Innspelinga
Nyheter om Innspelinga
Innspelinga av «Emily in Paris» er set på pause etter dødsfall
Den populære Netflix-serien «Emily in Paris» har sett Innspelinga av sesong fem på pause, etter at regiassistent Diego Borella døydde under Innspelinga. Det melder den italienske avisa La Repubblica. 47 år gamle Borella fekk eit anfall torsdag kveld, truleg eit hjarteinfarkt.
Operaen vann pris for operaalbum
Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske Innspelingar. – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding. Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk..
Går saman om rockeserie
Kjartan Lauritzen og Tarjei Strøm går no saman med Jackass-stjerna Chris Pontius om å produsere ein TV-serie om Noreg si rike rock- og metalhistorie. Saman skal dei dykke ned i miljøa, møte sentrale personar og få høyre historier knytt til den viktigaste musikkeksporten frå Noreg. Innspelinga starta i Hollywood, og held fram i Noreg i juni.
Asap Rocky er filmaktuell
Asap Rocky er premiereklar i Spike Lee sin nyaste film, «Highest 2 Lowest» Han såg på Innspelinga som ei flukt frå rettssaka – der han risikerte 25 års fengsel. – Å spele skodespel var mi einaste flukt. Det er derfor eg gjer det, seier Asap Rocky til Variety.
Mímir Kristjánsson med i realityserie
Mímir Kristjánsson frå Stavanger er éin av 24 deltakarar som skal kjempe om å bli årets julestjerne i realityserien «24-stjerners julekalender». Det kjem fram i ein pressemelding frå NRK. – Dette er noko av det villaste, raraste og gøyaste eg har vore med på av juleforberedelsar.
Alec Baldwins «Rust» får premiere i Polen
Filmen «»Rust» med Alec Baldwin skal bli vist på ein filmfestival i Polen i november, melder nettstaden Deadline. Under Innspelinga skaut Baldwin ein filmfotograf med eit våpen han ikkje trudde var ekte. Den 42 år gamle kvinna døydde av skadene.
«Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera
Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R.
Spelar inn ny «Spinal Tap»
Oppfølgaren til den ikoniske komedien «This Is Spinal Tap» skal starte Innspelinga i februar 2024. Det blir no stadfesta av regissør Rob Reiner. Christopher Guest, Michael McKean og Harry Shearer skal inn igjen i rollene dei hadde i den første filmen frå 1984.
Deadline: Droppar siktinga mot Alec Baldwin
Statsadvokaten New Mexico droppar siktinga mot skodespelaren Alec Baldwin for aktlaust drap, melder Deadline. I oktober 2021, under Innspelinga av westernfilmen «Rust», fyrte Baldwin av ein rekvisittrevolver som viste seg å vere ladd med ekte kuler. Filmfotografen Halyna Hutchins blei treft av skotet, og døydde.
Baldwin vil ikkje fortsette filming
Innspelinga av westernfilmen «Rust» der ein fotograf vart drepen, blir ikkje tatt opp igjen. Det seier hovudrolleinnehavar og produsent Alec Baldwin til nettstaden TMZ. Baldwin seier og at det må bli endringar i måten våpen blir brukte på i filmar..
Vil ikkje bruke ekte våpen
Produsenten for dramaserien «The Rookie», som går på TV 2, seier at dei ikkje vil bruke ekte våpen på sett, skriv Associated Press. Det vart bestemt etter at filmfotografen Halyna Hutchins vart skoten og døde på Innspelinga av filmen «Rust». – Kvar ein risiko, er ein for stor risko, sa produsent Alexi Hawley.
Ny musikk frå A-ha
Sju år etter førre album kjem A-ha med ny musikk neste år, melder VG. Det skjer i forbindelse med musikkfilmen «True North», som blir ein livekonsert laga for film. Innspelinga skjer i Bodø i november, men musikken og filmen kjem først i neste år..
Tom Cruise kjem truleg til Sogn
Innspelinga av den åttende «Misson Impossible»-filmen startar i september. Innspelingsstaden er ikkje endeleg avgjort. Det står mellom tre kommunar i Vestland fylke.
Klar med ny sesong av «Riket»
Den danske TV-serien «Riket» får ein tredje og siste sesong. Regissør Lars Von Trier startar Innspelinga neste år, og blir vist på strøymetenesta Viaplay i 2022, melder Rushprint. Dei to første sesongane kom på 1990-talet, og fekk kultstatus..
Koronasmitte på MS Finnmarken
Ein person på hotellskipet til Hurtigruta, MS Finnmarken, har testa positivt for koronavirus. Det melder VG. MS Finnmarken blir leigt ut og brukt som hotellskip i samband med «Mission Impossible»-Innspelinga..
Leigd ut skip til Cruise-innspeling
Hurtigruten bekreftar til VG at dei har leigd ut to av skipa sine, MS Vesterålen og MS Fridtjof Nansen, til selskapet Truenorth. Selskapet jobbar for tida med Innspelinga av den sjuande «Mission Impossible»-filmen med skodespelaren Tom Cruise..
«Sopranos» blir film
Innspelinga av «The Many Saints of Newark» startar i april, opplyste opphavsmannen David Chase under markeringa av 20-årsjubileet for TV-serien «Sopranos». To av dei mest kjende skodespelarane dukka opp, Michael Imperioli og Tony Sirico..
Hennie skadd i Kongo-filminnspeling
Skodespelar Aksel Hennie vart skadd under Innspelinga av filmen om Joshua French og Tjostolv Moland, der han spelar Joshua French. Ulukka vart heldt hemmeleg av omsyn til UD sin plan om å få sett fri Joshua French..
Oftebro fekk brannskadar i andletet
Skodespelar Jakob Oftebro fekk brannskadar i andletet då han fekk alvorlege brannskadar i Stockholm sist helg, melder VG. Det skjedde i samband med Innspelinga av ei scene av TV-serien «Hamilton» der demonstrantar kasta brannbomber..
Nye skuldingar mot Dustin Hoffman
Skodespelarinna Kathryn Rossetter seier Dustin Hoffman trakasserte ho seksuelt mange gonger under Innspelinga av ein film i 1985. I november gjekk skodespelarinna Anna Graham Hunter ut mot Hoffman for liknande handlingar då ho var 17 år..
Depp skryt av norske regissørar
Johnny Depp seier at han diggar humoren til dei to norske regiøssørane Espen Sandberg og Joachim Rønning. Det seier hollywood-stjerna i eit intervju i samband med den neste Pirates of the Caribbean som dei to nordmennene skal regissere. Depp seier den neste Pirates filmen truleg blir den siste i serien om kaptein Jack Sparrow.
Les mer
Taggar
Personer
Abonner på nyheter (RSS)
Følj søkningen via rss
Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.
