Lastebilar

Monday, 28 September, 19:57

Nyheter om Lastebilar

NRK - 16 feb 26 kl. 09:25

Sikkerheitssone blir innført rundt nye regjeringskvartalet

Ei sikkerheitssone rundt det nye regjeringskvartalet blir innført der bilar og Lastebilar skal bli kontrollerte. Mjuke trafikantar kan framleis ferdast fritt. – Sikkerheitssona er laga for å beskytte menneske og funksjonar, men må sjølvsagt fungere i ein levande by, seier Kjetil Bjørnsrud, kommunikasjonssjef i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) i ei pressemelding.

NRK - 03 jun 25 kl. 12:04

Noreg fordømmer angrep mot naudhjelpskolonne i Sudan

Utviklingsminister Åsmund Aukrust fordømmer angrepet mot ein naudhjelpskolonne frå FN i Darfur-regionen i Sudan. – Angrep på naudhjelpsarbeidarar er forbode etter humanitærretten. Partane i konflikten har lagt store hindringar for naudhjelpsarbeidet, seier han i ei pressemelding.

NRK - 20 maj 25 kl. 19:37

Israel: Har sloppe inn 93 Lastebilar med nødhjelp – men FN seier det ikkje har nådd fram

Deen israelske hæren melder at dei har sloppe inn 93 Lastebilar med nødhjelp tysdag, elder nyheitsbyrået AFP. Samstundes seier FN at ingen nødhjelp har nådd fram..

NRK - 23 jul 25 kl. 09:43

Vart tatt i 148 km/h i 80-sone

Ein mann i 60-åra må i fengsel etter å ha blitt tatt i fartskontroll. Mannen skulle på hytta si på Nordmøre, og vart tatt i 148 km i timen i det han skulle køyre forbi to Lastebilar. Retten såg det som formildande at mannen som har hatt lappen i 44 år, aldri før fått bot av politiet.

NRK - 23 jul 25 kl. 09:43

Vart tatt i 148 km/t i 80-sone

Ein mann i 60-åra må i fengsel etter å ha blitt tatt i fartskontroll. Mannen skulle på hytta si på Nordmøre, og vart tatt i 148 kilometer i timen i det han skulle køyre forbi to Lastebilar. Retten såg det som formildande at mannen som har hatt lappen i 44 år, aldri før fått bot av politiet.

NRK - 30 maj 25 kl. 12:32

FNs naudhjelpssjef skuldar Israel for utsvelting i Gaza

Naudhjelpssjefen i FN, Tom Fletcher, skuldar Israel for å bruke svolt som våpen i Gaza. I eit intervju med BBC viser han til at Lastebilar med mat og naudhjelp står klare på grensa til Gaza, men at Israel nektar dei å køyre inn. – Vi høyrer israelske statsrådar seie at dette er for å legge press på folket i Gaza, seier han.

NRK - 22 maj 25 kl. 14:44

Palestinsk Røde Halvmåne: Ingen nødhjelp har nådd fram til sivile på Gaza

Palestinsk Røde Halvmåne (PRSC) seier at dei fleste lastebilane med nødhjelp framleis står ved grenseovergangen Kerem Shalom, ifølgje Reuters. Lastebilane er inspiserte, men har ikkje fått sleppe inn i Gaza. Dette skjer trass i at israelske styresmakter har sagt at 100 Lastebilar med nødhjelp skulle få kome inn.

NRK - 20 maj 25 kl. 19:37

Israel: Har sloppe inn 93 Lastebilar med nødhjelp

Det melder nyheitsbyrået AFP..

NRK - 19 maj 25 kl. 18:22

Nødhjelp har sloppe inn i Gaza - for fyrste gong sidan 2. mars

Fem Lastebilar med naudhjelp fekk måndag sleppe inn i Gaza gjennom grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg sør i Israel, nær grensa til både Gaza og Egypt, melder Reuters. Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført 2. mars.

NRK - 19 maj 25 kl. 18:22

Nødhjelp har sloppe inn i Gaza – for fyrste gong sidan 2. mars

Fem Lastebilar med naudhjelp fekk måndag sleppe inn i Gaza gjennom grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg sør i Israel, nær grensa til Gaza og Egypt, melder Reuters. Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført for 11 veker sidan, 2. mars.

NRK - 19 maj 25 kl. 16:08

Israel opnar for naudhjelp til Gaza – babygraut fyrst inn

Israel kunngjorde måndag at dei vil sleppe inn Lastebilar med babygraut til Gazastripa, melder AFP. Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført 2. mars.

NRK - 20 jan 25 kl. 05:54

Meir enn 630 Lastebilar med naudhjelp inn til Gaza

Meir enn 630 Lastebilar med naudhjelp fekk køyre inn til Gaza den første dagen med våpenkvile. Det rapporterer FN, ifølgje NTB. Over 300 av lastebilane reiste til Nord-Gaza, kor behova er spesielt store..

NRK - 10 apr 24 kl. 09:55

Stadig meir naudhjelp når Gaza

Sjefen for USAs bistandsorganisasjon USAID Samantha Power seier at meir naudhjelp har nådd fram til Gaza dei siste dagane, men seier det er behov for meir. – Me ser ei endring, som me håpar blir halden oppe og styrkt, sa Power til ein senatskomité tysdag, som fører tilsyn med amerikanske utgifter til diplomati og utanlandsk hjelp. Israel har sagt at 468 Lastebilar med nødhjelp var på veg inn i Gaza tysdag, og at 419 slapp inn på måndag.

NRK - 23 okt 23 kl. 18:40

FN: 20 Lastebilar med naudhjelp til Gaza måndag

20 Lastebilar med naudhjelp skal ha kryssa grensa inn til Gaza frå Egypt måndag, melder FN. Totalt har 54 Lastebilar kryssa grensa med naudhjelp sidan laurdag. FNs generalsekretær António Guterres er klar på at volumet på leveransane som slepp inn ikkje er stort nok.

NRK - 24 nov 23 kl. 19:31

FN: 137 Lastebilar har lasta av etter våpenkvila i Gaza

Totalt 137 Lastebilar med blant anna mat, vatn og medisinar har lasta av i Gaza etter at våpenkvila mellom Israel og Hamas starta fredag, seier FN, ifølge AFP. Dette er den største hjelpesendinga som har kome inn i Gaza etter at krigen starta 7. oktober, seier FN.

NRK - 29 apr 24 kl. 13:19

Polske bønder har avslutta blokaden av Ukraina

Polske bønder forlèt måndag grenseovergangar til Ukraina, og avslutta med det blokaden av nabolandet, melder Reuters. I morgontimane begynte Lastebilar å krysse grenseovergangen Rava-Ruska frå begge retningar. Bøndene har sperra grensa i fleire månader i protest mot det dei meiner er dumping av ukrainske landbruksvarer på den polske marknaden.

NRK - 28 apr 24 kl. 19:00

World Central Kitchen startar opp att hjelpearbeid i Gaza

Sundag melde organisasjonen World Central Kitchen (WCK) at dei startar opp att arbeidet sitt i Gaza. Organisasjonen stoppa å levera naudhjelp til Gaza då sju av hjelpearbeidarane deira blei drepne i eit israelsk angrep 1. april.

NRK - 09 nov 23 kl. 19:26

Grensa ved Rafah er open

Grenseovergangen til Gaza er open for å få inn naudhjelp og for å få ut utanlandske statsborgarar. Det seier amerikanske styresmakter. Dei seier også at 106 Lastebilar med naudhjelp passerte over grensa til Rafah på Gazastripa onsdag.

NRK - 09 nov 23 kl. 19:26

Grenseovergangen ved Rafah er open

Grenseovergangen til Gaza er open for å få inn naudhjelp og for å få ut utanlandske statsborgarar. Det seier amerikanske styresmakter. Ingen slapp ut i går, så dei utanlandske statsborgarane har venta eit par døgn sidan dei fekk beskjed.

NRK - 15 apr 24 kl. 14:15

Det kvite hus: – Naudhjelpa til Gaza har auka kraftig

Naudhjelpa som slepp inn på Gaza har auka dei siste dagane. Det seier John Kirby, sikkerheitstalsperson for Det kvite hus under eit intervju med MSNBC, melder Reuters. Ifølge Kirby har meir enn 2000 Lastebilar sleppt inn på Gazastripa, og 100 av desse berre det siste døgnet.

NRK - 15 mar 24 kl. 11:28

Skip med naudhjelp ligg no utanfor Gaza

Første skip med naudhjelp er sett frå Gazastripa. Det viser NRK sine bilde frå staden. Organisasjonen World Central Kitchen har sendt 200 tonn med naudhjelp frå Kypros til Gaza.

NRK - 01 dec 23 kl. 21:29

Israel hindrar hjelpesendingar til Gaza, ifølgje Raude Halvmåne

Det skriv Palestinsk Raude Halvmåne på X. Ifølgje hjelpeorganisasjonen forbyr Israel hjelpesendingane å koma inn til Gaza «frå og med i dag til ubestemt tid». Israel har førebels ikkje kommentert saka.

NRK - 23 nov 23 kl. 15:01

Netanyahu: 150 Lastebilar med naudhjelp til Gaza dagleg

Ifylgje den israelske statsministeren vil talet daglege Lastebilar auka til 200. Det skriv Reuters. Ifylgje nyheitsbyrået sa Netanyahu også at han er skuffa over FN sin innsats for å byggja krisesenter for palestinske flyktningar.

NRK - 08 nov 23 kl. 19:17

Fleire enn 80 humanitære Lastebilar inn i Gaza

Talsperson for Det kvite huset John Kirby seier at fleire enn 80 Lastebilar med humanitær hjelp har fått reise inn til Gaza det siste døgnet. Han seier også at det er rundt 500-600 amerikanske statsborgarar att inne i Gaza..

NRK - 07 nov 23 kl. 09:41

Gazastripa får berre éin tredel av naudhjelpa den treng

I snitt har 33 Lastebilar med naudhjelp vorte sleppt inn i Gaza sidan grenseopninga ved Rafah vart opna, seier Palestinske Raude Halvmåne. FN meiner det trengst 100 kvar dag for å dekka behovet til dei over 2 millionar menneska som er i Gaza. Til saman har 569 Lastebilar kryssa grensa frå Egypt sidan 21.

NRK - 30 okt 23 kl. 09:35

Kirkens Nødhjelp: – Folk drikk saltvatn i rein desperasjon

Søndag fekk 33 Lastebilar med naudhjelp reise inn til Gazastripa via grenseovergangen til Egypt. – Dette er bilar som har hatt det mest naudsynte. Mat, vatn, medisin og medisinsk utstyr.

NRK - 15 jan 24 kl. 10:17

Nordmenn har gitt over 116 millionar kroner til Gaza – lite slepp inn

I dei første 100 dagane av krigen har nordmenn i snitt gitt over éin million kroner dagen til Gaza. Fleire organisasjonar opplyser at lite av hjelpa slepp inn. – Intensiteten i krigføringa, og avgrensa moglegheiter til å få inn forsyningar gjer situasjonen ekstremt vanskeleg, seier Redd Barnas generalsekretær Birgitte Lange til Panorama.

NRK - 02 jan 24 kl. 22:01

Brøytestasjon på Haukelifjell: – Det er i grunnen stengevêr

På E134 over Haukelifjell har vinden blitt så sterk at dei som leiar kolonnekøyringa har vanskar med å stå oppreist. Det seier vaktleiar ved brøytestasjonen, Olav Stana, til NRK. Vegen er open, men kan ifølge Vegtrafikksentralen bli stengd på kort varsel.

NRK - 30 nov 23 kl. 07:57

Polske lastebilsjåførar hindrar ukrainske Lastebilar frå å kryssa grensa

Polske yrkessjåførar har i protest sperra fleire grenseovergangar mellom Ukraina og Polen. Dei siste dagane er det meldt om køar på begge sider av grensa på opp 25 km. Ifølgje Reuters har fleire av sjåførane stått i kø i fleire dagar.

NRK - 29 nov 23 kl. 08:51

E16 Eggemoen i Ringerike stengt

E16 Eggemoen i Ringerike er stengt i begge retningar, skriv Vegtrafikksentralen på X. Årsaka skal vera problem med å koma seg fram i Eggemoenbakken. Tidlegare meldte politiet på X at fleire Lastebilar slit med å koma seg opp bakken.

NRK - 29 nov 23 kl. 08:51

E16 Eggemoen i Ringerike opnar etter stenging

E16 Eggemoen i Ringerike opna i 10-tida i dag etter å ha vore stengt i morgontimane. Fleire Lastebilar sleit med å koma seg opp Eggemoenbakken grunna glatt føre. Operasjonsleiaren seier til NRK at problema starta etter eit mindre uhell tidlegare på morgonen.

NRK - 26 nov 23 kl. 14:30

13 israelske gislar skal bli slepne fri søndag

13 israelske gislar skal bli slepne fri frå Hamas inne på Gaza søndag. 39 palestinske fangar skal bli slepne laus frå fengsel i Israel. Dette melder egyptiske styresmakter.

NRK - 25 nov 23 kl. 19:27

Hamas: Under halvparten av naudhjelpa er kome til Nord-Gaza

Ein talsperson for Hamas seier 65 Lastebilar med naudhjelp er kome fram til Nord-Gaza. Det er under halvparten av det som avtalt, melder Reuters. Hamas seier dette er eit brot på avtalen med Israel, og at dei vil vente med å sette fri gruppe to av gislane i Gaza.

NRK - 25 nov 23 kl. 18:35

Reuters: Egypt forhandlar om frigjeving av gissel

Egypt prøver å løyse den utsette frigjevinga av gissel frå Gaza, melder Reuters. Frigjevinga skulle ha starta laurdag ettermiddag, men blei utsett fordi Hamas meiner Israel ikkje oppfyller avtalen som blei gått inn i samband med våpenkvila. Dei krev blant anna at Israel må opne grensa for Lastebilar med naudhjelp til Nord-Gaza..

NRK - 25 nov 23 kl. 18:35

Reuters: Egypt og Qatar forhandlar om frigjeving av gissel

Egypt og Qatar prøver å løyse den utsette frigjevinga av gissel frå Gaza, melder Reuters. Frigjevinga skulle ha starta laurdag ettermiddag, men blei utsett fordi Hamas meiner Israel ikkje oppfyller avtalen som blei gått inn i samband med våpenkvila. Dei krev blant anna at Israel må opne grensa for Lastebilar med naudhjelp til Nord-Gaza..

NRK - 25 nov 23 kl. 17:30

Overleveringa av gissel frå Gaza utsett

Hamas seier dei vil vente med å sette fri den andre gruppa med gissel laurdag, melder fleire nyheitsbyrå. Dei ønsker at Israel skal forplikte seg til å opne grensa for Lastebilar med naudhjelp til Nord-Gaza. Også israelske styresmakter stadfestar at overleveringa til Røde Kors er utsett..

NRK - 25 nov 23 kl. 17:00

Uvisse rundt overlevering av gislar frå Gaza

Hamas seier overføringa av ei ny gruppe med gislar til Røde Kors er i gang, melder AFP. Ein talsmann for det israelske forsvaret sa laurdag at til saman 13 israelske gissel skal settast fri i bytte mot 39 palestinske fangar. Men til Reuters seier ei kjelde at Hamas vil utsette frigjevinga til Israel har forplikta seg til å sleppe inn Lastebilar med naudhjelp inn på Gazastripa.

NRK - 24 nov 23 kl. 08:29

Lange rekker med Lastebilar på veg inn til Gaza

Det viser bilder frå Reuters..

NRK - 24 nov 23 kl. 07:09

Dei første lastebilane med naudhjelp er inne i Gaza

Tre Lastebilar med naudhjelp er inne i Gaza, melder Al Jazeera. To av bilane skal innehalde drivstoff, medan ein av dei skal innehalde gass..

NRK - 08 nov 23 kl. 21:22

Al-Shifa-sjukehuset skal ha fått naudhjelp

Verdas helseorganisasjon seier at ei kolonne med medisinsk naudhjelp har kome fram til Al-Shifa-sjukehuset i Gaza by. Tidlegare onsdag sa utanriksdepartementet i USA at fleire enn 80 Lastebilar med naudhjelp har kome seg inn i Gaza onsdag..

NRK - 17 okt 23 kl. 13:05

EU-landa skal kutte utslepp frå tungtransport kraftig innan 2040

Måndag kveld blei EUs klimaministrar samde om å kutte utsleppa innan tungtransporten med 90 prosent innan 2040. Vedtaket inneber ein gradvis reduksjon av utsleppa frå nye køyretøy. Det vil seie at Lastebilar, semitrailerar og bussar må over frå bensin og diesel til elmotor og hydrogen.

NRK - 30 sep 23 kl. 19:01

E16 framleis stengd etter ulukka

E16 er framleis stengd ved Sundvollen etter dødsulukka laurdag ettermiddag. Personbilar kan bruke omkøyringsvegen via Åsa, medan Lastebilar og andre større køyretøy har omkøyring via Hokksund..

NRK - 16 mar 23 kl. 22:38

Stått fast på Haukelifjell i uvêr i 8 timar

Rundt 40 bilar har stått vêrfaste på Haukelifjell i åtte timar. Mange er innesnødd i tunnelar. Vegvesenet håpar å få hjelpt dei ned frå fjellet før midnatt.

NRK - 11 feb 23 kl. 13:45

Opnar grenseovergang for første gong på 35 år

Ein grenseovergang mellom Armenia og Tyrkia opnar for første gong på 35 år, melder tyrkiske medium. Overgangen opnar for å kunne frakte humanitær hjelp inn til dei områda som er hardt råka etter jordskjelva. Fem Lastebilar med mat og vatn har kryssa grenseovergangen, ifølgje Tyrkias spesialutsending for dialog med Armenia.

NRK - 26 jan 23 kl. 13:57

Ein alvorleg skada etter trafikkulykke i Nordre Follo

Ulykkesgruppa og politiet er ferdige på staden, etter ei trafikkulykke mellom to Lastebilar og to personbilar i dag formiddag. Politiet i Øst skriv på Twitter at ein person er alvorleg skada, men stabil. Ein annan person er også lettare skada.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com