Palestinarar
Nyheter om Palestinarar
Fem drepne i skyting på Vestbreidda
Fire Palestinarar blei skotne og drepne på den okkuperte Vestbreidda fredag, ifølge palestinske helsestyresmakter. Israelske naudetatar seier også at ein israelar blei drepen, melder fleire nyheitsbyrå. Skytinga skjedde i byen Tell.
Egypt: Opnar grenseovergangen ved Rafah
Grenseovergangen ved Rafah i Gaza opnar igjen torsdag, ifølge statlege medium i Egypt, melder AFP. Overgangen har vore heilt stengt sidan 28. februar då Israel og USA gjekk til angrep på Iran.
Minst 98 Palestinarar har døydd i israelske fengsel
Sidan Gaza-krigen braut ut har minst 98 Palestinarar døydd i israelske fengsel, opplyser Legar for menneskerettar i Israel (PHRI) melder NTB og AP. PHRI hevdar at dei innsette blir utsett for vald og blir nekta helsehjelp. Organisasjonen meiner at dødstala truleg er høgare, og seier at Israel har halde tilbake informasjon om pågripne Palestinarar..
Åtte drepne i israelsk angrep sør i Libanon
Åtte personar er drepne i eit israelsk angrep mot ein landsby sør i Libanon nær hamnebyen Sidon, opplyser det libanesiske helsedepartementet. Det melder nyheitsbyrået AFP. Ni andre skal vere såra, ifølge styresmaktene.
Sander Silva og Victorjus trekker seg frå MGP
Tidlegare sundag skreiv NRK at duoen hadde trekt seg. No seier at dei ikkje kan risikere å stå i ein konkurranse som fører direkte til Eurovision medan Israel er med. – Det er med tungt hjarte at vi trekker oss frå MGP-cupen.
Israel hevdar Hamas har brote våpenkvila
Etter eit luftangrep mot Gaza måndag hevdar det israelske militæret (IDF) at dei blei angripne av væpna grupper i Rafah sør på Gazastripa. IDF skriv på Telegram at det blei det fyrt av mot soldatar som arbeidde med å fjerne militær infrastruktur. Dei omtalar hendinga som eit alvorleg brot på våpenkvileavtalen, og seier dei vil svare med fast hand.
Fleire tusen Palestinarar returnerer heim
Tusenvis av Palestinarar vender heim til i Nord-Gaza etter einigheit om fredsplan, melder BBC. Det skjer etter at det israelske militæret gradvis har trekt seg unna området, melder Al Jazeera. Torsdag blei det klart at Hamas og Israel er einige om første del av ein fredsavtale for Gaza..
Tusenvis av Palestinarar reiser nordover
Fleire tusen Palestinarar har starta å reisa nordover etter at våpenkvilen mellom Israel og Hamas starta klokka 11 i dag. Det melder nyheitsbyrået AFP. Israel har tidlegare tvinga mange til å reisa sør på Gazastripa, i samband med åtaka på Gaza by og resten av Nord-Gaza.
FN: Høgaste registrerte tal av busettarangrep på Vestbreidda
Den humanitære situasjonen på Vestbreidda har forverra seg kraftig den siste tida, viser ei ny oppdatering frå FN-organet Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA). I oktober bli det registrert over 260 angrep frå israelske busettarar mot Palestinarar og eigedomane deira. Det er det høgaste talet sidan 2006.
Israel forbereder seg på å flytte Palestinarar i Gaza
Det israelske forsvaret (IDF) seier dei gjer seg klare til å flytte på Palestinarar til sør på Gazastripa, melder Reuters. Søndag startar dei utdeling av telt og utstyr for å søke ly. Israel seier dei har planar om å starte ein offensiv for å ta den nordre delen av Gaza by.
Israel: Personar skal ha kryssa «den gule linja»
Det israelske militæret (IDF) hevdar på Telegram om at fleire mistenkte skal ha kryssa «den gule linja», melder Reuters. «Den gule linja» er ei grense for den første tilbaketrekkinga i fredsplanen for Gaza. IDF skaut mot personane.
IDF: Om lag 480.000 har flykta frå Gaza by
Den israelske hæren (IDF) anslår at om lag 480.000 Palestinarar har flykta frå Gaza by sidan Israel meldte om bakkeinvasjon av byen. Det melder nyheitsbyrået AFP..
Massiv flukt frå Gaza by
Den israelske hæren (IDF) anslår at om lag 480.000 Palestinarar har flykta frå Gaza by sidan Israel sette i gang ein bakkeinvasjon mot byen tysdag denne veka. FN meiner talet er lågare, og anslår at rundt 250 000 menneske har flykta.
FN sin generalsekretær fordømmer israelsk angrep
FN sin generalsekretær António Guterres fordømmer drapa på Palestinarar i israelske angrep mot Nasser-sjukehuset i Gaza, melder Reuters. Generalsekretæren uttalar at medisinsk personell og journalistar må kunne utføre si plikt utan risiko for skade, melder Reuters..
Gaza: 8 drepne inkludert to journalistar
8 Palestinarar er drepne i eit i israelsk angrep på Nasser sjukehuset. Det melder fleire medium, mellom anna Al Jazeera, som siterer helsedepartementet i Gaza. Det er fotojournalisten Hossam al-Masry og Al Jazeera-kameramannen Mohammed Salama som skal vere dei drepne journalistane.
Medium: Tal frå Israel viser at 83 prosent av dei drepne i Gaza er sivile
The Guardian har samarbiedd med israelske gravejournalistar i nettavisene +972 og Local Call om å få tilgang til databasen. Ifølge databasen er 8900 soldatar frå Hamas og Islamsk heilag krig drepne i Gaza fram til 19. mai i år.
FN: Minst 1760 menneske er drepne mens de forsøkte å få nødhjelp i Gaza sidan slutten av mai
FNs menneskerettskontor seier fredag at minst 1760 Palestinarar er drepne i matkø i Gaza sidan slutten av mai, melder AFP. Det er ein auke på fleire hundre sidan det siste talet dei publiserte i byrjinga av august. Dei fleste drapa er gjort av det israelske militæret, ifølge ei utsegn frå kontorets avdeling for dei palestinske områda..
AUF: Det som skjer i Gaza kvalifiserer til folkemord
AUF-leiar Gaute Skjervø meiner Noreg må innføre økonomiske sanksjonar og trekke oljefondet heilt ut av Israel på grunn av krigen i Gaza. – Vi meiner dette openbert kvalifiserer til folkemord. Det er ikkje berre viktig å bruke rett ord, men også fordi det pålegg alle statar i verda å forsøke å hindre det som går føre seg i Gaza.
FNs generalsekretær forferda etter angrep mot matkø
FNs generalsekretær António Guterres seier han er forferda over at Palestinarar som prøvde å ta seg fram til eit senter for utdeling av mat i Gaza blei angripne. – Det er uakseptabelt at Palestinarar må risikere livet for å få mat, seier han. Ifølge palestinske helsestyresmakter blei 31 menneske drepne og nesten 200 såra då dei prøvde å ta seg fram til eit senter som delte ut mat sør på Gazastripa søndag morgon.
Gaza: Minst 37 drepne medan dei venta på nødhjelp
Minst 37 Palestinarar vart drepne onsdag medan dei venta på mat ved Zikim-krysset på Gazastripa, ifølgje Shifa-sjukehuset i Gaza by, som tok imot dei omkomne. Dei drepne og såra var del av ei folkemengd som hadde samla seg ved grenseovergangen, som er hovudinngangen for nødhjelp til Nord-Gaza. Det er det israelske militæret (IDF) som kontrollerer overgangen, men dei har førebels har ikkje kommentert hendinga.
FN: 47 Palestinarar skadde då IDF opna eld ved naudhjelpssentral i Gaza
47 Palestinarar er såra etter at det braut ut kaos ved den nye naudhjelpssentralen i Sør-Gaza tysdag, melder FN. Kaoset braut ut då den israelske hæren (IDF) losna det dei omtalte som varselskot, melder AP. Naudhjelpssentralen blir drifta av Gaza Humanitarian Foundation, som blir støtta av Israel og USA.
Israel ber Palestinarar evakuerer deler av Rafah
Det skriv nyheitsbyrået AFP. Det israelske forsvaret (IDF) ber no Palestinarar på Gazastripa om å evakuere sørlege deler av byen Rafah. Førre veke blei våpenkvila broten og Israel starta igjen ein bakkeinvasjon.
Minst 28 Palestinarar drepne i israelske angrep
Minst 28 menneske er drepne i israelske angrep på Gazastripa det siste døgnet, ifølgje AFP som siterer det sivile forsvaret i Gaza. – Fem vart drepne i eit angrep mot ein skulebygning der folk hadde søkt tilflukt, seier talsmann Mahmud Bassal til nyheitsbyrået AFP. Fem andre vart drepne då eit telt for internt fordrivne vart treft i Gaza by.
Minst 19 Palestinarar drepne i natt
Israelske åtak mot Gazastripa drap minst 19 Palestinarar i natt, opplyser sivilforsvaret i området til nyheitsbyrået AFP. Eit ei veke gammalt spedbarn skal vera blant dei drepne. Også fleire av dei andre drepne var barn, ifølgje opplysningane til AFP..
29 drepne i nye israelske angrep på Gaza
Minst 29 menneske er drepne i israelske luftangrep mot Gaza tysdag, ifølgje det lokale sivilforsvaret. Ni av dei blei drepne i eit droneåtak mot ein leir for internt fordrevne nær Khan Yunis. – Eg stod framfor teltet og laga frukost til barna mine – bønner og litt tørt brød.
Minst 25 personar skal vere drepne i Gaza etter israelske angrep
Minst 25 personar er ifølge helsemyndigheitene i Gaza drepne i israelske angrep mot Gaza måndag. Det skjer etter at det israelske militæret (IDF) beordra masseevakueringar. Palestinarar nord i Gaza melder om ei av dei verste nettene på fleire veker av israelske bombeangrep.
FN: Angrep på sivile i matkø er krigsbrotsverk
FNs høgkommisær for menneskerettar, Volker Türk, seier dødelege angrep på sivile rundt senter for utdeling av mat i Gaza, er krigsbrotsverk. – Angrep retta mot sivile er eit alvorleg brot på folkeretten og eit krigsbrotsverk, seier han. Dei siste dagane har det kome fleire meldingar om at det har blitt skote mot Palestinarar nær naudhjelpssenter i Gaza.
Israel bekreftar at soldatar losna skot ved naudhjelpssenter i Gaza
Den israelske hæren bekreftar at soldatane deira skaut mot personar om lag ein halv kilometer frå eit naudhjelpssenter utanfor Rafah sør i Gaza. Ifølge det palestinske helsedepartementet er minst 24 Palestinarar drepne og fleire såra i hendinga. Israel seier soldatane opna eld fordi personar nærma seg soldatane på ein måte som verka trugande på dei.
IDF: Tre israelske soldatar drepne i kamp
Tre israelske soldatar er drepne i kampar i Nord-Gaza, seier Israels forsvar (IDF) tysdag morgon, melder Reuters. Til saman 424 israelske soldatar er drepne i kampar på Gazastripa sidan Israel starta krigen mot Hamas i 2023. Offensiven er eit svar på Hamas angrep på Israel 7, oktober 2023 der 1200 menneske blei drepne og 251 blei tekne til gissel.
Minst 24 drepne i Sør-Gaza, ifølge palestinske helsestyresmakter
Minst 24 menneske er drepne av israelske styrkar mens dei venta på naudhjelp sør i Gaza, ifølge det palestinske helsedepartementet. Hendinga skjedde i det same området der minst 31 menneske blei drepne og 176 såra då israelske soldatar opna eld søndag. Israel nektar for at dei skaut mot sivile.
Palestinarar sette fri frå israelske fengsel
Bussar med Palestinarar som er sette fri frå israelske fengsel, er i ferd med å forlate fengsla, melder AFP. Til saman skal rundt 200 Palestinarar bli sette fri. 70 av desse er ifølge statleg egyptisk TV overlevert til Egypt.
Gazas helsestyresmakter: Minst 130 Palestinarar drepne dei siste 48 timane
Det skriv Reuters. Ifølge helsestyresmaktene på Gazastripa er minst 130 Palestinarar drepne og over 260 skadde etter israelske åtak dei siste to døgna..
Minst 170 Palestinarar er drepne i luftangrep i natt
Minst 170 Palestinarar er drepne i dei israelske luftangrepa i Gaza natt til tysdag. Israel sa at formålet med angrepa var å ta ut «terrormål i Hamas»..
Minst 232 Palestinarar er drepne i luftangrep i natt
Minst 232 Palestinarar er drepne i dei israelske luftangrepa i Gaza natt til tysdag. Israel sa at formålet med angrepa var å ta ut «terrormål i Hamas»..
Nytt israelsk angrep mot sjukehus i Gaza
Ein helsearbeidar er drepen i eit israelsk angrep mot eit feltsjukehus i Gaza. Ni andre er skadde i angrepet, ifølge ein talsmann for sjukehuset, melder nyheitsbyrået AP. Sjukehuset ligg i ei stor teltleir med hundretusenvis av fordrivne Palestinarar.
Macron og Abbas krev snarleg fred i Gaza
Frankrikes president Emmanuel Macron og den palestinske presidenten Mahmoud Abbas snakka saman på telefonen måndag. Dei ber om ein snarleg fred i Gaza, ifølge det palestinske nyheitsbyrået Wafa, melder AFP. Presidentane understreka at det også var viktig å få raskare levering av humanitær hjelp og at fordrivinga av Palestinarar stoppar.
Israel har delt Sør-Gaza i to
Styrkar frå den israelske hæren (IDF) har omringa byen Rafah sør i Gaza, ifølge hæren sjølv. Dei seier dei har tatt kontroll over Morag-korridoren, og med det skilt Rafah frå byen Khan Younis. Dei vil no bygge ein veg langs korridoren, som i praksis gjer at Palestinarar ikkje kan bevege seg mellom dei to områda.
Palestinarar vender tilbake til Gaza
Palestinarar har måndag begynt å vende tilbake til Nord-Gaza, seier ein tenestemann i det Hamas-styrte innanriksdepartementet i Gaza til AFP. Dette er i tråd med våpenkvileavtalen som er gått inn mellom Israel og Hamas. Men i helga blei grensa stengt mellombels fordi Israel meinte Hamas braut våpenkvileavtalen då dei sette fri fire kvinnelege soldatar i staden for sivile, og fordi dei ikkje hadde levert ei liste over gissel som framleis er i live..
Palestinarar får vende tilbake til Nord-Gaza
Palestinarar har måndag begynt å vende tilbake til Nord-Gaza, seier ein tenestemann i det Hamas-styrte innanriksdepartementet i Gaza til AFP. Dette er i tråd med våpenkvileavtalen som er gått inn mellom Israel og Hamas. Men i helga blei opninga utsett fordi Israel meinte Hamas braut våpenkvileavtalen då dei sette fri fire kvinnelege soldatar i staden for sivile, og fordi dei ikkje hadde levert ei liste over gissel som framleis er i live..
Palestinarar forlèt leir i Jenin på Vestbreidda
Palestinarar har begynt å forlate flyktningleiren i Jenin på den okkuperte Vestbreidda etter at Israel torsdag sende ut ein evakueringsordre, melder AFP. – Hundrevis av leirbuarar har begynt å reise frå leiren etter at den israelske hæren ved hjelp av høgtalarar på dronar og køyretøy gav ordrar om å forlate leiren, seier guvernør Kamal Abu al-Rub i Jenin til nyheitsbyrået..
FN: 142.000 menneske drivne på flukt på Gazastripen på éin veke
Ifølge FNs menneskerettskontor (OCHA) har 142.000 Palestinarar blitt fordrivne sidan Israel gjenopptok angrepa på Gaza 18. mars.
FN: 142.000 menneske drivne på flukt på Gazastripen på éi veke
Ifølge FNs menneskerettskontor (OCHA) har 142.000 Palestinarar blitt fordrivne sidan Israel gjenopptok angrepa i Gaza 18. mars.
Minst 20 Palestinarar drepne
Minst 20 Palestinarar blei tysdag drepne i israelske åtak på Gazastripa og på den okkuperte Vestbreidda. Det melder helsestyresmaktene i dei to områda. På Gazastripa blei minst ti drepne i eit åtak mot Deir al-Balah, ifylgje nyheitsbyrået Ritzau.
Kampane held fram på Vestbreidda
Det israelske militæret (IDF) fortsette militæroperasjonen på den okkuperte Vestbreidda for fjerde dag laurdag. Det blir meldt om harde kampar mellom israelske soldatar og væpna Palestinarar i byen Jenin laurdag, og to Palestinarar blei drepne, ifølge Palestinsk Raude halvmåne. I tillegg er fleire Palestinarar pågripne av israelske soldatar i byen, melder det palestinske nyheitsbyrået Wafa.
Palestinakomiteen vil ha sanksjonar mot Israel
I ei pressemelding skriv organisasjonen at Noreg bør følgje andre land som sanksjonerer Israel. – Noreg må fordømme drapa på sivile og følgje opp initiativet frå EU og Irland om sanksjonar, seier Line Khateeb, leiar av Palestinakomiteen i Noreg. EUs utanrikssjef Josep Borrell har fordømt valden mot Palestinarar på den okkuperte Vestbreidda og føreslått sanksjonar mot israelske ministrar som gjer det mogleg for busetjarar å gå til åtak på Palestinarar.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
