Noregs Bank
Nyheter om Noregs Bank
SSB tvilar på nye rentekutt i år
Krigen i Midtausten fører til auka kostnadar og høgare importprisar, skriv Statistisk sentralbyrå. Dette gjer at det vil ta tid før prisveksten kjem ned mot inflasjonsmålet på 2 prosent. SSB trur difor at Noregs Bank kjem til å halde styringsrenta i ro på 4 prosent, og at det ikkje kjem rentekutt i 2026.
Noregs sentralbanksjef støttar Powell
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache i Noregs Bank støttar USA sin sentralbanksjef Jerome Powell, skriv Dagens Næringsliv. Sentralbanksjefar over heile verda stiller seg bak Powell, etter at det blei kjent at han er under etterforsking i USA. Det kvite hus har kritisere sentralbanken si renovering av to bygningar i Washington.
Økonom: 50/50-sjanse for rentekutt etter Noregs Bank-rapport
Bedriftene ventar at produksjonsveksten vil halde seg oppe gjennom andre halvår, ifølgje Noregs Bank regionale nettverk. Det er ein viktig rapport, kor sentralbanken har intervjua over 400 bedrifter og organisasjonar om korleis det står til i økonomien. Fleire av bedriftene trur at folk si auka kjøpekraft vil forsterke etterspurnaden etter både varer og tenester.
Noregs Bank held renta uendra
Noregs Bank har valt å halde styringsrenta uendra på 4 prosent etter rentemøtet torsdag. Då renta blei kutta med 0,25 prosentpoeng i september, varsla banken at det truleg ikkje kjem fleire kutt i år. Prognosen viser at neste rentekutt først er venta ein gong i 2026.
Prisveksten var litt høgare i desember
Prisane steig med 3,2 prosent i desember, samanlikna med desember i forfjor. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein betydeleg prisvekst på mat som er den store drivaren.
Nordmenns gjeld aukar
Tolvmånadersveksten i gjelda til befolkninga auka i november til 4,5 prosent, opp frå 4,4 prosent månaden før. Auken skjer etter eit par månader med stabilt nivå, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB). Gjeldsveksten har sidan januar auka med 0,6 prosentpoeng og er på sitt høgaste nivå.
Leiaren av oljefondets etikkråd held fram i jobben
Svein Richard Brandtzæg, leiar av etikkrådet i oljefondet bekreftar til NRK at han held fram i jobben med ny mandat. – Eg held fram som leiar, seier Brandtzæg til VG. Førre veke bestemte regjeringa at etikkrådet ikkje lenger får foreslå å utelukke selskap overfor Noregs Bank..
Etikkrådet: Leiaren held fram i jobben
Svein Richard Brandtzæg, leiar av etikkrådet i oljefondet bekreftar til NRK at han held fram i jobben med ny mandat. Det gjer han etter møte med Finansdepartementet om avklaring av si nye rolle. Førre veke fekk regjeringa fleirtal for at etikkrådet ikkje lenger får foreslå å utelukke selskap overfor Noregs Bank..
Oljefondet har seld seg ut av 44 selskap dei siste to åra
Over to år har oljefondet seld seg ut av 44 selskap på grunn av klimarisiko, melder NTB. I fondet sin nye klimaplan blir kriteria skjerpa. No er også naturtap inkludert.
Prisvekst på 3,6 prosent i september
Prisane på varer og tenester til hushaldningane 3,6 prosent høgare i september enn i september i fjor, viser tal frå Statisisk sentralbyrå. Det er litt høgare prisvekst enn i august, då talet var 3,5 prosent. Samstundes falt matprisane med 1,2 prosent frå august til september.
Stoltenberg svarte kontrollkomiteen for tredje gong
For tredje gong har finansminister Jens Stoltenberg (Ap) svart på spørsmål frå Stortingets kontrollkomité om oljefondets investeringar i Israel. I brevet gjer Stoltenberg greie for departementets kontakt med Noregs Bank og Etikkrådet. Han svarar også på spørsmål om informasjon han tidlegare har gitt til Stortinget og kontrollkomiteen, og om FN-rapportar han har mottatt.
Prishopp i mai
Prisveksten i Noreg var på 3 prosent i mai, samanlikna med mai i fjor. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dermed klatrar prisane litt i mai, etter å ha vore nede på 2,5 prosent i april.
Handelsbanken trur Noregs Bank droppar rentekutt
Handelsbaken endrar sin prognose og trur no at Noregs Bank kjem til å halde renta uendra neste torsdag. Det gjer dei på grunn av resultata i undersøkinga Regionalt nettverk. Sjeføkonom Marius Gonsholt Hov meiner Noregs Bank framleis har eit inflasjonsproblem.
Nordea trur ikkje på rentekutt i år
Storbanken Nordea trur ikkje Noregs Bank vil setja ned styringsrenta korkje i år eller neste år. I ein ny rapport trur Nordea på ein rask økonomisk vekst i Noreg, hovudsakeleg grunna auka forbruk. Banken peiker på at lønsoppgjeret vil gjera at inflasjonen framleis vil halde seg godt over Noregs Bank sitt mål om ein inflasjon på kring 2 prosent.
Noregs Bank held renta uendra på 4,5 prosent
Dette er i tråd med det fleire økonomar hadde venta på førehand. Trass i at rentekuttet uteblir denne gongen, ser Norges Bank likevel føre seg to rentekutt i år. I sine prognoser vil styringsrenta ligge på 4 prosent før året er omme.
Stoltenberg: Tar for gitt at bankene kutter utlånsrenten
Finansminister Jens Stoltenberg er positiv til rentekuttet. – I dag er en god dag for alle med boliggjeld, sier finansministeren til NRK. Noregs Bank kuttet styringsrenten med 0,25 prosentpoeng til 4,25 prosent.
Bedriftene ventar auka eksport, trass tollruo
Norske bedrifter ventar at eksporten og veksten vil halde seg oppe fram mot hausten, trass tolluro og usikkerheit i internasjonal handel. Det svarer bedriftene i Noregs Bank sitt regionale nettverk. Rapporten viser blant anna at auka investeringar i forsvar og høgare produksjon i oppdrettsnæringa bidreg til sterkare vekst.
Rapport: Gode tider for næringslivet
Rapporten Regionalt nettverk viser at det er gode tider i næringslivet. Der svarar leiarar i norske bedrifter at dei ventar økonomisk vekst og god lønnsauke for folk i år. Dette kan bety at Noregs Bank droppar å kutte renta.
Noregs Bank: Høgare vekst, men også auka usikkerheit i norsk næringsliv
Bedriftene ser føre seg stabil vekst i fyrste halvår av 2025. Det viser undersøkinga Regionalt nettverk frå Noregs Bank. Ein del bedrifter peikar på at internasjonale handelskonfliktar fører til auka usikkerheit, men få bedrifter trur det vil føre til lågare aktivitet i fyrste halvår.
Den europeiske sentralbanken kuttar renta igjen
Den europeiske sentralbanken (ESB) set ned renta med 0,25 prosentpoeng, til 2,25 prosent. Til samanlikning er styringsrenta i Noreg på 4,5 prosent. Eit fleirtal av økonomane hadde venta rentekutt frå ESB i dag.
E24: Handelsbanken set opp renta etter kutt
Handelsbanken sette ned bustadrenta med 0,25 prosentpoeng frå 1, april fordi dei trudde Noregs Bank ville kutte renta i mars. Men fredag varslar banken at dei set opp igjen renta med inntil 0,2 prosentpoeng, skriv E24. Sentralbanken varsla i januar at styringsrenta truleg ville bli kutta i mars, men på grunn av aukande prisvekst, blei rentekuttet avblåst..
Tangen held fram som oljefondsjef
Nicolai Tangen er tilsett i stilliga som sjef for oljefondet i eit nytt åremål på fem år. Det skriv Noregs Bank på sine nettsider. Tangen har vore oljefondsjef sidan september 2020.
Stoltenberg vil sjå på Noregs Bank-mandat
«No som inflasjonen kjem ned og nærare målet, vil det vere hensiktsmessig å etter kvart fastsette eit tidspunkt for ein gjennomgang av mandatet for pengepolitikken». Det skriv finansminister Jens Stoltenberg (Ap) i eit skriftleg svar til Rødt-leiar Marie Sneve Martinussen. Også sentralbanksjef Ida Wolden Bache sa i sin årstale førre veke at det kan vere fornuftig med meir regelmessige gjennomgangar av sentralbanken sitt mandat.
Bedriftene trur på auka aktivitet i andre halvår
Men det er store skilnader mellom dei ulike næringane, går det fram av ein fersk rapport frå Noregs Bank sitt regionale nettverk. Bygg- og anlegg, som har slitt lenge som følgje av dei høge rentene, melder om svakare utsikter. Det gjer også varehandelen, som har slitt mykje med at det har blitt dyrt å importere varer som følgje av den svake norske krona.
Krona svekker seg betydeleg
Krona svekka seg i ettermiddag markant mot dollaren, etter at det kom uventa sterke jobbtal frå USA. Dollaren var heilt oppe i 11,50 kroner kort tid etter tala vart publiserte 14.30 norsk tid.
Ber oljefondet få selje unna russiske aksjar
Noregs Bank har bede regjeringa om lov til å la oljefondet få selje unna delar av den russiske porteføljen når det er mogeleg, melder Reuters. Dei russiske investeringane har vore frosne sidan den russiske invasjonen i Ukraina i 2022..
Økonomiekspertar: Neste års statsbudsjett kunne vore strammare
Forslaget til neste års statsbudsjett kan forsinke rentekutt, ifølgje fleire økonomar. Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie på Noregs handelshøgskole, meiner regjeringa burde vore meir moderat, og at omfordelinga i budsjettet er marginal. Han påpeikar at det er ei viss omfordeling i budsjettet, men at det er marginalt.
Små utslag i kronekursen
Renteavgjerda gir ikkje dei store utslaga i kronekursen torsdag. Allereie frå midnatt har krona styrka seg mot dollar og euro, og denne utviklinga held fram etter at Norges Bank no held renta uendra på 4,5 prosent. Like før avgjerda kosta ein dollar 10,97 kroner, medan ein euro kosta 11,8 kroner.
Noregs Bank held styringsrenta uendra
Noregs Bank held styringsrenta i ro på 4,5 prosent, der ho har lege sidan desember i fjor. – Slik komiteen no vurderer utsiktene og risikobilete, vil styringsrenta truleg haldast på dagens nivå ei god stund framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache..
Den europeiske sentralbanken kuttar renta igjen
Den europeiske sentralbanken (ESB) set ned renta med 0,25 prosentpoeng, til 3,5 prosent. Det hadde eit fleirtal av økonomane venta på førehand. Årsaka er at prisveksten i eurosonen, landa som har euro som valuta, har gått ned jamnt og trutt den siste tida.
NHO trur Noregs Bank vil kutte renta
NHO trur at Noregs Bank vil kutte renta éin gong, mot slutten av året. Den svake kronekursen og skilnad i renta til andre land peiker mot at sentralbanken vil vere varsomme med rentekutt.Samstundes trekk ein svak vekst i økonomien, og bedrifter som har vore ganske negative om framtida, i retning av at renta kan setjast ned, ifølgje NHO.
Amerikanske jobbtal knuser forventningane
Det vart skapt 272.000 nye jobbar utanfor landbruket i USA i mai, viser ferske tal. Det er eit mykje høgare tal enn det eit fleirtal av analytikarane hadde venta på førehand, som låg på 180.
Noregs Bank: Renta held seg uendra
Torsdag kom Noregs Bank med ei ny renteavgjerd. Styringsrenta held seg uendra på 4,5 prosent..
Prisane har stige med 4,8 prosent det siste året
Prisane har auka med 4,8 prosent det siste året. Det syner nye tal frå SSB sin konsumprisindeks. Dette er det siste sleppet av inflasjonstal før Noregs Bank skal setja styringsrenta igjen, seinare denne veka.
3,6 prosent høgare prisar enn for eitt år sidan
3,6 prosent høgare prisar enn for eitt år sidan. Det viser konsumprisindeksen for april fra Statistisk sentralbyrå. Prisveksten er dermed framleis sterk i Noreg.
Noregs Bank leiar søksmål mot Silicon Valley Bank
Norges Bank og det svenske pensjonsfondet Sjunde Ap-fonden er utnemnde av ein amerikansk domstol til å vera hovudsaksøkar (Lead Plaintiff) i det pågåande gruppesøksmålet mot Silicon Valley Bank (SVB). Det skriv Noregs Bank i ei pressemelding Oljefondet og andre investorar leid store tap på sine investeringar i SVB på grunn av feilaktig informasjon og rapportering av finansielle forhold og risikostyring frå den amerikanske banken..
Sterke jobbtal frå USA
Det vart skapt 303 000 nye jobbar i USA i mars, om ein ikkje reknar med jobbar i landbruket. Det viser ferske tal frå amerikanske styresmakter. Nok ein gong blir det skapt lkangt fleire jobbar enn venta.
Prisveksten i USA dempar seg
Prisveksten i USA var på 2,4 prosent i januar, målt mot same månad i fjor, viser ferske tal frå USAs byrå for økonomisk analyse. Denne målinga, den såkalla PCE-inflasjonen, ser den amerikanske sentralbanken spesielt nøye på når dei skal sette renta. Som i Noreg, har også den amerikanske sentralbanken eit mål om å halde prisveksten i USA på kring 2 prosent.
Prisane steig med 4,8 prosent i november
Prisane har auka med 4,8 prosent det siste året. Det syner nye tal frå SSB sin konsumprisindeks. Dette er det siste sleppet av inflasjonstal før Noregs Bank skal setja styringsrenta igjen, seinare denne veka.
Demonstrantar blokkerer inngangen til Noregs Bank
Ei gruppe Palestina-demonstrantar blokkerer inngangen til Noregs Bank torsdag morgon. Dei meiner Oljefondets investeringar i våpenindustri gjer at Noreg tener pengar på krigsbrotsverk i Gaza..
Falske pengar var ekte
Politiet i Møre og Romsdal opplyser i ei pressemelding at pengane dei beslagla i slutten av november, viser seg å ikkje vere falske likevel. – Vidare etterforsking har no vist at setlane er ekte, skriv dei. På bakgrunn av dette er straffesaka mot kvinna som prøvde å nytte setlane lagt bort.
Sentralbanksjefen deltek på LOs kartellkonferanse
LO-toppane har fleire gongar kritisert Noregs Bank for å sette opp rentene for å kjøle ned økonomien. Torsdag deltek sentralbanksjef Ida Wolden Bache på LOs kartellkonferanse på Gol, der ho skal halde tale og svare på kritikken..
Noregs Bank uroa for cyberangrep
Noregs Bank meiner betalingssystema må bli betre rusta mot cyberangrep, skriv dei i ein ny rapport. Dei skriv at risikoen for slike angrep har auka. – Cyberhendingar kan smitte raskt mellom ulike sektorar og har potensial til å truge finansiell stabilitet, skriv dei.
LO-sjefen hardt ut mot dobbel renteheving: – Ubegripeleg
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik reagerer på den doble rentehevinga som kom frå sentralbanken i dag. – Det er ubegripeleg at sentralbanksjefen fortsett sitt aggressive rentekappløp, seier Følsvik. Ho meiner at LO ikkje kan ta ansvar for ei fornuftig lønnsdanning i Noreg viss sentralbanksjefen skal halda fram med det ho omtaler som «aggressive» rentehevingar.
Noregs Bank sett opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng
Noregs Bank hevar styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til totalt 2,5 prosent. Styringsrenta er Noregs Bank sitt viktigste verkemiddel for å stabilisera prisveksten og utviklinga i norsk økonomi. Styringsrenta er renta som bankane får på sine innskot i Noregs Bank opp til eit fastsett beløp, ei kvote..
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
