Krigsbrotsverk

Tuesday, 13 October, 07:19

Nyheter om Krigsbrotsverk

NRK - 09 feb 26 kl. 12:07

Norsk borgar sikta for Krigsbrotsverk

Kripos opplyser i ei pressemelding at dei har utvida siktinga mot mannen i 50-åra som er skulda for å ha ei sentral rolle i ein pågåande væpna konflikt i Kamerun. Mannen som er busett i Noreg vart arrestert i september 2024 og vart sikta for å ha oppmoda til brotsverk mot menneskeslekta. Saka er unik i norsk samanheng, og har kravd mykje etterforsking rå Kripos si side.

NRK - 07 feb 26 kl. 11:33

Organisasjon i Sudan: Flyktningar drepne i droneangrep

Minst 24 menneske er drepne i eit droneangrep mot eit køyretøy med fordrivne menneske i Sudan, ifølge organisasjonen Sudan Doctors Network. Ifølge organisasjonen var det RSF som stod bak angrepet. Dei drepne var på flukt frå kampar i området Dubeiker.

NRK - 25 jan 26 kl. 16:34

Sander Silva og Victorjus trekker seg frå MGP

Tidlegare sundag skreiv NRK at duoen hadde trekt seg. No seier at dei ikkje kan risikere å stå i ein konkurranse som fører direkte til Eurovision medan Israel er med. – Det er med tungt hjarte at vi trekker oss frå MGP-cupen.

NRK - 03 jun 25 kl. 11:39

FN: Angrep på sivile i matkø er Krigsbrotsverk

FNs høgkommisær for menneskerettar, Volker Türk, seier dødelege angrep på sivile rundt senter for utdeling av mat i Gaza, er Krigsbrotsverk. – Angrep retta mot sivile er eit alvorleg brot på folkeretten og eit Krigsbrotsverk, seier han. Dei siste dagane har det kome fleire meldingar om at det har blitt skote mot palestinarar nær naudhjelpssenter i Gaza.

NRK - 25 sep 25 kl. 16:29

Slovenia innfører innreiseforbod mot Netanyahu

– Med dette vedtaket stadfestar Slovenia si forplikting til folkeretten, til dei universelle menneskerettsverdiane og til ein prinsipiell og konsekvent utanrikspolitikk, skriv statssekretær Neva Grasic i det slovenske utanriksdepartementet på regjeringa sin X-konto. Grunngivinga for innreiseforbodet mot den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu er at han er skulda for Krigsbrotsverk i Gaza av Den internasjonale domstolen (ICJ). Netanyahu er ikkje den første representanten for den israelske regjeringa som er blitt nekta innreise til Slovenia.

NRK - 25 sep 25 kl. 16:00

Palestinas president talar til FN

Den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas talar torsdag til FNs forsamling i NewYork. Han gjer det gjennom video fordi USA har trekt tilbake hans visum til landet. – Eg talar til dykk i dag etter nesten to år der det palestinske folket i Gaza har stått overfor ein krig med folkemord, øydelegging, svolt og fordriving, sa Abbas via videolenke.

NRK - 25 sep 25 kl. 16:00

Palestinas president fordømte Israel og Hamas i tale til FN

Den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, talar torsdag til FNs forsamling i New York. Det gjer han gjennom video fordi USA har trekt tilbake hans visum til landet. – Eg talar til dykk i dag etter nesten to år der det palestinske folket i Gaza har stått overfor ein krig med folkemord, øydelegging, svolt og fordriving, sa Abbas via videolenke.

NRK - 17 sep 25 kl. 08:15

Krf-leiaren vil ikkje slå fast at Israel bryt folkeretten

KrF-leiar Dag-Inge Ulstein meiner norsk debatt om Gaza har vore for einsidig og utan fokus på Hamas. – Det er god grunn til å kritisere mykje av det Israel har gjort, men vi må også peike på at Hamas kunne avslutta krigen 8. oktober, sa Ulstein i Politisk Kvarter.

NRK - 24 aug 25 kl. 10:30

Russland meiner angrepet mot eit atomkraftverk utgjer ein trugsel mot atomtryggleiken

– Angrep på atomkraftverk er ikkje berre Krigsbrotsverk. Det er ein trugsel mot atomtryggleiken. Det skriv fungerande guvernør i Kursk-regionen Alexander Khinshtein på Telegram.

NRK - 03 jun 25 kl. 13:29

Mann dømd til livstid for Krigsbrotsverk i Syria

Ein syrisk mann er dømd til fengsel på livstid for Krigsbrotsverk han gjorde då han kriga for Assad-regimet i Syria. Ein domstol i Stuttgart har funne han skuldig i blant anna drap og tortur. Dommen er den siste i rekka av saker der tyske styresmakter har straffeforfølgd personar som er mistenkt for brotsverk under borgarkrigen i Syria..

NRK - 20 aug 25 kl. 19:15

ICC reagerer på nye sanksjonar frå USA

Den internasjonale straffedomstolen kallar nye sanksjonar frå USA eit klart angrep mot sjølvstendet til domstolen, som opererer etter mandat frå 125 medlemsland. – Det er også ei fornærming mot medlemslanda til domstolen, den regelbaserte internasjonale ordenen og, framfor alt, millionar av uskuldige offer over heile verda, skriv ICC i ei pressemelding. Onsdag sette USA fire personar som er tilknytt domstolen på sanksjonslista si etter at domstolen sende ut ei arrestordre på Israels statsminister Benjamin Netanyahu og tidlegare forsvarsminister Yoav Gallant for Krigsbrotsverk i Gaza.

NRK - 20 aug 25 kl. 16:51

USA skjerpar sanksjonane mot ICC

Fire nye personar som har tilknyting til Den internasjonale straffedomstolen (ICC), er sett på USAs sanksjonsliste, melder Reuters. Domstolen har hovudsete i Haag, og straffeforfølger personar som er skulda for Krigsbrotsverk og folkemord. I fjor sende dei ut arrestordre på Israels statsminister Benjamin Netanyahu og tidlegare forsvarsminister Yoav Gallant.

NRK - 16 aug 25 kl. 18:43

Tyskland foreslår toppmøte i Europa mellom Trump, Putin og Zelenskyj

Eit trevegs toppmøte mellom Vladimir Putin, Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj for å forhandle om ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina, kan haldast i Europa. Det seier den tyske forbundskanslaren Friedrich Merz til tyske kringkastarar laurdag, melder AFP. – Tid og stad må vi jobbe med, men vi foreslår at møtet kan vere i Europa, seier han.

NRK - 06 jul 25 kl. 12:53

BRICS-toppmøte har starta – utan Kinas Xi og Putin

Kinas president Xi Jinping kjem ikkje til årets BRICS-toppmøte i Brasil. I staden stiller Kinas statsminister. Det er fyrste gong på over ti år at Xi ikkje deltek.

NRK - 25 jun 25 kl. 17:28

Putin vil ikkje reise til Brics-møtet i Brasil

Russlands president Vladimir Putin skal berre vere digitalt med på Brics-toppmøtet i Brasil neste veke. Grunnen er arrestordren mot han frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC), opplyser Kreml til Reuters onsdag. ICC utsende arrestordre på Putin våren 2023.

NRK - 18 jun 25 kl. 16:38

Stort Aker BP-oppkjøp får kritikk

Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv, som vurderer om norske selskap følger OECD sine retningslinjer for ansvarleg næringsliv, meiner Aker BP ikkje gjorde gode nok vurderingar før dei fusjonerte med svenske Lundin i 2021. Det skriv dei i ei slutterklæring som vart publisert i dag, etter fleire år med undersøkingar. Lundin Energy var på dette tidspunktet skulda for å ha lagt til rette for at den sudanske hær kunne utføre Krigsbrotsverk mot sivile i eit område der Lundin leita etter olje – i det som i dag er Sør-Sudan.

NRK - 30 maj 25 kl. 12:32

FNs naudhjelpssjef skuldar Israel for utsvelting i Gaza

Naudhjelpssjefen i FN, Tom Fletcher, skuldar Israel for å bruke svolt som våpen i Gaza. I eit intervju med BBC viser han til at lastebilar med mat og naudhjelp står klare på grensa til Gaza, men at Israel nektar dei å køyre inn. – Vi høyrer israelske statsrådar seie at dette er for å legge press på folket i Gaza, seier han.

NRK - 11 feb 25 kl. 11:04

Svensk kvinne dømd for Krigsbrotsverk i Syria

Ei svensk IS-kvinne er dømd til 12 år i fengsel for Krigsbrotsverk etter at ho heldt ni kvinner og barn fanga i Raqqa i Syria. Dommen fall i Stockholms tingrätt tysdag. Ifølge tiltalen blei kvinnene og barna behandla som slavar og blei utsette for store lidingar.

NRK - 16 apr 25 kl. 20:27

Røde Kors: Minst 8000 sakna i Sudan i fjor

Minst 8000 menneske blei meldt sakna i Sudan i 2024, ifølge Den internasjonale Røde Kors-komiteen. Men dei åtvarar mot at det kan vere store mørketal. Krigen har kravd titusenvis av liv, og har drive 13 million menneske på flukt.

NRK - 22 jan 25 kl. 19:02

ICC: Italia arresterte, og lauslèt deretter mistenkt krigsforbrytar frå Libya

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag har skulda libyaren Osama Elmasry Njeem for mistenkte brot mot menneska og Krigsbrotsverk, og sende ut ein arrestordre på han den 18. januar i år. Dagen etter blei han arrestert av italiensk politi i Torino i Italia.

NRK - 01 dec 24 kl. 22:52

Israels tidlegare forsvarsminister åtvarar om etnisk reinsing i Gaza

Tidlegare forsvarsminister Moshe Yaalon skuldar Israel for Krigsbrotsverk og etnisk reinsking på Gazastripa. Yaalon var forsvarsminister under Netanyahu frå 2013 til 2016. – Dagens ytre høgreregjering er fast bestemt på å okkupera, å annektera, å etnisk reinsa, sa han til israelske medium i helga.

NRK - 10 okt 24 kl. 17:59

Italia: Israels åtak på Unifil var ikkje ein feil

Forsvarsministeren til Italia, Guido Crosetto seier at åtaket på hovudkvarteret til Unifil tidlegare i dag, ikkje var ein ulukke eller ein feil, skriv Reuters. – Dei fiendtlege handlingane utførte og gjentekne av israelske styrkar mot basen kan utgjere moglege Krigsbrotsverk, sa Crosetto på ein pressekonferanse og la til at Italia har bede om ei offisiell forklaring. Crosetto sa at den israelske ambassadøren ikkje kunne gje forklaring på åtaket mot Unifil..

NRK - 10 okt 24 kl. 17:59

Italia: Ber om svar etter åtak mot Unifil

Forsvarsministeren til Italia, Guido Crosetto seier at åtaket på hovudkvarteret til Unifil tidlegare i dag, ikkje var ein ulukke eller ein feil, skriv Reuters. – Dei fiendtlege handlingane utførte og gjentekne av israelske styrkar mot basen kan utgjere moglege Krigsbrotsverk, sa Crosetto på ein pressekonferanse og la til at Italia har bede om ei offisiell forklaring. Crosetto sa at den israelske ambassadøren ikkje kunne gje forklaring på åtaket mot Unifil.

NRK - 10 okt 24 kl. 17:59

Fleire land reagerer på israelsk åtak mot Unifil

Forsvarsministeren til Italia, Guido Crosetto seier at åtaket på hovudkvarteret til Unifil tidlegare i dag, ikkje var ein ulukke eller ein feil, skriv Reuters. – Dei fiendtlege handlingane utførte og gjentekne av israelske styrkar mot basen kan utgjere moglege Krigsbrotsverk, sa Crosetto på ein pressekonferanse og la til at Italia har bede om ei offisiell forklaring. Crosetto sa at den israelske ambassadøren ikkje kunne gje forklaring på åtaket mot Unifil.

NRK - 25 sep 24 kl. 11:57

Mann sikta for alvorlege brotsverk i Kamerun

Ein mann i 50-åra, busett i Noreg, vart i går pågripen av norsk politi. Mannen er ifølge Kripos sikta for oppmoding til brotsverk mot menneskeslekta. Han blir framstilt for varetektsfengsling i dag.

NRK - 03 sep 24 kl. 12:04

Putin blei ønskt velkommen i Mongolia

Russlands president Vladimir Putin blei ønskt velkommen av den mongolske presidenten Ukhnaagiin Khürelsükh då han kom på besøk til landet tysdag. Dette er hans første tur til eit medlemsland av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) etter at det blei sendt ut ein arrestordre på den russiske presidenten. ICC mistenker Putin for å vere ansvarleg for Krigsbrotsverk i Ukraina.

NRK - 02 sep 24 kl. 20:28

Oppmodar Mongolia til å pågripa Putin

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW) oppmodar Mongolia til å pågripa den russiske presidenten Vladimir Putin, skriv NTB. Putin kom til Mongolia måndag, etter å ha vorte invitert dit for å styrka samarbeidet mellom dei to landa. Mongolia er nemleg medlem av Den internasjonale straffedomstolen (ICC), som har kome med ein arrestordre mot den russiske presidenten.

NRK - 30 aug 24 kl. 16:10

Ukraina ber Mongolia gripe Putin under besøk

Ukraina har bede Mongolia følge arrestordren frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og gripe president Vladimir Putin når han besøker landet neste veke, melder AFP. ICC skuldar Putin for å vere ansvarleg for Krigsbrotsverk i Ukraina. Dette er Putins første tur til eit ICC-medlemsland etter at Russland starta krigen mot Ukraina i 2022..

NRK - 19 maj 24 kl. 12:13

Jordan ber om etterforsking av Krigsbrotsverk i Gaza

Jordans utanriksminister Ayman Safadi seier kongedømmet krev ei internasjonal etterforsking av Krigsbrotsverk som skjer i Gaza, melder Reuters..

NRK - 05 apr 24 kl. 12:28

FN: Angrep mot hjelpearbeidarar kan vera Krigsbrotsverk

FNs høgkommisær for menneskerettar seier at angrep mot menneske involvert i naudhjelp kan vera krigsforbrytelse. Det gjeld også angrep mot gjenstandar involvert i naudhjelp, skriv NTB. Utsagnet kjem etter at eit israelsk angrep tok livet av sju hjelpearbeidarar frå World Central Kitchen på Gazastripa.

NRK - 15 jun 24 kl. 13:21

Fangeutveksling mellom Sverige og Iran

Sverige og Iran har blitt einige om ei fangeutveksling, ifølge arabiske medium, skriv Aftonbladet. Det skal gjelda personar frå begge landa. Dei skal først fraktast til Omans hovudstad Muscat.

NRK - 21 maj 24 kl. 10:23

Frankrike startar rettssaka mot syriske tenestemenn

Frankrike startar i dag den fyrste rettssaka mot tre høgtståande offiserar som er tiltala for brotsverk i krigen i Syria, melder AFP. Dei skal stilles for retten «in absentia», og er tiltala for medverknad til brotsverk mot menneskeslekta og Krigsbrotsverk, mellom anna for tortur og mishandling. Det er satt av fire dagar for rettsaka som finn stad i Paris.

NRK - 28 apr 24 kl. 09:16

Palestinsk student saksøker Danmark

Ein palestinsk student i Danmark har saksøkt den danske staten for brot på FNs og EUs regler for våpeneksport, melder NTB. Advokaten hans Eddie Omar Rosenberg Khawaja seier Danmark ifølge reglane skal nekte eksport av våpen og militært utstyr dersom det er risiko for at det blir brukt til Krigsbrotsverk eller brot på folkeretten. – Danmark har eit medansvar fordi danske styresmakter godkjenner eksport av danske kampflydelar som truleg ender opp i Israel, seier han til det danske tidsskriftet Danwatch.

NRK - 15 apr 24 kl. 11:22

Sverige: Tidlegare syrisk general møter i retten

Måndag møter ein tidlegare syrisk brigader i Stockholms tingrett. Han er tiltalt for å ha medverka til Krigsbrotsverk under borgarkrigen i Syria i 2012. Den tiltalte er den høgst rangerte syriske militærleiaren som har vorte stilt for ein europeisk domstol, skriv NTB.

NRK - 05 apr 24 kl. 10:42

Ber Israel haldast ansvarleg for krigsforbrytingar

FNs menneskerettsråd vedtok i dag ein resolusjon som ber om at Israel blir halde ansvarleg for moglege Krigsbrotsverk i Gaza, melder NTB. 28 land stemte for, mens seks stemte mot. 13 land avstod frå å stemme, skriv Reuters.

NRK - 17 okt 23 kl. 12:59

Spansk minister vil straffeforfølge Netanyahu

I ei videoutsegn posta på meldingstenesta X, oppmodar Spanias sosialminister Ione Belarra den spanske regjeringa til å ta initiativ til å be Den internasjonale straffedomstolen, ICC, om å etterforske Israels statsminister Benjamin Netanyahu for Krigsbrotsverk. – Vi ber vår partnar om at vi som Spanias regjering bringar Netanyahu for ICC for Krigsbrotsverk. Ho meiner domstolen må undersøke om Netanyahu er i ferd med å gjennomføre eit planlagt folkemord på Gazastripa som gjengjelding for Hamas angrep på Israel 7.

NRK - 23 nov 23 kl. 08:29

Demonstrantar blokkerer inngangen til Noregs Bank

Ei gruppe Palestina-demonstrantar blokkerer inngangen til Noregs Bank torsdag morgon. Dei meiner Oljefondets investeringar i våpenindustri gjer at Noreg tener pengar på Krigsbrotsverk i Gaza..

NRK - 10 sep 23 kl. 09:05

Lula: Putin vil ikkje bli gripen i Brasil

Brasils president Lula da Silva lovar at Vladimir Putin ikkje blir gripen dersom han vil delta på G20-toppmøtet i Brasil neste år, melder AFP. Putin deltek ikkje på toppmøtet i India denne helga. Noko av grunnen skal vere at han er ettersøkt for Krigsbrotsverk av Den internasjonale straffedomstolen..

NRK - 06 jun 23 kl. 22:38

Russland: – Krigsbrotsverk og ekstremt farleg

No er det hastemøte i FNs tryggingsråd for å diskutera den alvorlege situasjonen etter demningskollapsen..

NRK - 05 maj 23 kl. 10:19

Al Qaida-medlem gripen i Belgia

Belgisk politi har gripe ein irakar som har vore busett i Belgia sidan 2015, og som er mistenkt for fleire bombeangrep i Bagdad i 2009 og 2010. Minst 376 personar blei drepne og over 2300 såra i angrepa. Mannen blei gripen 3.

NRK - 23 mar 23 kl. 13:12

Ungarn avviser at dei vil gripe Putin

Ungarn kjem ikkje til å gripe Russlands president Vladimir Putin dersom han skulle reise til landet. Det seier Gergely Gulyas, som er stabssjef for den ungarske statsministeren Viktor Orban, ifølge Reuters. Ungarn har underskrive og ratifisert Roma-vedtektene som Den internasjonale straffedomstolen, ICC, bygger på.

NRK - 04 apr 22 kl. 16:49

Biden vil at Putin blir stilt for retten for Krigsbrotsverk

USAs president Joe Biden seier at Russlands president Vladimir Putin bør stillast for retten for Krigsbrotsverk etter funn av døde sivile i Ukraina. Biden seier òg at han ønskjer at fleire sanksjonar blir retta mot Russland etter dei grufulle funna som vart gjorde i Butsja utanfor Kyiv i helga. Etter at russiske styrkar trekte seg ut av byen vart det funne mange døde personar med sivile klede.

NRK - 18 mar 22 kl. 17:23

FN skuldar regjeringsmedlemmer i Sør-Sudan for Krigsbrotsverk

Regjeringsmedlemmer i Sør-Sudan har gjort seg skuldig i grove brot på menneskerettane som svarer til Krigsbrotsverk, ifølgje FN. FNs kontor i Sør-Sudan ber at ei rekkje regjeringsmedlemmer skal bli etterforska og viser til ein fersk rapport frå FNs menneskerettskommisjon i Sør-Sudan (UNMISS). Rapporten konkluderer med at «det er rimeleg grunn til å tru at medlemmer av Sør-Sudans regjering har delteke i handlingar … som svarer til Krigsbrotsverk.

NRK - 17 maj 22 kl. 15:59

ICC sender rekordmange etterforskarar til Ukraina

Den internasjonale straffedomstolen ICC har sendt ei rekordstor gruppe etterforskarar til Ukraina for å granske påståtte russiske Krigsbrotsverk. Gruppa inkluderer etterforskarar, rettsmedisinarar og støttepersonell og er den største gruppa ICC nokosinne har sendt nokon stad, seier sjefsetterforskar Karim Khan. Etterforskarane skal samarbeide med ukrainske styresmakter for å samle bevis og relevante vitneprov og for å verne bevis som blir samla inn, seier Khan.

NRK - 29 jul 22 kl. 12:10

Ukraina nektar for fengsel-angrep

Ukraina nektar for å ha bomba eit fengsel som husa ukrainske krigsfangar frå Mariupol. Det skriv Reuters. Ein russisk separatistleiar hevda tidlegare i dag at 40 krigsfangar blei drepne og 130 såra i angrepet mot fengselet i byen Jelenovka i Ukraina.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com