Nyheitsbyrå

Mandag, 14 Juni, 17:46

Nyheter om Nyheitsbyrå

Sortering: Relevans | Senaste
NRK - 21 april 21 kl. 11:49

Nyheitsbyrå: Inter er også ute

Det italienske Nyheitsbyrået ANSA melder at Inter også skal vere på veg ut av superligaen. – Superligaprosjektet er no ikkje lenger interessant for Inter, siterer ANSA ei sentral kjelde i klubben..

NRK - 27 mai 21 kl. 10:13

Malis president sett fri

Malis mellombelse president Bah N’Daw og statsminister Moctar Ouane er sette fri, seier ein talsperson for militæret til AFP. Dei blei avsett og tekne til fange for tre dagar sidan i det som kan vere landets andre kupp på ni månader. Familiane stadfestar overfor Nyheitsbyrået at dei to er sette fri..

NRK - 26 mai 21 kl. 09:12

To tigrar skotne i Kina

To tigrar i Kina som drap ein dyrepassar, er skotne og drepne, melder det statlege Nyheitsbyrået Xinhua. Tigrane høyrde heime i eit sirkus som hadde leig dei ut til ein turisattraksjon i byen Nanyang. Lokalbefolkninga blei evakuerte medan styresmaktene leita etter tigrane.

NRK - 25 mai 21 kl. 13:08

Fjerna det kviterussiske flagget

Arrangørane av ishockey-VM i Latvia fjerna måndag det kviterussiske flagget i Riga. Det skal ifølgje Nyheitsbyrået TT ha vorte erstatta med flagget til opposisjonen i landet. Årsaka er at eit Ryanair-fly nyleg vart tvinga til å lande i Minsk.

NRK - 23 mai 21 kl. 14:34

Aktivist arrestert i Kviterussland

Den kviterussiske journalisten og aktivisten Roman Protasevich blei søndag arrestert på flyplassen i Minsk. Protasevich bur i eksil, og var på veg til Litauen då flyet hans måtte naudlande i Kviterussland. – Flyet blei sjekka, ingen bombe blei funnen og alle passasjerane blei sendt vidare til ein ny sikkerheitssjekk, melder Nyheitsbyrået Nexta, ifølge AFP.

NRK - 23 mai 21 kl. 14:17

Fleire døde etter ulukke i Italia

Åtte personar er døde etter ei taubanevogn har falt ned på bakken nord i Piemonte i Italia, melder fleire Nyheitsbyrå. To barn er frakta til sjukehus med helikopter etter ulukka. Den alpine redningsgruppa og andre redningsetatar er på staden..

NRK - 23 mai 21 kl. 07:33

Avtale mellom Iran og FN går ut

Den mellombelse avtalen Det internasjonale atomenergibyrået, IAEA, hadde om å inspisere iranske atomanlegg, gjekk ut laurdag. Det seier leiaren for det iranske parlamentet, Mohammad Baqer Qalibaf til det iranske Nyheitsbyrået Fars. – Frå 22.

NRK - 21 mai 21 kl. 17:16

Fleire skadde i Jerusalem

Israelske tryggingsstyrkar har brukt gummikuler og tåregass mot palestinske demonstrantar ved al-Aqsa-moskeen i Jerusalem fredag. Palestinsk helsepersonell seier at 15 menneske er behandla for skadar, ifølge Nyheitsbyrået DPA. Det har vore demonstrasjonar også i Betlehem, Hebron og Nablus.

NRK - 21 mai 21 kl. 15:06

Ti døde i arbeidsulukke i Russland

Det russiske Nyheitsbyrået TASS melder at ti personar er døde i ei arbeidsulukke på eit reinseanlegg i Rostov fylke i Russland. Fem personar er sende til intensivavdelinga. Den foreløpige årsaka er utslepp av metan..

NRK - 21 mai 21 kl. 13:32

Nye samanstøyt i Jerusalem

Det har brote ut nye samanstøyt mellom palestinske demonstrantar og israelsk politi i Jerusalem etter våpenkvila mellom Israel og Hamas. Samanstøytane skal ha skjedd ved al-Aqsa-moskeen i gamlebyen, ifølge Nyheitsbyrået AFP. Våpenkvila starta natt til fredag..

NRK - 21 mai 21 kl. 12:29

Seks drepne av bombe i Pakistan

Seks menneske er drepne av ei bombe i Pakistan nær grensa til Afghanistan, melder lokalt politi til fleire Nyheitsbyrå. Bomba skal ha gått av under ein demonstrasjon til støtte for palestinarane..

NRK - 20 mai 21 kl. 18:55

Mogleg avtale om vaksinepass i EU

Europaparlamentet og medlemslanda skal ha blitt einige om ein avtale om vaksinepass, som kan opne opp for reising i EU i sommar. Det seier EU-kjelder til Nyheitsbyrået AFP. Avtalen gjer at alle som bor i eit EU-land kan få eit digitalt helsepass som viser vaksinasjonsstatus, testresultat eller om dei er friske etter koronasjukdom..

NRK - 19 mai 21 kl. 16:34

15 drepne i Burkina Faso

Nyheitsbyrået AFP melder at minst 15 er drepne i Burkina Faso i angrep..

NRK - 19 mai 21 kl. 11:34

EU opnar grensene for vaksinerte

Nyheitsbyrået AFP erfarer at EU vil opna grensene for fullvaksinerte..

NRK - 17 mai 21 kl. 19:54

Biden skal snakka med Netanyahu

USA sin president Joe Biden sa at han måndag skal snakka med Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu om konflikten i Midtausten. Det skriv Nyheitsbyrået AFP..

NRK - 17 mai 21 kl. 18:22

Pfizer overlever i kjøl i ein månad

EMA godkjente måndag at Pfizer-vaksinen kan liggja i kjøleskap i ein månad. Tidlegare var det sagt at koronavaksinen berre kunne lagrast i kjøl i fem dagar. Det skriv Nyheitsbyrået AFP..

NRK - 17 mai 21 kl. 16:40

Ny lov for dødsdømde i USA

Guvernøren i South Carolina, Henry McMaster har signert eit nytt lovforslag som tvingar dødsdømde til å velja mellom elektrisk stol, eller å bli skotne, i håp om at staten kan starta avrettingar igjen etter ein ufrivillig pause på ti år. Det melder Nyheitsbyrået AP..

NRK - 17 mai 21 kl. 15:49

Høgsterett i USA vil høyra abortsak

Høgsterett i USA vil vurdera Mississippi si abortlov. Det kan føra til ein kraftig innskrenking av abortrettane i USA, skriv Nyheitsbyrået AP..

NRK - 17 mai 21 kl. 14:50

Blinken: Har ikkje sett bevis

USA sin utanriksminister Antony Blinken sa måndag at han ikkje har fått bevis frå Israel om at Hamas heldt til i mediebygningen som blei jamna med jorda etter eit luftangrep i helga. Det melder Nyheitsbyrået AP..

NRK - 16 mai 21 kl. 18:45

Synagoge kollapsa på Vestbredden

Israelske medisinarar seier at over 12 personar har blitt skadde i ein tribunekollaps i ein synagoge på Vestbredden. Det melder Nyheitsbyrået AP. Ein film viser at det skjedde søndag kveld i Givat Zeec, like utanfor Jerusalem..

NRK - 16 mai 21 kl. 18:45

60 skadde i synagoge

Fleire personar er skadde i ein tribunekollaps i ein synagoge på Vestbredden. Det melder Nyheitsbyrået AP. Ein film viser at det skjedde søndag kveld i Givat Zeec, like utanfor Jerusalem.

NRK - 15 mai 21 kl. 18:42

Netanyahu i samtale med Biden

Netanyahu, statsminister i Israel, har snakka med Biden, statsminister i USA. Netanyahu skal ha fortalt at Israel gjer alt dei kan for å ikkje skada sivile. Det melder Nyheitsbyrået Reuters..

NRK - 14 mai 21 kl. 14:11

Lufthansa flyr ikkje til Tel Aviv

Lufthansa har innstilt flygingar til Tel Aviv inntil 17. mai, melder Nyheitsbyrået Reuters..

NRK - 11 mai 21 kl. 11:07

Putin varslar våpenkontroll

Putin varslar våpenkontroll etter skuleskytinga i den russiske byen Kazan. Det melder Nyheitsbyrået AFP..

NRK - 10 mai 21 kl. 05:40

Valdelege protestar i Irak

Etter drapet på ein regjeringskritisk aktivist var det sundag valdelege protestar ved Irans konsulat i den irakiske byen Karbala. Demonstrantane storma området rundt konsulatet og sette fyr på bildekk og deler av bygninga, skriv Nyheitsbyrået DPA. Opptøyane kom dagen etter at den irakiske aktivisten Ihab Jawad vart skoten og drepen av ukjende gjerningsmenn utanfor heimen sin i byen, ifølgje politiet.

NRK - 03 mai 21 kl. 20:48

Fleire drepne i Burkina Faso

Minst 20 personar skal vere drepne i eit angrep aust i Burkina Faso. Det fortel tryggingskjelder i landet til Nyheitsbyrået AFP. Dei meiner jihadistar kan stå bak angrepet..

NRK - 03 mai 21 kl. 16:30

21 skadde i Afghanistan

21 personar er skadde etter at ei bombe gjekk av nær ein skule i Farah-provinsen vest i Afghanistan. Fleire av dei skadde skal vere elevar, melder Nyheitsbyrået AP. Ingen har så langt teke på seg ansvaret for angrepet..

NRK - 03 mai 21 kl. 15:28

Novavax kjem mot slutten av 2021

Novavax er klare til å skrive under kontrakt med EU, og kan begynne leveransar av vaksine mot slutten av 2021, seier ei EU-kjelde til Reuters. Ein avtale kan bety at Novavax kan levere opp mot 200 millionar dosar til EU i 2022. Selskapet kom fram til ein mellombels avtale med EU i desember, men den endelege avtalen har latt vente på seg fordi dei har hatt problem med å skaffe seg råmateriale, melder Nyheitsbyrået..

NRK - 24 april 21 kl. 20:09

1 milliard vaksinar sett

På verdsbasis er det så langt sett ein milliard dosar med koronavaksine, ifølgje Nyheitsbyrået AFP si kartlegging. Dosane har blitt sett i 207 land og territorium, ifølgje AFP. Over halvparten av dosane har blitt sette i tre land: USA, Kina og India..

NRK - 24 april 21 kl. 17:54

Iransk tankskip angripe

Eit iransk tankskip blei angripe utanfor kysten for Syria, ifølgje eksilgruppa SOHR. Takskipet skal ha tatt fyr. Det er ikkje kjend kva skadeomfanget er.

NRK - 24 april 21 kl. 17:17

Ber Tyskland ta imot pasientar

Belgia har bede Tyskland om å ta imot koronapasientar for å hjelpa landet sitt hardt pressa helsevesen, ifølgje Nyheitsbyrået Belga. Fleire sjukehus i Belgia har ikkje fleire sengeplassar. seier Marcel van der Auwera, sjef for medisinsk naudhjelp..

NRK - 23 april 21 kl. 20:20

USA og Tyrkia skal møtast

President i USA Joe Biden snakka i dag med presidenten i Tyrkia Tayyip Erdogan. Det kvite hus fortel at dei to har blitt einige om å møtast under NATO-toppmøte i juni. Det skriv Nyheitsbyrået Reuters..

NRK - 22 april 21 kl. 17:34

Utviser slovakiske diplomatar

Russland utviser tre slovakiske diplomatar som svar på at Slovakia tidlegare torsdag meldte at dei utviser tre russiske diplomatar. Det melder Nyheitsbyrået Interfax, ifylgje Reuters. Også Tsjekkia har torsdag utvist russiske diplomatar..

NRK - 22 april 21 kl. 15:58

Kastar ut russiske diplomatar

Tsjekkia har gitt ordre til fleire russiske diplomatar om å forlate landet, melder Nyheitsbyrået AP. Det skjer etter at Tsjekkia onsdag gav Russland eit ultimatum om å la 20 tsjekkiske diplomatar få kome tilbake til jobb, noko som ikkje vart følgt opp av Russland..

NRK - 21 april 21 kl. 15:17

Oljesøl funne

Det har vorte funne oljesøl der den sakna ubåten mista kontakten med forsvaret i Indonesia, melder fleire Nyheitsbyrå. To militærfartøy har vorte sendt av garde for å hjelpe til med søket etter ubåten, som har 53 personar om bord..

NRK - 21 april 21 kl. 11:59

Fleire klubbar ute av superligaen

Den spanske klubben Atletico Madrid har trekt seg frå superligaen. Det melder Nyheitsbyrået AFP. Også den italienske klubben Inter er ute, ifølgje italienske medium.

NRK - 16 april 21 kl. 09:10

Åtte drepne i USA

Åtte personar er drepne i skytinga i Indianapolis i USA, det melder Nyheitsbyrået AP. Skytinga skjedde utanfor ei FedEx-avdeling. Fleire skal vere skadde..

NRK - 16 april 21 kl. 07:31

Gjerningsperson er død

Gjerningspersonen som skal ha skote fleire personar i Indianapolis i USA, skal vere død. Det skriv Nyheitsbyrået AP. Fleire er skotne i hendinga, men det er uvisst kva tilstanden til desse er.

NRK - 15 april 21 kl. 11:00

Ikkje utelukka å avlyse OL

Det er framleis ikkje utelukka å avlysa OL i Tokyo til sommaren heilt. Det seier generalsekretæren i regjeringspartiet til kanalen TBS. – Japan må gje opp arrangementet, dersom smittetala held fram med å auka, sa generalsekretæren.

NRK - 09 april 21 kl. 16:14

Vukanutbrot på St. Vincent

På den karibiske øya St. Vincent har ein vulkan no utbrot, for første gong på 40 år. Ifølgje Nyheitsbyrået AFP er det ei oskesky 6000 meter høg.

NRK - 06 april 21 kl. 11:35

EMA: Samanheng med blodpropp

Det er ein samanheng mellom vaksinen frå AstraZeneca og sjeldan blodpropp, det melder det europeiske legemiddelverket EMA, ifølgje Nyheitsbyrået AFP..

NRK - 04 april 21 kl. 21:05

Avviser åtak på sivile

Den ukrainske hæren avviser skuldingar frå prorussiske separatistar aust i landet om å stå bak eit åtak som tok livet av ein femåring. – Dei væpna styrkane rettar aldri våpen mot sivile, seier ein talsperson for hæren til Nyheitsbyrået DPA..

NRK - 03 april 21 kl. 20:57

Tidlegare hofftilsette arresterte

To tidlegare tilsette ved hoffet i Jordan er arresterte av tryggingsårsakar, melder det statlege Nyheitsbyrået i landet. Fleire andre er også arresterte i saka, utan at det er kjend kva det dreier seg om..

NRK - 02 april 21 kl. 20:26

AFP og AP: Den mistenkte er død

Den mistenkte sjåføren av bilen som trefte to politifolk i Washington D.C. i USA, er død.

NRK - 02 april 21 kl. 15:38

USA skal delta på møte

USA bekreftar at dei kjem til å delta på møta i Wien neste veke, om atomavtalen med Iran. Det melder Nyheitsbyrået AFP. Samstundes melder dei at USA er «opne» for å snakke direkte med Iran om avtalen..

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt