Manglar
Nyheter om Manglar
Noreg Manglar ein digital forsvarssjef – det kan bli dyrt
Alle har ein bit av ansvaret. Ingen har heilskapen, og ingen har plikt til å prioritere..
Google auka klimagassutslepp med 18 prosent på eitt år
Klimagassutsleppa til Google auka med 18 prosent på eitt år, viser ein rapport frå selskapet sjølv. Utsleppa gjekk opp frå 14,3 millioner tonn CO₂ til 14,5 millionar tonn frå 2024 til 2025. Samanliknar ein med 2019, som Google sjølv brukar som referanseår, har utsleppa auka med 81 prosent.
Google har auka klimagassutsleppa med 81 prosent sidan 2019
Klimagassutsleppa til Google auka med 18 prosent på eitt år, viser ein rapport frå selskapet sjølv. Utsleppa gjekk opp frå 14,3 millioner tonn CO₂ til 14,5 millionar tonn frå 2024 til 2025. Samanliknar ein derimot med 2019, som Google sjølv brukar som referanseår, har utsleppa auka med 81 prosent.
Fann Manglar på 15 av 20 turistbussar på Trollstigen
15 av 20 turistbussar som blei kontrollerte på Trollstigen mandag hadde Manglar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. På fem av bussane var manglane så alvorleg at dei fekk bruksforbod. I pressemeldinga kjem det fram at fleire av bussane mangla brannsløkkingsapparat og førstehjelpsskrin og at ein av bussane hadde defekt naudutgang bak..
Kongehusekspert: Prins Sverre Magnus bør få ei offisiell rolle
Historikar og ekspert på det norske monarkiet Trond Norén Isaksen meiner at kongehuset må styrke seg i den vanskelege tida det står i. – Kronprins Haakon jobbar ekstremt mykje. Kongehuset Manglar reservar som kan steppe inn for han.
Straumbrot på Haukeland sjukehus
Det er straumbrot på Haukeland sjukehus. – Ein del bygg er utan straum tysdag føremiddag, stadfestar nestleiar i kommunikasjonsavdelinga i Helse Bergen, Synnøve Tangen Stub, til NRK. Straumen har kome tilbake i ein del bygg, men nokre stader Manglar det framleis straum.
Rapport: Skular Manglar tiltak mot vald og truslar
Ein av fire lærarar meiner skulen i liten grad jobbar for å førebygge vald, truslar og trakassering, ifølge ei ny undersøking frå Fafo, skriv Utdanningsnytt. Undersøkinga har kartlagt arbeidsmiljøet i den vidaregåande skulen. I rapporten kjem det fram at tilsette på yrkesfag og tilrettelagde avdelingar er meir utsette for truslar og trakassering enn andre, og at utfordringane aukar med storleiken på skulane.
Næringslivet åtvarar mot snuoperasjon i Melkøya
Offshore Norge åtvarar om at eit eventuelt fleirtal i Stortinget for å endre kurs i Melkøya vil skape stor uvisse for investeringar i industrien. – Dette Manglar sidestykke i norsk politikk. Viss Stortinget no snur og prøver å reversere vedtak, vil det skape alvorleg politisk risiko for industrielle investeringar i heile næringslivet, seier administrerande direktør Kjetil Blindheim i Offshore Norge.
Sparebank 1 har driftsproblem
På grunn av ein feil kan kundar i Sparebank 1 oppleve at kontobetalingar og overføringar Manglar, opplyser Sparebank 1 på sine nettsider. – Vi beklagar ulempene dette medfører og jobbar med å løyse problemet, skriv banken..
Raudt vil forby anonym finansiert marknadsføring
Det blei i år forbod mot å gi anonyme pengegåver til partia. No vil Raudt utvide forbodet til å gjelde anonym finansiert marknadsføring av partia, melder NTB. – Vi Manglar eit regelverk mot anonym finansiering av valpåverknad i postkassar og sosiale medium, skriv partileiar i Raudt Marie Sneve Martinussen i ein e-post til Bergens Tidende.
Kystverket har brukt 290 millionar på Stad skipstunell
Kystverket har så langt brukt 290 millionar kroner på Stad skipstunell. Det melder Fjordabladet. Sidan dei fekk oppdraget i 2021 har Kystverket brukt 290 millionar på grunnerverv, geologiske undersøkingar og prosjektering, mellom anna.
Kystverket har brukt 290 millionar på Stad skipstunnel
Kystverket har så langt brukt 290 millionar kroner på Stad skipstunnel. Det melder Fjordabladet. Sidan dei fekk oppdraget i 2021 har Kystverket brukt 290 millionar på grunnerverv, geologiske undersøkingar og prosjektering, mellom anna.
Trump sitt budsjettforslag er vedteke
Avstemminga i kongressen er over. Det var eit knapt fleirtal for det omstridde budsjettforslaget som no er vedteke i Representanthuset. Gjennomslaget blir sett på som ein stor siger for USA sin president Donald Trump.
Regjeringa med pengar til lærarrekruttering
Fem universitet får ein million kroner kvar frå regjeringa til å rekruttera fleire barnehagelærarar. Tal frå styresmaktene viser at det Manglar over 2700 barnehagelærarar i Noreg. Samstundes har det vore ein stor nedgang i søkartala til utdanningane.
Regjeringa foreslår å auke aldersgrensa for fastlegar
Regjeringa vil la fastlegar få jobbe til dei er 80 år. – Vi lever lenger og kan stå i arbeid lenger. Vi bør ikkje ha reglar som hindrar dei som er friske og har god kompetanse, får mogelegheita til å jobbe meir, seier helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Aftenposten.
Skal ikkje ha fått betalt alt etter bryllaupet
Eigaren av jordet der prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett hadde sett opp eit bryllaupstelt då dei gifta seg i Geiranger, har enda ikkje fått full betaling for alt. Til Se og Hør seier gardseigar Jon Erlend Vinje at han framleis Manglar å få betalt 50.000 kroner av ei totalrekning på 150.
Ein drepen og 25 skadde i russisk angrep i Ukraina
Ein person er drepen og 25 er skadde i eit russiske angrep mot byen Zaporizjzja i Ukraina, melder lokale styresmakter, ifølge Reuters. Over 20.000 innbyggarar er utan straum.
Avdekka fleire tryggleiksproblem etter dødsulukke
Havarikommisjonen har avdekka fleire tryglgleiksproblem knytt til lastebilkranar og sårbare bruer etter dødsulukka i Bergen i juli 2023. Ein person omkom då ein kranbil med heva kranarm reiv ned ein 33 tonn tung gangbru, som knuste førarhuset. Same år var det også fleire tilsvarande hendingar med materielle skader.
Unicef åtvarar mot vasskrise i Kabul
Vassmangel har blitt eit aukande problem i Afghanistans hovudstad Kabul, der det bur nærmare 5 millionar menneske, åtvarar FNs barnefond (Unicef). Dersom det ikkje blir sett i verk strakstiltak, vil innbyggjarane i Kabul stå overfor alvorleg vassmangel innan 2030, ifølgje Unicef. Klimaendringar og stor folkevekst har dramatisk redusert grunnvassnivået i Kabul-området.
Tysk nyheitsbyrå: Ukrainsk general seier fronten i aust har kollapsa
Det tyske nyheitsbyrået DPA siterer ein ukrainsk general som seier frontlinja aust i landet har kollapsa. Det er generalmajor Dmytro Martsjenko som kjem med denne vurderinga, ifølge DPA. Byrået siterer utsegner i eit videointervju med Martsjenko som blei publisert måndag kveld.
Harald Orderud håper å kunne vere ferdig med drapa på Orderud gård
Harald Orderud, som er fetteren til Per Orderud, seier han kjenner seg letta etter at Gjenopptakingskommisjonen måndag konkluderte med at det ikkje var grunnlag for å ta opp att Orderud-saka. Samtidig er det spørsmål som Manglar svar, seier han til NRK. – Det er framleis ikkje klart kven som stod for sjølve drapshandlinga.
Noreg gir 100 millionar kroner til palestinarane
Styresmaktene i dei palestinske områda Manglar pengar til å betale for grunnleggande tenester, som helse og utdannings, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding. – Difor overfører Noreg no 100 millionar kroner i budsjettstøtte, seier han. Pengane skal brukast blant anna på medisinar og behandling ved palestinske sjukehus i Aust-Jerusalem.
Sjøkabel utanfor Vesterålen utan straum igjen
Sjøkabelen LoVe utanfor Vesterålen Manglar straum, men Havforskingsinstituttet veit ikkje om det er brot på kabelen. – Vi kan verken stadfeste eller avkrefte at det er eit brot på kabelen, seier kommunikasjonsdirektør Marit Hauge til Bladet Vesterålen. Kabelen mista straumen også i 2021.
Manglar mykje egg
Nortura seier det vil mangle nesten 3000 tonn egg i Noreg i år. Det er ei større underdekning enn det som tidlegare er kjent. I den førre prognosen frå Nortura var underdekninga berekna til om lag 2000 tonn.
Beate Manglar éin karakter frå vidaregåande. Vi må opne døra for slike som ho.
Les innlegget..
Svarar ikkje på om han vedgår straffskuld
Mannen som er tiltala for grov mishandling av sonen sin i 2022, svarar ikkje i retten på om han erkjenner straffskuld. I dag starta saka i Hordaland tingrett, der mannen i 30 åra risikerer å bli dømd opptil 15 års fengsel. Det var i august 2022 at politiet fann guten fastbunden til ein seng, hardt skadd.
Manglar 25 psykologar
Helse Midt-Noreg skal avslutte avtalane dei har med private tilbod innan psykisk helsevern. Difor har Helse Møre og Romsdal no behov for 25 nye psykologar, fagkonsulentar og legar, skriv dei i ei pressemelding. Dei skriv at grunnen til avviklinga skal vere at avtalane med dei private psykiske helsetilboda ikkje har gitt ønska effekt.
Fleire reagerer på tildelinga av nye oljekonsesjonar
SV meiner regjeringas tildeling av 62 oljelisensar er uansvarleg. – Dei deler ut dobbelt så mange lisensar i Barentshavet i år som i fjor. Det er djupt uansvarleg, seier SVs Lars Haltbrekken ti NTB.
Helse Møre og Romsdal vil utsetje innføringa av Helseplattforma
Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal foreslår å utsetje Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal. St. Olavs hospital tok i bruk det omstridde journalsystemet 12.
Vil levera drivstoff til Gazas sjukehus
Sjefen for FNs naudhjelpskontor, Martin Griffiths, seier at det har vore noko framgang for å få drivstoff inn på Gazastripa. Det melder Reuters. Forhandlingane om få levert inn drivstoff pågår mellom FN, Israel, Egypt og USA.
Velferdsetaten i Oslo meiner integreringsorganisasjon bør miste støtte
Organisasjonen Bydelsmødre bør miste støtta dei får frå Oslo kommune neste år, meiner Velferdsetaten i Oslo. Grunnen er det dei meiner er kritikkverdige forhold og at organisasjonen Manglar forståing for dokumentasjon av bruk offentlege middel. Det er det nye bystyret som skal ta stilling til forslaget frå etaten.
Støre: – Må få tilbake diskusjon om tostatsløysing
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at han meiner diskusjonen no må kome om kva som er Palestina si framtid. – Vi må få tilbake diskusjonen om ei tostatsløysing der palestinarane kan få ei løysing. Om vi ikkje får det vil denne konflikten berre bli meir dramatisk for begge sider, seier Støre.
Finsk politi har henta ut anker nær den øydelagde gassleidninga
Ankeret blei henta ut frå havbotn nærme den øydelagde gassleidninga i Østersjøen måndag, opplyser finsk politi. Dei undersøker om ankeret tilhøyrer det kinesiske containerskipet Newnew Polar Bears. Ankeret Manglar ein av dei to spissane som skal feste seg i havbotn.
Leiar av kontrollkomiteen: – Urovekkande med endå ei habilitetssak
Leiar av kontrollkomiteen på Stortinget, Peter Frølich (H), seier det er urovekkande at det har kome endå ei habilitetssak frå regjeringa. Han seier komiteen nå har fått ei ny sak på bordet som kan seia noko om Manglar ved habilitetsrutinar i regjeringa og departementa. – Det er naturleg at me går inn i også denne saka for å undersøka alvoret og for å sjå om inhabilitet kan ha ført til at det er treft nokon ugyldige avgjerder, seier Frølich.
Distrikta Manglar fastlegar
Mangelen på fastlegar er størst i distrikta, skriv Nationen. I 29 distriktskommunar Manglar minst 30 prosent av innbyggarane fastlege, viser tal frå Allmennlegeforeningen. Verst er situasjonen i kommunane Grane, Røyrvik og Rødøy der ingen har fastlege per 1.
VG: Vallister for INP i Moss blei ikkje lagt ut i stemmelokalet i Ryggehallen
Vallistene til Industri- og næringspartiet for Østfold Manglar i Ryggehallen i Moss, melder VG. Valansvarleg i Moss kommune, Inger-Lise Skartlien, stadfestar overfor avisa at dei har gløymt å sette fram stemmesetlane. – Det skuldast ein menneskeleg feil.
The Guardian: Tilsette ved Akropolis i Hellas går ut i streik
Tilsette ved Akropolis i Hellas, ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i landet, vil streike i fire timar torsdag som ein protest mot arbeidsforholda under hetebølga. Det skriv den britiske avisa The Guardian. Den verdsarvlista attraksjonen var stengt i tre dagar førre veke på grunn av høge temperaturar, men blei opna igjen måndag.
Tilsette ved Akropolis i Hellas går ut i streik på grunn av hetebølga
Tilsette ved Akropolis i Hellas, ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i landet, vil streike i fire timar torsdag som ein protest mot arbeidsforholda under hetebølga. Det skriv den britiske avisa The Guardian. Akropolishøgda var stengt i tre dagar førre veke på grunn av høge temperaturar, men blei opna igjen måndag.
Tilsette ved Akropolis i Hellas varslar streik på grunn av hetebølga
Tilsette ved Akropolis, ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Hellas, vil streike i fire timar torsdag som ein protest mot arbeidsforholda under hetebølga. Det skriv den britiske avisa The Guardian. Akropolishøgda var stengt i tre dagar førre veke då gradestokken viste opp mot 45 grader, men blei opna igjen måndag då temperaturane fall noko.
Hellas stenger ned Akropolis for å beskytte turistar mot hetebølga
Hellas, saman med ei rekke andre europeisk land, er no råka av ei hetebølge. Det nasjonale vêrbyrået i Hellas meldte fredag om temperaturar opp mot 41 grader. Nyheitsbyrået Reuters skriv i dag at Hellas no har bestemt å stenge ned Akropolis i nokre timar fredag for å beskytte besøkande mot varmen.
Hellas stenger ned Akropolis for å beskytte turistar mot varmen
Hellas, saman med ei rekke andre europeisk land, er no råka av ei hetebølge. Det nasjonale vêrbyrået i Hellas meldte fredag om temperaturar opp mot 41 grader. Nyheitsbyrået Reuters skriv at Hellas no har bestemt å stenge ned Akropolis i nokre timar fredag for å beskytte besøkande mot varmen.
Fri: – Mehl har skjøvet ansvaret ned på dei underliggande etatane
– Det er urovekkande for oss trusselutsette at regjeringa ikkje kan samordne betre om eit så alvorleg tema som evaluering av eit terrorangrep. Det seier Marita Holmeset-Varpe, jurist og politisk nestleiar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald (Fri). Justis- og beredskapsministeren Emilie Enger Mehl (Sp) seier 25.
Fri: – Mehl har skyvd ansvaret ned på dei underliggande etatane
– Det er urovekkande for oss trusselutsette at regjeringa ikkje kan samordne betre om eit så alvorleg tema som evaluering av eit terrorangrep. Det seier Marita Holmeset-Varpe, jurist og politisk nestleiar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald (Fri). Justis- og beredskapsministeren Emilie Enger Mehl (Sp) seier 25.
Kirkens Bymisjon: Noreg bryt plikter ovanfor bustadlause EU-migrantar
Norske styresmakter må ta ei langt meir aktiv rolle i å hindre og motverke at EU-migrantar står utan bustad, meiner Kirkens Bymisjon. I ei ny kartlegging skriv dei at Noreg bryt menneskerettslege plikter og at gruppa er definert ut av det norske velferdssystemet fordi dei Manglar fast bustad. Det kallar Mari Seilskjær i Kirkens Bymisjon for kynisk.
5500 personar sakna etter flaum
Aust i Kongo er 5500 personar ikkje gjort greie for etter flaumen i førre veke. Det opplyser lokale styresmakter, melder nyheitsbyrået Reuters. Fleire enn 400 personar er til no stadfesta døde.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
