversikt over ei gruppe på 291 Pasientar Fleire av pasientane har ikkje blitt sett på ventelister for vidare oppfølging, skriv Helseplattforma sjølve..
WHO: 9000 Pasientar treng evakuering frå Gaza
Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner rundt 9000 Pasientar treng umiddelbar evakuering frå Gazastripa for å få naudsynt hjelp, melder AFP. – Med berre ti sjukehus som fungerer på eit minimumsnivå over heile Gaza, blir tusenvis av Pasientar fråtekne helsetenester, seier WHO-direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus. Pasientane som treng evakuering, er blant andre kreftPasientar og Pasientar som treng dialyse eller har andre kroniske plager.
Humoristisk forskingspris til anus-forskarar
Ei gruppe japanske forskarar vann Ig Nobelprisen for å ha oppdaga at pattedyr kan pusta gjennom anus. Dei meiner dette kan vera ein alternativ måte å gi kritisk sjuke Pasientar oksygen, når respiratorar ikkje er tilgjengelege. Ig Nobelprisen vert delt ut av det humoristiske forskingsmagasinet Årbok for usannsynleg forsking, som eit motsvar til den seriøse Nobelprisen.
Aftenposten: Benestad har mista legeautorisasjonen
Ifølgje Aftenposten har Esben Esther Pirelli Benestad mista den avgrensa legeautorisasjonen sin. Benestad seier at hen vil klage på vedtaket frå Helsetilsynet og gå via retten. Hen har tidlegare mista autorisasjonen men fekk den delvis tilbake tidlegare i sommar.
Tysk lege mistenkt for drap på fire kvinner i Berlin
Ein lege er gripen av tysk politi, mistenkt for å hat teke livet av fire kvinnelege Pasientar, melder Reuters. Legen arbeidde for ei sjukepleiarteneste i Berlin. Den 39 år gamle legen er mistenkt for å drepe kvinnene i heimane deira i juni.
Stoppar salet av Ozempic som «slankemedisin»
Bruken av medisinen Ozempic har eksplodert det siste året. Sjølv om medisinen er laga for dei med diabetes 2, har svært mange begynt å bruka det for å slanka seg. No strammar regjeringa inn på bruken: Direktoratet får ikkje levere ut norske pakningar med Ozempic til Pasientar med kvit resept, skriv dei på sine heimesider.
Finsk hackar fengsla for utpressingsforsøk
Den finske hackaren Aleksanteri Julius Kivimäki er dømd til seks år og tre månader i fengsel for datainnbrot og utpressingsforsøk, melder BBC. Hackaren braut seg inn i pasientdatabasen til det finske psykoterapisenteret Vastaamo i 2018 og 2019, og stal opplysningar til over 30.000 personar.
Kong Charles tilbake på jobb
Kongen av Storbritannia tek snart opp att dei offentlege oppgåvene sine. Det skriv det britiske kongehuset i ei pressemelding fredag. Kong Charles har vore lite ute i det offentlege sidan han starta behandling mot kreft i februar.
WHO: Overforbruk av antibiotika under pandemien
Ny dokumentasjon frå Verdas helseorganisasjon (WHO) viser at det var eit overforbruk av antibiotika hos innlagde Pasientar under koronapandemien, melder NTB. Overforbruket er registrert over heile verda, men varierer sterkt. I den vestlege Stillehavs-regionen var overforbruket 33 prosent, medan det i aust i Middelhavet og Afrika var eit overforbruk på 83 prosent..
Minst 182 Pasientar berørt av ny feil i Helseplattformen
Det skriv Adresseavisen. St. Olavs hospital skal ha oppdaga feil i legemiddellistene, stadfestar sjukehusdirektør Grete Aasved overfor avisa fredag.
Vasslekkasje stoppar operasjonar på SUS
I natt oppstod det ein vasslekkasje over sentraloperasjon (SOP) i Sydbygget på Stavanger universitetssjukehus (SUS). Det fører til at nokre Pasientar kan få utsett operasjonen sin i dag, melder sjukehuset på sine nettsider (ekstern lenkje). Lekkasjen oppstod frå eit kjølerøyr som hadde fryst og sprokke.
Kvinne dømt for å ha snoka i journalar
Ei kvinne i slutten av 20-åra er dømt til fengsel for å ha snoka i over 100 journalar. Kvinna jobba ved Sjukehuset Innlandet da ho søkte i journalane til 108 Pasientar..
Kvinne dømd for å ha snoka i journalar
Ei kvinne i slutten av 20-åra er dømd til fengsel for å ha snoka i over 100 journalar. Kvinna jobba ved Sjukehuset Innlandet da ho søkte i journalane til 108 Pasientar..
Røde Kors ber om tryggleik i Gaza
Den internasjonale Røde Kors-komiteen ber i kveld innstendig om respekt og tryggleik for medisinske fasilitetar, Pasientar og helsearbeidarar i Gaza. – Vern av helsearbeidarar og strukturar er ikkje berre ei juridisk forplikting, men også moralsk heilt nødvendig for å ta vare på menneskeliv i desse mørke tidene, seier generalsekretær i Røde Kors, Anne Berg. Al Shifa Medical Complex, det største sjukehuset på Gazastripa, er no overfylt av Pasientar.
Helse Midt-Norge innfører helseplattformen
Styret i Helse Midt-Norge går imot styret i Helse Møre og Romsdal. Sjukehusa skal ta i bruk Helseplattforma i april som planlagt. Helse Møre og Romsdal meiner det er for risikabelt for Pasientar og tilsette å gå på i april, men får ikkje støtte av eigaren Helse Midt-Norge i onsdagens styremøte..
Minst 182 pasienter berørt av ny feil i Helseplattformen
Det skriv Adresseavisen. St. Olavs Hospital skal ha oppdaga feil i legemiddellistene, stadfestar sjukehusdirektør Gretje Aasved overfor avisa fredag.
Al Jazeera: Det indonesiske sjukehuset på Gazastripa har stansa drifta
Det indonesiske sjukehuset på Gazastripa har stansa drifta, melder Al Jazeera. 45 Pasientar som treng hasteoperasjonar skal vere etterlatne i resepsjonen. Det opplyser sjukehusdirektør Atef al-Kahlout til kanalen..
WHO: Over 160 helsearbeidarar drepne på jobb i Gaza
Over 160 helsearbeidarar har ifølgje Verdens helseorganisasjon (WHO) blitt drepne medan dei jobba på Gazastripa. Organisasjonen melder også at det blir utført operasjonar, inkludert amputasjonar, på Pasientar utan bruk av anestesi..
WHO: Over 16 helsearbeidarar drepne på jobb i Gaza
Over 16 helsearbeidarar har ifølgje Verdens helseorganisasjon (WHO) blitt drepne medan dei jobba på Gazastripa sidan krigen starta for ein månad sidan. Organisasjonen melder også at det blir utført operasjonar, inkludert amputasjonar, på Pasientar utan bruk av anestesi på grunn av mangel på utstyr og medisinar. I ein tidlegare versjon stod det 160 helsearbeidarar, men rundt klokka 12 korrigerte WHO talet til 16..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
