Innan

Saturday, 19 September, 14:16

Nyheter om Innan

NRK - 03 sep 26 kl. 09:42

Danmark: Russland rekrutterer danskar til sabotasjeaksjonar

Politiets Efterretningstjeneste (PET) i Danmark seier dei har avslørt russiske planar for sabotasjeaksjonar mot Danmark, melder dansk TV 2. Ifølge PET er verksemder Innan forsvarsindustrien som har ein forbindelse til Ukraina, særleg utsette som mål. Dei seier dei har følgd aktivitetane til russisk etterretning i Danmark tett over lengre tid..

NRK - 29 aug 26 kl. 16:25

Motorsyklist omkom i ulukke

Politiet stadfestar no at ein motorsyklist omkom i trafikkulukka ved Ulevå Bru på fylkesveg 134 Haukeli. Ulukkesgruppa jobbar framleis på staden. Ifølgje politiet håpar dei å få opna vegen Innan klokka 17..

NRK - 14 aug 26 kl. 14:00

Zambia: Full stans i oppteljing av stemmer

På grunn av fleire tilfelle av vald mot valpersonell, samt rapportar om at valsetlar er blitt stelt, har Zambias valkommisjon bestemt at oppteljinga av stemmer vil bli utsett med minst 24 timar. Zambia gjennomførte i går eit presidentval, og eit resultat har vore venta Innan natt til måndag. Det har vore fleire rapportar om mogleg valpåverknad, mellom anna er minst fire personar arresterte og mistenkte for å stå bak dataangrep mot landets valsystem.

NRK - 23 jul 26 kl. 11:03

Rekordmange får studieplass

Det har aldri vore fleire tilgjengeleg, og aldri har fleire fått tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. 117.099 søkarar har fått tilbod om plass.

NRK - 18 jul 26 kl. 08:10

Samordna opptak: No har alle fått svar

No har 150 000 søkjarar har fått svar på søknaden til høgare utdanning gjennom Samordna opptak. Det skriv Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).i ei pressemelding.

NRK - 26 maj 26 kl. 10:43

Kygo satsar på luksuseigedom i Miami

Den norske verdsstjerna Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjend som Kygo, utvidar merkevara si til eigedomsmarknaden. Gjennom selskapet sitt, Palm Tree Crew, lanserer han no luksusprosjektet «Palm Tree Residences Miami» i USA. Prosjektet blir gjort i samarbeid med fleire store amerikanske eigedomsutviklarar.

NRK - 12 jun 26 kl. 11:58

Kunstnaren David Hockney er død

Den britiske kunstnaren David Hockney er død 88 år gammal, opplyser agenten hans, Erica Bolton, ifølge AFP. Hockney blir rekna som ein av dei mest innflytelsesrike og toneangivande kunstnarane Innan samtidskunsten. Bolten seier Hockney sovna fredfullt inn heime i London, ein månad før han skulle ha fylt 89 år..

NRK - 06 jun 26 kl. 15:05

89 i livbåtar etter hending på plattform

Alle dei 89 om bord plattforma «Edvard Grieg» blei sende i livbåtane laurdag føremiddag, opplyser Aker BP til BT. Årsaka var at ein røykdetektor slo ut etter at eit kort i eit kontrollsystem feila, seier pressetalsperson Ole Johan Faret. Redningshelikopter og skip blei mobiliserte, og sprinklaranlegget blei løyst ut.

NRK - 19 mar 26 kl. 11:53

Trekker milliardstøtte frå havvindprosjekt

Enova trekker tilbake 2 milliardar kroner til dei gav til havvindprosjektet Goliatvind ved Hammerfest i 2024, skriv Goliatvind i ei pressemelding. Grunnen til at tildelinga blir trekt tilbake, er at prosjektet ikkje blei ferdig Innan fristen. Vilkåret for tildelinga var at anlegget skulle vere i drift Innan fem år.

NRK - 05 maj 26 kl. 12:02

Mekling i varehandelen

Meklinga mellom Handel og Kontor og Virke starta tysdag. Dersom partane ikkje blir einige Innan midnatt, kjem 926 medlemmar i 40 verksemder gå til streik onsdag morgon. Tilsette i taxfreebutikkar på flyplassane i Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim er blant dei som kan bli tekne ut i streik.

NRK - 11 mar 26 kl. 20:03

Elkem skal kutte 300 årsverk

Elkem skal gjere større innsparingar og vil kutte 300 årsverk Innan utgangen av 2026. Det kjem fram i ei børsmelding frå Elkem i dag, som Dagens Næringsliv har omtalt. Bakgrunnen for kutta er krevjande marknadsforhold, låge prisar og lite etterspurnad.

NRK - 10 feb 26 kl. 08:40

Lågare etterspurnad etter arbeidskraft

I fjerde kvartal 2025 var det 85.000 ledige stillingar i Noreg. Sesongjusterte tal viser at det er ein nedgang på 5,1 prosent frå førre kvartal, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

NRK - 04 feb 26 kl. 10:53

Go-Ahead: Full drift på Sørlandsbanen tidlegast i veke 10

Go-Ahead estimerer at dei tidlegast kan køyre alle avgangar på Sørlandsbanen i veke 10. – Fordi dette er avhengig av at delar kjem til verkstaden vår Innan estimert tid, og reparasjonar kan gjennomførast etter plan, er dette førebels berre eit estimat, opplyser Go-Ahead. Gamle togsett og stort vedlikehaldsetterslep har ført til fleire innstillingar på Sørlandsbanen.

NRK - 11 dec 25 kl. 18:24

Vil ha hjarteinfarkt-behandling i Ålesund

Eit einstemmig fylkesting vedtok å støtte etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus. PCI skal vere den mest effektive behandlinga ved hjarteinfarkt, der den tette blodåra i hjartet blir opna mekanisk. Metoden skal redusere risiko for død, hjartesvikt og nye infarkt.

NRK - 26 jan 26 kl. 15:07

Trump: Sender «grense-tsar» til Minnesota

USAs president Donald Trump skriv på Truth Social at han skal sende Tom Homan til Minnesota. I innlegget omtalar Trump Homan som «tøff, men rettferdig» og skriv «at han ikkje har vore involvert i dette området tidlegare, men kjenner og likar mange av folka der og vil rapportere direkte til meg». Homan har tidlegare vore direktør for immigrasjonsmyndigheitene (Immigration and Customs Enforcement – ICE), og hadde ein sentral rolle i den fyrste presidentperioden til Trump, ifølge AP.

NRK - 07 jan 26 kl. 13:17

24 000 vil slette studiegjeld

Statens lånekasse har opplevd stor pågang etter at det ved nyttår vart opna for å få sletta inntil 25 000 kroner av studiegjelda for usentrale kommunar. Til no har 24 000 søkt om å få sletta studiegjeld. Det er nær halvparten av alle som ein reknar med fell under ordninga.

NRK - 31 dec 25 kl. 12:48

Israel: Forbod mot hjelpeorganisasjonar vil ramme 37 aktørar i Gaza

Israel seier at forbode mot humanitære organisasjonar som arbeider i Gaza vil ramme totalt 37 organisasjonar, melder AFP. Tidlegare har dei sagt at forbodet ville gjelde rundt 25 organisasjonar. Blant organisasjonane som vil bli nekta høve er Leger Uten Grenser, FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (Unrwa) og Care.

NRK - 15 dec 25 kl. 10:04

Regjeringas plan for Noreg dei neste åra

Måndag legg statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fram planen for perioden 2025–2029. Ny skattekommisjon, bygging av 130.000 nye bustader dei komande åra og strengare innvandringspolitikk er noko av det som ligg i regjeringa sin «Plan for Noreg».

NRK - 29 nov 25 kl. 08:52

Budsjettforhandlingane held fram

Forhandlingane om neste års statsbudsjett held fram i dag, får VG stadfesta. Arbeidarpartiet forhandlar med Senterpartiet, SV, Miljøpartiet dei Grøne og Raudt. Fristen for å bli samde er Innan måndag.

NRK - 29 nov 25 kl. 08:52

Budsjettforhandlingane held fram utan MDG

Forhandlingane om neste års statsbudsjett held fram i dag, får VG stadfesta. Arbeidarpartiet forhandlar med Senterpartiet, SV, Miljøpartiet dei Grøne og Raudt. Fristen for å bli samde er Innan måndag.

NRK - 18 nov 25 kl. 08:50

Clas Ohlson kjøper Teknikmagasinet

Clas Ohlson kjøper 70 prosent av Teknikmagasinet og Reservdelaronline sitt eigarselskap Phonelife, melder Aftonbladet. Innan tre år skal Clas Ohlson kjøpe opp dei resterande aksjane. – Begge selskapa har vist sterk og lønnsam vekst.

NRK - 12 nov 25 kl. 12:51

Første vinnar av Ibelinprisen er kåra

Robin Garberg Hagen (17) frå Røros er den første vinnaren av den nyoppretta Ibelinprisen, melder NTB. Hagen er kåra til årets rollemodell Innan gamerverda. – Robin har ei superkraft: Han gjer det meste ut av det livet han har.

NRK - 09 nov 25 kl. 13:36

Alvorleg vassmangel i Iran

Iran står midt i ei kraftig tørke, og fleire provinsar har ikkje fått ein drope regn på månader. I landets nest største by Mashhad har vassnivået i dammane falle til under 3 prosent, melder iranske medium. – Vasslagringa i Mashhad sine dammar har no falle til under 3 prosent, seier Hossein Esmaeilian, administrerande direktør for vassverket i byen, til nyheitsbyrået ISNA.

NRK - 05 nov 25 kl. 09:32

EU-landa er einige om klimamål for 2040

Dei 27 medlemslanda i EU er einige om å kutte klimautsleppa med 90 prosent Innan 2040, samanlikna med nivået i 1990. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Miljøministrane frå kvart EU-land har forhandla intenst i Brussel for å kome fram til ein avtale..

NRK - 01 nov 25 kl. 09:13

Vegen over Sognefjellet stengd

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengd på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen. Dei skal ta ein ny vurdering Innan søndag klokka 12..

NRK - 23 okt 25 kl. 09:38

Nordisk dronesamarbeid

Noreg, Finland, Sverige og Danmark førebur eit samarbeid om å tileigne seg dronar og relatert teknologi. Avtalen blei underteikna i Helsinki onsdag, opplyser regjeringa i ei pressemelding. – Dronar har blitt ein avgjerande faktor i moderne krigføring.

NRK - 22 okt 25 kl. 13:10

Nordiske land førebur dronesamarbeid

Noreg, Finland, Sverige og Danmark førebur eit samarbeid om å tileigne seg dronar, opplyser finske myndigheiter i ei pressemelding. – Vi gjer det lettare å operere saman i Norden ved å styrke samarbeidet Innan ubemanna luftfartøysystem. Samtidig styrker vi det nordiske samarbeidet om støtte til Ukraina, seier Finland sin forsvarsminister Antti Häkkänen.

NRK - 21 okt 25 kl. 10:05

Skodespelar Jan Frostad er død

Skodespelar Jan Frostad frå Bergen er død. Frostad døydde i Trondheim 20. oktober etter å ha vore sjuk i kort tid.

NRK - 16 okt 25 kl. 09:53

Operaen vann pris for operaalbum

Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar. – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding. Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane Innan klassisk musikk..

NRK - 14 okt 25 kl. 07:41

Kina og Island vil styrke samarbeidet om grøn energi

Kina og Island vil styrke samarbeidet mellom myndigheiter og industri Innan grøn energi, melder Reuters. Begge partar vil jobbe for å redusere utslepp av klimagassar, skape grøne jobbar og forretningsmoglegheiter. Det kjem fram i eit offentleggjort dokument etter eit møte i Beijing mellom Kina sin president Xi Jinping og Island sin president Halla Tómasdóttir..

NRK - 11 okt 25 kl. 10:41

Nord-Korea og Vietnam einige om samarbeid

Nord-Korea og Vietnam har signert samarbeidsavtalar Innan forsvar, utanriks og helse, ifølgje det statlege nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA, melder Reuters. Detaljane i avtalane er ikkje offentleg kjent. Vietnam sin leiar for kommunistpartiet, To Lam, er på besøk i Pyongyang i Nord-Korea.

NRK - 10 okt 25 kl. 09:08

Mange i helsevesenet er deprimerte

Ein av tre legar og sjukepleiarar i Europa lir av depresjon eller angst. Det viser ei undersøking frå Verdas helseorganisasjon, WHO, melder nyheitsbyrået AFP. Dette er eit mykje høgare tal enn i befolkninga i Europa elles.

NRK - 07 okt 25 kl. 11:49

Nobelprisen i fysikk blir delt på tre forskarar

Amerikanarane John Clarke og John Martinis og franske Michel Devoret er tildelt Nobelprisen i fysikk for 2025. Dei får prisen for oppdagingar Innan makroskopisk kvantemekanikk og «energikvantifisering i ein elektrisk krets», opplyste komiteen på ein pressekonferanse tysdag. Kvantemekanikk er ein del av kvantefysikken, og handlar om oppbygginga og dynamikken til grunnleggande partiklar..

NRK - 06 okt 25 kl. 11:33

Nobelprisen i medisin til forskarar Innan immuntoleranse

Nobelprisen i medisin går til Mary Brunkow, Fred Ramsdell og Shimon Sakaguchi. Dei deler prisen for deira oppdagingar rundt «perifer immuntoleranse», opplyste prisutdelingskomiteen måndag. Immunologisk toleranse er det at organismen ikkje reagerer på framande stoff – antigen – ved å produsere antistoff eller aktivere T-celler, slik det er normalt å gjere, ifølge Store Norske Leksikon..

NRK - 20 sep 25 kl. 15:59

Dublin lufthamn er gjenopna etter funn av sprengutstyr

Dublin lufthamn er no gjenopna etter at ein person blei arrestert med mistenkt sprengutstyr i bagasjen, melder Reuters. Terminalen er no opna igjen for passasjerar, og flytrafikken er venta å starte opp att Innan 30 minutt, opplyser lufthamna på X. Personen som blei pågripen skulle reise frå London til New York via Dublin.

NRK - 19 sep 25 kl. 19:03

Domstol avviser Trumps søksmål mot New York Times

Ein føderal dommar i Florida har avvist Donald Trumps søksmål mot avisa The New York Times, melder fleire amerikanske medium. Den amerikanske presidenten kravde 15 milliardar dollar i erstatning for ærekrenking. Dommaren kalla søksmålet for «openbert upassande og uakseptabelt» og kritiserte både innhaldet og forma på det 85 sider lange dokumentet.

NRK - 28 maj 25 kl. 08:36

EU: Nærmar seg klimamålet for 2030

EU-landa er i rute med å kutte klimagassutsleppa med 54 prosent Innan 2030, ifølge EU-kommisjonen, melder Reuters. Målet til EU er å kutte 55 prosent Innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Kommisjonen oppfordrar no medlemslanda til å halde fram og gjennomføre planane om å bli klimanøytrale Innan 2050 fullt ut.

NRK - 28 aug 25 kl. 18:11

Unifil-styrka i Sør-Libanon blir avvikla

FN sitt tryggingsråd har einstemmig vedteke at FN sin fredsbevarande styrke i Sør-Libanon (Unifil) skal avviklast Innan utgangen av neste år, melder NTB. Den fredsbevarande styrken må forlate landet i 2027, melder AFP. Unifil-styrken blei oppretta i 1978 etter at Israel okkuperte store delar av Sør-Libanon.

NRK - 26 aug 25 kl. 13:54

Cyberangrep mot datasystem i Sverige

Systemleverandøren Miljødata har blitt utsett for eit cyberangrep. Sensitive opplysningar kan ha lekt. Miljødata skal ha bekrefta opplysningane melder SVT Nyheter.

NRK - 21 jul 25 kl. 11:31

Alliansen får avslag på 16 valliste-klager

Riksvalsstyret avslår 16 klager frå partiet Alliansen. Dermed får ikkje partiet stille lister i eit einaste valdistrikt i samband med haustens stortingsval. I juni klaga partileiar Hans Lysglimt Johansen avslaga frå 16 distriktsvalstyre til riksvalsstyret.

NRK - 17 jul 25 kl. 21:55

898 kundar er straumlause i Mo i Rana

Kl. 21:31 torsdag kveld vart det meldt om straumbrot i Mo i Rana kommune. Grunnen til straumlause etter feil i straumnettet.

NRK - 07 jul 25 kl. 10:17

Nesten ein halv million afghanarar har forlatt Iran etter press

Sidan starten av juni har omlag 450.000 afghanarar reist frå Iran, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Bakgrunnen er at iranske styresmakter har bedd afghanarar utan papira om å forlate landet Innan 6.

NRK - 04 jul 25 kl. 06:51

Trump: Avklaring om våpenkvile i Gaza ventast snart

Ifølgje Donald Trump vil det truleg bli klart Innan 24 timar korleis Hamas stiller seg til eit forslag om våpenkvile med Israel i Gaza. Det melder Reuters..

NRK - 04 jul 25 kl. 04:37

Trump opnar for at arbeidsinnvandrarar får bli

President Trump seier han er villig til å la somme arbeidsinnvandrar bli i USA. Det gjeld dei som jobbar Innan landbruk, dersom bøndene som har gjeve dei arbeid, går gode for dei. Det sa Trump på eit arrangement i Iowa i høve USA sitt komande 250-årsjubileum.

Les mer

Taggar
Personer

Abonner på nyheter (RSS)

Følj søkningen via rss

Med RSS er det enklere å følge nyhetene. Nyhetene lastes automatisk ned til din nyhetsleser og du trenger ikke gå inn på Nyhetspressen.com.




Om oss

Nyhetspressen är en norsk nyhetsportal og nyhetssøkmotor som automatiskt finner de mest delte og aktuelle nyhetene. Välkommen!

Kontakt

contact@nyhetspressen.com