Laurdag

Saturday, 26 September, 13:04

Nyheter om Laurdag

NRK - 06 sep 26 kl. 12:47

Nesten 7000 defilerte ved kong Haralds båre Laurdag

I alt 6960 personar defilerte ved båra til kong Harald i Slottskapellet Laurdag, melder NTB. Det vore lange køar av folk som vil ta farvel med kong Harald. Laurdag var det opp mot sju timar ventetid.

NRK - 3 timer siden

Turist død etter eksplosjon i Aten

Ein død person vart Laurdag henta ut av ein samanrast bygning i Aten, melder Reuters. Bygningen raste saman etter ein eksplosjon i sentrum av Aten fredag. Årsaka til eksplosjonen er ikkje kjend, men det er mistanke om ein gasslekkasje.

NRK - 18 jul 26 kl. 06:41

Sju drepne i ukrainsk droneåtak

Sju personar er drepne og 24 såra i eit ukrainsk åtak mot eit logistikksenter i byen Kotovsk i Russland. – Sju arbeidarar i natturnus blei drepen då fiendtlege dronar trefte eit Wildberries-logistikksenter, seier guvernør Jevgenij Pervysjov i regionen Tambov Laurdag morgon. Laurdag morgon meldte ordførar i Moskva, Sergej Sobjanin, at over 350 dronar blei sendt mot Moskva-regionen natt til Laurdag.

NRK - 23 sep 26 kl. 08:08

Skal gjennomføre nye søk etter båtforlis på Nordmøre

Politiet skal i dag gjennomføre nye søk etter dei tre som framleis er sakna etter eit båtforlis utanfor Grip på Nordmøre. Politiet opplyser at det vil bli brukt dronar og at søket vil sentrere seg til område sørvest for Smøla – Søksområda baserer seg på etterforskinga, innhenta materiale og andre undersøkingar, seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet. Fredag blei det sett i verk ein omfattande leiteaksjon etter at fire fisketuristar ikkje kom tilbake til Averøy.

NRK - 21 sep 26 kl. 08:45

Trollstigen er framleis stengt

Fylkesveg 63 Trollstigen er framleis stengt i begge retningar. Det viser nettsidene til Statens vegvesen. Vegen blei stengt Laurdag på grunn av store nedbørsmengder.

NRK - 19 sep 26 kl. 13:36

Nedkjølte ungdommar på veg ned frå fjellet i Modalen

Ungdommane som var nedkjølte i fjellet i Modalen er på veg ned att. Det opplyser politiet. Det var fredag kveld at eit turfølge på ti personar blei sittande fast i fjellet, og det blei sett i gang ein redningsaksjon.

NRK - 19 sep 26 kl. 13:36

Nedkjølte ungdommar kome ned frå fjellet i Modalen

Ungdommane som var nedkjølte i fjellet i Modalen er kome ned att. Det opplyser politiet. Det var fredag kveld at eit turfølge på ti personar blei sittande fast i fjellet, og det blei sett i gang ein redningsaksjon.

NRK - 19 sep 26 kl. 09:56

Fleire innstilte tog i Vestland på måndag

14 lokale togavgangar i Vestland er innstilte måndag, grunna togstreiken. Det opplyser Vy på sine eigne nettsider. Seks avgangar på L4 Bergen–Arna og sju avgangar på R40 Bergen–Voss/Myrdal er innstilte.

NRK - 19 sep 26 kl. 08:48

98 togavgangar innstilte Laurdag

– På Austlandet er det 98 som blir innstilt i løpet av dagen i dag. Det er om lag 17 prosent av alle toga på Austlandet. Det seier kommunikasjonssjef i VY, Åge-Christoffer Lundeby.

NRK - 12 sep 26 kl. 13:44

Zelenskyj: Tre drepne og 37 skadde i russiske åtak

Tre menneske er drepne og 37 såra i russiske åtak mot ti regionar i Ukraina Laurdag, ifølge den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj. Det skriv nyheitsbyrået Reuters..

NRK - 06 sep 26 kl. 13:29

Reuters: Europeiske sikkerheitstoppar på plass i Kyiv

Storbritannia, Tyskland og Frankrike har sendt dei nasjonale sikkerheitsrådgjevarane sine til Kyiv i forbindelse med at USAs utsendingar Jared Kushner og Steve Witkoff besøker byen, ifølge anonyme kjelder Reuters har snakka med. Dei amerikanske utsendingane møtte Russlands president Vladimir Putin i Moskva Laurdag. Søndag kom dei til Kyiv med tog for å møte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

NRK - 06 sep 26 kl. 11:55

Zelenskyj før møte: Ukraina vil ha ein slutt på krigen

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier Ukraina ønsker ein slutt på krigen, men at dei treng sikkerheitsgarantiar, melder Reuters. Han kom med utsegna før han skal møte dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner i Kyiv for å drøfte konkrete planar om å få ein slutt på krigen i Ukraina. Laurdag var utsendingane i møte med Russlands president Vladimir Putin i Moskva..

NRK - 05 sep 26 kl. 10:23

Mann funnen død i sjøen

Ein mann i 70-åra som blei funnen livlaus i sjøen utanfor Bømlo Laurdag føremiddag, er død. Det stadfestar politiet, som rykka ut til staden. Mannen vart funnen i sjøen og tatt om bord i ei redningsskøyte som var i området.

NRK - 30 aug 26 kl. 15:10

PST: Førebudd på at Trump kjem i gravferda til kong Harald

Politiets tryggingsteneste er førebudd på at Donald Trump kjem i gravferda til kong Harald, som er planlagt til veke 37. Det seier PST til Dagbladet. Ifølgje avisa blir gravferda det største tryggleiksopplegget i Noregshistoria.

NRK - 30 aug 26 kl. 07:32

NTB: Apoteka i normal drift

Feilen som Laurdag førte til at ingen apotek kunne ekspedere reseptar er funnen. Det melder NTB. Det var i IT-systemet at feilen blei funnen søndag morgon.

NRK - 29 aug 26 kl. 21:20

Marianne Behn delar bilete av Ari Behn og kong Harald

– Desse to kan framleis lære oss alt om kjærleiken, skriv Marianne Behn på engelsk på Instagram Laurdag. Mor til Ari Behn delar eit bilete av sonen og kong Harald. Dei to mennene går opp ei trapp, med armane rundt kvarandre.

NRK - 29 aug 26 kl. 21:20

Marianne Behn deler bilete av Ari Behn og kong Harald

– Desse to kan framleis lære oss alt om kjærleiken, skriv Marianne Behn på engelsk på Instagram Laurdag. Mor til Ari Behn deler eit bilete av sonen og kong Harald. Dei to mennene går opp ei trapp, med armane rundt kvarandre.

NRK - 29 aug 26 kl. 18:35

TV 2: Dronning Mette-Marit har kome til Slottet

Rundt klokka 18:10 kom dronning Mette-Marit og prins Sverre Magnus til Slottet, ifølgje TV 2. Der er også kong Haakon og kronprinsesse Ingrid Alexandra, som har tatt imot kondolanseaudiensar og syning av kong Haralds båre Laurdag ettermiddag..

NRK - 29 aug 26 kl. 16:12

Støre deltek på sørgjegudstenesta i Oslo domkyrkje

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) deltek i sørgjegudstenesta for kong Harald i Oslo domkyrkje søndag klokka 11. Det opplyser Statsministerens kontor Laurdag..

NRK - 29 aug 26 kl. 15:48

Kong Haakon er på Slottet

Like etter klokka 15:30 Laurdag var kong Haakon tilbake på Slottet. Det melder blant anna VG og Dagbladet. Kongen skal blant anna motta kondolanseaudiensar saman med kronprinsesse Ingrid Alexandra.

NRK - 08 aug 26 kl. 12:08

Bilbrann sperrar E134 ved Svandalsflotunnelen - opnar snart

Europaveg 134 ved Svandalsflotunnelen vert om kort tid opna att etter at ein personbil vart totalt utbrent Laurdag ettermiddag. Ingen vart skadde i hendinga. Politiet fekk meldinga klokka 12.

NRK - 03 aug 26 kl. 18:02

Mann pågripen etter fallulykke i Bremanger

Ein mann i 30-åra vart funnen livlaus på nedsida av ein ti meter høg fjellskrent i Kalvåg i Bremanger tidleg søndag morgon. Det blei sett i gang livreddande førstehjelp, men livet sto ikkje til å redde. Hendinga blei etterforska som ei ulykke.

NRK - 19 jul 26 kl. 07:22

Bad Bunny-konsert avlyst på grunn a hagl – fleire skadd

Superstjerna Bad Bunny sin konsert i Milano Laurdag kveld, blei avlyst på grunn av uvêr. Fleire publikummarar blei treft i hovudet av store haglkuler og måtte få behandling av helsepersonell. Rundt 80.

NRK - 18 jul 26 kl. 08:30

Brann i avsaltingsanlegg i Kuwait

Det brenn på eit kraftverk og avsaltingsanlegg i Kuwait som følge av iranske åtak. Departementet for elektrisitet, vatn og fornybar energi seier Laurdag at fleire kraftgeneratorar ble slått ut. Dei jobbar med å sløkke brannen og starte reparasjonar.

NRK - 11 jul 26 kl. 19:13

Person omkom i trafikkulykke i Alver

Ein person omkom i ei trafikkulukke i Alver Laurdag, stadfestar politiet. – Situasjonen er uavklart, men det framstår som ein alvorleg situasjon, skreiv operasjonsleiar Tatjana Knappen i ei melding. Luftambulanse blei òg sendt til staden, sa politiet til BA..

NRK - 07 jul 26 kl. 08:38

Kulturministeren ber Bergen vurdera VM-visning

– Bergen kommune bør vurdera å legga opp til gratis-visning av kvartfinalen i fotball-VM mellom Noreg og England på Laurdag. Det seier kulturminister Lubna Jaffery. Fleire har etterlyst gratisvisning på Torgallmenningen.

NRK - 26 jun 26 kl. 10:50

Pimenta tek pause som Sogndal-trenar – Bakke tar over

Sogndal Fotball er samde med hovudtrenar Luis Pimenta om han trer til side fram til 3. juli. Det opplyser klubben i ei pressemelding.

NRK - 20 jun 26 kl. 18:47

Foreldrepar fengsla for vald mot barnet sitt

Ei mor og ein far som blei pågripne natt til torsdag for vald mot barnet sitt, er varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod. Bergens Tidende melde dette først. Hordaland tingrett grunngir fengslinga med fare for at bevis kan gå tapt.

NRK - 15 maj 26 kl. 12:22

– Den beste plasseringa me kunne håpa på

Noreg skal opptre som nummer 23 av 25 i ESC-finalen på Laurdag. Delegasjonsleiar for Noreg i ESC, Mads Tørklep, er storfornøgd med å koma seint i finalefeltet. – Dette er den beste plasseringa me kunne håpa på.

NRK - 19 jun 26 kl. 11:27

Sakna mann i Hustadvika: Søk etter antatt omkomen

Ein mann i 20-åra har vore sakna i område ved Litlevatnet i Hustadvika kommune sidan Laurdag kveld. Politiet melder at saka no går over i eit søk etter antatt omkomen person. – Dei pårørande er varsla om dette, seier Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i politiet.

NRK - 14 jun 26 kl. 11:30

Søker etter den sakna med undervassdrone

Røde Kors er nå søndag formiddag i gang med søk etter mannen som er sakna etter ein båtvelt i Sør-Aurdal. Ulykka skjedde på Søre Buvatnet. Ifølge oppdragsleiar Fredrik Andersen Gott ved Innlandet politidistrikt, bruker dei sonar og undervassdrone til søket.

NRK - 07 jun 26 kl. 19:10

Israel: opnar etterforsking etter at baby vart drepen

Laurdag vart ein sju månadar gammal palestinsk baby skoten og drepen på den okkuperte Vestbreidda. Ein israelsk soldat skaut mot bilen guten sat i saman med foreldra sine, sjølv om bilen hadde stansa ved ein kontrollpost som dei fekk ordre om å gjere. Det israelske forsvaret beklaga angrepet og no har dei starta etterforsking av hendinga, melder nyheitsbyrået AFP.

NRK - 07 jun 26 kl. 16:27

Hund sat fast bak rassikring

Ein liten hund ramla Laurdag ettermiddag ned bak eit rassikringsnett i Blomsterdalen i Bergen, opplyser brannvesenet. Hunden stod fast på ei fjellhylle, fleire meter over bakken. Like før klokka 17 opplyste brannvesenet at hunden er redda ned, og at han har det bra..

NRK - 07 jun 26 kl. 15:32

TV 2: Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon er på besøk i Oslo fengsel

Søndag ettermiddag er kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon på besøk hos Marius Borg Høiby i Oslo fengsel, melder TV 2. Høiby har sete i varetekt i fengselet sidan byrjinga av februar. Laurdag vart det kjend at Høiby ikkje får lov til å delta på eit møte utanfor fengselet om kronprinsessa sin helsesituasjon.

NRK - 06 jun 26 kl. 22:06

Truleg inga løysing i revidert-forhandlingane

Dei raudgrøne partia har brote fristen, men forhandlar framleis om revidert nasjonalbudsjett på Stortinget. Det ligg ikkje an til einigheit Laurdag, erfarer NTB. Ifølgje NTB sine opplysingar er det framleis stor avstand, men forhandlingane ser ut til å halde fram ut i nattetimane søndag, før dei blir tatt opp igjen på dagtid..

NRK - 06 jun 26 kl. 18:22

Redningshelikopter på veg til sykkelulykke i Porsgrunn

Politi og ambulanse rykka ut til ein sykkelulykke i Porsgrunn Laurdag kveld. Syklisten vert behandla av ambulansen på staden. No er redningshelikopteret på veg til staden.

NRK - 06 jun 26 kl. 16:34

VG: Fly med norske turistar måtte naudlande i Athen

Eit fly måtte naudlande i Athen på grunn av problem med trykk i kabinen, skriv VG. Flyet var på veg til Stavanger frå Rhodos på Laurdag ettermidag, opplyser flyselskapet Norwegian til avisa. Passasjerane er fjerna frå flyet og flyselskapet jobbar med å finne alternative løysingar..

NRK - 06 jun 26 kl. 15:56

Frankrike si tidlegare førstedame er død

Bernadette Chirac, som var gift med Frankrike sin tidlegare president Jacques Chirac, døydde Laurdag, 93 år gammal. Jacques Chirac var ordførar i Paris i nesten to tiår, statsminister frå 1986 til 1988 og president frå 1995 til 2007. Han døydde i 2019.

NRK - 06 jun 26 kl. 15:50

1800 butikktilsette kan gå ut i streik søndag morgon

Laurdag morgon starta meklinga hos Riksmeklaren mellom NHO Service og Handel og LO-forbundet Handel og Kontor (HK). HK har varsla eit streikeuttak på 1666 medlemmer frå søndag morgon om partane ikkje blir einige, melder NTB. NHO Service og Handel forhandlar også med Parat og Negotia, som har varsla eit streikeuttak på rundt 200 personar til saman..

NRK - 06 jun 26 kl. 15:44

Amerikanar skriven ut frå sjukehuset etter Ebola-smitte

Eit tysk sjukehus opplyste Laurdag at dei har skrive ut ein amerikansk mann som vart smitta av ebola i Den demokratiske republikken Konto, melder nyheitsbyrået AFP. Han skal ha blitt frisk etter behandling på sjukehuset Charité i Berlin. Mannen hadde jobba som kirurg for ei kristen misjonsgruppe i DR Kongo..

NRK - 06 jun 26 kl. 15:05

89 i livbåtar etter hending på plattform

Alle dei 89 om bord plattforma «Edvard Grieg» blei sende i livbåtane Laurdag føremiddag, opplyser Aker BP til BT. Årsaka var at ein røykdetektor slo ut etter at eit kort i eit kontrollsystem feila, seier pressetalsperson Ole Johan Faret. Redningshelikopter og skip blei mobiliserte, og sprinklaranlegget blei løyst ut.

NRK - 06 jun 26 kl. 08:59

Redningsaksjon i Sogn

Ein person er funnen i Hafslovatnet i Luster, opplyser brannvesenet til NRK. Det blei Laurdag morgon sett i verk ein redningsaksjon, etter at det først blei funne ein drivande båt. Tilstanden til personen er førebels ikkje kjent.

NRK - 06 jun 26 kl. 08:59

Død person funnen i Luster i Sogn

Ein død person blei Laurdag føremiddag funnen i Hafslovatnet i Luster, stadfester Hovudredningssentralen til NRK. Det blei sett i verk ein redningsaksjon, etter at to personar som skulle ut å trekkja garn oppdaga ein førarlaus båt. Lokalt brannvesen gjorde seinare funn av ein død person i sjøen, opplyser Hovudredningssentralen.

NRK - 31 maj 26 kl. 00:52

Mann omkom i MC-ulykke i Stryn i Vestland

Ein mann i 50-åra omkom i ein MC-ulykke i Stryn Laurdag kveld. Ulykka skjedde på riksveg 15, på vegen opp mot Strynefjellet. Mannen budde i Vestland.

NRK - 23 maj 26 kl. 16:05

Mann frakta til sjukehus etter alvorleg valdshending i Stavanger

Ein mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med alvorlege skadar etter ei valdshending på ei adresse på Tjensvoll i Stavanger Laurdag ettermiddag. Ifølgje innsatsleiaren på staden vil kriminalteknikarar gjere undersøkingar på staden i løpet av kort tid. Politiet rykte ut til staden med fleire patruljebilar etter at meldinga kom inn klokka 15.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com