Kommunane

Wednesday, 23 September, 00:48

Nyheter om Kommunane

NRK - 03 jun 26 kl. 07:52

Kommunane oppfyller ikkje lovpålagde krav til sikkerheit

Ingen av Kommunane i Noreg innfrir dei lovpålagde krava for sikkerheit og beredskap i teknisk sektor, ifølge rapporten «Mot værhard virkelighet», som analyseselskapet Menon Economics har laga på oppdrag for Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon (Nito). Rapporten kartlegg sikkerheita og beredskapen i Kommunane, med særleg søkelys på klimaendringar. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) skal vere til stades når rapporten blir presentert onsdag.

NRK - 13 sep 26 kl. 08:04

No har vallokala i Sverige opna

Klokka 8 opna vallokala i Sverige. Dei vert opne fram til klokka 20 sundag kveld. Det er knytt stor spenning til utfallet av valet, som etter dei siste meiningsmålingane ser ut til å verta ein politisk thriller.

NRK - 30 aug 26 kl. 16:57

Kongeskipet er på veg inn i Oslofjorden

Kongeskipet er på veg inn i Oslofjorden. Skipet skulle eigenleg ha frakta kongeparet til Trøndelag denne veka. Der skulle dei mellom anna besøke Rindal og Høylandet, som var to av dei fire Kommunane kong Harald ikkje har besøkt offisielt..

NRK - 25 aug 26 kl. 08:55

Konkurransetilsynet meiner KLP svekkar konkurransen

Konkurransetilsynet meiner KLP har misbrukt si dominerande stilling i marknaden for offentleg tenestepensjon. – Vi meiner KLP har skada konkurransen gjennom aktiv og målretta påverking av kommunar for å få dei til å avstå frå å setje offentleg tenestepensjon ut på anbod. Dette kan ha ført til høgare kostnader og dårlegare kvalitet på tenestene for Kommunane seier konkurransedirektør Mads Magnussen i ei pressemelding.

NRK - 05 maj 26 kl. 13:09

Riksrevisjonen: Overbelastar sjukehusa

Mange pasientar som kunne vore behandla i Kommunane blir i staden behandla i sjukehusa. – Dersom bruken av sjukehusa held fram som i dag, truar det berekrafta til spesialhelsetenesta, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding. Riksrevisjonen la tysdag fram ei ny undersøking om korleis helsetenestene samarbeider i behandlinga av eldre.

NRK - 10 jun 26 kl. 15:32

Kommunane beheld retten til å seie nei til vindkraft

Eit klart fleirtal på Stortinget stemde onsdag ned forslaget om å tvinga kommunar til å greia ut vindkraftsaker før dei kan seia nei. Dette etter forslag frå MDG og Venstre, som ønskte at kommunar skulle få plikt til å greie ut vindkraftsaker før dei kunne seie nei. – Eg har blitt ytterlegare overtydd om at det vi treng meir av i vindkraftsaker, det er utgreiingar og diskusjonar, og ikkje mindre, sa MDGs Frøya Skjold Sjursæther i Stortinget tysdag, da saka blei behandla.

NRK - 31 maj 26 kl. 21:36

Ålesund kommune går til rettssak mot staten

Ålesund kommune har stemna Helse- og omsorgsdepartementet for retten for å få oppheva vedtaket om betaling for ein sterkt pleietrengande mann. Mannen kom flyttande frå ein nabokommune, og i ettertid har dei to Kommunane krangla om kven som skal betale. Ingen har så langt ville ta rekninga på rundt ein million i månaden for å gje han eit tilbod.

NRK - 19 mar 26 kl. 10:14

Kraftig nedgang i nybustadsalet

Salet av nye bustader er 21 prosent lågare enn i februar 2025. Igangsettinga er 38 prosent lågare. – Situasjonen er alvorleg, og mangelen på politisk handlekraft gjer krisa djupare for kvar månad som går, seier administrerande direktør Lars Jacob Him i Boligprodusentenes Forening til NTB.

NRK - 01 mar 26 kl. 17:03

Tre personar i frontkollisjon i Nordfjord

Tre personar var like før klokka 16 innblanda i ei front-mot-front ulykke på fylkesveg 61 Vanylvsvegen like ved Juvatnet på grensa mellom Kommunane Stad og Vanylven. Dei tre vart tilsett av ambulanse på staden og deretter køyrde til legevakt med ukjend skadeomfang. Derimot var det store materielle skader.

NRK - 13 feb 26 kl. 11:50

Regjeringa kunngjorde vern av fire nye område

Vedtaket inneber at totalt 389 kvadratkilometer sjøareal får status som marine verneområde. Dei nye verneområda er Ytre Hardangerfjorden, Dalsfjorden, Krossfjorden og Kråkvåg og Bjugnfjorden. Vedtaket har mottatt sterke reaksjonar frå lokalpolitikarar i Kommunane med dei nye verneområda.

NRK - 09 jan 26 kl. 09:42

Vil avvikle kompetansekrav i helse- og omsorg

Alle Kommunane i Noreg har i dag krav om å ha ulike profesjonar, som blant anna psykologar, for å oppfylle det overordna ansvaret for helse- og omsorgstenester. Eit fleirtal i Kommunekommisjonen – som fredag legg fram den første av to rapportar – foreslår å avvikle dette profesjonskravet, som ein måte å lette presset på fleire økonomisk tynga kommunar. Som NRK kunne erfarer fredag morgon, blir det no stadfesta at eit fleirtal i kommisjonen også ønskjer å avvikle lærarnorma..

NRK - 07 jan 26 kl. 13:17

24 000 vil slette studiegjeld

Statens lånekasse har opplevd stor pågang etter at det ved nyttår vart opna for å få sletta inntil 25 000 kroner av studiegjelda for usentrale kommunar. Til no har 24 000 søkt om å få sletta studiegjeld. Det er nær halvparten av alle som ein reknar med fell under ordninga.

NRK - 05 jan 26 kl. 07:10

Utdanningsgjeld kan bli sletta i 189 kommunar

Frå januar 2026 vil personar busett i dei 189 minst sentrale Kommunane kunne får sletta 25.000 kroner utdanningsgjeld årleg, opplyser regjeringa i ei pressemelding. I tillegg til dette blir beløpet til personar med studielån i innsatssona Finnmark og Nord-Troms dobla.

NRK - 17 dec 25 kl. 07:55

Nytt kart skal stimulere til meir «gjerrig arealpolitikk»

På instruks frå Stortinget har Miljødirektoratet laga eit kart over alle grå areal i Noreg. Målet er å identifisere og utnytte slike areal betre når Kommunane vedtar nye byggeplanar. – Dette kan gjere det enklare å rette framtidige byggeprosjekt til stader der naturen allereie er tapt, seier direktør i Miljødirektoratet Hilde Singsaas..

NRK - 05 dec 25 kl. 07:58

Frp kritiserer statsbudsjettet for 2026

Frp sin finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi møtte Arbeidarpartiet sin parlamentariske leiar Tonje Brenna i Politisk kvarter. – Det er bra at landet får eit statsbudsjett for neste år. Det som er vår hovudkritikk er manglande prioriteringar, seier Limi.

NRK - 04 nov 25 kl. 13:56

Har retta feil som råka Telia-kundar i Møre og Romsdal

Feilen som førte til problem for Telia-kundar i delar av Møre og Romsdal er no retta. Det opplyser Daniel Barhom, informasjonssjef i Telia Norge. – Årsaka var ein større transmisjonsfeil.

NRK - 04 nov 25 kl. 10:48

Problem for Telia-kundar i Møre og Romsdal

Fleire Telia-kundar i Møre og Romsdal er råka av eit utfall og forstyrringar i 4G- og 5G-dekninga. Telia opplyser at dei har ein feil som påverkar tenestene deira og at dei jobbar med å rette denne. Politiet opplyser at det særleg er Kommunane Ørsta, Sula, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Sykkylven og Volda som er råka.

NRK - 24 okt 25 kl. 08:38

Oransje farevarsel i påvente av store nedbørsmengder

Det er venta store nedbørsmengder i store delar av Austlandet. Det er sendt ut gult farevarsel for regn, flaum, jord og skredfare i Oslo, Vestfold og Telemark, Buskerud, og Innlandet. Det er venta at sørlege delar av Oppland kan bli hardt råka.

NRK - 21 jun 25 kl. 09:50

Færre flyktningar i 2025

Ny prognose viser at det er venta at 12.600 flyktningar vil ha behov for å bli busette i ein kommune, mot 18.900 flyktningar som Kommunane først blei bedne om.

NRK - 15 okt 25 kl. 12:29

Kuttar stønad til åleineforeldre

Regjeringa vil starte å avvikle økonomisk stønad til einslege forsørgarar frå og med sommaren 2026. Ein reknar med å spare i underkant av 100 millionar kroner på dette neste år, og heile 1,3 milliardar kroner i 2029. Forslaget blir sendt på høyring i haust, skriv arbeids- og inkluderingsdepartementet i budsjettframlegget sitt.

NRK - 04 okt 25 kl. 10:29

Beredskapsministeren: Viser kor alvorleg eit ekstremvêr er

Vinden og nedbøren som har kome med stormen «Amy» har gjort store materielle skadar. Forsikringsselskapa har så langt fått inn minst 140 meldingar om skadar som følge av uveret, men det er venta at dette vil stige. Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen seier ho har hatt fått tilbakemeldingar frå Kommunane om skadar og korleis uveret har blitt møtt.

NRK - 03 okt 25 kl. 09:52

Ukraina: Nye russiske angrep mot energianlegg

Russland har natt til fredag gjennomført nye angrep mot ukrainske kraftanlegg, ifølge Ukrainas energidepartement, melder Reuters. Dei russiske angrepa var ratta mot anlegg i Kharkiv og Poltava aust i landet, opplyser departementet. Ukrainas viktigaste gassanlegg ligg i desse Kommunane.

NRK - 23 jun 25 kl. 11:43

Gran kommune kan forlate Innlandet fylke

Regjeringa godkjenner at Gran kommune kan flytte fra Innlandet fylke til Akershus. – Eg meiner at det har flest fordelar for Gran og deira innbyggjarar at Hadelands-Kommunane samlast i eitt fylke, og ønsker at Gran blir ein del av Akershus. Det seier kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng.

NRK - 15 apr 25 kl. 14:18

Regjeringa gir pengar til meir praktisk skule

306 kommunar får tilskot som er øyremerka utstyr som skal gjere skulen meir praktisk og variert, melder regjeringa i ei pressemelding. Kommunane skal dele ein pott på 160 millionar kroner, som blir fordelt på Kommunane som har søkt, basert på elevtal. Pengane kan bli brukt på utstyrspakkar, inventar og apparat til spesialrom som laboratorium, skulekjøkken og musikkrom..

NRK - 03 apr 25 kl. 10:00

Ungdomskriminaliteten har auka i Sør-Vest politidistrikt

Ungdomskriminaliteten har gått opp i Sør-Vest politidistrikt frå 2016 til 2024, ifølge ein rapport frå politidistriktet. – Rapporten forsterkar det vi veit. Eit heilt samfunn skal til for å snu utviklinga, sa visepolitimester Gøril Våland da rapporten blei presentert på ein pressekonferanse klokka 10.

NRK - 08 mar 25 kl. 11:32

Venstre vil nekte bosetting i utsette område

Nestleiar Abid Raja har fått med seg Venstre-landsmøtet på nye tonar i integreringspolitikken. Venstre ønskjer ikkje at skular skal ha eit overveldande fleirtal med elevar som ikkje har norsk som morsmål, og vil skru busettingspolitikken deretter. Difor går dei no til val på å ikkje busette flyktningar i levekårsutsette område, eller i bydelar og område i kommunar som har ein høg andel folk som ikkje har norsk som morsmål.

NRK - 08 mar 25 kl. 11:32

Venstre vil nekte busetjing i utsette område

Nestleiar Abid Raja har fått med seg Venstre-landsmøtet på nye tonar i integreringspolitikken. Venstre ønskjer ikkje at skular skal ha eit overveldande fleirtal med elevar som ikkje har norsk som morsmål, og vil skru busettingspolitikken deretter. Difor går dei no til val på å ikkje busette flyktningar i levekårsutsette område, eller i bydelar og område i kommunar som har ein høg andel folk som ikkje har norsk som morsmål.

NRK - 22 jan 25 kl. 07:41

Norske kommunar vil stoppe vindkraft i Sverige

Kommunane Eidskog, Kongsvinger og Aurskog-Høland vil stoppe vindkraftutbygging i Sverige, skriv Dagens Næringsliv. – Eg forstår at dei treng meir kraft på svensk side, men dei bør sjå på konsekvensane for naboar. For oss er det berre ulemper, ingen fordelar, seier Eidskog-ordførar Kamilla Thue til avisa.

NRK - 19 dec 24 kl. 12:46

Får 75 millionar etter uvêret «Jakob»

Vestland fylkeskommune får 75 millionar kroner for å dekke utgiftene etter uvêret «Jakob» i haust. – Dette uvêret råka ikkje berre folk og eigedommar, men også kommunar og fylkeskommunar. Då har det vore viktig for Senterpartiet og Arbeidarpartiet at Kommunane ikkje skal stå i det åleine, seier Erling Sande, kommunal- og distriktsminister (Sp).

NRK - 29 okt 24 kl. 11:52

Vil legge ned Bjoa og Imsland skule

Kommunedirektøren i Vindafjord kommune føreslår i neste års budsjettforslag for å leggja ned Bjoa og Imsland skule frå neste år av. Det kjem fram i kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2025–28 Kommunedirektøren fortel at Vindafjord har hatt gode skatteinntekter. Samtidig har dyrtid i samfunnet som har medført auke i sosialhjelpskostnadar.

VG - 25 okt 24 kl. 10:25

Køyrer plan B: - Folk er forbanna no

Hanna Skjåkødegård kjempa for å redde vgs i Lom. Etter nedlegginga er ho i gang med å lage privatskule saman med Kommunane og kommunelegen (!)..

NRK - 22 okt 24 kl. 11:10

Trekker seg frå styret i banken

Iselin Vistekleiven frå Vågå har trekt seg frå styret i Sparebank 1 i Lom og Skjåk, det skriv banken i ei børsmelding. Den tidlegare ordføraren i Vågå, sit på fylkestinget for Ap i Innlandet. – Med bakgrunn i den pågåande skulesaka i Innlandet fylkeskommune, knytt til framtidig skule- og tilbodsstruktur, har eg som fylkespolitikar motteke tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga i dei råka Kommunane i Ottadalen som gjeld mitt styreverv i Sparebank 1 Lom og Skjåk.

NRK - 09 okt 24 kl. 09:17

Kallar inn til krisemøte

Kommunalminister Erling Sande (Sp) kallar inn KS til krisemøte om kommuneøkonomien kommande fredag. Det melder TV 2. Regjeringa vil gi Kommunane 6,8 milliardar kroner meir i frie midlar på neste års statsbudsjett.

NRK - 09 sep 24 kl. 15:43

NVE orienterte energiministeren om flaumfaren

Energiminister Terje Aasland (Ap) fekk måndag ettermiddag orientering frå NVE om flaumfaren i Innlandet og sørlege delar av Trøndelag. NVE har sendt ut eit oransje farevarsel for flaum og jordskred i desse områda. Aasland seier det er viktig at Kommunane i dei utsette områda no set beredskapen i høgsetet for å hindre større skadar.

NRK - 05 jun 24 kl. 08:27

Gir 30 millionar til skulebibliotek

Regjeringa vil styrka skulebiblioteka, og gir derfor 36 kommunar tilsaman 30 millionar kroner. Pengane skal bli brukt til å bemanna biblioteka på skulane i Kommunane. – Regjeringa er i gong med eit kraftig leseløft.

NRK - 13 maj 24 kl. 09:24

Gamle kyrkjer får 100 millionar kroner

Regjeringa vil sette av 100 millionar kroner til å bevara verdifulle, gamle kyrkjer. Det seier barne- og familieminister Kjersti Toppe til avisa Vårt Land. Pengane kjem i regjeringa sitt reviderte statsbudsjett, som blir lagt fram fredag denne veka.

NRK - 24 apr 24 kl. 13:09

Betalar ut 1,3 milliardar i utbyte

Resultatet for Eviny i fjor vart 3,8 milliardar kroner. Ein auke på 2,4 milliardar frå 2022. – Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store samfunnsoppdraget vi har framfor oss.

NRK - 13 dec 23 kl. 10:05

Mindre utslepp i mange kommunar

68 prosent av Kommunane hadde lågare utslepp av klimagassar i 2022 enn i 2009. I halvparten av Kommunane er utsleppet redusert frå 2021 til 2022. – Kommunane har ei viktig rolle for å kutta utslepp av klimagassar.

NRK - 03 okt 23 kl. 17:50

Stavanger kommune får bot etter tilsyn

Universell utforming-tilsynet gir fire kommunar vedtak om dagbot for feil i digitale læremiddel. Etter ein kontroll Uu-tilsynet gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på nettsidene til seks kommunar og i elleve digitale læremiddel som desse Kommunane brukar. Fire av Kommunane har no fått vedtak om tvangsmulkt for å ikkje ha retta alle feila innan fristen.

NRK - 23 feb 24 kl. 09:49

Buskerud, Østfold og Akershus held fram med berre éin statsforvaltar

Viken fylke er oppløyst, men dei tre fylka skal ha same statsforvaltar. – Vi ønsker at statsforvaltaren skal bruke meir av tida si ute i Kommunane, seier Karianne Oldernes Tung, digitalisering- og forvaltningsminister (Ap). No er det klart at statsforvaltaren, som er Stortinget si utsending til distrikta, skal ha ansvaret for alle fylka.

NRK - 05 feb 24 kl. 10:49

Regjeringa skal doble satsinga på bustadar i distrikta

Det skriv regjeringa sjølv i ei pressemelding. I 2023 innførte regjeringa ei tilskotsordning for bustadtiltak i distrikta. 40 søknadar fekk dei, og dei gav ut 8,5 millionar kroner til 14 av Kommunane.

NRK - 21 jan 24 kl. 11:05

Gult farevarsel for sørpeskred

Varsom.no har no sendt ut gult farevarsel for sørpeskred deler av Vestland og Møre og Romsdal. Søndag gjeld varselet for Hægebostad og Lyngdal, måndag vert varselet utvida til også å gjelde Kommunane Hjelmeland, Sandnes, Gjesdal, Kinn, Hustadvika og Gjemnes.

NRK - 12 jan 24 kl. 11:59

Raudt kallar inn klima- og miljøministeren

Raudt kallar inn klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til Stortinget for å svare for arealpolitikken etter NRKs saker om nedbygging av norsk natur. – Det er for enkelt å gi Kommunane skulda aleine for nedbygginga. Mange av dei tusenvis inngrepa skuldast statleg politikk, seier miljøpolitisk talsperson Sofie Marhaug til NRK..

NRK - 01 nov 23 kl. 08:29

Ny barnehagelov: Meir lokal makt og grenser for kommersielle

Regjeringa sender i dag ut forslag til ny barnehagelov på høyring. I framlegget blir det foreslått at Kommunane i større grad skal kunne bestemme korleis dei bereknar tilskot til private barnehagar. Kommunane får også høve til å lage lokale forskrifter om prioritering ved opptak av barn, bemanning, krav til kompetanse, minimum opningstid, og maksimalt nivå for foreldrebetaling og kostpengar.

NRK - 01 dec 23 kl. 16:53

Minst 182 pasientar berørt av ny feil i Helseplattformen

Det skriv Adresseavisen. St. Olavs hospital skal ha oppdaga feil i legemiddellistene, stadfestar sjukehusdirektør Grete Aasved overfor avisa fredag.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com