Opna

Friday, 18 September, 04:56

Nyheter om Opna

NRK - 08 aug 26 kl. 12:08

E134 Opna att etter bilbrann ved Svandalsflotunnelen

E134 ved Svandalsflotunnelen er Opna att etter at ein personbil vart totalt utbrent. Ingen vart skadde i hendinga. Politiet fekk meldinga klokka 12.

NRK - 13 sep 26 kl. 08:04

No har vallokala i Sverige Opna

Klokka 8 Opna vallokala i Sverige. Dei vert opne fram til klokka 20 sundag kveld. Det er knytt stor spenning til utfallet av valet, som etter dei siste meiningsmålingane ser ut til å verta ein politisk thriller.

NRK - 08 aug 26 kl. 12:08

Bilbrann sperrar E134 ved Svandalsflotunnelen - Opnar snart

Europaveg 134 ved Svandalsflotunnelen vert om kort tid Opna att etter at ein personbil vart totalt utbrent laurdag ettermiddag. Ingen vart skadde i hendinga. Politiet fekk meldinga klokka 12.

NRK - 06 sep 26 kl. 08:49

AfD kan få regjeringsmakt for første gong

Vallokala i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt Opna klokka 8 søndag morgon. Ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) leiar stort på meiningsmålingane, og kan få regjeringsmakt for første gong. På dei siste målingane har dei hatt ei oppslutning på rundt 40 prosent, men dei kan likevel få reint fleirtal i delstatsforsamlinga dersom fleire av småpartia kjem under sperregrensa på 5 prosent.

NRK - 29 aug 26 kl. 16:25

Motorsyklist omkom i ulukke

Politiet stadfestar no at ein motorsyklist omkom i trafikkulukka ved Ulevå Bru på fylkesveg 134 Haukeli. Ulukkesgruppa jobbar framleis på staden. Ifølgje politiet håpar dei å få Opna vegen innan klokka 17..

NRK - 20 jul 26 kl. 10:54

Rykket ut til melding om brann i køyretøy i Gudvangatunnelen

Naudetatane rykket ut til melding om mogleg brann i eit køyretøy i Gudvangatunnelen i Aurland måndag formiddag. Ein person skal ha sett røyk eller flammar ut frå eksosanlegget til ein bil. Den 11.

NRK - 20 jul 26 kl. 10:54

Rykte ut etter melding om brann i køyretøy i Gudvangatunnelen

Naudetatane rykte ut til ei melding om mogleg brann i eit køyretøy i Gudvangatunnelen i Aurland måndag formiddag. Ein person skal ha sett røyk eller flammar frå eksosanlegget på ein bil. Den 11.

NRK - 24 jun 26 kl. 11:05

Flesland vart stengt på grunn av politidrone

Bergen lufthavn Flesland vart i føremiddag stengt ein kort periode for innkommande fly på grunn av ei politidrone. Det stadfestar Avinor overfor NRK. Fly kunne ikkje ta av eller lande i perioden.

NRK - 19 jun 26 kl. 18:21

VG: Politiet har oppretta sak mot lege

Politiet har oppretta straffesak mot ein lege busett i Møre og Romsdal, i samband med Shada-saka. Mistanken gjeld deling av krenkande bilete. Det melder VG.

NRK - 14 jun 26 kl. 10:06

Ein person flogen til Haukeland etter MC-ulykke i Aurland

Luftambulansen blei rekvirert til ei MC-ulykke på E16 ved Flenjatunnelen i Aurland sundag morgon. Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen var stengde frå klokka 10.00 til cirka 11.

NRK - 12 jun 26 kl. 09:37

Kraftig oljefall på Oslo Børs etter Trump-melding

USAs president Donald Trump sa fredag morgon at USA har avslutta krigen med Iran, og at ein avtale kan vere klar over helga. Iran har foreløpig ikkje stadfesta opplysningane. Meldinga førte til eit fall for olje- og energiselskapa då Oslo Børs Opna fredag.

NRK - 05 maj 26 kl. 12:07

Lerstadvegen i Ålesund er open etter ulykke

Fylkesveg 534 Lerstadvegen i Ålesund er nå Opna igjen etter ein alvorleg trafikkulykke natt til tysdag, melder Statens vegvesen. Stenginga skapte kø på omkøyringsvegane. Det har vore snødekte vegar fleire stadar i Møre og Romsdal i dag.

NRK - 05 maj 26 kl. 12:07

Lerstadvegen i Ålesund er open etter dødsulykke

Fylkesveg 534 Lerstadvegen i Ålesund er nå Opna igjen etter ein alvorleg trafikkulykke natt til tysdag, melder Statens vegvesen. Éin person omkom i ein kollisjon mellom ein buss og ein bil. Stenginga skapte kø på omkøyringsvegane.

NRK - 18 apr 26 kl. 16:51

Reuters: Fleire drepne og skadde i skyteepisode i Kyiv

Fleire er døde og skadde etter at ein person har Opna eld i Kyiv, skriv ordførar Vitalij Klitsjko på Telegram. Det skal vere barn blant dei skadde, som er frakta til sjukehus. Politiet jaktar gjerningspersonen i ein supermarknad, skriv han.

NRK - 01 mar 26 kl. 17:03

Tre personar i frontkollisjon i Nordfjord

Tre personar var like før klokka 16 innblanda i ei front-mot-front ulykke på fylkesveg 61 Vanylvsvegen like ved Juvatnet på grensa mellom kommunane Stad og Vanylven. Dei tre vart tilsett av ambulanse på staden og deretter køyrde til legevakt med ukjend skadeomfang. Derimot var det store materielle skader.

NRK - 17 feb 26 kl. 07:26

Flyplassar i Polen Opna igjen

Flyplassane i Rzeszow og Lublin i Polen har Opna igjen etter å ha vore stengde på grunn av militær aktivitet tysdag morgon..

NRK - 22 mar 26 kl. 08:15

Lokalval i Frankrike

Vallokala Opna for andre runde i det franske lokalvalet søndag. Franskmennene skal velje ordførarar i landets største byar, skriv AFP. Venstresida kjempar for å behalde makta i Paris, medan ytre høgre håpar på framgang i forkant av neste års presidentval..

NRK - 13 mar 26 kl. 09:58

Storbritannia vil ikkje løfte sanskjonar på Russland - det gjer USA

Storbritannia seier dei ikkje vil lempe på sanksjonane mot russisk olje, trass i at USA nyleg har gitt eit mellombels unntak, melder BBC. Den amerikanske regjeringa har Opna for at land i 30 dagar kan kjøpe russisk olje som alt er lasta på tankskip til sjøs. Tiltaket skal bidra til å stabilisere oljemarknaden under konflikten med Iran.

NRK - 13 mar 26 kl. 09:58

Storbritannia held på Russland-sanksjonar – USA Opnar for unntak

Storbritannia seier dei ikkje vil lempe på sanksjonane mot russisk olje, melder BBC. – Den britiske regjeringa kjem ikkje til å lempe på sanksjonane mot Russland i det heile, sa landets energiministeren Michael Schanks til mediet. Han åtvara mot konsekvensane av at president Vladimir Putin kan få høve til å investere meir i krigen i Ukraina.

NRK - 12 mar 26 kl. 09:51

Elleve dømt til livstid etter terrorangrep i Russland

Elleve menn er dømt til livsvarig fengsel i Russland for å ha medverka til terrorangrepet mot konserthallen Crocus i 2024, melder nyheitsbyrået AFP. Dei dømde var knytte til dei fire gjerningsmennene bak angrepet, som tok livet av 150 menneske. Væpna menn Opna eld mot publikum i konserthallen og sette fyr på bygningen.

NRK - 12 mar 26 kl. 09:51

15 dømte til livstid etter terrorangrep i Russland

Femten menn er dømde til livsvarig fengsel i Russland etter terrorangrepet mot Crocus-konserthallen i 2024., melder nyheitsbyrået AFP. Fire er gjerningsmenn som blei dømte for sjølve angrepet, som tok livet av 150 menneske.

NRK - 10 mar 26 kl. 14:55

E134 i Fjæra Opnar ikkje før neste veke

E134 ved Fjæra i Etne skulle etter planen Opna igjen onsdag denne veka, men arbeidet er forseinka. Vegen som blei stengd etter eit steinskred 1. mars, Opnar ikkje før i neste veke.

NRK - 06 mar 26 kl. 22:22

Steinras over Saudavegen

Det har gått eit lite steinras over Saudavegen ved Åsneset, melder politiet. Det er på suldalssida av vegen mellom Ropeid og Sauda. Politiet er på staden for å sikra trafikken inntil entreprenør kjem for å fjerna steinane.

NRK - 01 mar 26 kl. 17:08

USA: Minst tre drepne og 14 skadde etter skyting

Minst tre er drepne og 14 skadde etter ei skytehending på ein bar i delstaten Texas, opplyser politiet. Det melder Sky News. Då politiet kom til staden, fann dei ein mann med våpen.

NRK - 26 feb 26 kl. 21:35

Elden: Meiner grunnlaget for siktingane fell bort i saka mot Mona Juul og Terje Rød-Larsen

Siktinga framstår som så generell at den i praksis ikkje let seg imøtegå, seier advokatane Thomas Skjelbred og John Christian Elden i ei pressemelding. Dei representerer Mona Juul som er sikta for grov korrupsjon, og Terje Rød-Larsen som er sikta for medverknad til grov korrupsjon. Siktingane kom etter nye opplysningar frå dei siste offentleggjorde dokumenta frå Jeffrey Epstein-saka.

NRK - 22 feb 26 kl. 20:57

Salmonella på Norsvin i Løten

Det er påvist salmonella på Norsvin sin rånestasjon i Løten. Derfor er heile anlegget nå bandlagt.  Det betyr blant anna stopp i all flyt av dyr inn og ut av anlegget og skjerpa smittevernrutinar.

NRK - 07 jan 26 kl. 13:17

24 000 vil slette studiegjeld

Statens lånekasse har opplevd stor pågang etter at det ved nyttår vart Opna for å få sletta inntil 25 000 kroner av studiegjelda for usentrale kommunar. Til no har 24 000 søkt om å få sletta studiegjeld. Det er nær halvparten av alle som ein reknar med fell under ordninga.

NRK - 05 jan 26 kl. 12:06

Streik ved Louvre-museet

Måndag Opna ikkje det verdskjente Louvre-museet i Paris til vanleg tid. No er delar av museet Opna for gjestar. Årsaka er at dei tilsette streikar, melder NTB.

NRK - 12 feb 26 kl. 15:38

Krev at nullutsleppskrava blir strengt handheva

Verdsarvrådet presiserer i eit brev til Sjøfartsdirektoratet at regelverket for nullutsleppskrava for verdsarvfjordane må bli strengt handheva og etter intensjonane om reine verdsarvfjordar. Frå nyttår gjeld krav om nullutslepp for passasjerskip under 10.000 bruttotonn.

NRK - 04 feb 26 kl. 18:42

Kong Harald svarte ikkje på spørsmål frå pressa

Fleire journalistar hadde møtt opp då kongen onsdag kveld Opna Aktiv mot kreft-senteret ved Radiumhospitalet i Oslo. Kong Harald svarte ikkje på spørsmål frå pressa om kronprinsesse Mette-Marit sin kontakt med Jeffrey Epstein eller rettssaka mot Marius Borg Høiby..

NRK - 02 feb 26 kl. 20:29

Brann i bil stengde E6

Ein eldre bil brann ved Straumfjordeidet i Nordreisa på E6. Vegen var stengt ei stund mandag kveld. Like før 22 er vegen Opna igjen.

NRK - 27 jan 26 kl. 19:58

Israel om ein palestinsk stat: – Det kjem ikkje til å skje

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at det ikkje kjem til å bli oppretta ein palestinsk stat i Gaza, melder nyheitsbyrået AFP. – Eg høyrer at eg skal ha Opna for å opprette ein palestinsk stat i Gaza. Det har ikkje skjedd, og det kjem ikkje til å skje.

NRK - 23 jan 26 kl. 05:42

Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar

Fredag morgon er fleire fjellovergangar mellom aust og vest kolonnekøyrde. Rv. 7 over Hardangervidda er stengt for køyretøy under 7,5 tonn.

NRK - 23 nov 25 kl. 08:39

Sognefjellet har Opna for trafikk att

Fv. 55 Sognefjellet har Opna etter å ha vore stengt i natt og i går grunna uvêr. Det er framleis glatt på vegen og Vegtrafikksentralen ber folk køyre etter forholda..

NRK - 28 dec 25 kl. 15:45

To drepne under demonstrasjon i Syria

Syriske tryggingsstyrkar har drepe to personar i ein demonstrasjon søndag, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) melder AFP. Tryggingsstyrkane forsøkte å løyse opp demonstrasjonen då det blei Opna eld, melder NTB. Syriske myndigheiter har ikkje kommentert hendinga, men hevdar at dei hadde situasjonen under kontroll.

NRK - 11 dec 25 kl. 18:24

Vil ha hjarteinfarkt-behandling i Ålesund

Eit einstemmig fylkesting vedtok å støtte etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus. PCI skal vere den mest effektive behandlinga ved hjarteinfarkt, der den tette blodåra i hjartet blir Opna mekanisk. Metoden skal redusere risiko for død, hjartesvikt og nye infarkt.

NRK - 03 dec 25 kl. 09:08

Israel Opnar grenseovergangen i Rafah

Grenseovergangen mellom Gazastripa og Egypt i Rafah vil bli Opna i løpet av dei neste dagane, slik at folk på Gazastripa kan reisa til Egypt. Det opplyser det israelske militæret. Israel og Egypt er samde om dette, og ein delegasjon frå EU skal overvake grenseopninga, melder nyheitsbyrået Reuters..

NRK - 30 nov 25 kl. 17:36

Fri ferdsel over Hardangervidda

Like over klokka 17 Opna riksveg 7 over Hardangervidda for fri ferdsel i begge retningar. Eit trafikkuhell med fleire involverte bilar stengde fjellovergangen i dryge tre timar sundag ettermiddag..

NRK - 14 okt 25 kl. 12:30

Raudekrossen og FN krev opning av alle Gaza-overgangar

Raudekrossen og FN krev at alle grenseovergangar til Gaza blir Opna for å få inn naudhjelp, melder Reuters. – Det humanitære samfunnet, inkludert ICRC, har dei siste timane kravd at alle innfartsvegar blir Opna, på grunn av dei enorme behova, seier FN sin humanitære talsperson Jens Laerke..

NRK - 05 nov 25 kl. 11:47

Hastemøte i Belgia etter droneobservasjonar

Statsministeren i Belgia Bart De Wever har kalla inn regjeringa si tryggleiksråd til eit hastemøte torsdag, skriv NTB. Det har vore droneobservasjonar ved fleire lufthamner i Belgia natt til onsdag. Myndigheitene stengde heile luftrommet som følgje av dette.

NRK - 05 nov 25 kl. 08:07

Lufthamna i Brussel gjenOpna

Brussel lufthamn Opna att onsdag morgon etter å ha vore mellombels stengd tysdag kveld på grunn av droneobservasjonar, melder Reuters. Det er framleis uregelmessig trafikk med nokre forseinka eller kansellerte fly på grunn av hendinga tysdag, ifølge nettsida til lufthamna..

NRK - 24 okt 25 kl. 17:02

Forsvunne Picasso-måleri er funne

Oljemåleriet «Stilleben med gitar» av Pablo Picasso har kome til rette igjen i Spania, melder The Guardian. Biletet blei meldt sakna i førre veke etter at det blei frakta frå Madrid til ei utstilling i Granada. Etter ei veke med etterforsking, har biletet kome til rette igjen.

NRK - 22 okt 25 kl. 09:02

Louvre-museet i Paris Opnar igjen etter tjuveri

Louvre-museet i Paris gjenOpnar etter at det søndag skjedde eit tjuveri i museet, melder Reuters. Fire maskerte personar braut seg inn kort tid etter at museet Opna søndagsmorgon. Åtte historiske smykke blei stole..

NRK - 22 okt 25 kl. 07:08

Vilnius Opna etter smuglarballongar

Litauen har gjenOpna flytrafikken ved Vilnius lufthamn onsdag morgon, melder Reuters. Det etter at lufthamna måtte stenge tysdag på grunn av smuglarballongar frå Belarus..

NRK - 19 okt 25 kl. 11:10

Louvre-museet stengt etter tjuveri

Frankrikes kulturminister Rachida Dati melder sundag om eit tjuveri ved Louvre-museet i Paris. Det verdskjende museet held stengt resten av dagen av «eksepsjonelle årsaker», ifølge AFP. – Eit tjuveri fann stad i morgontimane då museet Opna, skreiv Dati på X.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com