Kvifor

Sunday, 11 October, 08:47

Nyheter om Kvifor

NRK - 05 okt 26 kl. 19:02

Redningsaksjon i Øygarden

Ein redningsaksjon er sett i gang utanfor Furholmen ved Tjeldstø etter at ein båt kom drivande med motoren i gang, men utan personar om bord. Båten vart oppdaga klokka 18.42 og er teken inn til land av meldar.

NRK - 04 okt 26 kl. 20:41

Irans oljeminister går av

Irans oljeminister Mohsen Paknejad har trekt seg, opplyste presidentens kontor søndag, melder AFP. Det er ikkje kjent Kvifor han går av som minister. Hamid Bovard, som er administrerande direktør i det iranske nasjonale oljeselskapet, er peika ut som midlertidig oljeminister.

NRK - 17 jul 26 kl. 17:39

Dagbladet: Mor nektar straffskuld

Kvinna som er sikta for å ha overlatt barnet sitt til ein person om ikkje kan ta vare på det, nektar straffskuld, melder Dagbladet. Torsdag morgon meldte faren til barnet frå til naudetatane om at den fem veker gamle babyen ikkje pusta. Barnet vart kort tid seinare erklært død.

NRK - 24 jun 26 kl. 15:19

Eide: Trur på Arktis-ja frå EU

Utanriksminister Espen Barth Eide trur EU vil endre sin strategi for Arktis, slik at unionen ikkje lenger vil vere motstandar av norsk olje- og gassaktivitet i området. I dag har Eide diskutert saka med Jyrki Katainen, som er EUs spesialrådgjevar for Arktis. EU sin politikk er å arbeide for ein mellombels stans i olje- og gassutvinning i Arktis, eit såkalla «moratorium».

NRK - 10 apr 26 kl. 22:21

To bilar utbrende etter brann i Kopervik

To bilar er heilt utbrente etter ein brann i Kopervik på Karmøy seint fredag kveld. annan var ein periode i ferd med å spreie seg til eit bustadhus, men brannvesenet fekk kontroll i tide. Huset har fått mindre skader, men er framleis beboeleg.

NRK - 28 jan 26 kl. 21:08

Sentralbanksjefen i USA: – Trur ikkje banken vil miste sjølvstendet

– Eg trur ikkje den amerikanske sentralbanken vil miste sjølvstendet sitt, seier sentralbanksjef Jerome Powell, ifølge AFP. USAs president Donald Trump har pressa banken og leiinga til å setje ned styringsrenta. Powell har også tidlegare sagt at ei etterforsking av sentralbanken frå justisdepartementet er politisk motivert, men ville ikkje kommentere meir no.

NRK - 28 jan 26 kl. 21:08

Sentralbanksjefen i USA avviser at Trump-press har brote ned sjølvstendet

– Vi har ikkje mista sjølvstendet, og eg trur ikkje vi kjem til å miste det. Eg håpar i alle fall at vi ikkje gjer det, seier sentralbanksjef Jerome Powell, ifølge AFP. USAs president Donald Trump har pressa banken og leiinga til å setje ned styringsrenta.

NRK - 30 dec 25 kl. 15:32

Framleis uklart Kvifor Bakken døydde

Italiensk politi etterforskar dødsfallet. Dei rettsmedisinske undersøkingane vil ikkje gi nokon svar før i mars 2026, opplyser Elden Advokatfirma i ei pressemelding. – Vi hadde håpa at familien skulle fått nokon svar no, men det kjem ikkje før om fleire månadar, seier familien sin bistandsadvokat, Bernt Heiberg i Elden Advokatfirma.

NRK - 19 dec 25 kl. 14:29

Trur fengsla svensk journalist framleis er i live

Journalisten Dawit Isaak, som er svensk statsborgar som blei fengsla i Eritrea for 24 år sidan, skal vere i live, ifølge den svenske utanriksministeren Maria Malmer Stenegard (M), melder SVT. Stenegard besøkte nyleg Eritrea som første svenske minister sidan Sverige godkjende Eritrea som eige land i 1993. Besøket skal ha auka sjansane for at Isaak blir sett fri, men utanriksministeren seier ifølge den svenske kringkastaren ikkje noko Kvifor å meiner den svenske journalisten framleis lever..

NRK - 25 aug 25 kl. 14:42

Regjeringa lover fleire tiltak mot daglegvarebransjen

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) kravde svar frå daglegvareaktørar over Kvifor prisane på mat steig med 4,4 prosent frå juni til juli i år, melder NTB. – Det viktigaste no er å få oversikt over Kvifor prisen stig meir på daglegvarer enn prisane elles, og her spriker jo sjølvsagd svara, seier ho til NTB. – Vi har lagt fram både lovforslag, og vi har fleire ting ute på høyring.

NRK - 20 okt 25 kl. 21:17

BA: Mann skoten med elektrosjokkvåpen av politiet

Ein mann er skoten med elektrosjokkvåpen av politiet i Bergen sentrum. Det melder BA. Like etter klokka 21 tok politiet kontroll på ein mann som dei hadde fått gjentakande meldingar om sidan 19-tida måndag.

NRK - 15 okt 25 kl. 09:42

BA: Funn av død person i leilegheit i Bergen sentrum

Krimteknikarar er på plass utanfor ei leilegheit i Bergen sentrum i samband med eit dødsfall, melder BA. – Det kan framstå som mistenkeleg, seier operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i Vest politidistrikt til avisa. Tepstad kan foreløpig ikkje seie noko om korleis politiet vart varsla om dødsfallet eller Kvifor det verkar mistenkeleg.

NRK - 25 aug 25 kl. 12:54

IDF bekreftar angrep mot sjukehus i Gaza

Det israelske forsvaret (IDF) bekreftar at dei gjennomførte angrep ved Nasser-sjukehuset i Khan Younis sør på Gazastripa måndag, melder Reuters. Minst 15 personar blei drepne i to angrep mot sjukehuset, fire av dei var journalistar og fotografar. IDF seier dei beklagar at sivile blei ramma, og avviser at dei har journalistar som mål.

NRK - 06 aug 25 kl. 03:50

Fire døydde då ambulansefly styrta i USA

Fire mista livet då eit ambulansefly styrta og tok fyr i eit navahoområde i den amerikanske delstaten Arizona i går. Flyet hadde helsepersonell om bord og var på veg for å hente ein pasient, opplyser navahostammen. Det amerikanske urfolket har levd i området sidan 1400-talet.

NRK - 05 feb 25 kl. 11:35

Skyting på Grünerløkka – Han skjønar ikkje Kvifor han blei skoten

Mannen som blei skote på Grünerløkka i Oslo for ei veke sidan, er sterkt prega, skriv TV 2. Han skjønar ikkje Kvifor han blei skoten, seier han til politiet – Fornærma er helsemessig og psykisk sterkt prega av det som har skjedd, og forstår ikkje Kvifor han skulle bli utsett for dette. Han har gitt forklaring til politiet, og samarbeider så godt han kan, seier bistandsadvokat John Christian Elden til TV 2.

NRK - 05 feb 25 kl. 11:35

Skytinga på Grünerløkka – Han skjønar ikkje Kvifor han blei skoten

Mannen som blei skoten på Grünerløkka i Oslo for ei veke sidan, er sterkt prega, skriv TV 2. Han skjønar ikkje Kvifor han blei skoten, seier han til politiet – Fornærma er helsemessig og psykisk sterkt prega av det som har skjedd, og forstår ikkje Kvifor han skulle bli utsett for dette. Han har gitt forklaring til politiet, og samarbeider så godt han kan, seier bistandsadvokat John Christian Elden til TV 2.

NRK - 05 feb 25 kl. 11:35

Skytinga på Grünerløkka: – Han skjønar ikkje Kvifor han blei skoten

Mannen som blei skoten på Grünerløkka i Oslo for ei veke sidan, er sterkt prega, skriv TV 2. – Han er prega av det, men han skjønar heller ikkje Kvifor han er blitt skoten, seier bistandsadvokat John Christian Elden til NRK. Det er sju dagar sidan mannen blei skoten i ein leilegheit på Grünerløkka i Oslo.

NRK - 27 maj 25 kl. 10:09

Salet av nasespray flatar ut etter fleire år med auke

Aldri har nordmenn brukt meir nasespray enn me gjorde i 2022 og 2023. Men tysdag kom Folkehelseinsitituttet (FHI) med tala for 2024. Dei viser at salet flater ut.

NRK - 02 mar 25 kl. 09:58

Raudt trekker seg ikkje frå forsvarsforliket

Siste dag på Raudt sitt landsmøtet, har partiet blitt einige om å ikkje trekka seg frå forsvarsforliket. Samtidig har dei stemt for å legga inn i ei presisering om Kvifor Raudt stilte seg bak forsvarsforliket og presiserer at partiet sitt mål er å styrka den nasjonale forsvarsevna og ikkje Nato sin forsvarsevne. Debatten om forsvarsforliket har skapa intern strid under partiet sitt landsmøte i helga.

VG - 02 mar 25 kl. 06:26

– For meg så var det som om han skulle døy

Mor merka at sonen trakk seg meir og meir tilbake, utan at ho skjønte Kvifor. Heilt til ho fekk vite at han var meldt til politiet for sovevaldtekt..

NRK - 02 mar 25 kl. 03:55

Mann slått ned – alvorleg skada

Ein person er alvorleg skada etter han truleg blei slått ned i nærleiken av Lillestrøm sentrum i natt. To menn blei sett springande frå staden, og politiet ynskjer no tips i saka. Den fornærma har mogleg kritisk hovudskade, melder ambulansepersonell til politiet.

NRK - 08 jan 25 kl. 08:06

LO-leiaren møter ikkje på NHO sin årskonferanse

– Sjukelønnsordninga som dette etter kvart har blitt å handle om, er ei så viktig sak for LO at når vi opplever at arbeidsgjevarsida anført av NHO rett og slett går til angrep på ordninga, så er det ein så stor provokasjon at det ikkje var naturleg å takke ja til den konferansen. Det seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik om Kvifor dei ikkje er til stades på NHO sin årskonferanse. Under Politisk kvarter i dag møtte NRK også administrerande direktør i NHO Ole Erik Almlid.

NRK - 12 nov 24 kl. 10:53

Avsluttar etterforskinga av brannen i Børsen

Dansk politi avsluttar etterforskinga av brannen som øydela store delar av den historiske Børsen i København i april, melder dansk TV 2. Dei har framleis ikkje funne ut Kvifor det byrja å brenne i den 400 år gamle bygningen, men det er ikkje noko som tyder på at det er snakk om ei kriminell handling, skriv politiet i ei pressemelding..

NRK - 23 okt 24 kl. 20:41

Møte i IA-forhandlingane avlyst

Arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane forhandlar i desse dagar om ein ny Inkluderande Arbeidslivsavtale (IA-avtale). Torsdag skulle partane igjen møtast hos Arbeids- og inkluderingsdepartementet, men møtet er no avlyst. – Det er rett at det skulle vere eit møte i IA-forhandlingane i morgon, som no er avlyst, seier statssekretær Ellen Bakken til NRK.

NRK - 17 okt 24 kl. 18:30

Sentralbanksjefen: – Rentedifferansen påverkar kronekursen

– Vi har godt belegg for å seie at rentedifferansen er eitt av dei forholda som påverkar kronekursen. Men den blir påverka av ei rekke forhold både her heime og internasjonalt, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache til NRK. Torsdag kutta Den europeiske sentralbanken (ESB) styringsrenta med nye 0,25 prosentpoeng, og styringsrenta ligg no på 3,25 prosent.

NRK - 25 aug 24 kl. 11:25

Russland: Frankrike «nektar» å samarbeide om Telegram-gründer

Den russiske ambassaden i Paris sa sundag at franske styresmakter «nektar å samarbeida» etter at Telegram-gründer Pavel Durov blei arrestert. Det melder AFP, som siterer det russisk statlege nyheitsbyrået Ria Novosti. Durov har både fransk og russisk statsborgarskap og blei arrestert i Paris laurdag.

NRK - 07 aug 24 kl. 10:17

The Fugees avlyser turne

Tre dagar før USA-turneen skulle ha starta, avlyser Lauryn Hill og the Fugees turneen, melder Variety. Det er ikkje opplyst Kvifor turneen brått er avlyst, men han har vore utsett fleire gongar, blant anna på grunn av problem med stemmebanda til Lauryn Hill, skriv nettstaden. Gruppa skal etter planen til Europa i oktober.

NRK - 02 aug 24 kl. 07:24

Tyrkia blokkerer tilgangen til Instagram

Tyrkiske styresmakter opplyser om at dei har blokkert tilgangen til Instagram i landet, melder Reuters. Men dei seier ikkje Kvifor dei stoppar tilgangen til det sosiale mediet, eller kor lange forbodet gjeld. Blokkeringa skjer få dagar etter at Fahrettin Altun, som er talsperson for Tyrkias president, kritiserte Instagram for å blokkere kondolansemeldingar etter drapet på Hamas-toppen Ismail Haniyeh.

NRK - 31 jul 24 kl. 07:37

Sende til sjukehus etter matforgifting

57 tilsette ved Singapore-kontoret til ByteDance, som eig TikTok, er sende til sjukehus på grunn av matforgifting, melder BBC. Helsestyresmaktene seier dei etterforskar hendinga, der til saman 60 personar fekk akutt magesjau. Også ByteDance vil undersøke Kvifor dei tilsette blei sjuke..

NRK - 13 maj 24 kl. 10:07

Skal undersøka Kvifor nordmenn får få barn

Regjeringa skal setta ned eit utval som skal undersøka Kvifor nordmenn får færre barn. Dei vil også finne ut kva styresmaktene kan gjera for å snu trenden. – Noreg skal vere eit attraktivt land å få barn i.

Aftenposten - 17 jun 24 kl. 06:00

Båt er mykje dyrare enn buss

Kvifor kan vi ikkje ta båten til Aker Brygge, spør Evy Dvergsdal i Aftenposten 4. juni..

NRK - 03 jun 24 kl. 14:27

Navalnaja møtte Eide: – Vi snakka om framtida til Russland

Julija Navalnaja, enka til avdøde Aleksej Navalnyj møtte utanriksminister Espen Barth Eide. – Vi snakka om framtida til Russland. Vi snakka om korleis Noreg kan hjelpe, seier ho til NRK Ho er i Oslo for å ta i mot ein menneskerettspris frå Oslo Freedom Forum på vegner av mannen sin.

NRK - 26 apr 24 kl. 20:55

Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021. Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town».

NRK - 04 apr 24 kl. 16:09

Varslar ekstrem orkansesong i USA

Forskarar ved Colorado State University i USA har akkurat publisert sine første prognosar for den komande orkansesongen i landet. Dei varslar om ein «ekstremt aktiv» sesong, med 23 navngitte stormar. Fem av dei er venta å vera større orkanar.

NRK - 24 mar 24 kl. 16:15

Havarikommisjonen med bilde av lokomotivet

Havarikommisjonen er søndag etttermiddag ferdig med sine undersøkingar etter godstogulukka ved Arna stasjon i Vestland før helga. Dei har no frigitt eit foto av lokomotivet inne i tunnelen. – No startar arbeidet med å sette saman informasjonen vi har samla for å forstå Kvifor dette kunne skje, seier Ida H.

NRK - 04 mar 24 kl. 15:41

Politiet sperra av eigedom i Åsnes

Politiet gjer undersøkingar ved ei adresse i Åsnes kommune. Eit område er sperra av. Politiet vil ikkje seie noko til NRK om kva slags undersøkingar som blir gjort eller Kvifor dei gjer dei.

NRK - 13 feb 24 kl. 09:36

Avvik i rutinar og praksis førte til båtkollisjon

30 personar vart evakuerte og fire tekne til sjukehus med helikopter i juni 2023 då hurtigbåten Tyrhaug og servicefartøyet Frøy Loke kolliderte i Edøyfjorden. No har Statens havarikommisjon konkludert sin rapport om ulukka. Ifølgje rapporten oppfatta mannskapet på servicebåten det ikkje som unormalt at hurtigbåten kom like mot dei, då dette var normalt, og dei hadde vikeplikt.

NRK - 21 sep 23 kl. 18:19

Armenias statsminister kritisk til russiske styrkar

Statsminister Nikol Pasjinjan i Armenia spør Kvifor russiske fredsbevarande styrkar ikkje klarte å hindre Aserbajdsjans offensiv mot Nagorno-Karabakh. – Vi åtvara om dette. Kvifor oppfylte dei ikkje dei fredsbevarande funksjonane sine, sa Pasjinjan i ein TV-tale torsdag.

NRK - 15 jan 24 kl. 19:09

Svenske gripen i Iran

Ein svensk mann i 20-åra er gripen i Iran. Mannen blei gripen i starten av januar, seier utanriksdepartementet i Sverige. Dei ønsker ikkje å kommentere saka utover dette.

NRK - 30 nov 23 kl. 13:18

Ventar avgjerd i utleveringssak mot Bhatti 7. desember

Høyringa i den fyrste rettsinstansen i Islamabad vart i dag avslutta. Dommaren seier han i løpet av få dagar vil ta stilling til kausjonssøknaden til Arfan Bhatti, medan avgjerda i sjølve utleveringssaka er venta den 7. desember.

NRK - 29 nov 23 kl. 09:25

Flaggar med palestinsk flagg

Oslo Rådhus flaggar no med Palestinas flagg. I dag er den internasjonale dagen for solidaritet med det palestinske folket, som markeres av FN kvart år. FN-flagget er også heist.

NRK - 07 nov 23 kl. 11:23

Politiaksjon ved skule i Sverige: – Ingen detaljar går ut

Fleire poitipatruljar rykka ut til ein vidaregåande skule i Täby i morgontimane. Elevar og tilsette ved skulen har fått beskjeden om å halda seg inne i skulen. Kjelder til Aftonbladet har sagt at det skal vera ein bevæpna person inne på skulen, men politiet vil ikkje ut med detaljar om Kvifor dei vert kalla til skulen.

NRK - 07 nov 23 kl. 11:23

Politiaksjon ved skule i Sverige avslutta

Politiaksjonen vart avslutta i kring klokka 12, omtrent halvannan time etter at aksjonen starta. Poitipatruljar rykka ut til ein vidaregåande skule i Täby i morgontimane. Elevar og tilsette ved skulen fekk beskjeden om å halda seg inne i skulen.

NRK - 27 sep 23 kl. 22:34

Politiet søker i turområde

Politiet er i gang med undersøkingar i Vågsbygdskogen i Kristiansand. Undersøkingane er knytt til dobbeltdrapet, der ei jente og mor hennar vart funne døde onsdag. – Vi er her fordi vi har sett i verk etterforsking og undersøking.

NRK - 09 sep 23 kl. 17:06

Fallskjermulukke på Voss

Politiet har fått melding om ei fallskjermulukke på Bømoen på Voss. Det dreier seg om ein mann som har hatt ei hard landing i høg fart. Mannen er medviten og får behandling av helsepersonell, seier politiet til NRK.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com